Latest Posts

Bardøla, påska 2012

Neida, eg har ikkje rusha avgarde til påskefjellet, men ei venninne har sendt meg eit bilde ho tok i restauranten på Bardøla her om dagen.

Kva anna møtte henne i bokhylla der enn Smalhans? Stas! Ho måtte sjølvsagt ta eit bilde og sende til meg, og det vart eg veldig glad for.

Påskevindauge

Påskevindauga mine er på plass, eg syns dei vart ganske fine. God påske til alle lesarane mine!

Det sørvendte:

Det nordvendte:

Denne er til Hilde…

Sitronkake

Sitronkake

300 g smør
300 g sukker
3 egg
skalet av ein sitron
safta av ein halv sitron
1,5 dl mjølk
300 g kveitemjøl
2,5 ts bakepulver

1 ts ekte vaniljesukker

Glasur: melis og sitronsaft

Pynt: Valmuefrø

Set steikeomnen på 180 grader. Bruk ei 24 cm rund form. Smør forma, og rist rundt ei spiseskei mjøl i den.

Rør smør og sukker kvitt. Bland saman mjøl, bakepulver og vaniljesukker i ein bolle.  Rør det tørre inn vekselvis med egg og mjølk. Vend i sitronskall og sitronsaft.

Fyll røra i forma, og fordel den utover med ein slikkepott. Steik kaka på 180 grader i ca 50 minutt. La den kolne. Ha melis i ei skål. Ha i sitronsaft litt og litt til du har ein tjukk glasur. Smør den på kald kake, og dryss på valmuefrø. Nyt den med ein kopp god assam-te frå Perchs thehandel. Smør kan byttast ut med laktosefri margarin, og ein kan bruke laktosefri mjølk viss nokon av dei som skal spise den ikkje toler mjølk.

Lakselapskaus

Lakselapskaus er kanskje ikkje det ordet eg kjem til å få flest søketreff på, men det får stå si prøve. God vart den, iallfall. Eg hadde ein rest av ein salmalaks liggande, ikkje nok til steikt laks til alle, men nok til ein lapskaus.

Med gulrotrestar i kjøleskapet, ein pastinakk og ein bunt asparges vart dette reine luksusmiddagen i all si enkelheit. Slik gjorde eg det:

Lakselapskaus

600 g fersk laks

1 pose lapskausblanding, frosen

2 dl kvitvin eller eplejuice

Ein bunt asparges

Ein pastinakk

2 dl vatn

3 dl kremfløte

2 ss grønsaksfond eller fiskefond

1 ts dill

Salt og peppar

Kok opp vatn, vin/juice og fond i ei gryte. Skrell pastinakken, og skjer den i passe store bitar. Ha den i krafta, og la den koke nokre minutt. Ha i lapskausblandinga, og la den koke opp.

Knekk aspargesane, og del dei i passe store munnfullbitar. Vend inn aspargesane i grønsaksblandinga, og la det heile dampe under lok i to-tre minutt til alt er mørt. Vend inn dillen, og slå på fløten. Smak til med salt og peppar.

Skjer laksen i tynne skiver. Slepp dei forsiktig ned i gryta. La det heile trekke i to-tre minutt til laksen er gjennomvarm. Server med eit godt brød til.

Lapskausen kan supplerast med grønsaksrestar viss du har, både kokte poteter, gulrøtter eller bønner av ulikt slag kan gå i lapskausen. Den kan også lagast med kvit fisk, som hyse, lyr eller torsk. God middag!

Ovnsbakt kylling med paprikasaus

Heile, store kyllingar kan ein få kjøpt ganske billig rundt omkring.

Når dei har ei vekt på 1,4-1,5 kg er det akkurat passe med mat til fire personar. Ein slik vart med heim i går, og fekk ein tur i omnen før den kom på bordet. Eg kokte kraft på skroget. Den brukar eg både i sausen, og det som blir til overs sparer eg og brukar i ei suppe eller i ein saus ein annan dag. Slik gjorde eg det:

Ovnsbakt kylling med paprikasaus

Ein kylling, ca. 1,5 kg

Fem raude løkar

To paprika

2 stilkar stangselleri

Litt purre om du har

1 ts pepparkorn

1 ts smør

1 ts paprika, mild type

Vatn, salt, peppar og timian

3 ss creme fraiche

Set steikeomnen på 200 grader. Del opp kyllingen. Skjer filetane av skroget, og del dei og låra i to. Skjer av vingane.

Ha skroget og anna avskjer i ei gryte. Slå over vatn, ha i ein raud løk som du har delt i båtar, oppkutta stangselleri og purre, og la det koke opp. Skum av. Putt 1 ts timian og 1 ts heil peppar i eit kaffefilter, stift igjen og legg det i gryta. La det heile koke i ein halvtime.

Rens og del opp resten av løken og paprikaen. Legg dei i ei eldfast form. Legg kyllingbitane oppå. Slå på 2 dl vatn. Strø salt, peppar og timian på kyllingbitane. Bak det heile i omnen  ein halvtime. Fyll på med kraft frå gryta viss det blir tørt.

Ta ut forma, Slå eventuelt på litt meir kraft og «kok den ut». Hell av væska og sil det opp i ei skål. Fisk ut nokre paprikabitar og ha det i krafta. Set forma inn igjen og set ned varmen til 100 grader. Køyr kraft og paprika glatt med ein stavmiksar.

