Latest Posts

Noko av det kulaste

Eg oppdaga Al Jarreau rundt 1980, på platebaren LaLuna i Ulsteinvik. Der dreiv dei ei strålande plateforretning med tung vekt på jazzfunkpop, og amerikansk funk hadde ei høg stjerne blant kundane. Bror min baserte seg på ein femtilapp; så hadde han nok pengar til bussen fram og tilbake pluss ein diger kjekssjokolade som han kunne spise saaaakte medan han høyrde på musikk. No høyrde han rett nok meir på Deep Purple enn Al Jarreau, men det er ei anna historie.

Den første plata eg kjøpte var This time, som kom i 1980. Den vart spelt i fillebitar, og då Breakin» away kom året etter var eg nær eufori. Bandet han hadde med seg på desse platene var av verdsklasse, med George Duke, Steve Gadd, Abraham Laboriel og Stanley Clarke for å nemne nokre få. Alles erste Klasse. 

Al Jarreau er vel først og fremst kjend som vokalekvilibrist, og eg veit ikkje om nokon som scatsyng som han. På This time gjorde han denne versjonen av Chick Corea sin Spain, og det gjer han  på ein utruleg imponerande måte. Han har i tillegg vore med å skrive teksten, som er lagd spesielt til denne versonen. På denne konserten, som vart halden i 1990, har han framleis med seg delar av det faste bandet sitt, og særleg trommesoloen til Steve Gadd er heilt utan sidestykke. 

Spain er ei vidarebearbeiding av verket Concierto de Aranjuez for gitar og orkester av Joaquín Rodrigo frå 1939. 

Grønt og godt

Eg brukar masse grøne urter i maten eg lagar, og å dyrke dei er mykje lettare enn ein trur. Urter gjev maten eit løft, utan at det kostar for mykje verken i kroner eller i arbeid. Men det kan vere vanskeleg å skaffe seg oversikt over dei vanlegaste sortane og korleis dei vert dyrka. Her er ei oversikt over dei krydderurtene eg brukar mest, korleis du får tak i dei, passar på dei og brukar dei i mat.

Det er vanleg å skilje mellom fleirårige og eittårige urter. Mange eittårige urter frør seg så lett at du får dei tilbake år etter år likevel. Dei fleirårige er som regel ganske motstandsdyktige, og toler ein vinter. Men nokre av dei treng å bli pusla litt med, for eksempel med eit lag granbar i dei kaldaste månadane. Lag deg eit urtebed i ein lun del av hagen, gjerne med ein levegg, og vend mot sør. Del gjerne bedet i to, for nokre urter er ugras, og må tøylast, og dei kan stå kvar som helst. Andre må stellast og godsnakkast med, og dei bør få stå i ”finebedet”. Eit anna triks er å ha urtebeda nær kjøkenet, slik at det er lettvint å stikke ut og ta det du treng. Då brukar du meir urter, rett og slett!

Har du ikkje hage vil dei fleste urter kose seg på ein balkong. Det kan hende du får problem med å overvintre dei, men eg har iallfall sett grasløk, mynte (sjølvsagt…) og oregano som har overlevd i potter på ein balkong.

Dersom du vil kjøpe ferdige planter, bør du gå til ein planteskule eller eit hagesenter. Dei plantene du får i daglegvarehandelen er hardt drivne fram, og toler sjeldan det sjokket det er å kome ut i friluft. Frå denne regelen er det tre unntak: Mynte, sitronmelisse og oregano er så herdige og villige at dei overlever kva som helst, og toler godt å gå rett frå drivhus og ut i mai. Dei treng ikkje stå på solsida av huset, dei overlever uansett. Men nær kjøkkenet bør dei vere, så du brukar dei.

Eittårige urter:

Basilikum: Basilikum smakar svært aromatisk, ein fantastisk smak som ikkje liknar noko anna, syns eg. Basilikum er ei sart plante som bør vekse inne. Til gjengjeld er den utruleg gåvmild viss den vert stelt pent med. Eg kjøper potter i butikken, gjerne to som eg set saman i ei stor potte. Når du kjøper ei potte basilikum, kan du plukke den ganske langt ned. Ta alle toppskota, og plukk bort dei tynnaste stilkane, la det stå att ca. 15 stilkar i kvar potte. Plukk alltid blada frå toppen og ned, då hindrar du at den blomstrar og blir bitter og rar. Lag ein stor porsjon pesto av første runde, og sett planta i god, næringsrik jord i ei romsleg potte med god drenering.

Basilikum må ha vatn kvar dag, så den må du ikkje reise ifrå. Eg har reist Norge rundt med ein basilikum i bagasjerommet, det går heilt fint. Får den attpåtil litt gjødning ein gong i veka kan du hauste av den til stilkane vert som bjørkekvistar. Basilikum passar i salatar, i dressingar, perfekt til tomat, og som pynt på brødskiver med skinke og majones/aioli. Har du basilikum i varme rettar, så ha den i heilt til slutt. Den har ikkje godt av å koke. Basilikum passar saman med timian, persille og oregano.

