All posts filed under: Fest

Meir gresk

Når eg først har byrja klarer eg ikkje å stoppe. Her har du to deilige, greske tilbehør til, ein salat med sjampinjongar og artisjokkar, og ostefylte tomatar. Lag begge eller ein av dei, dei smakar begge himmelsk. Slik gjer du det:  Gresk sjampinjongsalat 600 g små sjampinjongar Ein boks artisjokkhjarte 1 dl olivenolje ½ dl eplesidereddik 4 dl vatn 1 ss pepparkorn 2 ts salt 1 ss hakka, frisk timian 2 ss tomatpuré 2 laurbærblad 3 løkar Saft og skal av ein sitron Skyll og tørk sitronen. Riv av skalet med eit sestjern, og sett det til side. Press safta av sitronen, hakk løken og kok saman alle ingrediensane til laken i 5 minutt. Sil laken. Legg sjampinjongane i laken, og la dei koke i ti minutt. Fisk dei ut, kok opp laken på nytt og slå den over sjampinjongane. La det heile kolne. Skjer opp artisjokkhjarta i båtar, og fordel dei over sjampinjongane.  Fylte tomatar 12 bifftomatar 2 løkar 3 fedd kvitløk 300 g fetaost 150 g riven gul ost 150 g mozarella 100 …

Den enklaste desserten

Dessert til mange er alltid ei utfordring. Eg er glad i frukt, men er ein smule lei av den klassiske fruktsalaten, sjølv om ein legg sjela si i å lage ein god lake og alt det der.  På festen vi hadde her heime her om dagen lagde vi fruktspyd med rømmesaus. Det var ein stor suksess, lett å spise, visuelt spennande og passe friskt etter eit stort måltid. Dette er ein kjempefin dessert i barnebursdagar, bursdagsbarnet kan sysselsettast med å sette saman spyda så har du fred for eventuelt mas ei periode. 😉 Denne oppskrifta vart meir enn nok til 15 personar, kvar fekk to spyd. Alle spiste ikkje to med det same, men utpå kvelden var det mange som tok seg eitt til. Rømmesausen serverte vi på ei lita skål som sto på plassane då folk sette seg. Sitronmelisseblada gløymde vi i farta, slikt skjer når ein lagar MYKJE mat på kort tid. Slik gjorde vi det: Fruktspyd 30 grillspyd 2 korger jordbær 1 kg druer Ein vannmelon Ein honningmelon Ein ananas Sitronmelisseblad Del …

Meir italiensk – capunata

Har du hatt den kjensla nokon gong at du tenker tilbake på noko du spiste dagen før, og angra på at du ikkje spiste litt til av det, for det var så godt? Slik hadde eg det første gongen eg smakte capunata, den sisilianske grønsaksrøra som har noko til felles med den franske ratatouillen, bortsett frå at den er mykje betre.  Eg spiste det på den fine italienske restauranten Trattoria Al’Muntagnolia i Fuggerstrasse i Berlin, stamrestauranten for musikarane i Berlinfilharmonien tidleg på 2000-talet. Capunata eller caponata er eit døme på dei magiske smakseigenskapane til aubergine, ei grønsak som smakar bittert og rart på eiga hand, men som saman med andre grønsaker, urter og krydder verkeleg gjev ein rett eit løft. Capunata er ein sursøt grønsakssalat som vert servert kald, men som vert varma opp under tillaginga. Som med all slik mat finst det like mange oppskrifter som det finst husmødre. Slik gjorde eg det: Capunata 2 auberginar Salt 2 løk 2 raude paprika 4 stilkar stangselleri 2 dl olivenolje 1 ss sukker Ein neve kalamataoliven …