Ha smør og paprikapulver i ei lita gryte, og la det frese litt. Slå på krafta. Ha i creme fraiche, og la det heile koke nokre minutt. Jamn eventuelt med maisenna om du vil ha ein tjukkare saus. Smak den til med salt og peppar.

Server kyllingen med ris, paprikasaus, bakt løk og paprika og kokte asparges.

Snart er den her!

No er den like rundt hjørnet!

Den neste boka mi, Sylting og safting heile året, er til siste korrektur medan du les dette, og om alt klaffar så er den i butikkane i løpet av april! Flinke og fine GundaM har teke fantastiske bilde, så boka er verd pengane berre for å sjå dei. Å arbeide med henne er ei fryd, men det har eg sagt mange gongar no, så det veit du jo.

Eg kjem nok til å ha signering og utsending gjennom bloggen denne gongen, men først må trykkarane gjere jobben sin. Gunda og eg held pusten! 🙂

Minneeskene våre

I dag kjem eg med eit lite tips for oss som driv med compact living midt i byen. Det er ei utfordring at husveret vert fylt opp med ting av større eller mindre verdi. Mykje får ein seg ikkje til å kaste, det ligg mange fine minne i ting som barna våre har fått eller laga.

For mine barn har eg laga minneesker. Ei eske per barn per to år tek vi vare på, så no har vi Agnete 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12, 12-14, 14-16 og no har eg nettopp kjøpt ny til 16-18. Vemund har 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12 og 12-14. Dei som er i bruk no (12-14 og 16-18) står i bokhylla, resten står i vår tørre kjellar.

I desse eskene har vi alt som har vore verd å ta vare på gjennom desse åra og som får plass i eskene. I 0-2-eskene har vi den første tannbørsten, favorittsmokken, bursdagskort, bilde, namnedagskjole, dei første nike-skoa og masse anna.

Vidare oppover har vi fortsatt med bilde og bursdagskort, og supplert med teikningar, matteprøver, påskekyllingar, norskstilar, beskjedar til mamma, deltakarkort på UKM og alt mellom himmel og jord, eigentleg.

No, i ein alder av 13 og 16, elskar dei å ta fram dei gamle eskene og kike i dei. Ting dei tidlegare vart flaue over er no berre morsomt å sjå på, og dei frydar seg over å bla i gamle teikningar og bursdagskort.

Og så kjem det viktigaste elementet: Alt som ikkje går i minneeskene blir enten kasta, selt eller gitt bort. Vi tek ikkje vare på noko som ikkje går i desse eskene. Det reduserer mengda rot i huset enormt, og gjer at det går an å leve på 114 kvm sjølv om ein er fire personar i familien. Smart, ikkje sant?

Bryllupslokale/festlokale i Oslo

Når ein skal gifte seg er det med kva lokale ein skal feire i eit vanskeleg val. Det skal helst vere fint, ligge fint til og ha plass til dei ein vil invitere. Ofte vil ein spare pengar ved å ordne med mat og drikke sjølv, og mange stader tillet ikkje dette.

Kristin Storrusten har laga ei oversikt som hjalp oss veldig då vi skulle ut og leite etter bryllupslokale. Eg har bygd vidare på den, og utvida den med forslag som har komt frå fjern og nær. Kanskje den er nyttig for deg?

Samfunnshuset Vest

http://www.samfunnshusvest.no/

Hvor: Røa

Antall mennesker: 100+30

Pris: 3635 + evt 1625

Kontakt: 22 73 15 93. Man–fre 8–15

Folkets hus

http://www.kjelsasfolketshus.com/27697377

Hvor: Kjelsås

Antall mennesker: opptil 100

Pris: Hele helgen fra 6500. Vasking inkludert.

Annet: Handikaptilpasset. Musikk avsluttes senest 1.30. Røykfritt.

Kontakt: Man–fre 17–20. 22226076 kjelsasf@online.no

Sagene Festivitetshus

http://www.sjk.org/sfh/

Hvor: Rett ved Biermanns gate

Antall mennesker: Bord, stoler og dekketøy til ca. 100

Pris: 15000 for langhelg

Annet: Flott scene, kan brukes til dansegulv. God akustikk. Kjøkken med oppvaskmaskin, kjøleskap og kokemuligheter, men lite. Galleri. Liten bar.

Årvoll gård

http://www.arvollgard.com

Hvor: Årvoll

Antall mennesker: Fjøset 100 personer. Våningshuset inntil 35. Kulturscenen 120.

Pris: Fjøset 5500 – Kulturscenen 8500. Lørdag.

Kontakt: 901 97 692. arvoll-gard@bbj.oslo.kommune.no mand onsdag fredag mellom 09-15

Slurpen festlokale

http://www.centrumtigers.no/slurpen_utleie.html

Hvor: Ved Lakkegata skole

Antall mennesker: 120 personer bord, stoler, dekketøy. Pluss plass for dans.

