Nordpå
Vertskapet her nordpå trur på minimalisme i alle ledd unntatt når det gjeld mat. Alt er dermed ganske spartansk, altså ikkje noko nett, ikkje tv, ein sliten radio stildra oppå sofaryggen og sittegruppe i fire ulike ikkje matchande grønfargar. Så vi er på leit etter eit samarbeidsvillig trådlaust nett, og enda opp på Gründer på Finnsnes. Her får vi smoothie og Earl Grey med sitron i store glas, og er ganske fornøgde, særleg fordi det følgjer internett med på kjøpet. Alt er litt seinare her oppe, og det nyt vi godt av. Saftige, søte jordbær frå Salen gård i Rossfjorden: Markjordbær frå oppi bakken: Harry Potter-skogen, med bregner høgare enn ein åtteåring (vi har målt): Kan nokon namnet på denne blomen? Vi har ikkje sett den før. Lange stilkar, små runde blad langt nede på stilken. Ignorer flua.
