Latest Posts

Skal du lese ein ting denne helga

så bør det vere denne artikkelen av Andreas Wiese.

Han skriv om den urovekkande tendensen til at nettsøk leier oss i retning av det vi likar og vil ha meir av. Svekkar det oss? Møter vi for få motforestillingar? Blir vi lulla inn i ei verd av harmoni der alle er einige med oss?

Det er på bygdene det skjer…

Høg musikk på Leikong. Priceless!

<a href=»http://www.blogglisten.no»><img src=»http://www.blogglisten.no/connect/7103aff3e6154da4bc3c357a59c90eea&raquo; alt=»Blogglisten» /></a>

Ikkje la angsten styre!

Eg les at foreldre vil halde barna sine heime frå Norway Cup. Det gjer meg trist og fortvila.

Ta byen tilbake, var oppmodinga frå politiet. Den kom ikkje i går, men laurdag morgon. Oslofolk vart oppmoda til å ta byen i bruk igjen, vere der for kvarandre og ta vare på kvarandre.

Det har vi gjort, vi som bur her og tilreisande. Vi går rundt i gatene, litt rolegare enn før, vi ser på blomane som fyller byen og vi les på korta som barn og vaksne har hengt opp  og lagt frå seg. Vi har teke byen tilbake. Vi let ikkje angsten styre.

Min femtenåring må ta trikken i staden for 37-bussen, men ho dreg ned til byen på jobb kvar dag, og brenn lys for dei døde og sakna i butikken der ho jobbar. På den måten, og ved å prate med vennar bearbeider ho sorga over å miste folk ho kjente og hadde samarbeidd med.

Eg vil våge denne påstanden: Ved å halde barna heime frå Norway Cup skaper foreldra angst i barna sine.  Unødvendig angst. Oslo er ein trygg by, tryggare enn nokon sinne, særleg i området rundt Ekebergsletta og skulane der barna skal bu. Norway Cup samarbeider tett med politiet og Røde Kors, og gjer alt dei kan for å gjere dette til eit flott og trygt arrangement.

For barn og ungdom rundt om i landet så er eg sikker på at dette er ein måte å bearbeide sorga på: Å kome hit, sjå korleis vi taklar dette og lever oppi det, og å møtest med andre på same alder frå heile landet og snakke om det som har skjedd. Legge ned ei rose i fontena på Youngstorget og gå over Rådhusplassen.

Eg trur det er kvar enkelt forelder sin personlege angst som får dei til å nekte barna sine å reise. Ei sikkerheitsvurdering ligg iallfall ikkje bak. Då hadde dei ikkje kunna reist på Norway Cup i eit «normalår» heller. Eg kryssar fingrane for at dei foreldra som er engstelege og vurderer dette bestemmer seg for å la barna reise.

Det bør ikkje plantast angst i barn. Gjer dei trygge, lær dei å vurdere risiko og la dei gå ut i byen. Å lære å mestre byen er viktig, med eller utan gale bombemenn.

(I dei tilfella der barnet sjølv ikkje vil reise må ein sjølvsagt respektere dette ønsket. Det eg snakkar om her er når barna vil reise, men dei vaksne vurderer å nekte dei det.)

Void

Det følest tomt og meiningslaust. Framleis gjer det det.

Men eg trøstar meg med fine bilde. Sjå denne fine bildeserien. OsLove.

Eit arkitektonisk mesterverk

Ja, det har faktisk blitt omtalt som det, sjølv om enkelte kallar det brunosten.

Erling Viksjø teikna dette bygget som vart eit av dei første høghusa i Oslo då det vart ferdigstilt i 1958. Erling Viksjø sat på Grini saman med Einar Gerhardsen, og livet og verket hans er fletta tett saman med det norske sosialdemokratiet.

H-blokka symboliserer dette, like kontor til alle og sentral plassering vitnar om ein likheitstanke som vi ber med oss framleis. Då eg arbeidde i regjeringskvartalet tidleg på nittitalet var det fri gjennomgang i H-blokka. Det opne byråkratiet, samanfletta med det politiske apparatet, men likevel sjølvstendig, arbeidde her.

Han har teikna fleire andre bygg og konstruksjonar rundt om i heile landet, mellom anna Hydro-bygget på Solli plass, Tromsø-brua og kunstsamlinga på Lillehammer. Men H-blokka, og seinare Y-blokka som har kontor for fleire departement er nok rekna som hovudverket hans.

