Author: Alt godt

Noko av det kulaste

Eg oppdaga Al Jarreau rundt 1980, på platebaren LaLuna i Ulsteinvik. Der dreiv dei ei strålande plateforretning med tung vekt på jazzfunkpop, og amerikansk funk hadde ei høg stjerne blant kundane. Bror min baserte seg på ein femtilapp; så hadde han nok pengar til bussen fram og tilbake pluss ein diger kjekssjokolade som han kunne spise saaaakte medan han høyrde på musikk. No høyrde han rett nok meir på Deep Purple enn Al Jarreau, men det er ei anna historie. Den første plata eg kjøpte var This time, som kom i 1980. Den vart spelt i fillebitar, og då Breakin» away kom året etter var eg nær eufori. Bandet han hadde med seg på desse platene var av verdsklasse, med George Duke, Steve Gadd, Abraham Laboriel og Stanley Clarke for å nemne nokre få. Alles erste Klasse.  Al Jarreau er vel først og fremst kjend som vokalekvilibrist, og eg veit ikkje om nokon som scatsyng som han. På This time gjorde han denne versjonen av Chick Corea sin Spain, og det gjer han  på ein …

Grønt og godt

Eg brukar masse grøne urter i maten eg lagar, og å dyrke dei er mykje lettare enn ein trur. Urter gjev maten eit løft, utan at det kostar for mykje verken i kroner eller i arbeid. Men det kan vere vanskeleg å skaffe seg oversikt over dei vanlegaste sortane og korleis dei vert dyrka. Her er ei oversikt over dei krydderurtene eg brukar mest, korleis du får tak i dei, passar på dei og brukar dei i mat. Det er vanleg å skilje mellom fleirårige og eittårige urter. Mange eittårige urter frør seg så lett at du får dei tilbake år etter år likevel. Dei fleirårige er som regel ganske motstandsdyktige, og toler ein vinter. Men nokre av dei treng å bli pusla litt med, for eksempel med eit lag granbar i dei kaldaste månadane. Lag deg eit urtebed i ein lun del av hagen, gjerne med ein levegg, og vend mot sør. Del gjerne bedet i to, for nokre urter er ugras, og må tøylast, og dei kan stå kvar som helst. Andre må …

Chanel Cristalle Eau Verte

Chanel Cristalle vart lansert i 1974, og er ein klassisk grøn chypre. nokre kallar den ein fruktig chypre, men trass i dei fruktige notane av melon så er det blomane og eikemosen som overveldar meg. Det kan hende at eg aldri har gjeve den nok tid. Eg har sjølv prøvd å overtyde folk om at av og til må ein lide seg igjennom den første halvtimen for så å oppleve ei fantastisk duft. men med Cristalle har eg aldri stått løpet ut. Eg opplever den berre som skarp og lett kvalmande, beklagar til alle fans der ute. I år har Chanel lansert ein flanker, Cristalle Eau Verte, altså grønt vatn. Eg var ein smule skeptisk første gongen eg lukta på den, og avviste den ved første sniff. Men så spraya ei dame på Kastrup den på armen min før eg rakk å takke nei, og eg hadde for lite tid til å gå og vaske den av meg før flyet skulle gå. Etter kvart som flyturen gjekk vart eg sittande å sniffe på armen min, …

På vikingevis

I dag skal vi gå drastisk til verks, vi skal lage mat slik vikingane gjorde det. Mat ute smakar best, men det treng ikkje alltid vere matpakke eller grilling når ein skal lage til eit godt måltid ute. Eg fekk vere med på å koke kjøt og fisk i kokegrop, og det er ein spennande og annleis måte å lage mat på. Du kan variere på mange måtar, og sjølv om det tek litt tid så er det spennande når alle som er med på tur gjer sitt til at måltidet vert ferdig. Å lage ei kokegrop er ikkje så komplisert, men du treng litt utstyr. Du treng ein stikkspade, ei greip og/eller ei hakke, eit par kraftige hanskar, ein sekk ved og 25-30 steinar på storleik med eitt par knytnevar kvar. Sjekk ut reglane for bålbrenning før du går i gang, det kan hende at du treng løyve. Finn ein stad der jorda er fuktig, steinfri og fin, med eit solid lag med gras på toppen. Myrjord fungerer kjempefint til å lage kokegrop i. Bruk …

