All posts filed under: Grønt

Kattemynterus

Huskar du eg skreiv om kattemynte her om dagen? Den varianten som var i parken ved Akersgata 64 er visst ikkje den rette sorten, her ser du kva som skjer med kattar som får den sorten dei likar, Nepeta cataria. Dei ser ut til å ha det veldig bra.

Ein hagerunde

I går var ein perfekt hagedag. Dei andre damene låg og slanga seg på plenen, eg virra rundt med rosa hanskar, spade og sekatør. Trappa mi: Akeleiene er fine i år. Gudeblomen (Dodecatheon) er nydeleg. -Og det er sildrene og.

Kva er dette?

Denne veks mellom Akersgata 64/68 og Trefoldighetskyrkja her i Oslo. Den vesle parken er bygd opp av Høegh eiendom som ei gåve til byen etter at dei sette i stand bygget ved sidan av til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Gjennom parken slynger det seg ein liten sykkelsti, som gjer at ein no kan sykle frå Fredensborg og ned til Akersgata utan å måtte nedom regjeringskvartalet eller opp til St. Sunniva. Byråkratane i Arbeids- og velferdsdirektoratet et lunchen sin i sola i denne fine parken, heldige som dei er. Den er lekkert beplanta med lilla iris, lavendel, praktmarikåpe og ein skog av desse lilla, leppeblomstplantene med aromatiske blad. Beklagar fotokvaliteten, Iphone har skulda. 😕 Men likevel, kjære allvitande hagefolk, kan eg få hjelp med identifiseringa?

I dag handlar vi blomar!

I dag drar Ovedia og eg avgarde for å kjøpe inn blomar til krukkene i burettslaget. Det gjer vi på blomsterutsalget hos Raell i Carl Kjelsens vei 79. Ho har flott utvalg, alle fuchsiaer du kan tenke deg og litt til, og friske og fine planter. Der skal vi plukke med oss litt forskjellig som kan lyse opp og spreie glede i bakgården vår. Etterpå er det tilbake og plante, beskjære roser og ikkje minst stolhage litt. Du veit kva det betyr å stolhage? Ikkje det? Å stolhage betyr ganske enkelt å sitte i hagen og nyte den, i ein god stol med ein kopp kaffe eller te til. Er vi i det rampete hjørnet hender det faktisk også at vi tek eit glas vin. Skål!

Fin fredag

No er det roleg i huset, blomane står på bordet og middagsplanane er klare. Det blir ei aktiv helg, i kveld får eg vonaleg besøk, og i morgon skal elleveåringen og eg på Grand Prix – i salen! Eg har snakka med folk som var der på torsdag, og dei fortel at det  var kjempestemning. Så det gler vi oss til, sjølv om øyrepropper visstnok er obligatorisk for å beskytte seg mot dei sure tonane til han frå Israel. Søndag blir det litt forsinka bursdagsfeiring, så eg må vel lage noko god mat, tenker eg. Akkurat no er eg tom for idéar, men eg finn vel på noko, iallfall når eg kjem i butikken. Og så trur eg neste veke blir ei fin veke. Det er litt lysare stemning i heimen no enn det var ei periode. 🙂 Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, med eller utan Grand Prix!

Vakre blodbeger

Er dei ikkje nydelege? Dette er svigermors blodbeger frå i fjor. Ho fekk frø av meg, og til skilnad frå meg klarte ho å dyrke fram dette prakteksemplaret. Til konfirmasjonen kom ho til gards med ei potte til meg med tre fine blodbegerplantar. No i helga skal dei få kome ut, og slå rot i ei romsleg hagepotte. Blodbeger (Rhodochiton atrosanguineum) er ein plante som har blitt meir vanleg i dei siste åra, ikkje minst fordi den er ein populær plante blant dei hagegale. Du finn eit fint planteportrett av den her. Vil du ha den i år må du kjøpe ferdige plantar, det finn du på velassorterte hagesenter. I fjor kjøpte eg min plante hos Hesleberg i Asker, han med rosene. Men rundt juletider reiser frøposar  og frøboksar land og strand rundt, og då er det mogeleg å sikre seg ein dose. Dei bør såast seinast rundt nyttår, så sakte som dei veks. Får du dei til har du sikra deg ein fantastisk klatreplante som du ikkje finn over alt.