Koriander: Koriander har også ein veldig karakteristisk smak, nokre meiner den smakar som såpe ved første forsøk. Men prøv igjen, smaken er nydeleg, og passar veldig godt saman med lime, kokosmjølk og chili, dei typiske thailandske kryddera. Den er også mykje brukt i indisk og meksikansk mat. Koriander frør seg lett, og bedet mitt har sådd seg frå ei plante som eg hadde i fjor, som fekk blomstre fritt. Ein alminneleg grunnregel er at du kan hauste av urtene fram til dei blomstrar, men ofte rekk koriander og dill å frø seg to gongar i løpet av ein sesong, iallfall viss dei står lunt og godt. På bildet ser du asparges med koriander i bakgrunnen.

Koriander kan vekse ute, finn ein lun plass ved ein sørvend vegg, og bruk god, ny jord utan ugras. Koriander vil gjerne ha le, den veks dårleg i vind. Eg brukar koriander i guacamole, til dei marinerte rekene du har fått oppskrift på tidlegare, og masse deilig thaimat. Tomatsalsa med koriander smakar fortreffeleg, og den passar godt viss du for eksempel vil lage ein kjøtpudding med urtefyll. Koriander smakar så karakteristisk at det er ikkje så lett å kombinere den med andre urter.

Dill: Dill forbind eg med ferie i Sverige! Når du kjøper nypoteter frå ein mjølkerampe på Fårö nord på Gotland får du fersk dill på kjøpet til å legge i kokevatnet. Dill er lett å så rett i bedet, men du kan også dyrke det inne og plante ut i mai viss du vil ha tidleg avling. Eg brukar å så ny dill eitt par gonger i løpet av sommaren, då har du lenge. Dill passar til så uendeleg mange ting, i salatdressingar, til alle fiskerettar, til reker og i sylteagurklaken. Heimegrava laks med sjølvdyrka dill er nydeleg, og du kan til og med lage snaps med dillsmak. Då bør du bruke frøa som kjem etter at den har blomstra ferdig. Snapsen passar strålande til laks, kreps og all anna sjømat.

Dill er takknemmeleg å dyrke, det einaste du må passe på er å hauste den flittig. Frys gjerne ned i boksar og glas viss du ikkje brukar alt. For dei fleste urter gjeld regelen om at dess meir du haustar, dess meir skyt dei knoppar og veks.

Fleirårige urter:

Timian: Timian er det klassiske middelhavskrydderet, og eitt av dei kryddera som er like anvendeleg tørka som friskt. Timian passar veldig godt i italiensk og fransk mat, og er sjølvsagt i ertesuppe. Eg brukar å sleppe ein kvist oppi gryta når eg lagar minestronesuppe, pastasaus eller anna grytemat, og så fiskar eg kvisten opp når den har gjeve frå seg all den gode smaken, og blada har ramla av. Å knuse timian med olivenolje, grovt salt og peparkorn er den klassiske ”Jamie-metoden” for å få ein nydeleg urteolje som set smak på salatar, sausar og kjøtrettar. Timian passar perfekt til marinadar til grilling, særleg viss du skal grille oksekjøt eller svin.

Timian må haustast flittig, den blomstrar raskt viss den ikkje vert klipt ned jamnt og trutt. Den toler ikkje så godt streng kulde, så dekk den til om vinteren med granbar eller liknande.  Timian inngår i den klassiske ”bouquet garni”, ein suppekvast som skal koke med når du kokar kraft. Ein slik kvast består tradisjonelt av timian, persille og laubærblad, pakka inn i purreblad.

Oregano er også eit klassisk middelhavskrydder, og veks vilt i Norge under namnet bergmynte. Oreganoblad kan puttast i salatar, kan koke med i gryter som med timian, og er sjølvsagt i pastasausar og på pizza. Det er også eit veldig godt brødkrydder, elt hakka oregano inn i ein god gjærdeig, og lag rundstykke eller urterullade. Oregano veks som ugras, og bør ikkje stå saman med dill, koriander og andre meir ”finslege” urter. Den høyrer typisk til i ”ruskebedet”, saman med mynte, sitronmelisse og løpstikke.

Oregano bør også haustast flittig, og blir meir aromatisk viss den får litt gjødsel, som til dømes avfall frå plenklipping.

Salvie: Salvie har sølvgrå, avlange, elegante blad, og ein karakteristisk, aromatisk smak. Salvie er perfekt til kylling, kalv og svinekjøt, kyllingfilet innepakka i bacon med salvieblad imellom er ein deilig kombinasjon. Salvie er lik timian redd for kuldegrader, og bør få grandekke om vinteren. Steller du pent med den, kjem den attende kvart år, og blomstrar vakkert i lilla tonar. Salvie kan også brukast i brød, og litt hakka salvie i ein god olje- og eddikdressing løftar ein enkel salat til store høgder.

