All posts filed under: Grønt

Tage Andersen

Eg har skrive om Tage Andersen før, det er ein butikk eg alltid er innom når eg er i København. Eg elskar den særeigne stilen hans, med rusta jern, friske og døyande vekstar og med hans eiga evne til å følge sesongane. Første gongen eg kom dit var i 1988, rett av danskebåten, rett før jul. Venninna mi og eg hadde fått gratistur, og hadde blitt oppvarta av trailersjåførar og studentar frå statens lærarhøgskule for handel og kontor (!!). Vi var nok litt reduserte av dagen før, så å kome inn til Tage Andersen då var som å kome til himmelen. Sakral musikk og ei julestemning vi aldri hadde sett maken til gjorde at vi fekk samla oss og senka skuldrene. Musikken er ein eigen del av opplevinga. Den er alltid klassisk, men kan godt vere på grensa til det eksperimentelle. Ein nydeleg kontrast eller kommentar til miljøet du vandrar rundt i. Denne påska var temaet kamelia, og det er ein planteart han har arbeidd mykje med. Han har hatt kameliautstillingar sidan midten av åttitalet. …

Eg skjems…

Ein kan bli heilt oppgitt over seg sjølv av og til. Her rotar eg rundt for å finne koffertar og slikt, og så snublar eg i ein løkpose. 30 muscari, som ikkje har gjort ein katt fortred, ligg og vansmektar på loftsgolvet. Heldigvis har dei hatt det kaldt og ikkje for lyst, men hadde dei hatt stemmeband hadde dei skrike etter hjelp for lenge sidan. Dei har til og med byrja produsere småløkar i rein desperasjon. No har eg sett dei i potte, vatna godt, og så kryssar eg fingrane for at dei ser seg syn med å kome opp av jorda når vi er tilbake frå påskeferie. Dei står i gangen, og har det framleis kjøleg, men dei har iallfall fått jord og fukt om røtene. Eg skal bli flinkare, eg lovar.

Er det ikkje fint

når rosene opnar seg slik, utan å bli slappe og slengete med hovudet? Kva eg gjer rett når det klaffar veit eg ikkje, eg set dei i varmt vatn med næringsmiddel i og vonar på det beste. Ha ei fredeleg helg, alle de fine menneska som stikk innom her hos meg!

Endeleg fredag…

Endå eit bilde av vinduet mitt. Det har blitt ein slags rytme for meg, at fredag ettermiddag tek eg bilde av blomane eg har i huset, og legg det her. I dag er bildet frå i går kveld, men det får vere. Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg.

Ein søndagstur i Botanisk hage

Snøen ligg framleis tung i Botanisk hage. men små spirar stikk opp, og lovar å spreie glede om nokre få veker. Rundt påsketider er det nok fantastisk der. Dette er det vi såg i går: Trollhassel eller vrihassel? Eg huskar aldri forskjell. Mi kjære.

-Og så sig helga inn

over oss, og freden senkar seg. Desse rosene skal få bli med meg heim, og lage helg heime hos oss. Eg ynskjer alle som kjem innom rolege dagar, med det som skal til for å halde motet oppe og å samle krefter.

Våren i vinduet

No er eg så sprekkeferdig av lengt etter våren at eg må lage han sjølv, inne. I hagen min ligg det framleis ein halv meter snø, og sidan solveggen min er nordaustvendt er det vel fare for at den vert liggande der ei stund. Difor har eg gjort som så mange andre, og arrangert téte a téte innandørs. Dette er eigentleg basilikumkrukka mi, den som brukar bli med på biltur. Eg skal så basilikum i den når dei små, søte påskeliljene er avgått ved døden, men enn så lenge står våren i vinduskarmen min og slikkar sol. I bakgrunnen: Kong Vinter. Enn så lenge.