Hagefredag

Vel, det kan hende overskrifta lovar for mykje, men dei vakre fredagsblomane mine har eg iallfall plukka i hagen. Eg var på veg til min lokale blomsterbutikk då klarsynet brått slo ned i meg. Eg har jo hagen full! Så eg tok med meg saksa og gjekk ut og fann dei flottaste tulipanane. Er dei ikkje lekre? Denne helga er det mykje som skjer, så det gjeld å slappe av når ein kan. Spar føtene på 17. mai, og ikkje kast deg uti meir enn du har lyst til. Ha ein fortsatt fin fredag og ei deilig, lang helg!

Hagelykke

Det varmar i sjela, å gå rundt i hagen, sjå på kaoset og desse vakre vipeegga. Ruteliljer er det og mange som kallar dei, og det kan eg forstå. Det botaniske namnet er frittilaria meleagris. Har du først fått dei til å trivast i hagen din så har du dei der. Då eg byrja med hage var desse noko av det første eg bestemte meg for å prøve å få til. Dei klarer seg godt i skugge, og stiller ikkje store krav til stell og omsorg. (Og den kan jo vere litt variabel her i huset…) Litt gjødsel er ikkje dumt, det gjev den meir lyst til å blomstre neste år. Viss du ser godt etter er det ein plante med lysegule blomar bak desse. Dei kjem i to variantar, og eg trur det er litt tilfeldig om ein får den eine eller den andre. Dei lysegule har ikkje rutemønster, naturleg nok, dei er einsfarga. Dette er også ein av Tage Andersen sine blomefavorittar, i boka «Buketter i en frodig periode» vert den også brukt …

Det blomstrar!

Eg har akkurat kome heim etter to dagar i Sandefjord, sårføtt, glad og inspirert. Sårføtt på grunn av dansing, sjølvsagt. I Sandefjord har magnoliaene kome lenger enn her, denne står utanfor Park hotell.

Ein fin søndag

Eg tilbrakte søndagen i Botanisk hage, i godt selskap og med kamera. Men først knipsa eg denne i min eigen hage, er den ikkje fin? Seinare fann vi blomstrande blodrot i botanisk. Fin, denne og! Magnoliaene har ikkje blomstra enno, neste helg tenker eg dei står i fullt flor. Då bør du legge turen innom viss du er i byen! I mellomtida kan du jo geriljahage litt? 1. mai var den store geriljahagedagen, men då var eg så inne i konfirmasjonståka at eg ikkje fekk blogga om det. Men gå i gang, grav ned påskeliljeløkar frå i vinter, dytt solsikkefrø ned i grøftekantar og plant ein heuchera-avleggar der ein minst skulle vente det. Lykke til med geriljahaginga!

Ei tilståing

Eg må berre innrømme det; eg var eigentleg ganske hagelei i fjor. Det var ingen særleg grunn til det så vidt eg kan huske, eg huskar berre at hagen gjekk for lut og kaldt vatn, lite nye plantar, lite stell og lite hageglede. Eg innrømte det ikkje til nokon, mrs. Bouquet som eg kan vere, men når eg no går laus på beda mine ser eg det klart og tydeleg. Det har gått meir enn eit år sidan sist ei kjærleg hand for over hagen. Det gror sitronmelisse over alt, den ville ruccolaen har spredd seg ut i plenen med lange strantar, og eg er redd det framleis ligg nokre løkar på loftet. Men i år skal ræva leggast i andre folde, som bestefaren min ville sagt om han hadde levd. Eg har fjerna ugras og haustasters på ville vegar, eg har raka plenen og når eg berre kjem attende frå diverse jobbreiser skal eg få kjøpt noko fint å ha på trappa slik at det vert koseleg her. Så i år er det fare …

Ein fin dag

I dag skal eg saman med kjære Ovedia til hagemessa på Lillestrøm, så det blir lite blogging. Eg vil berre minne om denne, som er ein fin måte å få brukt opp restar etter påska på. Eg kjem tilbake seinare, med rapport frå Lillestrøm!

