All posts tagged: festbord

Butterdeigpai med squash

I mai kjem festdagane som perler på ei snor. I dagane framover får du nokre gode og enkle mattips, slik at du kan invitere gjestar utan å sveitte over grytene i dagevis. Den enklaste paien lagar du av smørdeig. Den kjøper du i butikken, til og med Jamie Oliver gjer det. Den ligg i frysedisken og ser ut som ei kjedeleg veggpryd, men den kan varierast i det uendelege. Eg har lagd ein enkel liten squashpai med den, som er perfekt som fingermat. Juster storleiken etter om du skal ha tallerknar eller om folk berre skal forsyne seg på servietten. Til ein fingermatbuffé kan du skjere rutene slik at det akkurat er plass til ei squashskive på dei. Osten kan varierast. Her brukte eg cheddar, den er salt og god. Du kan også bruke pecorino eller mozarella, jarlsberg er også godt. Slik gjorde eg det: Squashpai 5 plater smørdeig Ein squash 1 dl crème fraïche 1 ts urtesalt 1 ts honning 100 g ost Litt olivenolje Ruccola til pynt Eit samanpiska egg Sett omnen på …

Oreo-kake

I dag får du oppskrift på ei av dei nymotens kakene, oreokake. Det er ikkje mange år sidan Oreo-kjeks, desse svarte amerikanske kjeksa med ostekrem inni var uråd å få tak i her i landet. Ein spesialbutikk i Vika i Oslo selde dei til blodpris, det var einaste sjanse. Men no er dei å få tak i i dei fleste butikkar, og vi har også fått den norske kopi-kjeksen Dots. Denne kaka kan gjerne lagast med Dots og viss du ikkje finn Oreo-kjeks. Oreokake finst i alle variantar, som iskake, som bakt kake og som ”ostekake”. Min variant er ostekakevarianten, og den er faktisk ganske kjapp å lage. Du kan lage den same dag som den skal serverast, men den blir best om den får stå til dagen etter. Når eg lagde denne skulle det gå fort, så då brukte eg sjokolademousse på pakke. Du kan sjølvsagt like gjerne lage den med heimelaga, skikkeleg sjokolademousse. Slik gjer du det: Oreokake 3 pakkar oreo-kjeks 100 g smør 250 g kremost naturell 2 dl kremfløte 1 boks …

Aspargespai til mange

Eg held framleis på med oppskriftene frå sekstenåringens bursdagsfest forrige helg. Dette er hovudretten, ein pai med asparges, bacon og raudløk. Den vart sett pris på av dei fleste, og eg tenkte at sidan dette er ei stor oppskrift kan den vere grei å ha til påkommande festar. For ein pai må ikkje lagast i ei rund form med bølgekant. Denne lagde eg i ei av langpannene mine, ikkje den som kom med omnen men ei eg har kjøpt på Jernia som kjem med lok. Den har rette, fine kantar så den er enkel å bruke, og sleppbelegget gjer at ingenting legg seg ved. Storleiken på forma er ca. 20×30 cm, og dette er mellom 12 og 16 serveringsporsjonar, alt etter kor store stykke folk tek. Aspargespai 250 g smør 500 g mjøl 1 dl vatn 1 ts salt 500 g bacon i terningar Tre raudløkar 400 g sopp 500 g ferdig rensa asparges Smør til steiking Salt og peppar 14 egg 5 dl kremfløte 2 dl mjølk 100 g riven parmesan Set omnen på …

Sjokoladekake med fudge-krem

Sekstenåringen hadde bursdagen sin for eitt par veker sidan, men på søndag hadde vi stor familiefest for henne. Favorittgodteriet hennar er fudge, dei firkanta karamellterningane som du får kjøpt i godtedisken. Difor planla eg å lage ei kake der eg brukte fudge i kaka. Eg endte opp med denne sjokoladekaka, som vart fylt og dekt med ein krem der fudge spelte ei hovudrolle. Og den vart god! Stor suksess blant både store og små. Eg brukte kaffe i kremen, sjølv om eg sjølv ikkje er nokon kaffefan. Men det vart akkurat passe, ikkje for mykje kaffesmak, men nok til at kremen fekk litt fyldigare smak. Vil du ikkje bruke kaffe kan du løyse opp fudgen i mjølk. Slik gjorde eg det: Sjokoladekake 100 g smør 200 g kokesjokolade 250 g sukker 4 egg 175 g  mel 2 ts bakepulver 1 ss vaniljesukker 50 g kakaopulver 2 dl mjølk Smelt smør og sjokolade saman. Ta blandinga av plata, og la den kolne litt. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman mjøl, kakao, bakepulver og vaniljesukker. …

