Latest Posts

Fint, ikkje sant?

Men kven var det som kom på å barbere leggen på den furua?

 

Desse er også veldig søte…

Mykje nyttig vaksenopplæring her:

Kva skjedde, Volda?

For meg er Volda eit fint minne frå barndommen min og tidleg ungdom. Vi dro til Volda på julehandel, og når mor mi gjekk på lærarskulen der inne dro eg av og til inn og møtte henne. Det var alltid spennande, og ho hadde mange venninner som vi hadde det veldig kjekt med.

«Byen» Volda var som eit eventyr for meg. Små, søte hus, gater som slynga seg oppover lia og spennande små butikkar der du kunne kjøpe kunsthandverk, te og kaffi og kule klede som dei ikkje hadde i Ulsteinvik eller Fosnavåg.

I går besøkte eg Volda igjen, for å møte studentane på matkulturstudiet og snakke med dei om Smalhans. Etter foredraget hadde eg litt tid for meg sjølv, så eg gjekk litt rundt i mitt barndoms Volda. Sjeldan har eg blitt så trist og skuffa over ein bygdeby som der.

Kva har skjedd? Dei har laga eit senter i eine enden av Volda, Spinneriet. Det har ført til at dei aller fleste butikkane har flytta dit. I dei små gatene ligg dei søte husa tome med «Til leige»-lappar i vindauga. Det er så trist!

Dei få butikkane som er igjen i sentrum stenger halv fem, ein fin keramikkbutikk som eg gjekk forbi hadde til og med funne det for godt å halde ope frå ni til tre! But why? Kva er dette? Ja, iallfall er det ei effektiv oppskrift på korleis ein øydelegg eit bygdebysentrum.

Og når det gjeld Spinneriet: Det er det mest uoversiktlege og rotete senteret eg har vore i i mitt liv. Gangar inn og til venstre, kronglete og snirklete, mange nivå, kvar etasje er ulik og «daude» butikkar utan særpreg.

Volda har alle føresetnader for å vere ein fin og koseleg plass. Men med denne måten å drive byplanlegging på ekskluderer dei seg sjølv frå å vere ein plass det er kjekt å dra til. Det blir ikkje fleire julehandleturar til Volda på meg, iallfall. Det kan eg love.

Paradiseple!

Eg har så lyst til å prøve å lage noko av paradiseple, men eg har det ikkje sjølv. Ikkje veit eg om andre som har det heller.

Har du? Eller veit du om eit slikt tre? Kanskje står det eit i ein fråflytta hage eller i eit parkanlegg?

Kunne eg få plukke litt mot eit glas eller to med gode greier? Det ville gjort meg så glad! Skriv ei melding i kommentarfeltet viss du veit om slikt.

Slepp taket!

Første foreldremøte på vidaregåande skule er gjennomført. No er det offisielt, vi har ei dotter som held på å bli vaksen.

Det er mogeleg eg har eksepsjonelt godt minne, iallfall syns eg at eg huskar vidaregåande veldig godt. Eg huskar at far min utstyrte meg med fullmakt først i meldingsboka til å skrive mine eigne meldingar, og at eg måtte passe på å rekke bussen kvar dag kvart over åtte.

Noko foreldremøte høyrde eg aldri om, det er mogeleg dei var der ein tur då vi fekk vitnemål. Vidaregåande var mi eiga greie. Då klarte eg meg sjølv, eg lagde min eigen matpakke og ingen passa på at eg gjorde leksene mine. (Det hadde dei vel ikkje følgt opp så tett tidlegare heller, desse foreldra mine. Dei satsa vel på at det gjekk bra, og det gjorde det, men ikkje fordi eg gjorde så mykje lekser.)

Men no er det ein annan musikk. I klasserommet i går kveld sat det tredve bekymra, solskada vestkantmødre som ikkje var klare for å sleppe taket.