Noko av det vakraste XVII

Jan Garbarek skreiv dette verket på bestilling frå jazzfestivalen i Molde. Det vart framført sommaren 1990, og gjeve ut på plata «I took up the runes» same året på ECM. Seinare vart det brukt under avslutninga av OL i Albertville i 1992, der Sissel Kyrkjebø sang det sittande på Kvitebjørn Kong Valemon. Eg likar originalen best, dette er eit fantastisk band. Jan Garbarek sin musikk har ein stille, men likevel medrivande intensitet, og alt han gjer er utruleg gjennomarbeida og velmodulert utan å vere veloppdragent. Dette er kvalitet tvers igjennom.

Dagens enkle

I går trengte eg ein kjapp middag, og heldigvis hadde Singh, vår lokale landhandlar (viss ein kan kalle han det når han driv butikk innanfor ring 2…) ope. Eg fekk tak i fiskekaker, tomatar og hamburgerbrød. Resten hadde vi i kjøleskapet og i hagen.  Eg steikte fiskekakene i steikepanna, og rista brøda i brødristaren. Så lagde eg denne dressingen: Hamburgerdressing 2 ss majones 1 ss remulade 2 ss oppklipt graslauk 2 ss kesam 1/2 ts honning Salt og peppar Bland alt, og smak til. Ha litt dressing på nedre del av hamburgerbollen, og legg på salatblad og tomatskiver. Legg på fiskekaker, og ha på litt dressing til. Likar du ketchup i slike installasjonar så pøs på. Litt sylteagurk eller kapers er også godt. Mmmm!    

Å kome heim

-er deilig når ein slik ein står og ventar i bakgården.  For ikkje å snakke om denne: -Og til slutt denne stjerna her: Alle desse tre veks på eller ved sidan av trappa til mi venninne Hilde. Ha ein fin frimandag, alle som stikk innom!

Kenzo Amour Florale

Kenzo har fleire parfymeseriar, og Amour-serien byrja med Kenzo Amour som kom i 2006, i ei elegant og velforma flaske. Mange vart forvirra av at den kom i ulike fargar, og trudde kvar flaske var ei spesiell duft, men fargen på flaska avheng altså av storleiken på den. Amour er ei asiatiskinspirert blomeduft med tre- og musknotar. Kirsebærblomar, kvit te og røykelse er også ein del av komposisjonen.   I 2008 kom Amour le Parfum, i bronsefarga flaske. Den er litt meir orientalsk i notesamansetjinga, med ris som ein av hjartenotane, og patchuli og vanilje i botnen. Eg likte denne betre enn den første, og den minte meg om honning på huda. Eg har vore på leiting etter ein god sommarparfyme som har litt stamina og som samtidig er lett og floral. Då eg fann Kenzo Amour Floral var det som å kome heim. Den er ei grøn blomeduft utan å bli skarp, den er lett og elegant. Samstundes held den i allfall halve dagen, og meir kan ein kanskje ikkje vente av ein floral …

Dagens opplevingar og innkjøp

Eigentleg har vi hatt bremsene på, var vi einige om der vi sykla heimover ned Gothers gade. Men nokre innkjøp må ein gjere når ein er i store byar. Heidi går rundt og akkar og ojar seg over kor stort det er her, og kor mykje folk det er her. Fast på ett bra sätt. Det kan ha ein samanheng med at det er pinse, og dermed pinsekarneval. Vi syntest vi var tidleg oppe, og var klare på Kongens Nytorv klokka elleve. Der kokte det, med trommer, lettkledde damer og eit folkeliv utan sidestykke. Han karen til høgre leia eit trommekorps ved hjelp av armane, si eiga tromme og ei fløyte. Han og gjengen hans lagde mykje bråk, kan ein seie. Som du ser leia han det raude laget, i tillegg var det grøne, det turkise, det kvite og det meksikanske der. Alle tromma i sambatakt, og var imponerande samkøyrde. Det grøne laget hadde med seg denne dama, eg trur ho sto opp tidleg for å byrje stylinga. Ho var nærare 190 cm høg, rett …