Terter på 1-2-3

I dag har Heidi lagd lekre små terter, som ein kan lage på førehand og ta fram om ein skulle få gjestar. Dei er også fine små porsjonsdessertar når du har sommarselskap.  Alt godt Dette er godsaker ein sommardag til ein kopp kaffi eller te. Du fyller terta av det du måtte ha av vekstar rundt deg. Bær, frukt eller noko hermetikk frå skapet, eller kanskje ein kombinasjon. Frukta kan leggjast på ei seng av vaniljekrem – viss det er til fint. Du kan lage desse så kunstferdige du vil og du kan gjerne pensle dei med litt halvstiv sitrongele til slutt. Tertene kan du lage i god tid i førvegen, oppbevare dei i ein boks og ta dei fram etter behov. Deigen kan og oppbevarast i kjøleskåpet over lengre tid. Det var vanleg før i tida å lage tørre kaker til sommaren. Kvinnfolka hadde då ofte lite tid på kjøkenet, for det var mykje utearbeid som måtte gjerast. Dei bakte opp tørrkaker i god tid før slåttonna byrja, og dei fylte gjerne ei heil …

-Og så: Bryllupskake!

Bryllupet er dagen då alt skal klaffe, perfeksjonismen får fritt spelerom og alle draumar vert verkeleggjorte. Dei geografiske og kulturelle skilja er interessante. Eit sunnmørsk kakebord er ein eigen kategori, på austlandet er fire kaker til 50 gjestar heilt OK. På Sunnmøre ville det ha vore ei stor skam. Kjem du med «skuffekake» til eit sunnmørsbryllup rynker tantene på nasa, det skal vere runde, lekre kaker med forseggjort pynt. When in Rome, do as the Romans, ser du at det er snaut med kaker så er det berre å forsyne seg med konduite. På Sunnmøre er det berre å legge innpå, og smake på nye sortar utan å vere flau. Hovudkaka skal tradisjonelt vere eit stort flak, eller tre kaker av ulik storleik montert saman i trekant eller i tårn. No er det enkelt å få tak i flotte kakestativ, slik at ein kan montere tre kaker oppå kvarandre. Nokre huskereglar må ein likevel notere seg: Det løner seg å montere kaka (altså ”bygge” stativet”) på kakebordet. Det er så og seie uråd å frakte …

Kva kan eg seie?

-Eit strålande vakkert og hjartegodt brudepar.   Saftige, velsmakande spesialimporterte pølser servert med ein himmelsk rødkål og deilige salatar. Vakkert ver.  Og alle var einige om at det var ein fin dag. 😀

Sommarfest med rømmegraut

Her om dagen fekk eg ånda over meg, og lagde rømmegraut. Då vi sat der og åt grauten med tørr brudevoldmår og flatbrød var vi veldig einige om at det er utruleg godt. Vi burde eigentleg ete det oftare. For linjene ville nok ikkje det vere optimalt, men gudbedre meg for ein fantastisk smak med enkle og billige middel. Rømmegraut er strålande festmat og, inga sak å lage til mange, og alle blir glade. Med litt fenalår, litt mårpølse og spekeskinke til blir dei fleste mette. Eg ser for meg bunader på rad og rekke, og ei barmfager grautkokke på kjøkenet. Grauten er også ein naturleg del av jonsokfeiringa, eller St.Hans. Heime på Sunnmøre vert det alltid servert graut, enten på skulen eller på Kjeldsund. Denne oppskrifta er til to vaksne og to barn, eller tre vaksne. Slik gjer du det: Rømmegraut 2 beger (600 g) seterrømme 2,5 dl mjøl 7,5 dl mjølk 1 ts salt Kok opp rømmen i ei tjukkbotna gryte medan du rører flittig. La den koke i fem minutt. Ha på …

Litt ubeskjedent, men…

…eg har alltid kost meg med bursdagar, min eigen eller andres. Så eg står fram: I dag har eg bursdag! Eg fyller 29 for n’te gong, og nyt det! Dagen er tilbragt på jobb og i bilen langs den sørlandske hovedvei, og det er heilt OK. Denne flotte kaka «fekk eg» av ei venninne over dammen, så no delar eg den med dokke. Ha ein fortsatt fin kveld, og send meg ein tanke her eg sit i Flødevigen med ein nettforbindelse på dimensjon med ein sytråd. Vi gler oss til sola i morgon, for det er alltid pent vær på Sørlandet! 😀