Når får vi første utviklingssamtale, spurte den eine. Det har vi ikkje på vidaregåande, sa læraren. Eg har ein elevsamtale med eleven. Send meg ein mail om det er noko de lurer på. Men viss noko skjer med mitt barn, får eg beskjed då, spurte ei anna. (Det rykte i meg då ho sa «barn» om ein sekstenåring, men det var visst berre eg som reagerte.) Nei, sa læraren, ikkje med mindre det er noko alvorleg, eller viss det blir veldig høgt fråver.

Tilbakemelding frå dei andre lærarane då, spurde ei då ho vart informert om at klassestyraren berre hadde dei i samfunnsfag, og difor berre kunne informere frå tre timar i veka. Det er ikkje alle av dei som er like glade for å bli kontakta, sa læraren. Vi skal kanskje la den kontakten gå gjennom meg til å byrje med.

Angsten breidde seg i klasserommet. Dette er mødre som har bakt bollar, pakka sekk og smurt matpakke og gjort alt som vart forventa av dei og meir til i seksten år. Mange av dei har jobba redusert for at barna deira ikkje skal kome heim til tomt hus. (Mine elskar å kome heim til tomt hus, ei stille stund for seg sjølv er pur lykke. Eg forstår dei godt. Eg syns også at tid for meg sjølv er deilig.)

No må desse mødrene sleppe taket. Dei kan ikkje lenger kontrollere alle aspekt av livet til barna sine, og vite alt om kva dei gjer. Dei kan ikkje lenger rekne med «tett dialog» med dei som ser barna deira mest. Dei har vore «på» i alle desse åra, og det har vore det rette å gjere. No innrettar samfunnet seg på at dei må vere meir «av». Det er smertefullt.

Samstundes er det jo to år att til avkommet blir myndig. Ein vil jo helst vere trygg på at dei kjem seg igjennom ungdomstida utan å skade seg, drikke seg under bordet, og med alle lemmer i behold.

Dei gamle metodane for å sikre seg at alt er bra fungerer ikkje lenger. Dei sluttar å ta telefonen når du ringer. Telefonen er «utlada» når mamma er på tråden. Du er ditcha på facebook. Vennane dekker for kvarandre. Dei andre foreldra veit ikkje meir enn du om kvar dei er. Prinsippet om kort lenke står for fall.

Kva gjer ein då? Ein må ganske enkelt snakke saman. Ein kan ikkje lenger basere seg på å ha læraren som informant. Ein må skape arenaer i form av felles aktivitetar og samver som gjer at ein får veksla nokre ord, og bygd tillit. I desse samtalane må kontroll og styring vike for interesse og openheit, utan fordømming. Og ein må godta å bli lurt.

Eg seier alltid til min tenåring at eg kan hente henne. Uansett kvar og når. Ho kan berre ringe. Det gjorde min far med meg, og det fungerte. Eg drakk ikkje, og venninnene mine drakk mindre. Er ho åleine får vi oss ein koseleg prat i bilen. Det er noko med den varme, tørre fine bilen, der ein ikkje ser kvarandre i augene. Då er det lettare å få praten til å gå. Ein får ta dei med på ein biltur, ganske enkelt. Køyr ein tur og slå av ein prat.

Men det er klart; har oppdragingsregimet vore basert på kontroll, straff og streng styring kan det vere vanskeleg å få dei andre, nye strategiane til å fungere. Det er ikkje så lett å plutseleg be om tillit og openheit når ærlege svar tidlegare har blitt møtt med kjefting og oppstrekk. Barn lærer fort. Fungerer ikkje ærlegheit må ein lyge. enkelt og greitt. Om ikkje anna for å skåne seg sjølv for ei skyllebøtte ned mellom kragen. Har du sleppt taket?

Denne er berre så søt!

Du må sjå denne. Dei er så fine!

Enkelte ting…

…til dømes logoar og slikt, toler ikkje å krysse landegrenser.

I don’t want to bore you with it…

I see us in the park
strolling the summer days
of imaginings in my head.
And words from our hearts
told only to the winds
felt even without being said.

I don’t want to bore you
with my trouble
But there’s something «bout your love
that makes me weak and
knocks me off my feet.
There’s something «bout your love
that makes me weak and
knocks me off my feet
knocks me off my feet.
I don’t want to bore you with it
oh but I love you
I love you
I love you.
I don’t want to bore you with it

oh but I love you
I love you

I love you more and more.