Med en primula veris

Du Vårens milde, skjønne Barn, tag Vårens første Blomme, og kast den ej, fordi du ved, at Somrens Roser komme. Ak, vist er Somren lys og smuk og rig er Livets Høst, men Våren er den deiligste med Elskovs Leg og Lyst. Og du og jeg, min ranke Mø, står jo i Vårens Rødme; så tag da min Blomst, men giv igjen dit unge Hjertes Sødme! Den bergenske diktaren John Paulsen skreiv dette diktet som Grieg har tonesett så vakkert. Eg har ein primula i fredagsvindauga mitt, men det er ikkje ein gong ein primula veris, snarare ein primula vulgaris. Men like blid står den der og minner om at forkjøling og anna elende går over. No skal eg vandre over plenen og bli servert og skjenka på beste vis. Det er ikkje farleg når ein blir teken hand om på slikt vis, og berre treng å ta med ei skål aioli! Eg skal kanskje prøve å finne ei flaske god vin i kjellaren og. Eg ynskjer alle som stikk innom ein fredeleg og fin …

På bordet

må det alltid stå blomar. Her i København er det spesielt billig og lettvint å velge kva ein vil ha, buketten du ser på bildet kosta 30 kroner! Kvaliteten er variabel, så ein må sjekke nøye det ein kjøper, men eg elskar det når eg får store bukettar i hus, og kan fylle opp vasane utan dårleg samvit og overtrekt konto. Det er eit enkelt lykketips: Når du er på reise, og skal bu på same plass nokre dagar, kjøp deg ein bukett til å ha på bordet. Bur du på hotell brukar resepsjonen å vere meir enn villige til å framskaffe ein blomstervase. Og så kan det hende med deg som det hende med Heidi og meg då vi var i København i fjor i mai: Då vi hadde sjekka ut og sat og drakk te og kaffi i resepsjonen kom dei ned med buketten på dette bildet, og sette den på resepsjonsdisken. Så fin syntest dei han var. (Vi vart litt smigra.)

Gerilja-haging

No for tida handlar alle småpotter med løkblomar, påskeliljer, muscari og krokus vert selt i hopetal frå blomsterbutikkar rundt omkring. Primula og juleroser får du også kjøpt i potter. På bildet ser du mine avblomstra tète a tète-påskeliljer, dei små du veit. Difor vil eg slå eit slag for geriljahaging! Desse løkane og blomane er nemleg levedyktige i mange år framover. Dei må berre få kome i jorda. Juleroser og primula må få kome i jorda så snart den er tint. Løkane treng du ikkje grave ned no med ein gong snøen går, legg dei heller i ein pose på ein mørk og kjøleg stad, typisk i kjellaren eller liknande. Når skulen har begynt etter sommarferien, og bjørkelauvet fell, grev du løkane ned i jorda. Har du ikkje hage, seier du? Løkane kan gravast ned utanfor oppgangen din, på eit jorde som ingen brukar til noko eller i ei veggrøft. Neste år spirer dei, og kjem med dei nydelegaste blomar. Lykke til med geriljahaginga!

Endeleg fredag

Helgefreden senkar seg, og eg trur det blir ei fin helg. I ettermiddag skal eg møte ei bloggevenninne IRL for første gong, det er alltid spennande. I morgon skal vi feire fjortenåringen, så kvelden går nok med til baking og anna førebuing av familieselskap. Eg feirar også med å vise deg påskevinduet mitt. Ja, eg veit det er litt tidleg, men det får ikkje hjelpe. Vi reiser bort i påska, og det er koseleg å ta fram pynten i litt god tid, syns eg. Vrihasselgreinene er lette å dekorere, og å gjere om frå jul til påske til andre feiringar og årstider. Påskeliljene kostar ingenting for tida, så eg kjøper nye bukettar rett som det er. Ha ei fredeleg helg, alle som stikk innom!