Persille: Persille kan brukast til alt, ganske enkelt, både når den kjem som bladpersille og i den klassiske krusa utgåva. Persille er best fersk, den bør ikkje koke lenge med i rettar. Unntaket er når den vert brukt i bouquet garni, sjå over. Bladpersille er godt som salatgrønt, og hakka persille er nydeleg i kryddersmør.

Persille kjem att år etter år ved at den frør seg, og i løpet av sommaren bør den klippast hardt ned nokre gongar, for å unngå at den blomstrar for tidleg. Den toler godt kulde, og du kan hauste av den heilt til snøen kjem. Bildet du ser her er teke i november.

Frys ned det du ikkje får brukt, og spar det til vinteren. Eg har prøvd å så persille, og syns den er treg med å spire. Men i bedet kjem den trufast kvar sommar.

Sitronmelisse: Sitronmelisse har ein sterk sitronaroma, og passar godt i dessertar, som pynt i drinkar og på kaker, og til fiskerettar. Sitronmelisse toler dårleg tørking, så den bør brukast fersk. Den må stå i ”ruskebedet”, for den veks som ugras, og sprer seg nesten like ille som mynte. Pensle blada med eggekvite og strø på sukker, og bruk dei som dekor saman med jordbær på festbløtkaka. Frys ned middels store sitronmelisseblad i isterningar til du skal ha fest, dei er så pene i drinkane!

Mynte: Mynte har den typiske tannkremsmaken, og er uunnværleg i den kubanske drinken Mojito. Hakka mynte er nydeleg i tzatziki, yoghurtdressingen med riven agurk og mynte som vert brukt i gresk mat. Mynte må stå i ruskebedet, og den bør eigentleg plantast i ei bøtte med eit ørlite hol i botnen som du grev ned, så invaderande er den. Den tek gjerne over heile hagen viss den får lov. Den kan haustast til seint på året, og blomstrane er vakre, så mange har mynte i hagen berre av den grunnen.

Rosmarin: Rosmarin høyrer også middelhavet til, og har ein kraftig furunålsaktig aroma. Den må brukast i små mengder, smaken kan lett bli for dominerande. Den passar perfekt til lammekjøt, til det italienske focaccia-brødet og mange andre gode rettar. Potetbåtar, vendt i olivenolje, finhakka rosmarin og salt/peppar kan steikast i ovnen på 200 grader i 40 minutt, og er godteri for ungane. Dekk botnen i langpanna med bakepapir før du steiker potetene. så sparer du deg mykje oppvask.

Knus eggeskalet frå søndagsegga, og grav dei ned rundt rosmarinen, det skal gje den ekstra aroma. Ta gjerne rosmarinen inn over vinteren i ei krukke, norske vintrar vert som regel for kalde for den. Du får kjøpt flotte oppstamma rosmarinar, dei er både nyttige og dekorative på ein gong.

Løpstikke: Løpstikke er lik oregano ei gammal krydderplante i Norge. Den har ein buljongliknande aroma, og vart difor kalla ”Maggiurt” i gamle dagar. Ein kvast løpstikke i kjøtsuppe eller i potetvatnet gjev ein deilig smak. Løpstikke bør som alle dei andre urtene haustast flittig, dei nye, spede skota er best, ialldall viss den ikkje skal kokast. Løpstikke er også ein ruskeplante, den treng ikkje noko særskilt stell anna enn hardhendt kutting, og den klarer seg gjennom vinteren utan problem.

Grasløk: Grasløk er ei av dei vanlegaste urtene i hagane rundt omkring, og den klassiske måten å bruke den på er i eggerøre, i løksaus til skinke og nypoteter, og hakka i salatar og gryter. Blomstrane er også etande, prøv å lage kryddersmør med grasløkblomar! Det smakar kjempegodt, og ser pent ut på bordet. Sist eg skulle bort,  og lagde aioli til festen, pynta eg den med grasløkblomar. Stor suksess! Grasløken bør også klippast ned eitt par gonger i løpet av sommaren, til dømes før du reiser på ferie. Den toler også godt frysing, så eit glas med finklipt grasløk er kjekt å ha i frysaren gjennom vinteren. Då kan du når som helst lage eggerøre med ordentleg grasløk, ikkje den triste, tørka utgåva. Lukke til med urtehagen!

Chanel Cristalle Eau Verte

Chanel Cristalle vart lansert i 1974, og er ein klassisk grøn chypre. nokre kallar den ein fruktig chypre, men trass i dei fruktige notane av melon så er det blomane og eikemosen som overveldar meg. Det kan hende at eg aldri har gjeve den nok tid. Eg har sjølv prøvd å overtyde folk om at av og til må ein lide seg igjennom den første halvtimen for så å oppleve ei fantastisk duft. men med Cristalle har eg aldri stått løpet ut. Eg opplever den berre som skarp og lett kvalmande, beklagar til alle fans der ute.