Noko av det spesielle med dette kvartalet er den integrerte bruken av kunst. I vestibylen i H-blokka dekorerte Kai Fjell fondveggen med ei vakker frise, der er også arbeid av Inger Sitter, og på endeveggen av Y-blokka har Carl Nesjar sandblåst inn i betongen ei teikning av Pablo Picasso. Dei to samarbeidde i mange år, og dette verket er det mest synlege av prosjekta deira.

I samarbeid med Erling Viksjø oppfann dei ein eigen metode for å få fram bilde i betong. Dei støypte først eitt lag, så la dei elvestein i det laget, og så støypte dei eit nytt lag med betong oppå steinen. Når dei så sandblåste etter teikningar kom steinlaget til syne, og skapte ei livfull og røff overflate som sto i stil med motivet på endeveggen på y-blokka; Fiskerne.

Denne teknikken er også brukt på friser inne i regjeringsbygga, der ein kan finne fleire motiv av Picasso, henta fram i livet av Carl Nesjar basert på Erling Viksjø sin patenterte betongmetode.

Stilen Viksjø representerer er ei vidareutvikling av den lyse, symmetriske og egale arkitektoniske stilen til hans læremeister Nils Bang. Begge to vart inspirert av den franske arkitekten Le Corbousier, og stilen kallast brutalisme, utan at det nødvendigvis er negativt meint.

Reine, rettvinkla og opne bygningskroppar med synlege strukturar, integrert kunst og liten skilnad på liten og stor i hierarkiet er viktige prinsipp i brutalismen. Det var ingen synleg skilnad på der statsministeren har sitt kontor og kontora til dei øvrige byråkratane. Alle har nokolunde same fasilitetar, og blir handsama likt.

Inntil fredag kunne ein få omvising i H-blokka klokka 14 og klokka 16 i grupper på maksimalt 20 personar.

Vaktmester Alt godt

I dag og i går har eg vore vaktmester.

Eg fekk ein telefon i går tidleg, med spørsmål om kor fort eg kunne vere i byen. Vi spiste frukost, pakka ned teltet som sto over baren på brygga i Kolbjørnsvik, og trakka på gasspedalen i retning Oslo.

Grunnen til det var at «vårt departement» har fått knust sine lokale. No lagar vi lokale til dei hos oss. Det betyr at over hundre av våre må over i eit midlertidig  bygg på ubestemt tid.

Eg har det ofte slik når det er ei krise, at eg syns det er godt å gjere noko. Så eg fiksar lokala. I går administrerte eg flyttefolk og reinhaldarar i lokala der departementet skal inn, og i dag har eg gjort det same i lokala der våre har flytta inn. Smått med juridisk arbeid, men det hadde eg vel ikkje fått gjort uansett, tenker eg. Det er godt å ha ein jobb der ein kan variere oppgåver etter kva som jobben treng, og etter kva eg treng. I dag trengte vi det same; gjennomføring og muntrasjonsarbeid.

Det siste var eigentleg ikkje naudsynt. Det var ingen sure miner. Folk får lengre reiseveg. Nokre får dyrare reise, dei misser ei flott kantine og mange gode kollegaer frå andre avdelingar. Men dei holdt humøret oppe. Dette er viktig, dette gjer vi for at landet vårt skal fungere. Det er verd det. Fine folk, desse eg jobbar med.

Kringsatt av fiender

Folkens, no må vi halde saman, halde kvarandre oppe, ta vare på dei som er berørt og ta byen vår tilbake. Eg elskar Oslo.

Til Ungdommen

Kringsatt av fiender,
gå inn i din tid!
Under en blodig storm –
vi deg til strid!

Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med
hva er mitt våpen?

Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.

For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må – men:
øk det og styrk det!

Stilt går granatenes
glidende bånd
Stans deres drift mot død
stans dem med ånd!

Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

Elsk og berik med drøm
alt stort som var!
Gå mot det ukjente
fravrist det svar.

Ubygde kraftverker,
ukjente stjerner.
Skap dem, med skånet livs
dristige hjerner!

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.

Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn og brød og ånd
eies av alle.

Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd
skaper vi fred.

Den som med høyre arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.

Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menneskenes jord.

Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen
som om vi bar et barn
varsomt på armen!

Fin helg!

Dette blir ei fin helg, for min kjære og eg har allereie vendt nasa sørover for å vere med på deLillos-konserten i Kolbjørnsvik i morgon.