Stevie Wonder

Eg slit!

Eg slit med brødbakemaskinen vår.

No har eg to dagar på rad bakt flate brød. Kva kan det skuldast? Eg følgjer godt med på deigen, sidan eg bakar på tidleg kveldstid. Den oppfører seg fint i bollen, og hevar seg flott. Men på eit eller anna tidspunkt rundt steikinga fell brødet saman.

Eg slit med å finne ut kva eg gjer feil. Eg er relativt nøyaktig med oppskrifta, og midtvegs står deigen der og hevar så fornøgd og glad.

Likevel klappar den saman før brødet er ferdigsteikt. Nokre gongar vert det bra, men no har eg bomma to gongar på rad, og er mismodig. Har nokon med brødmaskinerfaring nokre praktiske tips å kome med?

Sjokolademousse

Eg har skrive om sjokolademousse tidlegare, men då har eg laga ein mjølkefri variant.

Denne gongen var selskapet utan mjølkeallergikarar, og då kunne eg slå meg laus med ein sjokolademousse basert på kremfløte. Denne er også parfymert med appelsin, men det kan du utelate, eller bytte ut med andre smakar.

Porsjonen i denne oppskrifta vart til 18 porsjonar, ikkje så veldig store. Eg brukar telysestakane frå IKEA som serveringsskåler. Det vert to andre dessertar og på bordet, så gjestane skal få fylt søttanna, trur eg. Slik gjorde eg det:

Sjokolademousse

300 g mørk sjokolade

1 pk/ 1/3 liter kremfløte

1 dl appelsinjuice

Tre små eller to store egg

3 ss sukker

2 ts kvitvinseddik

1 klype salt

Del egga, og piske eggekvitene stive med litt eddik og salt. Pisk eggeplommene luftige og fine med sukkeret. Pisk kremen stiv.

Kok inn appelsinjuicen til halve mengda. Set ei vid skål oppå ei gryte med kokande vatn i. Hakk sjokoladen, og ha den oppi skåla. Slå over den innkokte appelsinjuicen, og la det heile smelte til det blir flytande.

Vend den smelta sjokoladen inn i den stivpiska kremen. Vend deretter eggedosisen inn i sjokoladekremen, og til slutt skal eggekviten roleg arbeidast inn slik at det vert ein glatt og fin mousse. Fyll massen i porsjonsglas eller i ei serveringsskål, og set kaldt. Moussen bør stå minst eitt par timar før servering.

Server med mokkabønner, med sylta appelsin eller med ein kremklatt.

Denne moussen kan smaksettast i alle retningar. Litt sylta eller fersk chili gir ein deilig punch. Moussen kan få ein endå meir intens appelsinsmak med rive appelsinskal eller litt Cointreau eller Grand Marnier. Likar du kombinasjonen sitron og sjokolade kan du ha i litt limoncello.

Med eitt par skeier pulverkaffe løyst opp i bittelitt kokande vatn får du ein fin mokkamousse. Eg har fått servert sjokolademousse smaksett med amaretto, altså med mandelsmak. Du kan også ha i knust krokan, og få ein deilig krunsj i moussen.

Pasta med pestomarinert kylling og squash

Mange har for mykje squash for tida, og den er ikkje så lett å oppbevare eller konservere. Difor er oppskrifter med  squash populært blant hagefolket.

Eg lagde ein god og enkel pastarett med squash i går, der eg brukte kylling, pesto og litt vårløk. Eg marinerte kyllingfileten i pesto medan eg gjorde klar dei andre grønsakene, og så fekk den ein rask tur i steikepanna for å bli gjennomsteikt.

Dette er eit godt døme på at ein kjøtporsjon som kan vere snau dersom ein lagar kjøtet til på tradisjonell måte, vert akkurat passe når ein lagar det til på ein annan måte, med anna tilbehør. Normalt ville eg berekna tre kyllingfiletar til to vaksne, med mindre eg hadde eit veldig mettande tilbehør. Men her er det meir enn nok med to filetar til to personar.