I år har Chanel lansert ein flanker, Cristalle Eau Verte, altså grønt vatn. Eg var ein smule skeptisk første gongen eg lukta på den, og avviste den ved første sniff. Men så spraya ei dame på Kastrup den på armen min før eg rakk å takke nei, og eg hadde for lite tid til å gå og vaske den av meg før flyet skulle gå. Etter kvart som flyturen gjekk vart eg sittande å sniffe på armen min, og syntest eigentleg det var ei ganske behageleg duft.

Byrjinga er ein sprut av frisk grapefrukt. Ein av toppnotane er bergamott, og eg er utruleg tiltalt av den noten. Når den mest enerverande grapefrukta er borte ligg det att ei frisk sky på armen min, med eit grønt men ikkje grasaktig preg.

Etter kvart som den utviklar blir den meir floral, men framleis lett og tiltalande. Den held i tre-fire timar på meg, og eg syns det er i snauaste laget, men til sommarparfyme å vere er det ikkje så verst. Kombinert med bodylotion vil den sikkert halde lenger.

Eg ser for meg denne parfymen i eit sommarbryllup, med lange kjolar i lyse fargar i ei  blond, norsk sommarnatt. Den er ung og frisk, samstundes som den ikkje spring i ansiktet på deg. Eg kan til og med forestille meg den på ein mann, den er ikkje søtleg feminin. Dette er ei deilig sommarduft.

På vikingevis

I dag skal vi gå drastisk til verks, vi skal lage mat slik vikingane gjorde det. Mat ute smakar best, men det treng ikkje alltid vere matpakke eller grilling når ein skal lage til eit godt måltid ute. Eg fekk vere med på å koke kjøt og fisk i kokegrop, og det er ein spennande og annleis måte å lage mat på. Du kan variere på mange måtar, og sjølv om det tek litt tid så er det spennande når alle som er med på tur gjer sitt til at måltidet vert ferdig.

Å lage ei kokegrop er ikkje så komplisert, men du treng litt utstyr. Du treng ein stikkspade, ei greip og/eller ei hakke, eit par kraftige hanskar, ein sekk ved og 25-30 steinar på storleik med eitt par knytnevar kvar. Sjekk ut reglane for bålbrenning før du går i gang, det kan hende at du treng løyve.


Finn ein stad der jorda er fuktig, steinfri og fin, med eit solid lag med gras på toppen. Myrjord fungerer kjempefint til å lage kokegrop i. Bruk ein stikkspade, og rut opp eit rektangel på ca. 0,80 x 1,20 meter. Stikk spaden på skrå ned ca. 20 cm rundt heile kanten. Del torva i tre, og stikk spaden inn under slik at du kan ta den av i flak. Legg flaka til side. Grav ut molda slik at du har ei godt og vel halvmeterdjup grop, og la kantane skrå godt utover. Dette er viktig for å få god trekk til bålet. Skal du bruke kokegropa fleire gongar, kan det lønne seg å strø eitt par bøtter sand i botnen av gropa. Oppdatering: Legg ein mynt nederst i gropa. Dersom den vert funnen av arkeologar om nokre år veit dei at den er relativt moderne, og ikkje frå vikingetida. Smart, ikkje sant?


Legg eit lag med steinar i botnen og opp langs kantane. Legg i ved, og fyr opp eit bål i gropa. Når bålet brenn godt, kan du legge i resten av steinane. Fyll på med meir ved, det bør brenne i minst ein time. Når bålet har brunne ut, grev du ut steinane med hakke eller greip, og legg dei på kanten. Grav ut det som er att av glør og kol også, det trengst ikkje lenger no.

Maten du skal leggje i gropa bør lagast klar på førehand slik at den er klar til å leggjast i gropa med ein gong steinane er tekne ut. Lammelår er ein vikingklassikar. Gni det inn med godt med salt og peppar, og legg gjerne med nokre kvistar rosmarin.


Pakk det inn i folie (mange lag!) viss du vil ha den reinslege varianten, eller i rabarbrablad eller kålblad viss du vil ha det meir i pakt med naturen. Rabarbra-/kålblada kan surrast rundt låret med kraftig kjøkensnøre, det overlever opphaldet i kokegropa. Brukar du naturmetoden løner det seg å legge bregneblad mellom kjøtpakkane og steinane slik at varmen ikkje vert for intens.

Legg dei varme steinane nederst i gropa, og legg pakken med kjøt oppå. Legg dei varme steinane rundt og oppå kjøtet. Skal du lage fisk kan du leggje den i ei leirgryte eller pakke den godt i folie med salt, peppar og litt sitron og dill i buken.