Pris: 6500

Annet:

Kontakt: Faks 22 99 11 02 eller e-post: milanb@online.no

Frogner menighetshus Schafteløkken

http://www.schaftelokken.no/open.html

Hvor: Frogner

Antall mennesker: 86

Pris: 13000

Kontakt: 22 55 96 11 post@schaftelokken.no

Nordre Skøyen Hovedgård

http://www.home.no/nsh/

Hvor: Bryn

Antall mennesker: 100

Pris: 10000, 40 per person for utstyr, 25 oppvask, brannvakt, 175 kr i timen aldersgrense 40 år.

Kontakt: Mandag–fredag 10–14. 22 26 37 62

Fellesskapshuset

http://www.fellesskapshuset.no/

Hvor: Abildsø, Langerudhaugen 1, Oslo

Antall mennesker: 20-300

Annet: Ikkje alkoholservering

Kontakt: Telefon: 23 16 80 64

Åpningstider: tir-tor 10.00-15.00

e-post: kontor@oslomisjonskirke.no

Festsalen og Venskaben, Asker kulturhus

http://askerkulturhus.no/lokaler/festsalen/

http://askerkulturhus.no/lokaler/venskaben/

Hvor: Asker

Antall mennesker: 120, 85

Pris: 5950 for sal, 1125 for kjøkken, 800 for vaktmester, 10125

Kontakt: 66 90 90 00 Mellom 0800-1530

vaktmester kulturhuset: 66909634

Lambertseter gård

http://www.lambertsetergaard.no

Hvor: Langbølgen 2B, 1154 Oslo

Pris: 5300

Antall: Inntil 60 personer

Kontakt: 22 28 29 69, post@lambertsetergaard.no

33 Frysja

http://www.frysja33.no

Hvor: Kjelsåsveien 151, Oslo

Pris: Ikkje oppgitt

Antall: 80 og 96 (to ulike lokaler)

Kontakt: tlf. 90659068, utleie@frysja33.no

Roklubben

http://www.roklubben.no/utleie/selskapslokaler

Hvor: Bygdøy

Antall mennesker: 80–150

Pris: 20 000

Annet: Roklubben på Bygdøy ligger ved sjøen, helt nederst i Huk Aveny. Lokalet består av en stor, vakker festsal med originale veggmalerier, stavparkett i eik og krystallkroner, samt maritim peisestue, bar, kjøkken og garderobe.

Kontakt: Vibeke Slatleim Gaarder på telefon 99 24 92 60, utleie@roklubben.no

Vestre Aker menighetshus

Hvor: Ring 2

Antall mennesker: 110

Pris: 6000 (to dager)

Annet:

Kontakt: Ilse Vokse

Nordberg menighetshus

Hvor: Nordberg

Antall mennesker: 100

Pris: 5000

Annet:

Kontakt:

Bekkelagshuset

http://www.kjerstissunnefornuft.no/wordpress/bestilling/

Hvor: Øvre Bekkelaget

Antall mennesker: 100+

Pris: 5000 (inkl vask)

Annet: Må ha mat fra Nobel catering. Kan ta med alkohol.

Kontakt: Tirs–tors 13–16. 67 16 65 00

Trosterudvillaen

http://www.trosterudvillaen.no

Hvor: Dr. Dedichens vei 28, 0675 Oslo

Antall mennesker: 40+20 gjester

Pris: ca. 9000 inkl alt for en helg

Kontakt: Tlf 902 81 166

Kanon bistro

http://www.kanonbistro.no

Hvor: Petter Møllers vei 2, 0585 Oslo

Antall mennesker: 50 Kanonhallen: Mange flere, lokalet kan tilpasses i størrelse med draperier.

Pris: 7000

Annet: Må avslutte selskapet kl. 01:00.

Kontakt: Kristian Grøen, kanoncatering@gmail.com
Tlf. 93412173

Den tyske menigheten i Oslo

Hvor: Eilert Sundtsgate 37
, 0259 Oslo

Antall mennesker: 120

Pris: ca. 4000

Tel: + 47 22 44 16 43
, Fax: + 47 22 44 03 75

E-Mail: gemeinde@deutschegemeinde.net

Nordre Lindeberg gård 
Hvor: Strømsveien 350, 1081 Oslo
Antall: 65 personer
Annet: Arrangementet må avsluttes kl. 01:00, og lokalet må være ryddet 02:30.
Pris: 4500 inkl. vask av gulv og toaletter
Telefon: 22 90 65 90/ 02180 mandag- fredag kl. 09:00-15:00
E-mail: nlg@bal.oslo.kommune.no
Solstua
Hvor: Voksenkollen, Thorleif Haugs vei 14, 0791 Oslo. 
Antall: Maks 100 fordelt på to salar med døropning mellom
Pris: 23 000 (inkl. 5 soverom)
Telefon: 22 14 10 43
Nordstrandhuset
Hvor: Nordstrandveien 30, Sæter
Antall: Ca. 80
Pris: 10 000 for hele huset
Annet: Reservasjonssystem, se siden over.
Telefon: 2228 1349  (hverdager 09-18)
Disen gård
Hvor: Kolderups vei 23, Oslo
Antall: 55 personer, mulighet for telt i hagen
Annet: Musikk skal skrus av kl. 01:00.
Pris: 7200 for hele huset hele helgen
 Telefon e. 17:00: 2215 2684
E-mail: bestyrer@disengaard.no
Kringsjå velhus
Hvor: Landeroveien 1, 0672 Oslo
Antall: 60 personer
e-mail: utleie@hellerud-vel.no
Trollvannstua
Hvor: Trollvannveien 3, Oslo
Antall: 60 personer
Pris: Ikkje opplyst