Eg brukte fersk pasta, men det blir like godt med tørr pasta. Sausen er basert på vin og kremost. Kremosten kan byttast ut med kokefast rømme, som sæterrømme eller creme fraiche, eller med fløte. Vinen kan byttast ut med litt buljong og litt sitronsaft, eller litt eplejuice. Slik gjorde eg det:

Pasta med kylling og squash

250 g fersk pasta

To kyllingfiletar

4 ss pesto

Ein squash

To vårløkar

1 dl vatn

1 dl kvitvin

2 ss kremost naturell

1 ts honning

Salt, peppar

Smør til steiking

Del kyllingfiletane i bitar, og vend dei i pestoen i ei skål. Sett til side.

Del squashen i to, og fjern frøa viss dei er grove. Dei er ofte det på denne tida av året. Skjer squashen i skiver, og steik den fort i smør eller olje  i steikepanna. Ta den ut, og legg den til side. Rens vårløken, og kutt den fint i skiver. Legg til side.

Smelt litt meir smør i steikepanna, og steik kyllingen slik at den får litt farge. Pass på at pestoen ikkje vert brent. Når den er steikt på alle sider kan du slå på vin og så litt vatn. Skrap godt opp av steikepanna. Rør inn kremosten og honningen. Smak om du må salte og pepre.

Slå sausen over nykokt pasta, og vend inn vårløken. Den skal altså ikkje varmebehandlast anna enn i møtet med pasta og saus. Server med godt brød og eit glas vin om du har og har lyst på.

Shopping i Kiel

Color Line har dei to staselege båtane Color Magic og Color Fantasy som går mellom Oslo og Kiel. Mange bedrifter brukar desse båtane til seminar og teambygging, og ein kan difor innimellom risikere å stå der med ein billett til Kiel-ferja.

Fordelen for arbeidsgjevar er at det er relativt lite tid som går bort til shopping og bykos, iallfall mykje mindre enn når ein reiser med København-båten. Fordelen for oss som får reise er at Kiel faktisk er ein fin shoppingby.

Med litt velvilje og samarbeidsvillige pensjonistar på veg ut av båten kan ein få opptil tre og ein halv time i Kiel. Det er ikkje all verda, men det rekk eit stykke på veg. I teorien skal båten ankome Kiel klokka ti og dra klokka to, men i realiteten tek det så lang tid å kome av båten, og oppmøte er kvart på to med eit stykke å gå frå sentrum.

Vel i land er det nærliggande å spasere rett fram, over gangbrua som krysser hamna, og over til kjøpesenteret Sophienhof. Der finn du butikkar med diverse interiørgreier, nokre fine spiseplassar og Rossmann som sel alt av toalettsaker, makeup og reingjeringsting. Der er også ein stor elektrobutikk i andre etasje. Damemote og sko er det også flust av.

Går du vidare til høgre finn du det klassiske tyske varehuset Karstadt. Oppe er det parfyme, smykker og papirvarer, nede er det klede og sko. Dei har alltid nokre tilbodshyller med dufter, så det er mogeleg å gjere gode kjøp her. Men rimelegare parfymer som Puma, JLo og liknande kan du få billigare på dei enklare parfymeria lenger bort i Holstenstrasse.

For når du har gått igjennom Karstadt går det ei lang rulletrapp ned til gågata Holstenstrasse. Her finn du fine kjøkkenbutikkar, meir klede og sko og lærvarer. Tyskland er ikkje kjend for mote, men enkle basisplagg kan ein finne svært rimeleg. Eg syns personleg dei er flinkare på sko, du finn Ecco-butikkar og butikkar med godt utval i Peter Kaiser og Gabor både inne i Sophienhof og i Holstenstrasse.

Heilt i enden av Holstenstrasse finn du fleire koselege pubar, i området Alte Markt. Viss du går litt vidare kjem du inn Dänische strasse, der det ligg ein del meir eksklusive merkebutikkar. Og i byrjinga av gata ligg det eit lekkert parfymeri som fører Serge Lutens, Etro, Acqua di Parma og mange andre merke ein ikkje finn så mange stader. Rause med prøvene er dei og!