Kjensla av helg

For meg kjem kjensla av helg når eg kjem heim, lesser av meg varer, ryggsekk og ytterklede, og set friske blomar i ein vase.  Freden senkar seg, og vonaleg vert det ei koseleg helg, med besøk av vener, familie, mat, vin og lystig prat rundt bordet. I kveld er eg ekstra heldig, eg skal avgarde med to venninner og få massasje før vi dreg heim til den eine for å kose oss med «all of the above». Ha ei fredeleg helg, alle de som stikk innom!

Våren har kome –

– til Grünerløkka. Snøen smeltar, og smeltevatnet renn lystig i trikkeskinnene nedover Thorvald Meyers gate. Sola skin ikkje, men likevel kjenner du at veret har slått om, og vi ber alle (bortsett frå han eg er gift med, som vil gå på ski) ei stille bøn om at det som kjem ovanfrå no framover skal vere regn. Det er von, folkens! Ja, dei er fylte. Og spetta. Og dyre, men vakre. Nei, det er ikkje Paris. Det er Oslo. I dag. Fint, ikkje sant?

Når ein fyller tretten…

…må blomane stå i stil. No roar det seg her i huset, etter til saman tre trettenårsbursdagar. Var det nokon som sa at tenåringar ikkje likte bursdagar? Vår diggar det, og det er koseleg. Her er blomane som pynta huset.

Flaskestativet mitt

Eg har fått spørsmål om kvar eg har det fine flaskestativet mitt frå. Det kjem frå ein butikk i Thereses gate, kjøpt på salg for to år sidan, så det er nok ikkje så lett å finne akkurat maken til. Mange lagar slike, mellom andre GundaM. Men så hendig er ikkje eg. Stativet er fylt med flasker frå IKEA, og i dag er det krysantemum og voksblomster i flaskene. Om sommaren brukar eg ha det ute på trappa, med pellissmåplantar i. Ha ein fin dag!  

Småtteri med og utan avokado

Eg er alltid på leit etter lekre rettar som er gode nok til å servere gjestar, og som krev mindre enn ein halvtime på kjøkkenet. Å få til eit sosialt liv med låg terskel både for besøkande og for vertskap er ei utfordring, god mat som er lett å lage og som smakar godt aukar trivselen for gjestane og gjer jobben som vert eller vertinne enklare. I dag får du oppskrift på tre smårettar som du kan by på. Det er ingen grunn til å skulle invitere på full middag alltid, berre ein har raust med småting å tygge på, og noko godt å drikke. Ein lett kvitvin passar fint til dette selskapet, husk farris og eplemost til dei som køyrer eller av andre grunnar ikkje vil ha vin. Utgangspunktet for meg er alltid kva eg finn i butikken til ei kvar tid, kva sesong vi er inne i. Dersom du bestemmer deg på førehand kva du skal ha, og går ut for å leite, kan du ofte bli skuffa. Det er betre å la …

Det vesle attåt

Kva skal vi ha til? Det er spørsmålet eg får når eg seier vi skal ha laks, kylling eller biff til middag. Og er det ikkje der utfordringa ligg? Å finne gode, varierte tilbehør som til og med er sunne, viss du er heldig? Helseguruane seier vi skal ha mindre poteter, pasta og ris, og då må vi ha fleire gode tilbehør, elles vert middagane trist. Så i dag får du to gode, enkle tilbehørsoppskrifter av meg. Kan nokon finne eit godt nynorsk ord til meg, forresten? På svensk har eg funne ordet ”tiltugg”, men det vert brukt om fingermat som vert servert til drinkar. Men kanskje tiltygg er det nye nynorske ordet for tilbehør? Amerikanarane kallar det ”side dish”, og det likar eg, ofte serverer eg tilbehøret på ein liten asjett ved sidan av. Ungane mine et meir salat viss eg lagar den i ei skål spesielt til kvar enkelt av dei. Då kan dei som ikkje likar tomat eller rå løk sleppe det, og få meir av det dei likar. Til sommaren og …

Dette er noko av det eg saknar:

  Det verste? -Det ligg framleis løk i kjellaren.     Det spørs om denne vakre grårosa hortensiaen har overlevd berrfrosten.     Tenk at desse små, kvite blomane kan bli til store, saftige, svarte bjørnebær!