Når du har lagt på alle steinane, fyller du på med litt mold, og legg torvrutene på toppen til slutt. No er det berre å smørje seg med tolmod, men ikkje så mykje.

Eit stort lammelår er ferdig etter ein time og tjue minutt, så sterk er varmen i ei slik grop. Husk på at fisk treng mykje kortare tid i gropa enn kjøt gjer. Heil fisk er ferdig etter ein halvtime, og poteter og grove grønsaker treng ein time i gropa. Pass på at kjøtet ikkje ligg for lenge, då vert det tørt og trist.


Tilbehøret må også bli med i gropa, pakk poteter og heile, nye kålhovud i folie. I pakken med kål vert det best med litt salt og peppar og ein klatt med smør. Poteter og kål er ferdige etter ein time, så vil du ha dei ferdige samtidig med kjøtet, lønner det seg å la kjøtet ligge ein halvtime først. Så kan du fort løfte på torva, og legge potetene og kålen nedi. Dekk til igjen raskt, slik at varmen ikkje går tapt. La kjøtet kvile eit kvarter før du byrjar å skjere i det, så held det betre på den deilige kjøtsafta.

Kva saus åt vikingane? Det er ikkje godt å seie, men ein student ved Høgskulen i Volda tipsa meg om denne sausen som stammar frå middelalderen. Den heiter herresaus eller camelinsaus, og var nok ein demonstrasjon av velstand og rikdom, så mykje krydder som gjekk med til å lage denne sausen. Den er alt for sterk til å bruke som vanleg saus, den kan serverast som om du serverte sennep til, eitt par teskeier per porsjon. Prøv ei tugge med litt kjøt, litt potet, ein klatt smør og ein drope herresaus, det er ein fantastisk smakseksplosjon! Alle kryddera skal brukast i malt utgåve. Eit strålande høve til å få rydda opp i kjøkenskapet. Slik lagar du den:


Herresaus

3 ts kanel

1 ts muskat

1 ts ingefær

1 ts peppar

1 ts nellik

1 ts kardemomme

2 ts salt

2 dl brødrasp

2,5 dl god eddik

1 dl vin eller sider

1 ss brunt sukker

Bland alt i ein bolle, og rør det med ein ballongvisp til sausen vert glatt og lett. Du kan også tilsetje hakka nøtter eller korintar.

Lykke til med vikingematen!

Noko av det vakraste XVII

Jan Garbarek skreiv dette verket på bestilling frå jazzfestivalen i Molde. Det vart framført sommaren 1990, og gjeve ut på plata «I took up the runes» same året på ECM. Seinare vart det brukt under avslutninga av OL i Albertville i 1992, der Sissel Kyrkjebø sang det sittande på Kvitebjørn Kong Valemon. Eg likar originalen best, dette er eit fantastisk band.

Jan Garbarek sin musikk har ein stille, men likevel medrivande intensitet, og alt han gjer er utruleg gjennomarbeida og velmodulert utan å vere veloppdragent. Dette er kvalitet tvers igjennom.

Dagens enkle

I går trengte eg ein kjapp middag, og heldigvis hadde Singh, vår lokale landhandlar (viss ein kan kalle han det når han driv butikk innanfor ring 2…) ope. Eg fekk tak i fiskekaker, tomatar og hamburgerbrød. Resten hadde vi i kjøleskapet og i hagen. 

Eg steikte fiskekakene i steikepanna, og rista brøda i brødristaren. Så lagde eg denne dressingen:

IMG_7123Hamburgerdressing

2 ss majones

1 ss remulade

2 ss oppklipt graslauk

2 ss kesam

1/2 ts honning

Salt og peppar

Bland alt, og smak til. Ha litt dressing på nedre del av hamburgerbollen, og legg på salatblad og tomatskiver. Legg på fiskekaker, og ha på litt dressing til. Likar du ketchup i slike installasjonar så pøs på. Litt sylteagurk eller kapers er også godt. Mmmm!

 

 

Å kome heim

-er deilig når ein slik ein står og ventar i bakgården. 

IMG_7107

For ikkje å snakke om denne:

IMG_7114

-Og til slutt denne stjerna her:

IMG_7115

Alle desse tre veks på eller ved sidan av trappa til mi venninne Hilde. Ha ein fin frimandag, alle som stikk innom!

Kenzo Amour Florale

Kenzo har fleire parfymeseriar, og Amour-serien byrja med Kenzo Amour som kom i 2006, i ei elegant og velforma flaske.

Kenzo-Amour_vignette_parfum_grandeMange vart forvirra av at den kom i ulike fargar, og trudde kvar flaske var ei spesiell duft, men fargen på flaska avheng altså av storleiken på den.

Amour er ei asiatiskinspirert blomeduft med tre- og musknotar. Kirsebærblomar, kvit te og røykelse er også ein del av komposisjonen.  

