Author: Alt godt

Den verkeleg store festen – party til 100

Camilla kom med ei utfordring til meg: Kva skal ein servere på fest til 100? Eg er ikkje vond å be, så her kjem mitt menyforslag. Eg foreslår to salatar, ein gresk og ein libanesisk taboluleh, tre hovudrettar; laks med pesto, svinekam og kjøttbollar i tomatsaus, samt fruktsalat med ostekrem til dessert og ei kake til slutt. (Kake kan du enkelt be andre om å lage. Gje dei gjerne konkrete ønske og volum.) Litt om innkjøp først: Når ein lagar mat til 100 lønner det seg å kjenne nokon som har tilgang til engros-handel. I Oslo-området og mange andre plassar finst det storcash-butikkar, der ein må ha kort for å handle. Eg har kort der gjennom skulekorpset eg er med å administrere, og det skal ikkje mykje til for å få eit slikt kort. Alle som driv kaféar, restaurantar og kioskar får det, og alle frivillige organisasjonar får det, berre dei har eit organisasjonsnummer. Ikkje alt løner seg å kjøpe der. Nøkkelen til gode innkjøp er å vite kva ting SKAL koste. Vi blir lurt …

Dette tok ikkje heilt av…

Invitasjonen min til spørjerunde var ikkje nokon kioskveltar, sjølv om mange var innom her i går. Det er vel berre GundaM som har kome med eit skikkeleg spørsmål til meg, og det er slik: Da kommer jeg med et spørsmål; Hva parfyme vil du anbefale til meg tror du…? Må innrømme jeg liker bedre mannfolk parfyme enn dameparfymer. Før gikk jeg med Chanell men nå… Klem i natten til deg  Eg er også fascinert av herreparfymar, så eg har prøvd litt forskjellig. Du seier ingenting om kva for ein Chanel du har gått med før, det er så mange. Men i allfall: Dei herreduftene eg har presentert her i bloggen er Karl Lagerfeld Kapsule-duftene, Bulgari Black og Miller Harris Feuilles de Tabac.  Feuilles er vel teknisk sett ei unisex-duft. Felles for desse tre er at dei er av den orientalske, krydra, varme typen. Eg skal nemne to til, nemleg Calvin Klein Obsession for men og Chanel Egoïste. Obsession for men er det nok ikkje mange damer som går med, men Egoïste er ganske vanleg å bruke …

20 000! :D

Utruleg, i løpet av dagen passerer eg 20 000 besøkarar! Då eg passerte to vekers blogging lovte eg å svare på alle spørsmål eg fekk, og jammen fekk eg ein del. Kanskje kan eg få fleire no? Altså: Har du spørsmål som du trur eg kan svare på, så fyr laus, så skal eg gjere mitt beste. Bloggen handlar om mat, parfyme, musikk og hage, men eg har berre overfladiske kunnskapar på alle desse felta. Det hindrar meg ikkje å synse i veg, så spør, så får du vurdere om svaret er brukande!  

Ut i sola

Eg veit at eg har lesarar over heile landet, så eg skal ikkje gni det inn, men resten av dagen skal tilbringast UTE. Her er fredagsblomane mine, flammande papegøyetulipanar. Ha ei fin helg, alle de gode menneska som stikk innom! 

Store ambisjonar – festmiddag

Dei siste dagane har eg fått veldig mange søketreff på konfirmasjon. Det er tydeleg at mange planlegg dette overgangsritet på denne tida, og treng inspirasjon til mat som kan serverast.  Mange har også søkt på «billig mat» konfirmasjon. Tidene er trangare enn på lenge, og mange kan ikkje legge ned store summar i ein konfirmasjonsmiddag. Samstundes kan ein vere rådlaus når det gjeld kva ein bør servere. I fjor lagde eg konfirmasjonsmiddag til sonen til ei venninne, og eg brukte 1500,- på ein middag til 25 personar. Då serverte eg ei soppsuppe til forrett, heilsteikt entrecote med bakte grønsaker, saltkokte poteter og rauvinssaus til, og pannacotta med jordbærsaus og honningkaketoast til dessert. Eg lagde honningkaka, soppkrafta og sausen på førehand, og vertinna lagde pannacottaen dagen før. Alt det andre gjorde eg og to til (men det hadde vore nok med ein til) klart same dagen.  Det eg postar i dag er handlelista eg brukte, samt arbeidsplanen. Det gjer eg for å vise at dette er overkomeleg, og for å vise korleis ein plan kan sjå …