Søt sitrussalat

Til dessert i dag serverer eg ein sitrussalat, no når sitrusfruktene er på det beste. I butikken fann eg blodappelsin, vanleg appelsin og rosa grapefrukt, det gir eit fint fargespel og ein god smaksvariasjon i appelsinsalaten. «Dressingen» til salaten er ein sukkerlake krydra med kardemomme. Slik gjorde eg det: Sitrussalat To appelsiner To blodappelsiner To grapefrukt 2 dl vatn 1 dl sukker Safta av ½ sitron Tre kardemommefrø 1 ts ekte vaniljesukker, eller frø frå ei halv stang Skjer topp og botn av appelsinene, og skjer så kjøtet av ned på sidene. Press gjerne safta av det du skjer av oppi ei lita gryte. Den kan du bruke til å ha i laken etterpå. Kutt appelsinene først i to frå topp til botnar, og så i tynne skiver. Anrett fruktskivene i ei serveringsskål, dekk den til og set den til side. Kok opp vatn og appelsinsaft, til saman 2 dl, i gryta, og ha i sukker, kardemommefrø og vanilje. La det koke nokre minutt, og så kan du slå av plata. La laken kolne. Når …

Karamellpudding

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente. I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Finn du ekte vaniljesukker, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Cemo krydder har også ekte vaniljesukker. Du kan sjølvsagt også lage ditt eige, ved å putte brukte vaniljestenger i eit glas med fint sukker. Karamellpudding må du lage minst dagen før den skal serverast. Den held seg …

Skinkepai med raud pesto

Denne enkle skinkepaien er ein sikker vinnar til ein vennelunsj, til ein buffet eller som kveldskos ein laurdag når verken pizza eller taco står på menyen. Eg brukte raud løk og paprika i min, i tillegg til skinke. Skinka kan byttast ut med laks eller røykt makrell. Grønsakene kan også varierast etter kva du har i kjøleskapet. Eg har testa ut ulike variantar av paiskal, med smør, margarin og med kesam i deigen. Eg har kome til at deigen med margarin er lettast å kjevle ut. Eg veit at mange har store motforestillingar mot margarin, men til paiskal fungerer det altså strålande. Den raude pestoen som eg hadde på toppen gir ein god tomatsmak, og passar perfekt med ostemassen og grønsakene. Raud pesto kan du kjøpe på glas, eller lage sjølv, slik eg har gjort. Rekk du ikkje å lage den, eller ikkje får tak i raud pesto i butikken, så er paien god utan og. Raud pesto 200 g tørre soltørka tomatar 100 g parmesan 100 g pinjekjerner Olivenolje Legg tomatane i bløyt i …

Maikaker

No er det like før det smell, men gode råd treng slett ikkje alltid vere dyre. Her finn du mine kaketips for 17. maifesten, Den er gull verd for dei som er i komitéen for det heile. I tillegg har eg lista opp masse gode oppskrifter under her, som eg vonar kan inspirere til baking i seine kveldstimar. Ha ein fin 17. mai! Lys langpannekake – grunnoppskrift Kanelbollar Gulrotkake Brownie Mor Monsen Sjokoladekake Kvæfjordkake Appelsinkake med firkløverglasur Appelsinkake med melisglasur Marengskake med sjokolademousse  Cheesecake brownie  Rabarbrapai  Suksessterte Bedehuskake med korintar  Ostekake Blåbærpai og skogsbærfromasjkake for allergikarar Festkake med rabarbra  Ananaskake Fransk mokkakake