Er du i området, så kjøp billettar på Arendal kulturhus eller på ferja Kolbjørn, og kom på konsert på Moringen pub. Vel, puben er ikkje stor nok for deLillos, iallfall ikkje med publikum, men vi riggar scene på brygga, og satsar på at det skin av mot kvelden.

DeLillos eller ikkje, ha ei fin helg!

Pasta carbonara

Pasta Carbonara er ein enkel rett, men det krev litt handlag å kontrollere temperaturen i panna når du lagar det. Trikset er at egga er med på å tjukne sausen, men vert det for varmt vert sausen klumpete på grunn av at egget koagulerer, og det er ikkje så stilig. På grunn av dette bør gjestane vente på middagen, og ikkje omvendt. Denne retten er ikkje noko særleg å varme opp att som restemiddag, men nylaga er det noko med det beste eg får.

Pasta carbonara er fin å lage viss du har lagd noko som krev eggekviter, då har du eggeplommer til overs, og det passar strålande til pasta carbonara. Vi lagar det alltid når eg bakar plettar til jul, då står eg der plutseleg med seks eggeplommer for mykje. Kolesterolbombe, ville vel ein lege kalle den middagen. Første gongen ei av kusinene mine fekk dette til middag sukka ho og sa: Eg visste ikkje at det fantest så god mat!

Mange hevdar at det ikkje er pasta carbonara når det er fløte i sausen. Det øyret høyrer eg ikkje på. Eg syns det er deilig med fløte i , og då lagar eg det slik. Vil du gjere dette heilt autentisk, så bytt ut fløten med bittelitt av kokevatnet.

Slik gjer du det:

Pasta Carbonara

400 g spagetti

200 g bacon (eg kjøper baconskalkar, godt og billig.)

100 g riven kvitost, gjerne parmesan

2 dl kremfløte

3 eggeplommer eller 2 heile egg

1/2 ts salt

Kverna peppar

Kok pasta slik det står beskrive på pakken. Kutt bacon i ganske små bitar og steik det på middels varme. Bland fløte og eggeplommer (eller heile egg), salt og peppar i ein liten bolle. Slå vatnet av pastaen med eit dørslag. Ha spagettien tilbake i gryta, og rør inn eggeblandinga.  Ha i osten og bacon- eller skinkebitane og sett gryta tilbake på plata på svak varme. Rør rundt i eitt til to minutt til ”sausen” tjuknar og osten har smelta.

Kvern litt meir peppar over, og server, fort! –Med godt brød til!

Sommardufter i heile juli

Har eg fortalt at Heaven Scent har ope heile sommaren i år?

Tidlegare har dei hatt stengt nokre veker i juli, men i år får tilreisande frå fjern og nær snuse heile sommaren.

Dessutan står det faktisk ei søt, ung blondine bak disken, som er i nær slekt med Alt godt, så nær i slekt som ein kan bli, faktisk.

Sjølv om ho er berre femten år så har ho i mange år allereie blitt taua rundt av mor si til parfymeri i alle byar vi har vore i. Det gjer at ho har blitt kjent med mange merke, med duftnotar og alt som har med duft å gjere.

Så om du stikk innom, så prat litt med henne, kanskje har ho gode forslag til kva du kan prøve. God duftoppleving i sommar-Oslo!

Åtte slag

Kva gjer ein når ein har laga åtte slag syltetøy (vel, eigentleg elleve, men tre kom ikkje på bordet) og vil nyte det heile mest mogeleg?

Ein lagar vafler, sjølvsagt. Vafler med åtte slag syltetøy, det er god helgamat!

Vi held på

Eg må berre seie det, det er ein sann svir å jobbe med ei så kreativ og fin dame som GundaM.

Ho er proppfull av idéar, ho har eit utval av ting og tang som du ikkje kan forestille deg, og oppsetta ho lagar er knallfine.

Vi syltar og saftar, lagar gelé og andre ting av fleire kilo bær og frukt. Eg kan ikkje forstå anna enn at dette må bli bra.

I tillegg kosar vi oss med god middag, god vin og skravling. Eg har ei fin helg i Trøndelag, altså.

Til Trøndelagen

I dag fer eg i Trøndelag, til GundaM.

Vi skal safte og sylte heile helga, og det heile skal brukast i ei fin bok som GundaM skal ta bilda til, og som eg skal skrive.