Heime – på ordentleg

Eg har aldri elska heimkommunen min utan atterhald. Kanskje gjer ingen det? I oppveksten orienterte eg meg meir mot Ulsteinvik og Volda, ikkje mot «fiskarane» i ytre delen av kommunen. Men kvar gong eg kjem heim undrar eg meg over kor verda går framover, også der. Det er mykje eg kunne seie om rask rikdom, vått ver og andre faktorar som verkar inn på livet der, men eg skal ikkje gå inn på det no. Eg vil vise dokke denne filmen, som krinsar om Herøyspelet, naturen, folket og vaflene. Den viser solsida av livet der, og den er jammen verd å vise fram. Følg ekstra godt med rundt 3:00, det er heimbygda mi. Fint, ikkje sant?

Ukrut i hagen

Slit du som eg med skvallerkål i hagen? Tyskerkål kallar nokre den, prestegardsugras er eit anna namn den er kjent under. Aegopodium podagraria heiter den på latin, og som namnet seier skal den ha ei viss effekt mot urinsyregikt. Dei fleste ser på den som ei plage, sjølv om enkelte entusiastar samlar på ein variegert (brokblada) type som visstnok ikkje skal vere så invaderande. For invaderande er verkeleg rett adjektiv på denne planta. Den spreier seg med røtter og med frø, og tek kreftene og til slutt livet av dei fleste vekstar den hamnar saman med. No har eg lært meg å leve med skvallerkålen, og det gjer eg ved å ete den. Små, spede skvallerkålblad smakar som spinat, og kan brukast i salatar, stuingar og supper. Her skal du få oppskrift på ein pai med skvallerkål og oliven, og ei suppe. Skvallerkålrettar smakar best når du brukar nye skot. No tidleg på våren er det lett, då er det berre å plukke i veg. Når den er i god vekst kan det lønne seg …

Grønt på kontoret

Nei, dette handlar ikkje om å så urter eller sommarblomar på kontoret, men korleis ein kan gjere sitt for at arbeidsplassen ein er på belastar miljøet minst mogeleg. Eg er «miljøansvarleg» der eg jobbar, og held akkurat på med ein plan for korleis vi kan redusere søppel og energiforbruk, samt gjere meir miljøvennlege innkjøp og reiser. Denne videoen inneheld ein heil del tips som er praktiske å ta med seg. Vinduslufting ville nok få vårt ventilasjonssystem til å slå krøll på seg, men elles er det meste her gode tiltak for å skape ein grønare arbeidsplass. Kanskje noko du kan foreslå der du jobbar?

Appelsinkake

Her kjen endå ei av desse fine langpannekakene som kan delast opp i fire til kakelotteri eller i snippar til 17. mai, konfirmasjon eller til loppemarknad.  Eg brukar same basisrøre som i mine mor monsen/tosca-oppskrifter, men denne er dobbel storleik til full langpanne. Slik gjer du det: Appelsinkake 6 egg 6 dl sukker 2 dl rømme eller kesam 1 dl mjølk 9 dl kveitemjøl 4 ts bakepulver 250 g smelta smør Visp egg og sukker til eggedosis. Bland i rømme/kesam og mjølk. Bland mjøl og bakepulver, og sikt det i medan du rører jamt og trutt. Ha i det smelta smøret til slutt. Denne porsjonen passar til ei vanleg langpanne. I tillegg treng du; Ein appelsin 100 g firkløver 50 g smør 0,5 dl mjølk 150 g melis Sett omnen på 180 grader. Kle langpanna med bakepapir. Vask appelsinen godt, og tørk den. Riv det ytterste, oransje skalet av på eit rivjern eller med eit zest-jern, og bland det i mjølet. Press safta av appelsinen, og bruk det i røra i staden for same mengde mjølk. …

Paté, postei, rillette, creton – kyllingleverpostei

Kjært barn har mange namn, det har eg konstatert her tidlegare. Paté og postei er vel stort sett det same, men nokre hevdar at det er meir kjøt og mindre spekk i patéane enn i posteiane. Om det stemmer veit eg ikkje. begge delar kan serverast lunt eller kaldt. Rillette er ein fransk form for postei der kjøtet er kokt i feitt, og så arbeidd saman til ein slett masse som stivnar. Creton er den fransk-kanadiske versjonen av det same. Det som er att av feittet vert gjerne hatt på toppen for at posteien skal halde seg lenger. Confit, som ein ofte kan få av andekjøt, er byrjinga på ein rillette, då er kjøtbitane ikkje mosa, men heile liggande i feittet. Sånn sett er min leverpostei nærare ein rillette enn ein paté, i og med at eg gjennomvarmar levra før eg køyrer den glatt med feittet og har den i former.  Leverposteien min er med kyllinglever, og den er definitivt av den lettvinte men kjempegode typen. Den skal ikkje steikast i omn, så når den …