Men Kiel har fleire shoppingområde å by på. Viss du i staden for å gå Holstenstrasse til endes går til venstre opp gjennom byparken, mellom dei to dammane som ligg der, kjem du opp til Die Arkaden på Holtauer Strasse. Der går det fine arkader på begge sider av gata, og der finn du fine leikebutikkar, konditori, interiørbutikkar og ikkje minst ein lekker tebutikk. Der sel dei også aromatiserte eddikar, og eg er alltid innom der for å få med meg ein halv liter fikeneddik. Dei har dei fine Roy Kirkham-koppane, og eit enormt utval i teutstyr, klyper, filter og kanner. Earl greyen deira er også førsteklasses.

Det siste shoppingområdet eg vil nemne er Citti-Markt, eit kjøpesenter utanfor Kiel sentrum. Det tek ca. 8 minutt med taxi for å kome dit. Husk på at veldig få taxiar i Kiel tek kort, så du bør ha tatt ut euro.

Citti-Markt er eit tradisjonelt tysk kjøpesenter med alt hjartet måtte få lyst på. Der finn du masse matbutikkar, utsal av vin og brennevin, klede, store parfymeri og sportsbutikkar. Dersom du planlegg å dra til Citti-Markt er det like greitt å gjere det med det same du går av båten, det er lett å bruke heile dagen der. Det er vanskeleg å kombinere tidsmessig med å «gjere byen» viss du skal tilbake med ferja same dag.

Eg syns Kiel er ein fin shoppingby. Den er ikkje så sjarmerande som Lübeck, ikkje så stor som Hamburg, men oversiktleg og grei. Tyskerane kan øl og god mat, så ein bør unne seg noko godt å spise og drikke medan ein er der. Iallfall er eit konditoribesøk eit must, du finn mange gode kaker i Kiel. God tur!

Eg er her!

Eg presterte berre å ta ein tur på seminar til Kiel utan mobilladar, og utan den kjære macen min. Då blir det tyst frå mi side.

Eg sto i resepsjonen og tasta medan telefonen lada, men blogginnlegg vart det ikkje noko av. Men eg kjem sterkare tilbake.

I og med at mange tek båten til Kiel tenkte eg å kome med nokre shoppingtips frå denne fine, tyske byen som ein dessverre berre får vere i tre timar om ein reiser med ein av color-båtane. Stay tuned!

Haustetid

No bugnar butikkar og torg av deilige, norske grønsaker. Eg er ikkje ein av nasjonalromantikarane som insisterer på at alt norsk er best, men nyhausta grønsaker er knallgodt uansett kvar ein er.

I dag har eg laga ein haustpai med det eg fann på torget. Eg tok med ein pastinakk, ein fenikkel og ein pose fersk sopp, i tillegg til ein bunt løk. Med enkle middel fekk eg til ein knallgod pai som kan brukast åleine eller som tilbehør. Eg lagde den til meg sjølv opprinneleg, men dagen der på serverte eg den med røykalaks og urterømme, og det vart stor suksess.

Som alle paiar er denne perfekt på eit koldtbord. Dei som er vegetarianarar slit ofte med å finne noko dei kan spise på bufféar, med denne har du laga eit godt alternativ for dei og.

Paideigen min har eg frå Carl Butler, det er ingen grunn til å finne opp hjulet på nytt. Den er smidig og fin å jobbe med, og eg lagar den lynkjapt i matmølla. La den kvile før du kjevlar den ut, då blir den endå lettare å handtere. Denne deigporsjonen passar akkurat i mi form på 22 cm. Slik gjorde eg det:

Haustpai med fenikkel og pastinakk

Paiskal:

200 g kveitemjøl

100 g smør

1 ts salt

2-3 ss iskaldt vatn

Ha mjølet i matmølla. Eg brukar å sette bollen på vekta og nulle den ut, og så ha i mjølet. Så nullstiller eg på nytt, før eg kuttar opp smøret i bitar litt etter litt, og har det i  saman med saltet. Køyr det til smøret er finfordelt. Ha i vatnet, og køyr til deigen har samla seg som ein klump rundt midtpålen i matmølla. Ta den ut, og ha den i plastfolie. Klem den gjerne ut til asjettstorleik før du legg den på kjøl.