Afternoon tea

Ei av gårsdagens gleder var afternoon tea i tesalongen til Perch’s thehandel. Afternoon tea er ei anretning som vart lagd for å fylle gapet mellom lunch og middag hos det engelske aristokratiet. Anna Maria Stanhope, hertuginne av Bedford, var hoffdame for og venninne av Dronning Viktoria, og ho seiest å vere oppfinnaren av dette velkomponerte måltidet. Hos Perch’s fekk vi servert ein tradisjonell «tea tier» med tre etasjar. Vi fekk tre typar sandwichar, agurk med kremost, laks med matchate og rekemousse. Så fekk vi dei mest fantastisk saftige og smakfulle scones med piska krem, lemon curd og skogsbærsyltetøy. Eg må heim og prøvebake mi eiga sconesoppskrift på nytt, og finne ut kva eg må gjere for å få den til å likne meir på Perch’s si. Til slutt, då vi eigentleg ikkje hadde plass til meir, sto kakene att, ein liten bakt marsipanhatt med sjokolade og ei sjokolademousse-kake med lime. Teane vi drakk til var ein kvit yunnan og ein assam med krydder. Ja, og så eit glas Cremant til, sjølvsagt. Mmmm!

Ein deilig fredag

I dag blir det ikkje blomar frå heimen i Oslo, men frå København, naturleg nok. Blomane inne fekk dokke sjå tidlegare i dag, så no ynskjer eg dokke ei fredeleg og lang helg med denne baljen som eg fann i går. Lyset er betre enn eg kunne ha arrangert sjølv, ettermiddagssol speila i vindauga på den andre sida av gata. Ein flott idé til dekorasjon, stilkane gjer at rosene held seg på plass. Varme helsingar til alle som stikk innom frå København!

Ein tur til

Å, kor eg kosar meg i denne byen! Full av fine fotomotiv er den og. Eg ventar på Heidi, så i mellomtida postar eg nokre fleire bilde til dokke. (Eg har fått meg kortlesar, då gjekk eg rundt drivarproblemet, til dokke som hjalp og trøsta meg i påska…) Ei utsikt i botanisk hage:       Dei slit med å få fart på den variegerte mynten sin i Botanisk. Jaja, noko skal vi vere åleine om å få til på Lindern og… Fire dagar på same hotellrom, då må eg ha blomar på romet. Ein dansk femtilapp ga eg for desse, vasen er den minste hotellet fann.

When in Rome…

…do as the romans, har eg lært. Så eg syklar rundt i København, hotellet tilbyr utleigesyklar. Fine greier. Her er nokre københavnrelevante lenker: Sykling i København (og andre fine byar): http://www.copenhagencyclechic.com/ Ein amerikanar i København: http://lbstadler.wordpress.com/ God stil i København: http://www.copenhagenstreetstyle.dk/ Ein dansk musikkblogg: http://docopenhagen.blogspot.com/

Ein liten tur i byen

Rhododendronane i Kongens have blomstrar.   To andrikkar held lag.     Fint rom! 😀

Noko av det vakraste XVI

Cindy Lauper er ei av mine heltinner, ho skriv vakker og uttrykksfull musikk med tekster som rører meg. Time after time er i ferd med å bli ein moderne klassikar, det finst allereie ei lang rekke coverversjonar av den. Miles Davis var blant dei første til å plukke den opp, og han valde ikkje kva som helst. Teksten på Time after time er vemodig, lengtande, full av ettertanke, etterpåklokskap kanskje, og kampvilje. Ei sterk oppmoding til å prøve igjen og å finne attende til kvarandre dersom det ein har er verd å kjempe for.

Laks, brennesle og eple – sommarmenyen er klar!

No nærmar sommaren seg med stormsteg, og sokkar i skoa har eg forlengst slutta med. Sola skin, og vi er klare for sommarmat. Heidi har som eg vore ute og plukka brennesle, og laga suppe. I tillegg har ho lagd nokre smarte foliepakkar med laks, og ei saftig tysk eplekake. I morgon bloggar eg frå København, det blir spennande å sjå kva byen viser oss denne gongen! Alt godt I barndommen brende vi oss ofte på brennesle som stod bak utedoen, fjøset og langs vegkantane og ikkje minst på setra. No når det er mindre dyr både på innmark og utmark og planta har vorte sjeldnare. Dette er truleg fordi all dyremøkka er vekk, og brennesle vil gjerne ha nitrogenhaldig jord. Likevel det er liten tvil om at planta er verdifull, ho kurerer vårslappheit og har vore mykje brukt i folkemedisinen. Brennesle har høgt innhald av c-vitamin og jern og ho har endåtil blodrensande effekt. Kva meir kan vi ønskje oss! For bønder og andre som har rikeleg tilgang på planta er det eit nisjeprodukt. …