Kontakt: Charlotte Bjørneboe

Telefon 994 67 356

E-post charlotte@trollvann.no

Abildsø gård

Meir info

Hvor: Enebakkveien 210, 0680 Oslo

Antall: 40 personar

Pris: Ikkje opplyst

Kontakt: Tone Welhaven FøyenTlf: 907 91 078

Nordtvet gård

Hvor: Gårdsveien 1-3, 0952 Oslo
Antall: 40 personar i eit hus, 30 personar i eit anna
Pris: 3500 for halv helg, 6000 for heil helg
Annet: Kun anretningskjøkken, ein kan ikkje lage mat der.
Kontakt: Telefon: 92 82 20 71
Lofthusbadstua
Hvor: Friggs vei 2, Grefsenkollen
Antall: 50 personar
Pris: 4500 for heil helg, 20,- pr kuvert i kjøkkenreingjering
Telefon: 40 00 24 60

I hagen min

Då eg var i Oxford i fjor fann eg ein butikk med ei lang rekke esker med lause løk og knollar.

Ein heil del av dei vart med meg heim, og no har dei første byrja å stikke hovudet opp. Desse lekre Iris reticulata står og brettar armane ut i bedet mitt, er dei ikkje fine?

-Og søskenbarnet, den vanlege reticulataen, står litt lenger bort i bedet. Den er flott, den og, sjølv om den snart er ferdig med å blomstre. Heilt utruleg, dette veret.

Pasta med asparges, laks og reker

Eg vart inspirert av ei venninne til å lage denne pastaretten. Ho snakka om pasta med laks, reker og asparges, og eg lagde min eigen vri på denne vårlege kombinasjonen.

Eg er ofte på leiting etter ting barna vil sette pris på som inneheld varierte grønsaker og fisk. Den eine pilla ut vårløken og den andre pilla ut rekene, men i gjennomsnitt vart det ganske bra. Denne porsjonen vart nok til fire svoltne. Slik gjorde eg det:

Pasta med asparges, laks og reker

500 g pasta

400 g reker med skal

200 g fersk laks

400 g asparges

Tre vårløk

3 dl kremfløte

Smør til steiking

2 dl kvitvin eller eplejuice

1 ss grønsaksfond

salt og peppar

Rens rekene. Hakk vårløken i ringar. Kok pastaen (eg brukte gnocchi, dei mellomstore skjella) i godt salta vatn så lenge som det står på pakken.

Skjer laksen i tynne bitar, legg den på ein tallerken og salt den litt. Knekk den nederste enden av aspargesane og del kvar stilk i tre. Smelt smør i ei steikepanne på ganske høg varme og steik aspargesane i to-tre minutt. Strø på litt salt og peppar, hell aspargesen over på ein tallerken og kryst over litt sitron.

Legg lakseskivene i steikepanna, og skru av varmen. Dei skal berre skifte farge frå raude til rosa. Legg dei over på aspargestallerkenen. Sett opp varmen igjen, og slå på vinen. Kok ut panna, og slå på fløten. Ha i grønsaksfond, og smak til med salt og peppar. Rør godt og dra steikepanna til side.

Slå vatnet av pastaen, og ha den i ein serveringsbolle. Slå over fløtesausen og rør den inn. Vend inn laksen, rekene og aspargesen. Dryss på vårløk og server med godt brød og ein salat.

Det vart vaffeldag!

Jepp, kjære mannen diska opp, lagde røre og steikte vafler som om han aldri hadde gjort anna.

Vaflene vart knallgode, og heile familien er vaffelmette. Enkelte insisterer til og med på å ta med vaffel i matpakken, vi får sjå.

Oppskrifta han brukte var basert på den dei brukar i Sjømannskyrkja i København, så her var ingenting overlatt til tilfeldigheitene. Slik gjorde han det:

Dei beste vaflene

2 egg
1 dl sukker
2 dl skumma kulturmjølk
1 1/ 2 dl h-mjølk
1 dl vatn
350 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/ 2 ts natron
1/ 2 ts kardemomme
125 g smelta smør

Rør saman egg og sukker i ein romsleg bolle. Bland alt det tørre i eit litermål eller ein passe stor bolle. Ha i mjølblandinga vekselsvis med det våte og rør til du har ei glatt røre. Steik vaflene gylne. Dette vert ei relativt tjukk røre som er lett å ha med å gjere. Velbekomme!

Mangokake

Den deilige og syndefulle baksten eg har laga i dag er ei saftig og god mango-kake. Den er ei enkel formkake som eg lagar i ringform, då blir det lett å lage lekre stykke. Bak den gjerne i ei lita rund form og, eller ei avlang form. Tilpass steiketida etter kor ”tjukk” kaka blir.

Om ikkje så lenge er det sesong for dei aromatiske pakistanske mangoane. Når dei kjem i innvandrarbutikkane er det berre å slå til. Men denne kaka kan lagast med hermetisk mango og grøn bend-it-mango og. Slik gjer eg det:

Mangokake

250 g mjøl

2 ts bakepulver

150 g smør

200 g sukker

2 egg

2 mangoar (ca. 150 g mangopuré)

1 ts kardemomme

Saft og skal av ein halv sitron (ca. 2 ss)

Glasur:

1 ss sitronsaft

300 g melis

Vatn til passe tjukk glasur

Set steikeomnen på 190 grader. Gjer klar forma ved å smøre den med eit tynt lag smelta smør, og så strø i ei spiseskei kveitemjøl som du ristar rundt til botn og kantar er dekt.