 Set omnen på 200 grader. Kjevle deigen ut, og ha den over i forma. Klem den ut i kantane og i botnen. Riv kantane røft av, men la dei henge over kanten. Prikk botnen, og legg noko i botnen for å hindre at den bles seg opp. Eg brukar glassteinar frå IKEA. Forsteik den i 10 minutt på 200 grader. Kutt av kantane med ein skarp kniv. Set den til side.

Paifyll:

1 stor løk

1 pastinakk

1 fenikkel

1 raud paprika

400 g sopp, eg brukte vanleg sjampinjong

200 g kremost

6 egg

Salt og peppar

Smør og olje til steiking

Eg lagar fyllet medan deigen kviler, det vert mest effektivt. Skrell pastinakken og løken. Fjern om det er noko stygt på fenikkelen, og rens paprikaen. Kutt grønsakene i skiver. Varm smør og olje i ei steikepanna, og la grønsakene surre på middels varme, ein sort om gongen. Dei skal ikkje bli brune, berre bli mjuke og fine.

Legg grønsakene lagvis i det forsteikte paiskalet. Pisk saman ost, egg, salt og peppar, og slå det over grønsakene. Bak paien på 200 grader i 30-40 minutt til den er pent gyllen. Server med ein god urtedressing.

God urtedressing

1 beger rømme eller kesam

1 ts urtesalt

1 ts honning

2 ss hakka, ferske urter

Bland alt, og la det stå og trekke. Eg brukte basilikum og bladpersille i denne dressingen, men du kan bruke det du har, eller bruke berre urtesalt. Smak til om det er salt nok. Server med paien. Velbekomme!

Bursdagsfest for Freddie på Google

Gå til google og trykk på playknappen. Trist og fint på same tid.

Skattar frå loppemarknaden

Ein finn alltid noko på loppemarknad, iallfall gjer eg det. (Men berre for å ha sagt det; det er ingenting som eg treng. Vi har meir enn nok ting her i huset.)

Men eg fann fine ting denne gongen også. Eg hadde eit klart og tydeleg oppdrag og, mor mi ville ha ei ny jerngryte til huset sitt i Nord-Norge. Det gjennomførte eg, i kjøkkenavdelinga fann eg ei fin jerngryte. Etter ein omgang med stålull og olje klarte eg til og med å konstatere at gryta eg hadde kjøpt for tjue kroner var ei Le Creuset-gryte. Den er ikkje så tung i godset som Høyang-pannene, men det gjer den også lettare å handtere.

Til meg sjølv kjøpte eg fire eplegrøne skåler, dei har eg nokre av frå før, og nokre gule. Dei gule er eg ikkje så fornøgd med, så dei skal få gå på neste loppemarknad no, eller kanskje til Nord-Norge dei og? Ei lita syltetøyskål i pressglas vart også med heim.

Eg fann nokre fine juleboksar, ein liten ein som eg planlegg å bruke til romkuler og anna julesnop, og ein annan, litt større boks som kan brukast viss eg skal gje bort småkaker, det gjer eg gjerne. Eit hobbysett til julekortlaging vart også med frå juleavdelinga.

I elektroavdelinga låg det lause delar til ei Braun matmølle og slang, så då fekk eg endeleg tak i riveskiva som eg har mangla til mi eiga matmølle. Eg har den grove, men har mangla den fine. Strålande! I avdelinga for film og bøker fann eg The Commitments på dvd, og femtenåringen fann Emma av Jane Austen i manga-utgåve.

Kva står så att? Vel, eg fann både Aalto-glastallerknar, Figgjo-mugger og eit flott grønt fat som eg veit iallfall nokre eg kjenner hadde blitt glade for. To par Chanel-øyredobbar låg der også, relativt høgt prisa, men dei let seg nok prute ned.

