Fargerik laks
Gråveret heng over oss, og det er godt å kunne lyse opp med litt fargerik mat. I dag fekk eg ein salmalaks i hus, og den er alltid lett å ha med å gjere. Førsteklasses råvarer kan ein lage kva som helst av, og ofte er det enklaste det beste. Eg serverer laksen steikt, med urtedryss på og med ein ratatouille-saus. I hagen veks framleis persille, salvie og graslauk. Vel, å seie at dei veks er vel å overdrive, men dei lever iallfall. Dei toler frost ganske godt, og eg plukkar til det er tomt. Ratatouille er tradisjonelt ein grønsakskompott med tomat, aubergine, squash, urter, kvitløk og løk. Eg lagar den noko lausare i konsistensen, slik at den fungerer også som saus for fisken. Smaksmessig minner min ratatouille-saus om den italienske capunataen, sidan eg har eddik og sukker i den. Det gjev ein fin sur-søt smak som går fint til den feite fisken. Til dette serverte eg kokte poteter, men du kan like gjerne servere det med ris eller bulghur, for eksempel. Serverer du den …