Ostesufflé

Her kjem endå ei Heidi-oppskrift, denne gongen har ho laga ostesufflé. Kast deg utpå, og prøv ein gamal, fransk klassikar! Alt godt Det er ikkje så ofte eg lager sufflé. Lenge trudde eg at det var for vidarekomande, men det var før eg laga min første. Har du aldri laga sufflé før har du gått glipp av ein god smak! Å lage sufflé er ingen heksekunst. Men før eller seinare dett han ned. Spørsmålet blir berre kor lenge du klarer å halde han luftig. Av og til dett han ned allereie i omnen, og er du heldig får du han på bordet før han kollapsar. Heldigvis det er gjestane som skal vente på suffléen og ikkje omvendt. Men merk deg at han er like god høg som lav. Eg prøvde lenge å lage ostesufflé frå eit reklameblad, men feilen var at oppskrifta innheldt alt for mykje ost. Dette oppdaga eg ein gong eg hadde for lite. Dei fleste har ei suffléform ståande på kjøkkenet nærmast ubrukt, ei høg rund form med rette kantar som er …

Charlie by Revlon

Denne parfymen hadde eg på åttitalet, men det er ikkje dufta eg huskar best. I parfymeriet i Ulsteinvik, der eg var innom støtt og stadig, delte dei ut ei slags reklameavis for Charlie, som var den første beskrivelsen eg såg av kva det innebar å vere ei karrierekvinne. Denne avisa gjorde at eg strakk meg ein halvmeter trur eg, og eg slukte kvart eit ord i den. Det var lange lister med kva ei Charlie-kvinne gjer og ikkje gjer, eg huskar aller best denne: En Charlie-kvinne har en klokke – og bruker den! Litt utløpt på dato no, men det er morsomt å sjå tilbake på den tida då det å ha på eit armbandsur var uttrykk for å vere moderne. Eg fann denne Charlie-filmen nyleg, og den er også eit døme på kva type kvinne denne parfymen var retta mot:  At filmen har Sharon Stone i hovudrolla er berre ein bonus. Og dufta? Bilverkstadnotane er med for full musikk, med dagens terminologi ville ein vel seie at den luktar ganske kjipt. Enkelte meiner den …

Frittata

Etter at eg for nokre år sidan kom til at eg ikkje måtte gå på ski fordi om mor mi ville det, har påska fått ein heilt ny verdi i mitt liv. Eg feirar bypåske, besøke-familie-påske  og i år feira vi reise-til-våren-påske. Snøen låg framleis i hagen då vi pakka bilen og vende nasen mot Danmark. Grønt og vent var det der, og blomane var komne mykje lenger enn her hos meg. I butikkane var det knallraude, solmodne tomatar frå Spania, små, søte sukkererter og eg fann dette vinhavet som dei snakkar om i EU. Du har sikkert høyrt at dei held seg med eit smørberg, eit vinhav og ulike andre oppsamlingsstader for overproduksjon frå den europeiske landbruksmarknaden. Vinhavet ligg og skvalpar i butikkane på grensa mellom Danmark og Tyskland, der kostar 10 liter raud vin i pappkartong 70 kroner. Det er ganske sikkert ikkje første klasse, men førsteklasses vin var jammen ikkje dyr den heller. Så vi gjekk inn i sydlandsk modus, og koste oss med europeisk overproduksjon av toppkvalitet. Kloke av skade tok …

Løft meg opp og ut

I dag skulle eg ut på hagemesse med nokre av venninnene mine, og eg skulle halde på i hagen etterpå. Eg sto og kika inn i hylla der parfymene mine sto, og plutseleg såg eg klart og tydeleg kva som skulle vere dagens duft; Lancome Aroma Tonic. Det er ei grønn, frisk duft, som i tillegg til å ha dette friske ved seg også har eit hint av krydder. Den opnar med den sprudlande og komplekse dufta av lime, og så utviklar den seg i ei varmare retning. Eit hint av ingefær og kardemomme gjer at den har sødme og bitterheit i ein velbalansert komposisjon. Den held lenge, sjølv om den berre er ein «splash», ikkje ein ekte parfyme. Den løftar meg verkeleg opp og ut når eg treng det, den har noko markant naturleg ved seg. Det følest ikkje jålete å ha på seg denne på ein skogstur, det følest berre rett. Eg har ikkje funne den i Norge dei siste åra, men i København veit eg dei har den på Magasin. Prøv den …