Eg stikk kanskje ein tur nedom rett før stengetid, og ser kva som er att. DÅ er det alltid mogeleg å gjere eit loppekupp. God søndag!

Og i dag…

…viss du lurer på kva du skal finne på, og du er i Oslo: Kom til Ila skule, og gå på loppemarknaden der!

Der er det masse fint, deilige vafler, snille korpsforeldre og flotte lopper til gode prisar. Vi skal iallfall dit! Ila ligg i Fougstads gate 10, 21-bussen til Falch Ytters plass og gå opp Fougstads gate, eller ta 37-bussen til St.Hanshaugen og gå opp Geitmyrsveien og så ned Brandts gate.

Fagen og gutta

Ei av dei første platene eg kjøpte av mine eigne pengar var The Nightfly med Donald Fagen.

Det tok faktisk ei stund før eg forsto at det var same person som sang på denne plata som sang på platene til eit anna band eg likte; Steely Dan. Med begge banda fekk du sløy og stilig vestkystfunk, og eg digga det. Dette er rytmisk, presis og veldig kompetent komponert og framført musikk, Det gjekk rett til hjarterota på meg.

Det finst eit norsk tribute-band til Steely Dan, Stealing Dan heiter dei, sjølvsagt. Er du i Oslo i helga kan du gå på Stopp Pressen i VG-huset seint på kvelden på laurdag, og høyre dette eminente bandet. Flinke er dei, og nokre av dei er til og med sunnmøringar, utan at ein skal bruke det mot dei. Ha ei fin helg!

Gratinerte pannekaker

Pannekaker er ein omstridd middag i vår familie, tolvåringen vil gjerne sleppe å få det servert.

I går foreslo eg å lage gratinerte pannekaker, men han  var framleis skeptisk. Stol på meg, sa eg, og gjekk i gang. Eg lagde ein stuing med sopp og kjøttdeig som eg krydra godt, og rørte inn nokre skeier kremost til slutt. Det kan du erstatte med rømme eller fløte.

Det gir ein god, kremete stuing som er perfekt å fylle i desse pannekakene.  Eg lagde dei med sukker i sjølv om dei skulle brukast til middag. Eg likar kombinasjonen av søtt og salt, så salt stuing i søte pannekaker er etter min smak.

I denne stuingen kan du putte alle slags sopp, den er perfekt til blandingssopp viss du har vore på sopptur. Slik gjorde eg det:

Kjøtt- og soppstuing

400 g kjøtdeig

300 g sopp

Ein stor løk

Smør/olje til steiking

2 dl kvitvin eller 2 dl buljong

4 ss tomatpuré

1 ts timian

Sukker, salt og peppar

4 ss naturell kremost, rømme eller fløte

Ost til gratinering

Sett omnen på 230 grader. Rens sopp og løk, og kutt det i små bitar. Fres soppen i smør og/eller olje til den er gyllen. Slå på vin eller buljong, og la det koke inn. Ha i løken, og fres den mør i soppen. Dra sopp og løk til side, og ha i kjøtdeigen. Fres den til den er gjennomsteikt.

Ha i tomatpuré, og gjerne litt meir buljong viss det vert for tørt. Smak til med sukker, salt og peppar. Rør inn kremost, og la det heile koke inn til ein tjukk stuing.

Steik pannekakene. Legg ei i ei eldfast form, og fyll i nokre skeier med stuing. Rull den saman, og legg i ei til. Gjenta prosessen til du er tom for pannekaker og stuing. Riv osten, og strø den over pannekakene. Gratiner det heile i 15-20 minutt til osten er pent gyllen. Server med ein salat.

Dette blir veldig godt utan kjøt og, suppler gjerne med ein squash eller persillerot, og litt meir sopp.

Valg på tv

Eg må innrømme at eg svært sjeldan ser valgsendingane på tv. Eg har sånn omtrent bestemt meg for kva eg skal stemme, kva politikarane seier på tv kjem ikkje til å påverke det noko særleg.