Festbord i mai

Mai og desember er dei to store festmånadane for meg. Vi har mange bursdagar i mai, og dei mange fridagane er fine høve til å invitere huset fullt. Men det er ikkje alltid ein har lyst til å invitere til sitt ned-middag. Av og til er det deilig å berre mingle, danse, drikke sjampanje eller liknande og kose seg på ein meir uformell måte. Dei siste åra har ei tapas-bølge ridd landet. Uansett kvar du skal får du servert tapas, og det er langt frå den spanske tapasen, som berre er eit lite tiltygg til eit glas sherry. I dag prøver eg å fjerne meg frå tapas-bølga, men eg serverer likevel fingermat. Menyen du får her er utan kjøttbollar og aioli. Dette er ekte fingermat, som ein kan spise utan å sitte ned. Det kan vere vanskeleg å berekne kor mange bitar ein skal planlegge per person. Dersom ein serverer berre fingermat, bør ein ha sju bitar per person, og så noko søtt til slutt. Dersom ein har dette til ein drink før maten, er …

Kaketips for 17. maifest

På vår skule er det kvart år fjerdeklasseforeldra som lagar 17. mai-fest for skulen og nabolaget. Foreldregruppa vert delt inn i ei teknisk gruppe som riggar og fiksar, ei leikegruppe (enklaste jobben…) som organiserer sekkeløp og limbodansing, lotterigruppa som fiksar gevinstar og lodd, og matgruppa. I tillegg skal alle levere minst ei langpannekake til salg, eller ei tilsvarande mengde muffins eller bollar. Då eg var i komitéen for første gong i 2006, vart eg spurt om eg kunne sende ut nokre kakeoppskrifter på mail og i ranselpost slik at folk hadde noko å gå ut frå når dei skulle lage sitt bidrag. Det som står nedanfor her er den mailen som eg sende ut. Oppskriftene på kaker å dele tidlegare i bloggen er alle henta frå denne mailen, så eg lenkar til dei lenger nede.  Nokre syns vel at det å få noko slikt på mail eller i sekken kan vere litt kakepolitiaktig. Det kan vel hende, men dei fleste som fekk det var kjempefornøgde, og for ein gongs skuld fekk vi kakene levert slik …

Allergivennleg festbord

For dei som er allergiske er alle dei flotte festborda i mai eit trist syn. Ofte er det ikkje teke omsyn til at enkelte ikkje toler mjølk, mjøl eller nøtter. Eg syns det er god skikk å alltid spørje om det er allergikarar blant gjestane mine. Eg er heller ikkje fan av så voldsom merking av allergivennlege produkt på eit festbord, i allfall ikkje i mindre private selskap der vertskapet kjenner alle gjestane. Gje heller allergikarane eit vennleg hint om kva kaker som er lagde med tanke på dei, og så kan alle forsyne seg fritt. Står det ”allergimat” på ei kake så styrer alle andre unna, heilt utan grunn. Kaker som er allergitilpassa smakar ikkje så veldig annleis enn andre, og ingen allergikarar klarer å setje til livs ei heil kake åleine. Som vertinne er det målet mitt at allergikarane skal kunne spise det aller meste av det som er på bordet. Det er enklast både for dei og for meg. Blåbærpai 4,5 dl glutenfri fin mjølmix 3 ss sukker 150 g mjølkefri margarin …

Fire svoltne og tre biffar

-Kva gjer ein då? Betre vitlaus enn rådlaus er slagordet her i heimen, så det vart middag, og alle vart mette. Eit stykke biff, i dette tilfellet entrecote, er ofte ganske stort. Mine kjøtstykke var nok i overkant av 200 gram, og med tre slike har ein meir enn nok til ein middag til fire viss ein berre er om seg og for seg. Eg skar entrecotestykka reine, altså tok bort feittauga (ja, eg veit at kokkane meiner det er det beste, men i gryte? Vel…) og andre seige ting, du veit desse perlemorsfarga banda som ligg der kjøtet deler seg. Så delte eg kjøtet i strimlar. Pass på at du skjer på tvers av kjøtfibra, elles vert kjøtet seigt same kor flott kvalitet det har frå før.  Så fresa eg kjøtet brunt i små porsjonar i varm gryte med litt smør og litt olivenolje. Eg skuldar å nemne at eg hadde ein slant raudvinsaus ståande frå den opprinnelege biffmiddagen. Jada, posesaus, det skjer her i huset iblant. Avkoket frå gryta hadde eg oppi sausen …