Dagens enklaste

Opp og hoppe, dagen ligg solstrålande og fin framfor oss, og eg skal på hagemesse på lillestrøm og heie på desse damene, og ta med meg nokre fine hageskattar heim. Men først skal eg ha frukost, ein ekte søndagsfrukost. I dag har eg lyst på ein omelett, og ikkje av dei tjukke, brunsteikte, men ein som berre så vidt har spasert forbi komfyren.  Eg likar ikkje omelettar som har tjukk brun skorpe under, og då må ein lage den med lett hand. Det er viktig å ha litt feitt i panna, og å bruke jamn, låg varme. For meg kan omeletten gjerne vere ganske naturell, eg likar den med berre litt riven ost på. Du kan også ha på bacon, då ville eg ha steikt baconet først, teke det ut og steikt omeletten i baconfeittet før eg har kjøtet på omeletten til slutt. Krydderurter av ulikt slag er også godt i ein omelett, tilfeldigheitene ville at eg ikkje hadde det i dag. Til omelett brukar eg helst friske urter, tørka passar ikkje så bra, syns …

Antwerpen sentralstasjon

Denne typen hendingar får tårene til å trille på meg. Kjensla det vekker i meg er gleda over å jobbe målretta for å innstudere noko, framføre det, vinne publikum og motta applausen. Når du står der, og er aktør, er du hundre prosent fokusert på oppgåva. Etterpå er det ei deilig forløysing, ein tilstand av eufori fordi du har klart det, fordi det gjekk bra. Eg unner alle å kjenne dette på ein eller annan måte, i ei eller anna uttrykksform. Og viss nokon vil arrangere ei danseoppvising som tek pusten frå dei reisande på Oslo S så står eg først i køen. Eg er med!

Arkitektens trøst til konfirmasjonen

Her kjem eit nytt innlegg frå Heidi, og denne gongen er det berre å legge alle kaloritabellar til side. Ho bakar nemleg festkaker, som kan serverast til dømes i ein konfirmasjon eller eit bryllup for den del. Vi står framfor konfirmasjonssesongen, og desse kakene vil garantert ikkje bli ståande att til etterpålaget, der naboar og venner får kome for å hjelpe familien med å bli kvitt kakerestane. Heidi skriv at det er kvinnene som kjem med kaker, og det stemmer nok sørgeleg godt. Men suksessterta nedanfor, den er bror min sitt glansnummer. Så enkelte hiv seg utpå. Gjer det, du og! Suksessterta kan serverast til glutenallergikarar. Bildet har eg lånt frå Freia. Alt godt Konfirmasjon er ei alvorleg sak for konfirmanten, men ikkje mindre alvorleg for foreldra. Det er mykje som skal på plass, og berre den som har vore gjennom noko slikt veit kva. På mange måtar handlar dette i stor grad om kvinnelege syslar, eller rettare sagt hardt arbeid. Vaske, pusse, rydde, reine klede og pynt på bordet. For ikkje å nemne maten …

Lyst og florlett

Er det ikkje vakkert, når blomane er så lyse at dei nesten er gjennomskinnelege? Spesielt når sola skin varmande inn av vindauga. I tillegg til å understreke det florlette ved blomane mine, avslører også sola at ein av helgesyslane mine bør vere å vaske nettopp vindauga. Elles skal eg på hagemessa på Lillestrøm, i morgon «på jobb«, på søndag saman med to venninner og gjere kupp idet dei ber varene ut. 😉 Ha ei god helg, alle som stikk innom!

Påskerestar

Etter påska ligg det ofte att restar som ein ikkje har konsumert i løpet av ferieveka. I mi familie var det vanleg å kjøpe inn ei kasse med appelsinar, og den vart frakta på scooter (saman med ein heil del annan mat) attpå Lesjafjellet for å nytast på dei ikkje alltid så lange påsketurane. Når påska var over bar det ned att med appelsinane, og då var lysta på dei noko redusert. Jammen fann eg ikkje ei skål med lett innskrumpa appelsinar i stova her om dagen. Kva brukar ein dei til når påsketurane er ferdige, og hagearbeidet lokkar meir enn fjellet? Dei er som regel søte og gode akkurat før dei vandrar heden ved å implodere eller mugne i stovetemperaturen. Her får du eit forslag til korleis du kan lage ein nydeleg, gyllen kyllingrett av appelsinane, dei treng ikkje alltid vere til dessert, veit du! Oppskrifta er til fire personar, men kan lett delast eller gangast opp. Slik gjer du det: Gul kyllinggryte 2 appelsinar 200 g kyllingfilet per person 1/2 dl salt soyasaus …