I 2008 kom Amour le Parfum, i bronsefarga flaske. Den er litt meir orientalsk i notesamansetjinga, med ris som ein av hjartenotane, og patchuli og vanilje i botnen. Eg likte denne betre enn den første, og den minte meg om honning på huda.

Eg har vore på leiting etter ein god sommarparfyme som har litt stamina og som samtidig er lett og floral. Då eg fann Kenzo Amour Floral var det som å kome heim.

kenzo-amourDen er ei grøn blomeduft utan å bli skarp, den er lett og elegant. Samstundes held den i allfall halve dagen, og meir kan ein kanskje ikkje vente av ein floral sommarparfyme.

Det er rose, neroli (appelsinblomst), frangipani og gardenia som er dei berande blomenotane i parfymen. Reine blomenotar kan fort bli kvalmande, og difor er det avgjerande korleis dei øvrige notane harmonerer og føyer seg inn rundt blomane for om ein slik komposisjon vert vellukka.

Kenzo Amour Florale har fått eit friskt hint av grapefrukt, og kardemomme gir den eit innslag av varme.  Dette rammar inn blomenotane på ein lekker måte. Det gjer at dufta framstår som velbalansert grøn og floral. Å gå med den er som å gå gjennom ein hage, med deilige, kvite blomar overalt rundt seg.

Det vil nok variere frå person til person kor lenge den held, på meg sit den i fire-fem timar, og det er lenger enn mange tilsvarande dufter. Eg prøvde fire ulike på huda i går, og to av dei var borte etter ein halvtime.

Flaska er lekkert dels opak, dels gjennomskinneleg glas, og kjem i 40 ml og 85 ml.

Dagens opplevingar og innkjøp

Eigentleg har vi hatt bremsene på, var vi einige om der vi sykla heimover ned Gothers gade. Men nokre innkjøp må ein gjere når ein er i store byar. Heidi går rundt og akkar og ojar seg over kor stort det er her, og kor mykje folk det er her. Fast på ett bra sätt.

IMG_6980Det kan ha ein samanheng med at det er pinse, og dermed pinsekarneval. Vi syntest vi var tidleg oppe, og var klare på Kongens Nytorv klokka elleve.

Der kokte det, med trommer, lettkledde damer og eit folkeliv utan sidestykke.

Han karen til høgre leia eit trommekorps ved hjelp av armane, si eiga tromme og ei fløyte. Han og gjengen hans lagde mykje bråk, kan ein seie.

Som du ser leia han det raude laget, i tillegg var det grøne, det turkise, det kvite og det meksikanske der.

IMG_6990Alle tromma i sambatakt, og var imponerande samkøyrde. Det grøne laget hadde med seg denne dama, eg trur ho sto opp tidleg for å byrje stylinga.

Ho var nærare 190 cm høg, rett nok på eit par ganske imponerande hælar. Eg måtte berre sende henne ein vennleg tanke, og ynskje henne lykke til med å danse bortover det brusteinslagde Strøget.

 Det einaste fornuftige var altså å styre unna Strøget, så det gjorde vi.

 

IMG_7051Heidi fann seg ein snyta fin regnparkas, som garantert vil vekke åtgaum i gatene i Ørsta.

 

 

 

 

 

 

 

IMG_7067Og eg fann meg nokre parfymer, sjølvsagt. Her ser du dagens fangst.

Ei lita gåve til ein trettenåring i familien, Kenzo Amour Florale, Paul Smith Floral, småprøver på Juliette has a gun Citizen queen og Miss Charming, Bulgari Omnia Green Jade, Delices de Cartier Eau Fruitèe, silkeband og prøve på Gucci Flora, prøve på Diesel Fuel for life (ja, du skal få den, Agnete…) Juicy Couture, Kenzo Amour Florale, Paul Smith Woman og kremprøver på Eau de Soir og Soir de Lune. Puh. Ein heil del, altså.

Afternoon tea

Ei av gårsdagens gleder var afternoon tea i tesalongen til Perch’s thehandel.

Afternoon tea er ei anretning som vart lagd for å fylle gapet mellom lunch og middag hos det engelske aristokratiet. Anna Maria Stanhope, hertuginne av Bedford, var hoffdame for og venninne av Dronning Viktoria, og ho seiest å vere oppfinnaren av dette velkomponerte måltidet.

IMG_6966Hos Perch’s fekk vi servert ein tradisjonell «tea tier» med tre etasjar.

Vi fekk tre typar sandwichar, agurk med kremost, laks med matchate og rekemousse.

Så fekk vi dei mest fantastisk saftige og smakfulle scones med piska krem, lemon curd og skogsbærsyltetøy. Eg må heim og prøvebake mi eiga sconesoppskrift på nytt, og finne ut kva eg må gjere for å få den til å likne meir på Perch’s si.

IMG_6967Til slutt, då vi eigentleg ikkje hadde plass til meir, sto kakene att, ein liten bakt marsipanhatt med sjokolade og ei sjokolademousse-kake med lime.