Blomar på eit festbord

Mange som søker på festbord kjem hit til meg, men mine festbord er som regel fulle av mat. Bordpynt har eg ikkje skrive så mykje om. Det betyr ikkje at eg ikkje bryr meg om korleis bordet ser ut. Eg er så heldig at eg har folk rundt meg som syns at det å lage pene bukettar og dekorasjonar er lett og gøy. Slik er det ikkje med meg. Eg syns eigentleg det er ganske vanskeleg å få pent. Men her for ei stund sidan vart eg invitert med på ein middags-«workshop», der nokre skulle dekke bord, nokre skulle lage mat og nokre skulle lage borddekorasjonar. Alle venta at eg skulle melde meg til matgruppa, men eg følte eg trengte mykje meir å arbeide med blomar saman med vaktmestrane. Det var kjempegøy! Vi lærte nokre grunnprinsipp som var veldig nyttige å ta med seg. Første regel er å lage dekorasjonen slik at dei som har den framfor seg ser over den. Difor bør den ikkje vere for høg. Alternativt må den vere høg og slank, …

Fredagsbuketten min

Har eg ikkje fin fredagsbukett i dag? Den har eg fått av mi kjære venninne, dei er utan kjøkkengolv for tida, og difor inviterte eg dei på middag i går. Som takk for det fekk eg denne nydelege buketten. Den er frå Fem sanser, vår lokale blomsterbutikk, som er driven av den koselegaste og flinkaste blomsterdama eg veit om. No står den her i den grøne mjølkemugga mi og spreier glede og fredagsfred. Eg ynskjer dokke alle ei deilig helg!

Kjellartaket

Det er kanskje ikkje så mange som har eit kjellartak etablert som blomsterbed, men det har svigermor mi. På heimgarden hennar har dei ein jordkjellar der dei oppbevarer poteter og gulerøtter over vinteren, og den går på ein måte inn i grasbakken. Inngangen er frå nedsida. Taket er flott kvelva, og oppå har ho planta alt som ho har funne tak i av krypande plantar. Det er ein utruleg variasjon og flott fargespel. Tregrinda du ser i bakgrunnen vernar ei fin, ung rogn for elgen, den gamle rogna bles ned for nokre år sidan. Fjellet du ser i bakgrunnen er Tyskeberget.

Ein tur ut i kulda

Eg er litt husmus for tida, ser ikkje heilt poenget med å vase ute i -15 grader meir enn eg må. I dag tok eg med meg kameraet då eg gjekk ut ein liten tur, og knipsa nokre bilde i hagen. Denne roseknoppen rakk ikkje å springe ut før den vart teken av hufsa. Den har det kaldt både rundt tærne og rundt hovudet. Og denne skuta er forlatt. Heile sommaren har den eit stort mannskap som til dels sloss om å få jobbe på den. No driv mannskapet med andre ting, som å gå på ski rundt på plenen, og å base rundt utan mål og meining. God søndag!

Helsekost – på ein måte

Heidi har laga vegetarpizza i dag, eg trur ho har litt dårleg samvit for all julematen. Det er nok det gamle prinsippet som gjeld; det er ikkje det du et mellom jul og nyttår som gjer at du legg på deg, det er det du et mellom nyttår og jul. Heidi foreslår at du skal smøre steikebrettet, du kan også bruke bakepapir, eller gjere som meg, og strø plata tynt med mjøl. Det gjev ein steinbakt smak. Alt godt Feittfattig mat kan ikkje skade etter ei jul med ribbe, skinke, leverpostei og søte kaker i lange baner. Dei fleste vil merke dette overinntaket på badevekta. Noko anna hadde vore rart. Det beste rådet mot overvekt er å halde seg i aktivitet og ta kontroll over vekta. To kilo opp klarer vi å takle ved å ete litt mindre dei neste vekene. Det verste er når kiloa kjem snikande og  umerkande, og festar seg både her og der. Men det er om å gjere å bli glad i eigen kropp og  nokre kilo ekstra er berre …

Grønt på kontoret!