Eg gler meg villt, eg vonar berre vi finn nok bær å bruke! Er det stikkelsbær i Trøndelag no, eller er det for tidleg? Det hadde vore artig å lage noko med stikkelsbær. Sei frå om du veit om!

Bilde: Wikipedia

Beina

Slik ser dei ut, med indianarteikningar, plaster og myggestikk.

Eit hjarte på vandring

Begge dei to hjarta mine har vore på reise i det siste.

Den yngste har vore på trygge reiser, til bestemor i Nord-Norge og med pappa til Frankrike. Spennande og kjekt, men ikkje så risikabelt.

Den eldste, ho på femten derimot, er av det meir vidløftige slaget. Ho har saman med to vaksne og tre andre ungdommar reist til Brasil, for å bli betre kjent med indianarane som lever langt inne i regnskogen.

Prosjektet er i regi av Senter for frivillig ungdom på Sagene her i byen, og dei reiser for å bli kjent med indiansk kultur, for å bringe bodskapen om den indianske kulturen tilbake hit og for å knytte venskapsband. Du finn masse bilde frå turen her.

No er ho tilbake, i vesentleg same stand og mengd, med intrikate mønster på leggane, sekken full av gåver og fine ting, tusenmillionar myggestikk og stappfull av inntrykk.

På mail bestilte ho biff med kantarellsaus, og det fekk ho i går kveld. Ovedia lagde deilig rullekake som den attkomne sikkert et til frukost i dag.

No er det klesvask av dei få klesplagga ho ikkje har gitt bort, vask og lufting av hammock og deling av inntrykk og opplevingar. Og ho har ville idéar om India i februar. Ungdommen no til dags.

På andre sida av plenen

I oktober 2009 drog eg til Paris for å lukte på parfymer og kose meg.

Gjennom boligbytte.no kom eg i kontakt med ein journalist som var bortreist i den perioden eg ville vere i Paris, og som derfor ville låne meg husværet sitt. Så eg koste meg i hans ungkarshusvære i fem dagar.

Denne sommaren har eg tilbode han gjengjeld, og han kom i går kveld saman med ein kamerat. Så vi har midlertidig flytta ut og over plenen til kjære Ovedia. Ho er heime åleine, og har ledig gutterom på loftet der vi får bu.

No har vi fine middagar i hagen, med caprese-salat, grilla kylling, aioli og rista landbrød. Lykka er å ha gode vener!

Caprese a’la Ovedia

400 g søte cherrytomatar

Ein raud løk

Ein kinesisk kvitløk

To ballar bøffelmozarella

Ein neve basilikumblad

Ein raud chili

Sitronsaft

Olivenolje

Salt og peppar

Rens løk og kvitløk, og kutt dei i små bitar. Del chilien i to, og fjern frøa. Hakk den relativt fint, og bland med løk på eit vidt fat.

Skjer tomatane i bitar eller skiver, alt etter korleis du likar det. Legg det oppå løk, kvitløk og chili, og bland det inn. Del mozarellaen i bitar, og sprei den utover fatet. Grovhakk basilikumen, og ha den oppå til slutt. Vend alt rundt.

Ringle over olje, saft av ein kvart sitron, og dryss på flaksalt. Kvern over litt peppar til slutt. Server åleine eller saman med kva som helst, eigentleg.

Aus der Reihe

sto det på slutten (eller var det på byrjinga?) av Derrick-episodane.

Denne bloggposten er i rekka av bloggpostar som anbefalar fantastiske konsertar som talentfulle og suksessrike damer skal halde på små, fine konsertstader i Oslo og omegn.

Eg har tidlegare skrive om Emma Kirkby sin fantastiske konsert i Oslo. Denne gongen er det jazzlegenda DeeDee Bridgewater som kjem til byen!

Og best av alt: ho skal spele på den intime jazzscena Victoria, midt på Karl Johan. Eg har vore og henta ut billettar i dag, og der er billettar att, så kast deg utpå. Ho spelar søndag 25. september, og eg er brennsikker på at det vert ei stor oppleving. Eg gler meg!

Biffsalat

Salatar har sin sjarm som tilbehør og som smårettar, men det er også godt med ein salat som fullverdig middag.

I så fall må ein supplere med gode proteinar i salaten, og det kan vere både fisk, kjøt og ulike typar bønner.