Teane vi drakk til var ein kvit yunnan og ein assam med krydder. Ja, og så eit glas Cremant til, sjølvsagt. Mmmm!

Ein deilig fredag

I dag blir det ikkje blomar frå heimen i Oslo, men frå København, naturleg nok. Blomane inne fekk dokke sjå tidlegare i dag, så no ynskjer eg dokke ei fredeleg og lang helg med denne baljen som eg fann i går.

Lyset er betre enn eg kunne ha arrangert sjølv, ettermiddagssol speila i vindauga på den andre sida av gata. Ein flott idé til dekorasjon, stilkane gjer at rosene held seg på plass. Varme helsingar til alle som stikk innom frå København!

IMG_6929

Ein tur til

Å, kor eg kosar meg i denne byen! Full av fine fotomotiv er den og. Eg ventar på Heidi, så i mellomtida postar eg nokre fleire bilde til dokke. (Eg har fått meg kortlesar, då gjekk eg rundt drivarproblemet, til dokke som hjalp og trøsta meg i påska…)

IMG_6937Ei utsikt i botanisk hage:

 

 

 

IMG_6933Dei slit med å få fart på den variegerte mynten sin i Botanisk. Jaja, noko skal vi vere åleine om å få til på Lindern og…

IMG_6942Fire dagar på same hotellrom, då må eg ha blomar på romet. Ein dansk femtilapp ga eg for desse, vasen er den minste hotellet fann.

When in Rome…

…do as the romans, har eg lært. Så eg syklar rundt i København, hotellet tilbyr utleigesyklar. Fine greier. Her er nokre københavnrelevante lenker:

Sykling i København (og andre fine byar): http://www.copenhagencyclechic.com/

Ein amerikanar i København: http://lbstadler.wordpress.com/

God stil i København: http://www.copenhagenstreetstyle.dk/

Ein dansk musikkblogg: http://docopenhagen.blogspot.com/

Ein liten tur i byen

IMG_6912Rhododendronane i Kongens have blomstrar.

 

IMG_6916

To andrikkar held lag.

 

 

IMG_6925Fint rom! 😀

Noko av det vakraste XVI

Cindy Lauper er ei av mine heltinner, ho skriv vakker og uttrykksfull musikk med tekster som rører meg. Time after time er i ferd med å bli ein moderne klassikar, det finst allereie ei lang rekke coverversjonar av den. Miles Davis var blant dei første til å plukke den opp, og han valde ikkje kva som helst.

Teksten på Time after time er vemodig, lengtande, full av ettertanke, etterpåklokskap kanskje, og kampvilje. Ei sterk oppmoding til å prøve igjen og å finne attende til kvarandre dersom det ein har er verd å kjempe for.

Laks, brennesle og eple – sommarmenyen er klar!

No nærmar sommaren seg med stormsteg, og sokkar i skoa har eg forlengst slutta med. Sola skin, og vi er klare for sommarmat. Heidi har som eg vore ute og plukka brennesle, og laga suppe. I tillegg har ho lagd nokre smarte foliepakkar med laks, og ei saftig tysk eplekake. I morgon bloggar eg frå København, det blir spennande å sjå kva byen viser oss denne gongen!

Alt godt

I barndommen brende vi oss ofte på brennesle som stod bak utedoen, fjøset og langs vegkantane og ikkje minst på setra. No når det er mindre dyr både på innmark og utmark og planta har vorte sjeldnare. Dette er truleg fordi all dyremøkka er vekk, og brennesle vil gjerne ha nitrogenhaldig jord.

Likevel det er liten tvil om at planta er verdifull, ho kurerer vårslappheit og har vore mykje brukt i folkemedisinen. Brennesle har høgt innhald av c-vitamin og jern og ho har endåtil blodrensande effekt. Kva meir kan vi ønskje oss! For bønder og andre som har rikeleg tilgang på planta er det eit nisjeprodukt. Dei som driv gardsmat må få  brenneslesuppe og sufflé på menyen. Bruk mi oppskrift på ostesufflé, men bytt osten ut med brennesle og få brenneslesufflé.

Når eg laga denne suppa så brukte eg ca 10 cm av planta målt frå toppen av. Brukar du større del av planta blir stilken gjerne grovare og er ikkje fult så god å ete. Desse fibra har vorte brukt til å veve stoff av. Du kan bruke berre blada, men eg brukte stilken og. Til denne porsjonen brukte eg ca. 80 gram nyplukka brennesle.

Legg nyplukka planter i ein stor balje med vatn og skyll dei godt. Rens ut svarte blad og forvell dei i kokande vatn i 3 minutt for så å ha dei over i kaldt vatn. No når planta er på sitt beste kan du henge opp bukettar til tørk. Dei tørka blada kan du legge på glas og bruke brennesle i supper og gryterettar heile vinteren gjennom.

