Det er så lenge sidan eg har skrive noko om parfyme her i bloggen at det nesten er flaut. Men det betyr ikkje at eg har slutta å bruke parfyme, eller å glede meg over det. Tvert imot, eg nyt parfyme meir enn nokon gong, og eg har jo ein til å parfymere, nemleg kjæresten min, og det doblar gleda.
Men det eg ikkje har skrive noko klokt om er korleis ein skal velje ut sin eigen parfyme. Eg har hatt rundar der du kunne få hjelp til å velje, men ikkje noko om dei triksa eg sjølv har brukt for å velje ut mine eigne dufter. Dette innlegget vert så langt at eg delar det i to, i dag tek eg for meg dei ulike notegruppene som det er aktuelt å velje blant, og i morgon seier eg noko meir om korleis ein faktisk bør gå fram for å velje.
Mange syns det å velje parfymer er vanskeleg. Eg har snakka med mange som har skapet fullt av dufter dei ikkje brukar. Det syns eg er synd, for då har ein ikkje gjort godt nok forarbeid, og dermed blir ofte resultatet feil. Enkelte tipsar om å bruke prøver. Mi erfaring er at det å få prøver er vanskelegare enn å kryste vatn ut av ein stein. Det er som regel ikkje fordi butikkane ikkje vil gje bort prøver, men fordi dei får få prøver å gi bort, og det dei får er stort sett til nylanseringar. Så ein må ofte basere seg på å snuse i butikken og på tax-free.
Ei duft er samansett av ulike notar. Duftnotar vert ofte gruppert etter kva opphav dei har. Dei kan vere florale, dei kan vere basert på ulike tresortar, på lær og gummi eller på fruktaromaer. Hovudgruppene som eg brukar å ta utgangspunkt i når eg snakkar om parfymer er:
- Florale: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere dufter frå friske blomar.
Typiske dufter: Stella (rose), EL Tuberose Gardenia, EL Beautiful, Kenzo Amour Florale, Victor & Rolf EauMega
- Mjuke florale:. Hovudnotane vil som regel alltid inkludere aldehydar og pudra notar.
Typiske dufter: Chanel No. 5, Agent Provocateur Maitresse,
- Florientale: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere appelsinblomst (neroli) og/eller søte krydder.
Typiske dufter: Chanel Allure sensuelle, Karl Lagerfeld Floriental, Kate Moss Vintage, Kenzo: Flower Oriental, Chloè Intense, YSL: Cinema, Guerlain: L’Instant
- Mjuke orientale: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere florale notar samt røykelse og/eller amber.
Typiske dufter: Flankerar av Shalimar og Opium, D&G La Rue Del la Fortune, La Prairie Lifethreads Gold
- Orientale dufter: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere kvae og/eller vanilje
Typiske dufter: Shalimar, Opium, Bulgari Omnia (den brune), Chanel: Allure
- Tre med orientalt innslag: Hovudnotane vil som regel inkludere sandeltre/cedertre og patchouli.
Typiske dufter: Armani Code for her, Boss Orange, Armani sensi, Dior: Dolce Vita
- Tredufter: Hovudnotane vil som inkluder ulike orientalske tresortar og/eller vetiver.
Typiske dufter: He Wood, She wood, D&G 11: La Force, NR Essence Musc
- Orientalske tredufter: Hovudnotane vil som regel inkludere eikemose/bleiktjafs og amber.
Typiske dufter: Dior Homme, Youth Dew Amber Nude, L’Air de rien
- Reine tredufter: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere edeltre og lær.
Typiske dufter: Feminité de Bois, Burberry ( Sport Woman (sedertre, ”blyantkvess”) Eau de fleur de lavande
- Sitrus: Hovudnotane vil som hovudregel alltid inkludere bergamott og andre sitrustyper pluss ulike lette edeltrenotar.
Typiske dufter: (Generelt: Cologne), Eau de Fleur Neroli, Dior: Escale de Pondichery,
- Fruktige: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere bær og frukter som ikkje er sitrus.
Typiske dufter: Gucci: Flora, Eau de Sisley nr. 1, Diesel: Fuel for life, Jennifer Lopez: Deseo, Dior: J’adore
- Grønne: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere galbanum og grønne/urtebaserte notar.
Typiske dufter: Chanel no. 19, Eau de Fleur de Capucine, Gucci: Envy,
- Akvatiske: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere havnotar, akvatiske notar og salt, vanlegvis frå «calone», eit kjemisk framstilt duftstoff.
Typiske dufter: Dune, L’Eau D’Issey, Tous H2O, Cool Water, L’Ô d’Orangerie
- Fougère: Hovudnotane vil som regel alltid inkludere fem ulike duftfamiliar: sitrus, lavendel, amber, mose og tre.
Typiske dufter: Le Male, Paco Rabanne, Drakkar Noir, Kouros
- Chypre – Oakmoss – bleiktjafs. Hovudnotane vil som regel alltid inkludere eikemose/bleiktjafs og florale notar.
Typiske dufter: Gucci by gucci edt, NR EdT, D&G La lune, Guerlain Idylle, Mitsouko , Miss Dior, Diorella,
Stadig like forvirra? Eg skal prøve å gjere dette klarare i morgon. 🙂
Like this:
Like Loading...