Her om dagen lagde eg ein smakfull og saftig biffsalat, og det vart suksess i heimen. Eg kjøpte mørbrad som var på tilbod fordi kjøtstykka gjekk ut på dato same dag. Finn du slikt er det berre å ta det og springe. Biffkjøt er aldri så mørt som når det er på eller bittelitt over utløpsdato.

Eg fann to biffar på ca. 100 g kvar, for lite til ein biffmiddag, men perfekt til ein biffsalat. I salaten putta eg også sopp, og soppen steikte eg i same panne som kjøtet, utan å vaske panna i mellom. Det gjorde at soppen fekk ein deilig kjøtsmak. Slik gjorde eg det:

Biffsalat

200 g mørt biffkjøt

200 g sopp

Litt timian

200 g blanda salat, eg brukte baby leaves

Eit beger cherrytomat

Ein avocado

Eit beger fetaost med soltørka tomatar

1 dl vatn eller kvitvin

Vinaigrette:

0,5 dl balsamico, eg brukte tomatbalsamico frå det «store utland» (Charlottenberg)

1 dl olje, deriblant det som var i fetaostboksen

1/2 ts sennep

1 ts honning

Litt utkok frå steikepanna

Smør eller olje (eller begge delar) til steiking

Vask og tørk salaten, til dømes ved hjelp av ei salatslynge.

La oljen renne av fetaosten, og ha den i eit beger saman med dei øvrige ingrediensane til dressingen, unntatt utkoket frå steikepanna. Sett til side.

Salte og pepre biffstykka godt. Varm opp steikepanna, og ha i litt smør og/eller olje. Legg i biffstykka, og la dei steike i to minutt på kvar side. Dryss over ei god klype timian på slutten av steiketida. Ta biffane ut av steikepanna, og la dei kvile.

Rens og kutt opp soppen. Slå litt væske (eg brukte kvitvin) i steikepanna, og rør godt rundt. Ha i litt meir smør, og legg i soppen. Vend den rundt litt, og legg på lok. La soppen dampe i nokre minutt. Snu på den undervegs. Når den har fått fin farge og er godt steikt, kan du legge den på ein tallerken for å kolne.

Kok ut panna på nytt med litt vatn, og sil steikeskya over i begeret med vinaigrette-ingrediensane. Køyr det glatt med stavmiksar. Min vinaigrette emulgerte seg, det kan hende det var sennepen eller honningen som gjorde det. God vart den, iallfall.

Kutt opp tomatane, og fordel dei over salaten. Ha på fetaost og avocado som du har delt i bitar. Skjer biffen i tynne skiver, og fordel dei over salaten saman med soppen. Server dressingen ved sidan av, og sett noko godt brød på bordet.

Slik var bordet pynta

Eg syns alltid det er spennande med bordpynting, sikkert fordi eg ikkje føler meg som spesielt trygg i faget sjølv.

Eg har skrive litt om bordpynting her før, og eg er oppteken av at ein kan få det fint, ja til og med imponerande og lekkert, med enkle middel.

I bryllupet til verdas mest forelska par var fargane dempa, med beige, brunt og lavendel/pudderfarge som gjennomgangstema. Blomane som var brukt i dekorasjonane var roser og fresia, i buketten var det i tillegg brukt peonar og olivengreiner. For å fylle ut var det brukt ulike typar strå.

Rosene var store, men ikkje prangande i fargen. Kan eg kalle dei lavendelrosa? Borddekorasjonen besto av vasar, du finn same typen på IKEA. Kvar vase var fylt med to roser, ei kutta litt lengre enn den andre, og ei grein med fresia.

I vatnet låg det nokre roseblad. Vanlegvis er dette fy-fy i bukettar, men desse skulle så så kort, så det gjorde ingenting, det skapte berre farge ned mot bordet.

Det heile var runda av med to-tre slanke strå med buskete fasong, som fylte ut og skapte liv i vasen.

I tillegg til vasane låg det små steinar, treskiver og gullhjarte på bordet. Desse gullhjarta er surra av slekt og vener som var innom i heimen i dagane før bryllupet.

Eg likte desse borddekorasjonane av fleire grunnar. Dei tok opp temaet frå dekorasjonane elles på ein fin måte, dei var enkle og ikkje så dyre å lage, og dessutan var dei lette å sjå over. Dei stengte ikkje for utsikta til dei som sat på andre sida av bordet.