Shish kebab

 Sjølv om det ikkje er lenge sidan snødrevet sto om øyrene på oss er det freistande å byrje tenke på å ta fram grillen frå garasjen. Ut med gammalt kol, rista må i salmiakkvatn og skrubbast med stålbørste, og så er vi klare til ny grilldyst med nye oppskrifter. Først må vi ta med nokre grunnprinsipp for grilling: Brukar du grillkol, så tenn grillen i god tid før maten skal lagast, minst ein halvtime før du skal byrje å grille. Legg kolet i ein haug på midten utan rista på når du tenner opp. Når kola er blitt kvite av oske lønner det seg å legge hovudmengda av grillkolet på eine sida av grillen. Då kan du flytte maten bort frå den mest intense varmen når kjøtet står i fare for å bli svidd, og bruke meir indirekte varme. Ha alltid ei bøtte og ei spruteflaske med vatn i beredskap, og hald ungane unna. Eg har fått meir og meir sansen for å grille lammekjøt. Det er mildt og godt på smak, og tek til …

Grønsaker i vin

Våren har gleda oss ei stund no, og då får eg lyst på grønsaker i alle variantar. Sunne,  gode og lettetne. Greske grønsaker er grønsaker som har blitt surra i olivenolje, og så fått dampe i vin, krydder og buljong til dei er møre. Dette er deilig tilbehør viss du skal grille, men dei kan og passe godt til ei steik, til grilla fisk eller ganske enkelt til ein kvardagskjøttpudding. Med grilla haloumi er den ein komplett, kjøttfri middag. Finn du denne retten på ein fin restaurant vil den heite ”a la greque” til etternamn, Rustikk mat har blitt moderne igjen, og bondekosten har kome inn på kjøkkenet att. Tom Victor Gausdal si bok om husmannskost vart kåra til verdens vakraste kokebok, så det er umoderne å servere bittelitt mat i eit tårn på tallerkenen. Bondekost skal det vere! Eg syns det er så godt å gå i butikken og la meg inspirere. Handlelapp er til såpe, havregryn, mjølk og brød. Middagen vil eg handle inn til på inspirasjon. Utvalet varierer, og då er det …

Festbord i mai

I desse glade maidagar står invitasjonane i kø, og får du ingen så lag din eigen fest og gled dei du kjenner. Eg har fått meir og meir sansen for å samle vener og familie på ettermiddagen på 17. mai for eit roleg og koseleg lag med god mat og god stemning. Eg har også stor sympati for vertskap som bakar godt brød, handlar drikkevarer og ber gjestane ta med ein rett kvar.  Berre brødet er godt og smøret mjukt kan det bli kjempevellykka.  Satsar du på lyse og lette rettar, gjerne basert på sjømat som her, passar ein kvitvin, gjerne musserande, til heile måltidet. Her kjem oppskrift på eit godt brød, og på nokre gode smårettar som er fine å ta med seg til dette kloke og gjestmilde vertskapet. Lagar du rettane sjølv, vil du sjå at eg har tenkt på at mesteparten skal kunne gjerast på førehand, slik at det vert mindre stress når gjestane kjem. Godt brød 1 liter lunka vatn             2,4 liter (ca. 1,5 kg) …

Chili con carne

Her kjem endå ei Heidi-oppskrift, eg er på tur ut i verda, og kjem til å ha begrensa høve til å poste fram til fredag. Så det du ser frå meg denne veka er i hovudsak lagt ut på førehand. Ikkje desto mindre; Heidi lagar Chili con carne, og det gjer eg og rett som det er. Der Heidi brukar buljong brukar eg pils, altså som væske i gryta. Det gjev ein litt annleis, meir «vaksen» smak. Forøvrig er det den einaste varianten av pils eg får i meg, eg har aldri klart å lære meg å like det. Lykke til med chilien!  Alt godt   Denne retten er eigentleg ei bønnegryte med kjøtdeig og ho er aldeles nydeleg. Den er ein del av det texansk-meksikanske kjøkkenet, og dette er billig og mettande mat, særleg om du serverer den med ris til som eg gjer. I Mexico får du den oftast servert utan ris, berre med brød. Gryta er fin å lage dersom du skal lage middag til mange. Det finst mange oppskrifter og her …