Pisk sukker og smør lyst og luftig. Ha i egga eitt og eitt. Bland saman mjøl, bakepulver og kardemomme i ein beholdar. Rens mangoane, mos fruktkjøtet av den eine og bland i sitronskal og saft. Det skal bli ca. 2 dl mangopuré. Hakk fruktkjøtet av den andre i terningar.

Vend mjølblandinga inn i sukkersmøret vekselsvis med mangopuréen. Vend til slutt inn mangobitane.

Fordel røra i forma, og steik kaka på 190 grader i 40-50 minutt. Sjekk med ein spagettipinne om den er steikt, når pinnen er tørr når den kjem ut er kaka ferdig. La kaka kolne i forma medan du lagar glasuren. Når den er nokolunde kald kan du snu den på kakefatet du skal servere den på. Pynt med glasur, og server med ein god kopp kaffe. God søndag!

Like flott som alltid

Ja, København var like fin, vakker og imøtekommande som kvar gong eg er der. Når skal eg flytte dit? Eg veit ikkje, men at eg ein gong i livet skal bu i København er eg heilt sikker på. Det einaste eg ikkje likar der er vatnet. Bortsett frå det elskar eg heile byen.

Tivoli, som dei opna for oss, true story:

Julerosene, som har komt noko lengre enn mine eigne:

Bruktbutikkane i Ravnborgsgade, som var like spennande som før:

Sildebordet, som eg slapp å spise av:

-Og dessertane som eg fekk kose meg med, alt var like strålande.

On the boat again….

Jepp, eg er på veg ut i den store verda. Ikkje alt for langt eg skal ganske enkelt til København.

No sit eg på båten og har fått ein time for meg sjølv, og har det eigentleg veldig fint. Eg har raud pølse i magen og ein finare middag i vente i kveld saman med ein morsom gjeng. Ha ein fin dag, du og!

Focaccia med tomat og rosmarin

Vi skal på fest laurdag kveld, det var eg overtydd om. Eg sette ein focacciadeig, og ringte til vertinna for fortalte at eg ville ta den med. Skal eg ta med noko meir? spurte eg.

Ups, det viste seg at festen er neste helg! Dermed hadde vi ein stor, deilig focaccia å kose oss med laurdag kveld. Saman med ein lasagne var det heilt perfekt, sjølv om fest hadde vore gøyare.

Ein focaccia skal alltid ha noko på toppen. Denne gongen hadde eg restar av ein dressing med soltørka tomatar ståande. Eg sika av tomatane, og fordelte dei over leiven saman med det klassiske focaccia-krydderet, rosmarin. Tomatane var så salte i seg sjølv at eg lot vere å drysse på flaksalt slik eg brukar å gjere. Derimot ringla eg over olje av det gode, jomfruelege slaget.

Dette brødet er perfekt til supper, til pasta eller til å momse åleine attåt eit godt glas vin. Slik gjorde eg det:

Focaccia med soltørka tomatar og rosmarin

3 dl lunka vatn

½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær

1 ts salt

1 ts maltekstrakt

ca 7 dl kveitemjøl

2 ts tørka eller frisk rosmarin

3 ss soltørka tomat i olje, finhakka

3 ss olivenolje

Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i salt og maltekstrakt. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand.

Tilset mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus.  Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen i ca. 5 minutt.

La deigen heve i ein halvtime. Set omnen på 225 grader. Ha godt med mjøl på kjøkkenbenken, og kna deigen til ein stor bolle. Strø godt med mjøl på benken og kjevl leiven slik at den er like stor som bakeplata i komfyren. Pass på å ha godt med mjøl under når du kjevlar slik at deigen ikkje set seg fast i benken.

Legg leiven over på ei mjølstrødd bakeplate. Du treng ikkje bakepapir eller smør på plata når du har strødd den med mjøl. Eg syns også at mjølstrødd bakeplate gjev den gode, steinovnaktige smaken.

Dytt godt vaska fingertuppar ned i deigen slik at det vert masse groper i den. Knus rosmarin i ein mortar og dryss over. Ringle over olivenolje, og dryss på finhakka soltørka tomatar til slutt. Bak brødet på 225 grader i ca. 15-20 minutt. Dette brødet er mjølkefritt og fritt for egg.

Eg var ikkje flink nok til å elte all lufta ut av deigen før eg kjevla den. Det gjorde at kantane vart litt for høge, all lufta i deigen vart kjevla ut dit. Det fungerer på pizza, men er ikkje så godt på focaccia. Det gjorde at oljen samla seg i dumpa på midten. Det løyste eg ved å ta ut steikeplata halvvegs i steikeprosessen, og bevegde den litt rundt slik at oljen fordelte seg litt betre. Så pass på eltinga før du kjevlar ut, den er viktig.

Eit kakevrak…

-Slik går det når ein er for eksperimentell.