Eg julepyntar ikkje kontoret mitt akkurat. Eit stykke inn mot midten av desember byrjar det å få julepreg på grunn av alle julekorta som kjem, men eg bidreg lite. Men slik treng det ikkje vere. I år har eg fått meg ein amaryllis på kontoret, ein vakker kvit utan sortsnamn. Der skal den få stå og spreie glede til meg og dei som kjem innom. Den skal ha lite vatn, det vesle den får skal den ha på jorda, ikkje på løken. Den skal heller ikkje ha gjødning, det den treng sit i løken. Får den det for bra blomstrar den berre altfor kort. Så viss du vil ha litt jul på kontoret bortsett frå julekortet frå DnBNor og NSB, så er ein vakker amaryllis ein god idé, ikkje sant?

Novemberhagen

Når Svein etterlyser hageblogging her så får eg hive meg utpå. Eg tok ein tur i hagen på laurdag, og det var ikkje mykje å hoppe i taket for. Men nokre få optimistar står og blomstrar. Rosene held ut. Dei er litt slitne, men det er framleis liv. Denne rosa sto her då eg flytta inn, er det nokon som har forslag til kva sort det kan vere? Eg har to bed, på kvar si side av inngangsdøra. Denne står på den sida med kalde fargar, og det var rosa som bestemte det. Rundt seg har den hortensia, nellikar og allium av ulike slag. I tillegg har den rukkola om tærne. (og den lever i beste velgåande, eg henta inn masse salat her om dagen.) Ved sidan av rosa står det ein pjuskete liten nellik. Men den er optimistisk, og ser ut til å ha planar om å produsere knuppar snart. Den er jo dømt til å mislukkast, men eg har ikkje hjarte til å fortelje den det. Det siste eg fann var ein stakkars …

Nye dufter, og litt om Tuberose – Polianthes tuberosa

Eg var ute på ein bitteliten runde i dag, faktisk var det ikkje ein runde i det heile. Eg var berre innom min faste plass; parfymeavdelinga på Glasmagasinet. Der hadde dei fått inn nokre interessante dufter. Eg prøvde på meg Eau Mega, den nye dufta frå Viktor & Rolf. Den byrja litt søtleg og rotete, ein del søtleg frukt, men morsomt nok endar den opp med ei elegant, kjøleg inntørking som er prega av sandeltre og musk. Den minner meg om Kenzo Amour Florale, og det er ein kompliment. Om den varer noko veit eg enno ikkje, men førsteinntrykket er positivt. Men den store overraskinga er den nye duftserien frå La Prairie. Dette er ei av dei mest spennande lanseringane dette året, etter mitt syn. Gold er den enklaste av dei tre, den mest lettlikte. Den er ein krydra floral parfyme, med plomme og tangerin, ei sitrusfrukt med tjukt, aromatisk skal. Under ligg myrra og ulike krydder som gir varme og djupn. Eg vil tru at veldig mange vil kunne trivast med denne. Dette er …

Meir moro med grøne tomatar

Grøne tomatar kan også syltast, det blir ein slags «pickle», det klassiske engelske tilbehøret til kjøt, ost eller til ein Guinness. Slik gjer du det: Sylta grøne tomatar 1 kg små, faste tomatar 2 liter vatn 2,5 dl 7% eddik 750 g sukker 8 kryddernellikar Ein stjerneanis eller 1 ts sennepsfrø Kok opp vatnet i ei romsleg gryte. Skyll tomatane, og skjer eit lite kryss i skalet. La tomatane småkoke i eit minutt. Ta dei opp, og legg dei i iskaldt vatn slik at det vert lett å fjerne skalet. La dei renne av medan du har eddik, sukker og krydder i kokevatnet. Brukar du stjerneanis får tomatane ein lakrisaktig smak, med sennepsfrø vert smaken litt meir vaksen. Rør til det kokar opp. Legg tomatane i, og la det sydekoke til dei er møre, utan at dei går i oppløysing. Ta dei ut med ei holsleiv, og legg dei i ei skål. La laken koke inn litt, og skum av viss det trengst. Legg tomatane tilbake i laken, og gje det heile eit oppkok. Legg …