No er eg så heldig at nokre av rosene har hamna heime hos meg. Som du ser har dei blitt endå meir lilla i fargen, og dei har sprunge ut på ein nydeleg måte.

Eg har teke dei ut av vasen, og sett dei enkeltvis i småflasker eg hadde ståande, slik at dei skulle få springe ut ordentleg. Dei stråa som følgte med har eg brukt, og der eg mangla strå har eg brukt praktmarikåpe frå hagen.

Er eg ikkje heldig, som får nyte bryllupet vidare, her heime hos meg sjølv?

Spør først, grav siden

sto det på telefonkatalogane i gamle dagar. Det var eit problem at gravemaskiner grov over telefonkablane.

No for tida skjer det også tabbar, og her om dagen gjorde eg ein. Eg skulle vise fram fine bryllupsbilde til min kjære, som var på Roskilde medan det mest forelska paret i verda gifta seg, og då ville eg få dei to macane mine til å snakke saman.

Det kan gå heilt fint, men det eg ikkje var klar over var at den berbare som var på loftet har ein nyare versjon av iPhoto enn den gamle som alle bilda er på. Den berbare spurte om eg skulle oppgradere iPhoto-biblioteket, og det svarte eg så kjekt ja til. Dermed låste eg ganske effektivt min eigen tilgang til iPhoto frå den stasjonære maskinen.

Kjæresten min har no sett i gang ein operasjon der bilda vert flytta igjen, over frå den berbare til den stasjonære. I mellomtida får eg ikkje tilgang til dei nye bilda mine. 🙁 Difor får eg ikkje blogga om dei fine rosene frå bryllupet, borddekorasjonane og korleis ein kan gjere det kjempefint på eit bryllupsbord med enkle middel.

Men eit hjarte skal du få, det bankar for han fine som hjelper meg når eg grev først og spør sidan, og verda dermed ramlar saman.

Og om nokre dagar, kanskje allereie i morgon, skal du få bloggposten om dei fine rosene. Ha ein fin fredag!

Deilig blomkålsuppe

No er blomkålen kjempebillig, så det er tid for å kjøpe med seg heim eit hovud eller to, og lage ei deilig suppe.

Denne suppa er tilbehør til fire, til dømes til pannekaker, slik vi hadde den, eller middagssuppe til to. Det er ein enkel versjon, ikkje noko fiksfakseri, berre ei smakfull, «gamaldags» suppe, lett å lage med ting ein har i huset, berre ein finn eit blomkålhovud.

Suppa er jamna med smør og mjøl som er knadd saman, ein klassisk Beurre Manié på kokkespråket. Det er ein enkel måte å jamne ei suppe på, når det ikkje passar å lage ein roux, altså å smelte smør og så ha i mjøl, og spe med kraft. Grunnen til at eg brukar Beurre Manié er sjølvsagt for å spare tid og oppvask, elles måtte eg ha brukt ei gryte til for å lage rouxen.

Beurre Manié lagar du med mjukt smør og vanleg kveitemjøl, eg hadde flytande Bremykt i skapet (fy skam), så eg brukte det. Ta det i suppa litt og litt, det er ikkje sikkert du treng alt. Slik gjorde vi det:

Blomkålsuppe

Eit stort blomkålhovud

1 liter vatn

2-3 ss kyllingfond

2 ss smør

2 ss mjøl

3 dl mjølk

Salt, peppar og muskat

Bacon og evnt. krutongar til garnityr

Legg blomkålhovudet i saltvatn for å rense det for eventuelle småkryp. Set vatnet på kok i ei romsleg gryte. Finhakk 2/3 av blomkålen, resten kan du ta vare på til pynt. Ha den finhakka blomkålen i vatnet saman med buljongen, og la det koke i ti minutt. Køyr det glatt med ein stavmiksar.

Kna saman smør og mjøl til ein glatt klump. Ha det i suppa litt og litt medan du rører godt, til den er passe tjukk. Del resten av blomkålen i små bukettar, og ha dei i gryta saman med mjølka. La det heile koke i ti minutt til medan du rører, så det ikkje legg seg ved.  Smak til suppa med litt reven muskat, salt og nykverna peppar.

Steik bacon med litt olje eller smør i ei steikepanne. Server suppa garnert med bacon og krutongar viss du har. Skal suppa vere full middag er det godt med nybakt brød til. Utan bacon er dette ei fin veggissuppe.