Eg fekk det for meg at eg skulle lage ei mangokake. Og å kopiere andres oppskrifter er feigt, så eg byrja frå scratch, og lagde ei kake etter beste skjønn og erfaring. Det funka ikkje. Toppen av det heile er sjølvsagt at denne skulle i avisa neste helg.

Så no har eg kake nr. 2 til kolning, den vart bakt med ein annan metode og den ser ein god del betre ut. For eit styr! Det er ikkje alltid ting går på skinner her, altså, det kan eg gjerne innrømme. Ha ein fin søndagskveld, og unngå baking på frihand!

Å ta inn våren

Ved sidan av parkeringsplassen vår står det ein trist liten busk. Den sto eigentleg i mitt bed, men noko av det første eg gjorde då eg byrja å grave der var å flytte denne pjuskete saken på utsida av gården.

Den har ikkje fått noko særleg omsut, den er skeiv og rar og brennesle og anna ugras omkransar den. Det er ein forsythia, desse buskene som blomstrar med små gule blomar på bar grein tidleg på våren.

No har eg tenkt å gi den litt meir stell. Den har blitt skeiv og rar, uvisst av kva grunn. Kan eg ha planta den skeivt? Eg trur ikkje det, men det kan vere noko stein i grunnen under som bevegar på seg og som gjer at den vert skakk. Det kan også hende at han som måkar snøen vår har vore borti den.

For å få den nokolunde rett igjen har eg byrja å beskjære den. Så på den sida som er for stor klipper eg av greiner. Dei tek eg med inn, og set i vatn. Der spring dei ut, og vert dei nydelegaste blomegreiner i stoveglaset mitt. Lykke!

Eg ynskjer alle blogglesarane mine ei blomstrande fin helg. Og blomar treng ikkje kjøpast, dei kan hentast inn frå vegkanten, slik som mine.

Spicy kjøttpudding

På enkelte område er eg ei enkel sjel, eg seier mellom anna aldri nei til ein god kjøttpudding.

Dette er ein godt krydra variant, og i kjend Alt godt-stil har eg lurt grønsakene inn i puddingen, slik at ein dermed får i desse fine (ikkje fullt så) små meir grønsaker enn dei frivillig ville forsyne seg med. Slik gjorde eg det:

Spicy kjøttpudding med bakt paprika

4 paprikaer, gjerne av ulik farge

500 g medisterdeig

2 egg

1 dl mjølk

3 ss potetmjøl

300 g sopp

1 løk

1/2 purre

3  stilkar stangselleri

4 ss smør og/eller olje

1/2 ts malt svart peppar

1/2 ts cayennepeppar

1/2 ts malt muskat

2 ss soyasaus

Salt

Glasering:

1 ss ketchup

1 ss honning, flytande

Set omnen på 200 grader. Rens paprikaene, og del dei i båtar. Legg båtane av tre paprikaer i ei eldfast skål, og strø salt og peppar over. Ringle over olje, og bak paprikaene til dei er møre i omnen.

Ha medisterdeigen i ein kjøkkenmaskin. Har du Kenwood, så bruk K-spaden. Ha i 1 ts salt, og rør deigen seig. Ha i eit og eit egg, så har du i potetmjøl og mjølk. La maskinen gå litt, så deigen vert seig og fin. Set til side.

Varm opp olje og smør i ei steikepanne. Rens resten av grønsakene, og kutt dei og dei attverande paprikabitane i små bitar. Ha sopp og løk i steikepanna, og surr det til soppen har fått fin farge. Slå på soyasausen. Ha i resten av grønsakene med peppar, cayenne og muskat, og la det surre til alt er mørt. Ha i litt meir smør viss det trengst.

La grønsaksblandinga kolne, og rør den inn i medisterfarsen. Kle ei låg form med bakepapir, og ha farsen oppi. Stryk den utover med ein slikkepott. Rør saman honning og ketchup, og glaser puddingen med det. Bak puddingen i 30 minutt på 200 grader. Server med bakte paprika, potetmos og ein salat.

Planlegging, planlegging…

Å planlegge eit bryllup er ein stor jobb, noko av det ein bestemmer skal vere hemmeleg, andre ting må mange få vite og nokre ting skal berre nokre få vite.

Men vi har iallfall laga oss ei stikkordsliste, og der har vi fylt inn alt vi skal fikse og alt vi har under kontroll. Kanskje kan andre og ha nytte av denne? Slik ser iallfall vår liste ut:

Bruda:
Brudekjolen: Kjøpt, heng hos sydama. Skal ta mål i juni.
Sko: Har to par. Eit med 2 cm høgde og eit med 5 cm.
Smykke: Veit ikkje om eg skal ha.
Undertøy til kjolen: Kjøpe body i London i slutten av mai
Undertøy til natta: Hehe, ingenting.
Frisør: Trond hos Spaghetti i Bogstadveien. Bestilt, og bestilt prøvetime/klipp mandagen før.
Sminkør. Også hos Spaghetti, bestilt.
Negledesigner: T?
Strømpebukse eller Stay-ups? Tar nok med begge delar. Ikkje kjøpt. London?
Strømpebånd: Skal ikkje ha.
Kleenex: Kjøpe

Brudgommen:
Dress.: Kjøpt 25.02., ferdig innsydd og henta.
Slips: Raudt og kremfarga, kjøpe i London.
Skjorte. Kjøpe i London
Sko: Sjekk hos Asbjørn Dagestad
Sokkar: Han ordnar sjølv.
Belte: Han ordnar sjølv.
Frisør før bryllupet: Barberaren i Josefines gate 3.