Men her ein kveld vart eg sittande og sjå på ei av valgsendingane til tv2, og då dukka ein gammal helt opp. Kjellen Bigset!

Han var tidlegare billettør på ferja mellom Eiksund og Rjånes, men då det vart nedlagt måtte han finne seg anna arbeid. No køyrer han buss for Fjord1. Han slit med å styre temperamentet sitt, og han fører eit MEGET friskt språk, for å seie det med hans eigne ord.

Femtenåringen sa det slik: Det er en fordel å ha vært litt på Sunnmøre, for da vet man at slike finnes. Her kan du sjå han gjere opptil fleire tapre forsøk på å kome seg på ferie.

Ein ny, gamal Kenwood i huset

Min kjære Kenwood Major har tent meg villig og lojalt i femten år. Den luktar litt rart når den må gjere skikkeleg tunge jobbar, men førebels har den klart seg utan anna oppdatering enn ein ny kremvisp.

I England hadde vi brødbakemaskin, og vi vart litt tent på idéen om å vakne til velduftande, ferskt brød om morgonen. Tilfeldigvis fekk vi tilbod om å kjøpe ein brukt Kenwood BM 250 rett etter at vi kom heim, og slo til på det.

No har vi brukt den to gongar, og har hatt ei 50% suksessrate. Det skræmer ikkje oss, i Oxford sleit vi og litt i byrjinga, men etter kvart fekk vi teken på det.

Det blir spennande å bli kjent med dette vesenet dei neste vekene. Eg er ikkje ein presisjonskokk, så instinktet mitt seier at det umogeleg vere så nøye om det er 385 eller 400 ml væske.

Andre i hushaldet vårt er meir nøye, og veg nøyaktig opp kva som skal vere i bollen. I kveld skal eg vere skikkeleg rampete, og bruke ballesåd til brødvæske, så får vi sjå kva BM 250 seier til det.

Det er i allfall fint å vakne til den gode lukta, utfordringa er å huske på å kjøpe mjøl og gjær. Etter fleire år med kjøpebrød er ikkje dei innkjøpa automatisert. Men vi lærer.

Har du brødbakemaskin, og har forslag til oppskrifter, kombinasjonar og triks som vi ikkje har oppdaga så høyrer eg gjerne frå deg i kommentarfeltet. God baking!

Siste påminning!

Du kan framleis bestille ei signert utgåve av smalhans som vert sendt ut frå forlaget på førstkommande onsdag.

Viss du vil ha ei slik bok går du inn her, og følgjer instruksane. For at forlaget skal få bestilt nok bøker i tide, må dei ha bestillingane innan klokka to i ettermiddag. Så kast deg rundt viss du ikkje allereie har bestilt. Du finn også boka i dei fleste bokhandlar, men dei er utan min signatur. 🙂

Heavy metal beads

Ei nettvenninne av meg har laga dette flotte kunstverket:

For alle som har vore i nærleiken av perlebrett og hama-perler så er det innlysande for ein kjempejobb dette er. Bildet er 1,4 x 1 meter, og er av bandet Motorpsycho.

Utfordringa er at ei mamma med for mykje fritid har meldt på eit fingermalingsbilde som toåringen hennar har laga i den same konkurransen. Så går dama på facebook, og går på slike «Give votes, get votes»-sider, og får folk frå heile verda til å stemme på fingermalingsbildet. Det gjer at dei to knivar om sigeren, utruleg nok.

Det syns eg er uryddig. Kamilla har laga eit flott bilde som det ligg masse arbeid i, og ho fortener å vinne, syns eg. Viss du er einig med meg, og har facebook, kan du gå inn her, og gi di stemme til Heavy Metal Beads. (Trykk liker, altså.)

Syns du andre ting er finare kan du gje stemme til det og. Godt valg!

Lenke til sendinga

Fekk du ikkje høyrt på meg då eg var på radioen og snakka om Smalhans? Du finn sendinga her.

Gunda Djupvik på nitimen

(Og eg måtte til og med synge! :-o)