Den verkeleg store festen – party til 100

Camilla kom med ei utfordring til meg: Kva skal ein servere på fest til 100? Eg er ikkje vond å be, så her kjem mitt menyforslag. Eg foreslår to salatar, ein gresk og ein libanesisk taboluleh, tre hovudrettar; laks med pesto, svinekam og kjøttbollar i tomatsaus, samt fruktsalat med ostekrem til dessert og ei kake til slutt. (Kake kan du enkelt be andre om å lage. Gje dei gjerne konkrete ønske og volum.) Litt om innkjøp først: Når ein lagar mat til 100 lønner det seg å kjenne nokon som har tilgang til engros-handel. I Oslo-området og mange andre plassar finst det storcash-butikkar, der ein må ha kort for å handle. Eg har kort der gjennom skulekorpset eg er med å administrere, og det skal ikkje mykje til for å få eit slikt kort. Alle som driv kaféar, restaurantar og kioskar får det, og alle frivillige organisasjonar får det, berre dei har eit organisasjonsnummer. Ikkje alt løner seg å kjøpe der. Nøkkelen til gode innkjøp er å vite kva ting SKAL koste. Vi blir lurt …

Store ambisjonar – festmiddag

Dei siste dagane har eg fått veldig mange søketreff på konfirmasjon. Det er tydeleg at mange planlegg dette overgangsritet på denne tida, og treng inspirasjon til mat som kan serverast.  Mange har også søkt på «billig mat» konfirmasjon. Tidene er trangare enn på lenge, og mange kan ikkje legge ned store summar i ein konfirmasjonsmiddag. Samstundes kan ein vere rådlaus når det gjeld kva ein bør servere. I fjor lagde eg konfirmasjonsmiddag til sonen til ei venninne, og eg brukte 1500,- på ein middag til 25 personar. Då serverte eg ei soppsuppe til forrett, heilsteikt entrecote med bakte grønsaker, saltkokte poteter og rauvinssaus til, og pannacotta med jordbærsaus og honningkaketoast til dessert. Eg lagde honningkaka, soppkrafta og sausen på førehand, og vertinna lagde pannacottaen dagen før. Alt det andre gjorde eg og to til (men det hadde vore nok med ein til) klart same dagen.  Det eg postar i dag er handlelista eg brukte, samt arbeidsplanen. Det gjer eg for å vise at dette er overkomeleg, og for å vise korleis ein plan kan sjå …

Endå fleire kaker å dele

Når eg er i loppekafékomiteen spør ofte korpsforeldra meg kva dei skal bake. Det er vanskeleg å svare, for samstundes som eg veit at det er viktig med variasjon på kakebordet, slår det ikkje feil; flest vil ha sjokoladekake. Gode sjokoladekakeoppskrifter finst det mange av, og i tillegg er vel TOROs sjokoladekakeblanding den mest kjøpte. Det er ingenting feil med den, den er melkefri, så viss du bakar den med olje eller Euroshopper flytande margarin så kan også mjølkeintolerante spise den. Men heimelagde kaker er best viss ein lukkast og har ei god oppskrift. Det skal du få av meg i dag. Dette er sjokoladekakeoppskrifta til søstra mi, og ho bakar den til alle familiesamanstøt, bursdagar og andre gongar då ein fortener og har lyst på sjokoladekake. Den er deilig saftig og god, og blir ikkje flat og trist. Oppskrifta fyller ei stor langpanne. Dette er ei oppskrift som er så enkel at barn kan lage den sjølv. Oppskrifta går fint å halvere viss du vil ha ei mindre kake, til dømes i ei rund …