Brudepikene:
Kjolane: Ta mål i juni.
Sko: Kjøpe i august.
Strømpebukser:

Brudesveinane:
Dress, skjorte, slips:
Sko:

Blomar:

Blomster til bord og benkar
Brudepikebukettane
Brystbukettar til brudesveinane
Brystbukett til brudgommen
Brystbukett til forlovaren
Fedrenes brystbukettar
Blomster til vigselsplassen

Vigsla:
Vigsla vert i hagen på Årvoll gård. Alternativ viss regn: Mottakingsrommet på Kulturscenen.
Inngang: Bruremarsj frå Valsøyfjord
Sang 1:
Sang 2:
Solosang:
Utgangssang:
Solist: I.S.
Pianist:
El-piano: Må skaffe
Straum til El-piano:
Diktlesing:
Vigslar: Ein frå Humanetisk forbund, alternativt dommar E.S.

Trykksaker: Møte med designer 26.02.
Vigselsprogram:
Invitasjoner:
Bordkort:
Festprogram/Meny:
Nettside: På plass! www.gundaogkjetil.no

Ringane: Prøvd ringar 25.02. Mest sannsynleg: Sandberg?
Gravering:

Mottakelsen:
Velkomstdrinker: Eplecider (alkoholfri), Kir royale
Glass til velkomstdrinken: Kjøkkendamene ordnar, 140 stk

Bryllupsfesten:
Lokalet, booka og bekrefta: Årvoll gård
Kokkar: T.A. og E.B.
Kjøkkendamer: L.S. og søstra hennar
Meny: Blir avtalt med kokkane
Vase til brudebuketten
Vaser til brudepikebukettane:
Vin:
Øl:
Mineralvatn:
Kaffe:
Karaflar til vatn: Sjekk med Årvoll gård kva dei har
Eingongsglas til baren: Må kjøpast, 0,4 til øl
Lamper i taket: K må fikse ledningar m/stikk
Pynt til borda: Blomar, telysglas i slipt glas, m.m.
Fotograf: Elgvin, bestilt
Bryllupsnatta: Heime
Kjøkemeister: OK
Skjenkeløyve:
Gjestebok:
Brudevalsen:
Musikk til festen:
Dukar: Har kjøpt 45 m duk, må faldast, fargast og strykast. 15 bord 130×130, dukane blir 3×2,70
Telysholdarar: Har ca. 40 stk.
Telys til borda: IKEA
Snacks: Må kjøpast

Velkomsttale:
Takk for maten-tale:

*hemmeleg*

Hjelparar:
Pynte lokalet på fredagen:
Henting av blomster frå blomsterbutikken:
Pynte vigselsstaden:
Flytte stolar etter vigsla: Nokre sterke menn
Ansvarlig på mottakelsen :
Servitørar: 5 stk
Bartender:
Gaveåpnarar:
Rydde på natta:
Ta med gåvene heim:
Oppvaskhjelp. Bestilt via Årvoll gård
Renseri til kjolen min:

Skjemaer og div.
Sendt inn alt m/f.attest:
Prøving av ekteskapsvilkår:
Forlovarerklæring:

Etter bryllupet.
Takkekort
Takkekort til vigslar, kokkane, blomsterdama og sydama

Puh….

BB-day

Jepp, det er den dagen i dag! 😀

Hagemessa – vil du vere med?

I år er hagemessa på Lillestrøm 13.-15. april. Dei siste åra har eg vore med på Hagegal sin stand på hagemessa, og det er alltid like kjekt!

Gjennom heile våren driv vi hagefolka og sår og priklar slik at vi skal ha småplantar klare for salg på hagemessa. Dei sel vi for ein billig penge til inntekt for forumet og for å dekke utgiftene våre. I tillegg har enkelte av oss rydda i hagebøkene våre, i hageblada og andre har teke med småpotter og anna utstyr som kan vere kjekt å ha når ein skal jobbe i hagen.

Men ein ting manglar; vi skulle gjerne vore litt fleire som står på stand. Særleg fredag og laurdag føremiddag vil vi gjerne vere fleire. Å stå på stand på hagemessa er alltid moro. Vi ordnar med oppslagsverk og pc med nettilgang, slik at ein kan få svar på spørsmål og ting ein lurer på. Vi hjelper kvarandre, og er vi heldige er det nokon som har bakt litt kake til oss og.

Viss du er ein hagegal, og syns dette høyrest artig ut, så gi beskjed til meg, så skal eg formidle det vidare. Kast deg utpå, og få nye (og treff gamle) hagevener frå heile landet!

Der det er liv er det von

Overalt får eg tilbod om å kjøpe løkplantar i potter for tida.

Det er eg glad for, det er få ting som uttrykker vona om at våren er på veg som ei tettplanta potte med muscari, tulipanar eller tète a tète-påskeliljer.

I dag vil eg berre minne deg om at dersom du gjer som meg, og fell for desse gode tilboda, så kast for all del ikkje løkane etter at dei har blomstra av! Dei kan ha eit langt og godt liv framfor seg med di hjelp.