Nokre er like sprø som meg

-når det gjeld parfyme. Eg besøkte ei av mine duftande venninner i Grimstad, og her er bevisa. Eg trudde eg var sprø med min halve kvadratmeter med parfyme. Vertinna har omtrent så mykje som meg, men ho har eit minikjøleskap å ha dei i!!! Kult?  Eg er ganske misunneleg, ja. Kunsten er altså å følge med når hotell pussar opp, og kastar ut gamle minibarar. Dei vert perfekte heime-parfymekjøleskap, til trygg oppbevaring av duftande skattar. Her er mange kjende dufter, Narciso Rodriguez EdT, Dolce Vita, Delice de Cartier, Eau de Jatamansi og den lyse, lette Burberry Brit Sheer, som trettenåringen min kosar seg med.  Her ser du heile samlinga, iallfall dei flaskene som det er noko storleik på. L’Occitane Cedre er ei heilt magisk duft, basert på reine trenotar, og den er noko av det mest sexy eg kan tenke meg. Kanskje helst på ein mann, men eg følte eg pusta gjennom armen min då eg hadde den på, så den funkar på damer og. Den store irissåpa som ligg fremst luktar som ein heil …

Det regnar

– og eg tenker at eigentleg burde eg vere glad for det. Det er bra for hagen, for aspargesane, for blomane som står i ein pose ved inngangsdøra og ventar på å bli planta. For ikkje å snakke om dei som står der dei skal stå i bedet sitt, men enno ikkje er tekne ut av potta. Uff, eg har vore ein dårleg hagebrukar i år. Men det regnar, det bergar dei kanskje til eg får avslutta korøvinga, generalforsamlinga, pakkinga, vitninga i retten, seminaret på danskebåten, foredraget om cash management (!!) på danskebåten, shoppingturen med Heidi i København, flyturen heim, rekneskapen og sjølvmeldinga. Puh. Kan verda bli normal etter dette, ver så snill?

Bruke opp skinke-prosjektet

Sa eg at vi hadde for mykje skinke? Først ein svensketur og så ein til gjer at det hopar seg opp. Det er billig å kjøpe, men dyrt å kaste, så her går mor i gang igjen.  Denne gongen kombinerer eg skinka med brokkoli, og gratinerer dampa brokkoli med kvit saus tjukk av skinke. Dette er enkel og billig mat, alle likar den, og den er lett å variere. Eg har lagd denne med bacon, med reker og med pølsebitar. Du kan og ha røykt raud fisk i sausen, som laks eller ørret. Brokkoli kan byttast ut med blomkål eller purre, og eg har også gratinert dampa jordskokkar på denne måten. Droppar du skinke eller tilsvarande, er dette ein fin vegetarrett. Slik gjorde eg det: Skinkegratinert brokkoli  800 g (to «hovud») brokkoli 100 g ost 8 dl mjølk 2 ss smør 2 ss kveitemjøl Salt, peppar og muskat Set omnen på 200 grader. Skjer dei grovaste stilkane av brokkolien, og del opp bukettane til passe storleik. Kok opp godt salta vatn i ei gryte, og …

Ein fin tur

Vi har hatt ei deilig, lang helg på Sørlandet, med gode vener, god mat og turar hit og dit. I Grimstad hagla det, men heldigvis gjekk det fort over. På Mærdø vart vi solbrende, og spiste deilig is. Vi gjekk på tur i skogane på Hisøya, og såg på dei gamle NATO-anlegga, på fine hus i Sandviga og fann teppe av natt og dag. Fint! 😀 Vertinna langt der oppe: Natt og dag i fjøresteinane: No veit vi kvar han parkerer: Vakre sørlandet:

Ein kjedeleg dag på jobben?