Cheesecake Brownie

Det gjekk brått opp for meg at eg aldeles hadde gløymt å poste oppskrifta til dei sagnomsuste cheesecake-browniane som eg lagde til den mykje omtalte konfirmasjonen. Restane av denne hadde eg med på jobb på mandagen etter konfirmasjonen, og matlei som eg var var eg litt flau over å servere desse kakebitane som hadde daldra i sykkelkorga mi langs ring to i ein plastpose. Men på kontoret forsvann dei som dogg for sol, og røynde kakeetarar skrytte av dei. Så eg fekk altså tilbake trua på denne ville idéen om å blande ostekakemasse og brownies. I etterkant googla eg det, og fann nokre variantar, så heilt unik var eg ikkje. Eg fann mellom anna sjokolademuffins med ostekaketopping. Men her er altså min vri: Ostekakebrownie 200 g smør 250 g mørk sjokolade 275 g sukker 4 store egg 200 g mjøl 2 ss kakao 2 ts ekte vaniljesukker 150 g hakka, mørk sjokolade Til ostekremen: 300 g nøytral kremost 1 egg 150 g sukker 1 ts vaniljesukker Set omnen på 180 grader. Smelt smøret på svak …

Skattar i hagen

Når ein finn skattar i hagen må ein bruke dei. Spesielt når det er vårskattar, dei varer så kort. Ein slik skatt er rabarbra. Ja, eg veit at eg skreiv om rabarbra for berre nokre dagar sidan, men får ein nok gode rabarbraoppskrifter? Eg syns ikkje det, problemet med rabarbra er ofte å få brukt den opp før jonsok kjem og oksalsyra gjer at den vert dårleg mat. I dag lagar eg ein fin rabarbrapai. I tillegg til at den smakar fantastisk, er den glutenfri. Det gjer at den er fin å sette på festbord der glutenintolerante ofte slit med å finne noko til kaffien. Eg lagde den med flytande margarin, og dersom du brukar Euroshopper sin flytande margarin er den dermed også mjølkefri. Det er også fort gjort å lage den. Det vanskelegaste er å piske eggekvitene, og det får du vel til? Slik gjer du det: Rabarbrapai 8 dl/400 g skylt og hakka rabarbra 175 g sukker 100 g smør eller margarin 100 g mandlar 3 små egg Sett omnen på 175 grader. …

Påskekake til fjells

”Jeg trenger oppskrift på appelsinkake”, var meldinga frå påskefjellet. Eg skreiv ned oppskrifta i tre sms-ar, og sendte den avgarde. Tilbake kom biletet du ser til høgre, med appelsinkake i telemarksfjell. Fatet er Eystein frå Porsgrund. Flott, ikkje sant? Appelsinkake 200 g mjukt smør 2 dl sukker 4 egg 1 appelsin 1 1/2 ts bakepulver 4 dl mjøl 1/2 dl appelsinjuice 4-5 ss appelsinjuice til dynking Glasur: 2,5 dl melis 4 ss appelsinjuice Vask appelsinen godt. Skrell appelsinen i store stykke, og skjer skalet i strimlar. Fjern gjerne litt av det kvite, viss det er veldig tjukt. Vend skalet i sukker, og tørk det på bakepapir i steikeomnen på 100 grader til det er sprøtt og søtt. Du kan også koke appelsinskalet i sukkerlake, då vert det kandisert. Press ut appelsinsafta av fruktkjøtet, og ha det i ein bolle. Set omnen på 180 grader. Rør smør og sukker lyst og luftig. Ha i eitt og eitt egg og rør godt mellom kvar gong. Ha i ½ dl appelsinjuice som du pressa frå appelsinen. Bland mjøl og bakepulver, og vend det i.  Ha kaka i ei smurt …