Alle desse løkane kan nemleg blomstre igjen neste år. Når di potte er blomstra av kan du berre la dei stå i potta og visne, typisk i ei kjellarbod eller liknande. Dei kan faktisk også gjerne få litt gjødning i denne visnefasen. Det gjer løkane sterkare.

Når dei har visna heilt ned kan du fjerne «graset», og legge løkane i ei luftig korg på ein ikkje for fuktig stad. I september er det klart for å grave dei ned i jorda. Legg ein huskelapp i kalenderen din, så gløymer du det ikkje.

Har du ikkje hage? Lån ein! Plant løkane i ein solfylt grøftekant der du passerer ofte, under hekken i burettslaget der du bur eller i utkanten av ein park der du trur folk vil ha glede av nokre vårblomar som sprutar opp. Gerilja-haging, kallast det.

Eller kanskje kjenner du ei gamal dame med hage som ikkje klarer å stelle sin eigen lenger? Då kan du spørje om å få grave dei ned hos henne.

Når du plantar løken skal den ha dobbelt så mykje jord over seg som løken sjølv er høg.

Løk kan også leggast i lag, tulipanar nederst, så muscari og til slutt krokus. Då har du samla deg eit flott lite bed der det vil blomstre frå april til byrjinga av juni. Neste år. 🙂

Kunsten er å smøre seg med tolmod!

Det er ikkje mi sterkaste side, men når det gjeld hagen har eg klart å opparbeide ei viss evne til å berre la ting stå og bruke den tida det tek for å la dei kome til sin rett.

Ha ein fin dag, alle flotte lesarane mine!

Fortell noko om deg sjølv!

Eg har kanskje ikkje fortalt det før, men ei av mine store bloggheltinner er Glamourbibliotekaren. Eg las hennar blogg før eg visste at det var ein blogg eg las, og i mange år våga eg ikkje å blogge sjølv, fordi eg aldri kunne bli så flink som henne.

Akkurat det siste har eg kome over, og bloggar sjølv om eg ikkje er like flink, eller kanskje berre annleis. Men iallfall: ho inspirerte meg til dagens innlegg. Torsdag oppmoda ho lesarane sine til å fortelje noko om seg sjølv. No har eg fortalt noko om meg sjølv, så no vonar eg du vil gjere det same.

Det er mange innom her kvar dag, oppunder tusen per dag rett som det er. Nokre av dokke kjenner eg, andre er heilt ukjende. Dette vil eg gjerne gjere noko med. Fortell meg kven du er, kva du er oppteken av og kva som brakte deg hit. På førehand tusen takk! 🙂

Aspargespai til mange

Eg held framleis på med oppskriftene frå sekstenåringens bursdagsfest forrige helg. Dette er hovudretten, ein pai med asparges, bacon og raudløk. Den vart sett pris på av dei fleste, og eg tenkte at sidan dette er ei stor oppskrift kan den vere grei å ha til påkommande festar.

For ein pai må ikkje lagast i ei rund form med bølgekant. Denne lagde eg i ei av langpannene mine, ikkje den som kom med omnen men ei eg har kjøpt på Jernia som kjem med lok. Den har rette, fine kantar så den er enkel å bruke, og sleppbelegget gjer at ingenting legg seg ved. Storleiken på forma er ca. 20×30 cm, og dette er mellom 12 og 16 serveringsporsjonar, alt etter kor store stykke folk tek.

Aspargespai

250 g smør

500 g mjøl

1 dl vatn

1 ts salt

500 g bacon i terningar

Tre raudløkar

400 g sopp

500 g ferdig rensa asparges

Smør til steiking

Salt og peppar

14 egg

5 dl kremfløte

2 dl mjølk

100 g riven parmesan

Set omnen på 180 grader.

Ha smør og mjøl i eit matmølle. Ha i saltet, og køyr det heile til ein grynete masse. Når alt smøret er finfordelt har du i det kalde vatnet og køyrer litt til, slik at deigen samlar seg om kniven.

Kjevle deigen ut så stor som forma er og litt til. Legg leiven i forma, og press den godt ut i kantane. Prikk deigen med ein gaffel, og forsteik den i 10 minutt. Ta den ut og set den på benken.

Rens alle grønsakene. Steik baconet i litt smør til det er sprøtt og fint. Ta det ut av steikepanna med noko som gjer at feittet vert att i steikepanna. Fordel baconet utover i paiskalet. Dryss riven parmesan oppå baconet.

Steik soppen i baconfeittet, og ha det og i paiskalet når det er ferdig. Steik aspargesane til slutt, tilsett meir smør viss det trengst. La dei kolne, og kutt dei i passe store bitar. Fordel dei utover i paiskalet. Til slutt steiker du raudløkane i båtar, og fordelar dei og utover.

Bland saman mjølk, fløte og egg, og slå det over grønsakene i paiskalet. Set forma inn i omnen, og bak paien til den er nesten fast i midten, ca. 30-40 minutt.

Server paien med ein god salat.

Gratulerer med dagen, flotte kvinner!

Denne sang vi for full hals på åttande mars-arrangementet i Ulsteinvik tidleg på åttitalet. I år vert det ikkje noko arrangement, det er synd. Teamet er like aktuelt, vi må støtte kvarandre og våge å heve røysta når det trengst. Eg har blitt nok hysja på i livet mitt!