Det er berre ein ting å gjere: Skap di eiga moro. Slik som denne karen gjorde. http://www.sol.no/klipps/video/flyvert_som_er_lei_av_rutiner

Det er ein første gong for alt…

I dag har eg for første gong i mitt liv gått inn i ein butikk og spurt: Du, har dokke slike boksar til å ha ammunisjon i? Ja, svarte mannen bak disken, og tok meg med til ammunisjonsbokshylla. Kva kaliber skal det vere då? spurte han. Eg anar ikkje, svarte eg, eg må sjå på dei først. Der fann eg den mest perfekte oppbevarings-dingsen for parfymeprøver eg har sett nokon gong, så eg kjøpte klokeleg tre. Mannen hadde tydelegvis greie på det han heldt på med, og fekk kanskje på eit eller anna tidspunkt kjensla av at det hadde ikkje eg. Er du sikker på at dette er rett kaliber, spurde han då vi sto ved kassa, og eg skulle betale. Eg gir beng i kaliberet, eg skal ha den til å ha parfymeprøver i, sa eg. Det var nok første gong for han og, fekk eg inntrykk av, å selje ammunisjonsboksar til parfyme. I desse fine boksane skal altså alle småprøvene mine få plass, sortert etter parfymehus, sesong eller notar, eg har ikkje bestemt meg …

Fredagskveld

Når du les dette er vi i Arendal, utan datanett og har det sikkert heilt strålande. Vi held til i eit hus ikkje så langt frå havet, med utsikt til Torungen fyr. Vertinna har sikkert bada, det kan eg love at eg ikkje har. Vi har vore inn til byen med båten, kjøpt god vin og mørt kjøt, eller kanskje litt kveite eller ferske reker, og nikosar oss. Eg fotograferer, slik at eg har noko å skrive om når eg kjem tilbake til den store byen. Nelliken på bildet er det svigermor som brakte i hus. Nellikar er nedvurderte, det er flotte, fløyelsmjuke blomar som toler ein støyt. Då søstra gifta seg var buketten hennar ein ball lagd av nellikar akkurat like metta raude som den svigermor tok med seg til meg. Eg syns denne er nydeleg, og let den stå her og lyse opp bloggen min til eg kjem heim. I mellomtida ynskjer eg alle som kjem innom her ein fredeleg kveld. 

Litt bilstoff manglar i denne bloggen

Dei som kjenner meg veit at eg har vakse opp i ein bilverkstad. Dei som kjenner meg verkeleg godt veit at familien min har hatt to privatbilar. Den eine er ein Peugeot 404 Familiare, kjøpt i 1970, og parkert for godt etter at eg hadde den som russebil midt på åttitalet. Den andre, ein Seat, rullar og går for dei som bur i barndomsheimen framleis. Førarkortet tok eg som privatist, og eg er ein entusiastisk bilist. Skal det køyrast fort og lenge i vår familie, er det ofte eg som gjer det. Eg har lurt på om vi skal sjå på ein miljøvennleg hybridbil neste gong vi skal ut på marknaden. Denne anmeldelsen av Honda sitt nye hybridvidunder har imidlertid gjort meg i tvil. Jeremy Clarkson, den bilglade programleiaren i Topgear, har hatt ein til uttesting, og gjeve si vurdering. Den var så morsom at eg må poste den her. Britar er utruleg slagferdige, nesten uansett kva dei skriv om, og her går det altså ut over ein stakkars Honda. Much has been written about the …

Meir språkmoro

Frå «mein Berliner Bruder» har eg fått denne samtalen. Eit kroneksempel på språkleg samarbeidsevne frå begge partar. Protocol of a phone call between guest and room-service in a hotel somewhere in Asia: Room Service: «Morny. Ruin sorbees.» Guest: «Sorry, I thought I dialled room-service.» Room Service: «Rye…Ruin sorbees…morny! Djewish to odor sunteen??» Guest: «Uh…yes…I’d like some bacon and eggs.» Room Service: «Ow July den?» Guest: «What??» Room Service: «Ow July den? …pry, boy, pooch?» Guest: «Oh, the eggs! How do you like them? Sorry, scrambled please.» Room Service: «Ow July dee baychem…crease?» Guest: «Crisp will be fine.» Room Service: «Hokay. An san toes?» Guest: «What?» Room Service: «San tos. July san toes?» Guest: «I don’t think so.» Room Service: «No? Judo one toes?» Guest: «I feel really bad about this, but I don’t know what «judo one toes» means.» Room Service: «Toes! toes! …why djew Don Juan toes? Ow bow singlish mopping we bother?» Guest: «English muffin!! I’ve got it! You were saying «Toast». Fine. Yes, an English muffin will be fine.» Room Service: «We …