Haustetid før hufsa kjem

Har du det som meg, at du får låkt i hjarta når du ser frukt, bær og grønsaker som ikkje vert hausta? Akkurat no er det mykje slikt som plagar meg. Skogen står full av traktkantarellar, eplehagane bugnar og frukta blir til kompost, og dei som er att av tomatane mine heng ute grøne og fine, utan von om å modne no når det er like før hufsa kjem. Det er grenser for kor mykje traktkantarellar ein kan plukke, eple ein kan safte og tomatar som kan modne i vinduskarmen. Det er det eg gjer, nemleg; tomatane vert hengt opp i hyssing, og så får dei modne på kvisten sin til dei har fått rett farge og smak. Men dei store er det vanskeleg å redde, og dei blir liksom aldri gjennommodne. Så difor har eg lagd tomatmarmelade! Ein syrleg-søt, tjukk marmelade som kan etast som tyttebærsylte, til steik, kjøtkaker eller til ein god ost. Tomatane kan syltast og, med eddik og krydder. På den måten får eg betre samvit, og det er kjekt å …

Meir italiensk – capunata

Har du hatt den kjensla nokon gong at du tenker tilbake på noko du spiste dagen før, og angra på at du ikkje spiste litt til av det, for det var så godt? Slik hadde eg det første gongen eg smakte capunata, den sisilianske grønsaksrøra som har noko til felles med den franske ratatouillen, bortsett frå at den er mykje betre.  Eg spiste det på den fine italienske restauranten Trattoria Al’Muntagnolia i Fuggerstrasse i Berlin, stamrestauranten for musikarane i Berlinfilharmonien tidleg på 2000-talet. Capunata eller caponata er eit døme på dei magiske smakseigenskapane til aubergine, ei grønsak som smakar bittert og rart på eiga hand, men som saman med andre grønsaker, urter og krydder verkeleg gjev ein rett eit løft. Capunata er ein sursøt grønsakssalat som vert servert kald, men som vert varma opp under tillaginga. Som med all slik mat finst det like mange oppskrifter som det finst husmødre. Slik gjorde eg det: Capunata 2 auberginar Salt 2 løk 2 raude paprika 4 stilkar stangselleri 2 dl olivenolje 1 ss sukker Ein neve kalamataoliven …

-Og så: Bryllupskake!

Bryllupet er dagen då alt skal klaffe, perfeksjonismen får fritt spelerom og alle draumar vert verkeleggjorte. Dei geografiske og kulturelle skilja er interessante. Eit sunnmørsk kakebord er ein eigen kategori, på austlandet er fire kaker til 50 gjestar heilt OK. På Sunnmøre ville det ha vore ei stor skam. Kjem du med «skuffekake» til eit sunnmørsbryllup rynker tantene på nasa, det skal vere runde, lekre kaker med forseggjort pynt. When in Rome, do as the Romans, ser du at det er snaut med kaker så er det berre å forsyne seg med konduite. På Sunnmøre er det berre å legge innpå, og smake på nye sortar utan å vere flau. Hovudkaka skal tradisjonelt vere eit stort flak, eller tre kaker av ulik storleik montert saman i trekant eller i tårn. No er det enkelt å få tak i flotte kakestativ, slik at ein kan montere tre kaker oppå kvarandre. Nokre huskereglar må ein likevel notere seg: Det løner seg å montere kaka (altså ”bygge” stativet”) på kakebordet. Det er så og seie uråd å frakte …

Endå fleire kaker å dele

Når eg er i loppekafékomiteen spør ofte korpsforeldra meg kva dei skal bake. Det er vanskeleg å svare, for samstundes som eg veit at det er viktig med variasjon på kakebordet, slår det ikkje feil; flest vil ha sjokoladekake. Gode sjokoladekakeoppskrifter finst det mange av, og i tillegg er vel TOROs sjokoladekakeblanding den mest kjøpte. Det er ingenting feil med den, den er melkefri, så viss du bakar den med olje eller Euroshopper flytande margarin så kan også mjølkeintolerante spise den. Men heimelagde kaker er best viss ein lukkast og har ei god oppskrift. Det skal du få av meg i dag. Dette er sjokoladekakeoppskrifta til søstra mi, og ho bakar den til alle familiesamanstøt, bursdagar og andre gongar då ein fortener og har lyst på sjokoladekake. Den er deilig saftig og god, og blir ikkje flat og trist. Oppskrifta fyller ei stor langpanne. Dette er ei oppskrift som er så enkel at barn kan lage den sjølv. Oppskrifta går fint å halvere viss du vil ha ei mindre kake, til dømes i ei rund …