Å vera i livet

  Dette: å vera i livet, open for alt ikring, bunden med sterke røter til menneske og til ting, gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik, var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik. Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt, og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der og auker den rikdom som finst der før med alt det dei sjølve er. Fattig var du om aldri i livet du kjenne fekk at mellom deg og dei andre levande straumar gjekk av tillit og varme som styrkte kvart band som til livet deg batt, og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp, at meir enn du gav, fekk du att.                                         Halldis Moren Vesaas

Tage Andersen

Eg har skrive om Tage Andersen før, det er ein butikk eg alltid er innom når eg er i København. Eg elskar den særeigne stilen hans, med rusta jern, friske og døyande vekstar og med hans eiga evne til å følge sesongane. Første gongen eg kom dit var i 1988, rett av danskebåten, rett før jul. Venninna mi og eg hadde fått gratistur, og hadde blitt oppvarta av trailersjåførar og studentar frå statens lærarhøgskule for handel og kontor (!!). Vi var nok litt reduserte av dagen før, så å kome inn til Tage Andersen då var som å kome til himmelen. Sakral musikk og ei julestemning vi aldri hadde sett maken til gjorde at vi fekk samla oss og senka skuldrene. Musikken er ein eigen del av opplevinga. Den er alltid klassisk, men kan godt vere på grensa til det eksperimentelle. Ein nydeleg kontrast eller kommentar til miljøet du vandrar rundt i. Denne påska var temaet kamelia, og det er ein planteart han har arbeidd mykje med. Han har hatt kameliautstillingar sidan midten av åttitalet. …

Deilige restar

Som eg allereie har fortalt om, fann eg ein flott hamburgerrygg i den lokale butikken nær der vi budde i Danmark. Hamburgerryggen er den utbeina svinekammen, som er salta og røykt før den vert kokt. Den eg fann var rå, så eg la den i ei gryte, og dampa den.  Sjølv om eg kjøpte berre 800 gram, vart det tre gode skiver til overs etter at vi åt den som middag. Kjøtet fekk vere med i ein deilig salat med tomatar, avokado og sukkererter som vi spiste til lunch. Slik gjorde eg det: Lunchsalat 200 g kokt hamburgerrygg Ein avokado 200 g blanda salat, rukkola, spinatblad og lollo rosso, til dømes 100 g sukkererter 200 g tomatar 50 g reddikar viss du har Litt hakka grasløk 50 g fetaost Dressing: 3 ss eplesidereddik eller kvit balsamico 6 ss olivenolje ½ ts salt Grovmalt peppar 1 ts honning Rens, vask og tørk salaten, og fordel den utover eit fat. Del tomatane i to, og fordel dei utover. Skyll sukkerertene, og ha dei i salaten saman med …

Fin utsikt

I dag var veret grått, men til gjengjeld er elva dobbelt så stor. Dette bildet er teke ein solskinnsdag for eitt par veker sidan. Fint!

Ein av dei aller finaste

Det finst mange fine bloggar, og dei eg likar best har eg lista opp på høgre side. I dag surra eg rundt litt, og såg at ein av mine gamle heltar er tilbake på plass igjen, Buster. Stikk innom bloggen hans, du finn den her, og nyt dei spennande, utfordrande og vakre bilda hans.

Ein ny idrett – Dannis!

Vi hadde med oss ein av dei mest oppfinnsomme leikarane eg veit om, og ho fann saman med sin favorittfetter opp ein ny idrett: Dannis. Dannis (uttalast med ein dansk æ i første staving) går ut på at ein spelar tennis, men utan racket, altså med hendene. Norsk Dannisforbund vart prompte oppretta, og den nye sporten fekk utvikla regelsett, turneringssystem og ikkje minst teknikk i løpet av dei fem dagane vi tilbrakte i Danmark. Dei siste to dagane vart litt prega av at sjølve speloppfinnaren var litt pjusk, med feber og forkjøling, men medan foreldra vaska seg ut av huset i dag gjekk turneringa ufortrødent vidare. Viss nokon er interessert i å lære meir om Dannis er det berre å ta kontakt her.  Legg merke til landslagstrenaren, som under denne treningskampen sprada rundt i mørk blå stillongs. Norsk Dannisforbund arbeider vidare med å få ein noko meir stilrein kleskodeks for Dannisutøvarar, iallfall på utanlandsopphald.