Brenneslesuppe

2 store ss margarin

3 ss kveitemjøl

1 liter vatn

2 dl kremfløyte

2 ts buljongpulver

Ca 50-80 gram hakka forvella brennesler

Smelt margarinen og strø mjølet over. Tilsett vatn, kremfløyte og buljong. Kok dette under omrøring i ca 8 minutt slik at mjølsmaken forsvinn. Tilsett brenneslene til slutt. Dette er eigentlig utgangspunktet for andre supper og. Vil du bruke hakka forvella skvallerkål er det og ei svært god suppe. Skvallerkål har truleg dei fleste av oss rett rundt hjørnet. Bruk dei unge blada av skvallerkål.

Laks er sommarmat for mange av oss. Her er ei god oppskrift som kan lagast i god tid før gjestane kjem. Lag alt til på førehand og legg pakkane i omnen når gjestane går inn døra.

Laksepakke i aluminiumsfolie

Ca 800 gram laksefilet utan skinn og bein

Ein god smørklatt.

1 sellerirot

2-4 gulrøter

½ purre

2 stk neper

½ brokkoli

Litt tørka estragon

Litt sitronsaft

Salt og pepar.

Du må ha salt og pepar på bordet for det kan lett bli for lite.

Skjer fisken i 4×4 cm og legg nokre terningar på eit stykke aluminiumsfolie saman med ein god smørklatt. Skjer grønsakene i strimler og steik dei på steikepanna i ca 5-8 minutt og strø estragon, sitronsaft, salt og pepar over. Legg litt steikte grønsaker over lakseterningane og pakk folien rundt. Steik laksen i omnen på 180 grader i 20-25 minutt. Server kokte poteter og rømme til.

Litt kake må oss unne oss no om sommaren, og kva er vel betre enn å ete ei eplekake, medan vi venter på at våre eigne eple skal bli modne!

Tysk eplekake med kesam

125 gram margarin

200 gram sukker

3 eggeplommer

2 ½ boks kesam orginal

75 gram semulegryn

2 ss potetmjøl

1 ts vaniljesukker

1 ts bakepulver

4 epler

3 stivpiska eggekviter.

Set omnen på 175 grader. Rør margarin og sukker kvitt og tilsett eggeplommene. Ha i kesam og dei andre tørre ingrediensane. Skrell epla, skjer dei i tynne båtar og bland dei inn i deigen. Vend stivpiska eggekviter inn til slutt. Ha deigen i ei 26 cm rund form og steik kaka på nederste rille i 60 minutt på 175 grader. Legg då eit bakepapir på toppen og steik ho i 15 minutt til. Pass på og vurder sjølv. Kanskje du skal steike ho 10 minutt til dersom ho er svært geléaktig på toppen.

Nokre er like sprø som meg

-når det gjeld parfyme. Eg besøkte ei av mine duftande venninner i Grimstad, og her er bevisa. Eg trudde eg var sprø med min halve kvadratmeter med parfyme. Vertinna har omtrent så mykje som meg, men ho har eit minikjøleskap å ha dei i!!! Kult? 

IMG_6850Eg er ganske misunneleg, ja. Kunsten er altså å følge med når hotell pussar opp, og kastar ut gamle minibarar. Dei vert perfekte heime-parfymekjøleskap, til trygg oppbevaring av duftande skattar.

Her er mange kjende dufter, Narciso Rodriguez EdT, Dolce Vita, Delice de Cartier, Eau de Jatamansi og den lyse, lette Burberry Brit Sheer, som trettenåringen min kosar seg med. 

IMG_6852Her ser du heile samlinga, iallfall dei flaskene som det er noko storleik på.

L’Occitane Cedre er ei heilt magisk duft, basert på reine trenotar, og den er noko av det mest sexy eg kan tenke meg.

Kanskje helst på ein mann, men eg følte eg pusta gjennom armen min då eg hadde den på, så den funkar på damer og.

Den store irissåpa som ligg fremst luktar som ein heil sommarhage. Eg likar eigentleg ikkje så godt iris, men denne kunne eg sove med under puta. Nydeleg!

Dune oppdaga eg og litt på nytt, den er vaksen utan å vere pudrete og kjedeleg. Patchuly Dolce var og eit spennande møte, varmare og meir kompleks enn Cedre.

I bilen på veg attende til Arendal var vi vel kanskje noko trafikkfarlege, der vi sat og lukta på eigne og kvarandres armar. Deilig! 

Det regnar

– og eg tenker at eigentleg burde eg vere glad for det. Det er bra for hagen, for aspargesane, for blomane som står i ein pose ved inngangsdøra og ventar på å bli planta. For ikkje å snakke om dei som står der dei skal stå i bedet sitt, men enno ikkje er tekne ut av potta. Uff, eg har vore ein dårleg hagebrukar i år.

Men det regnar, det bergar dei kanskje til eg får avslutta korøvinga, generalforsamlinga, pakkinga, vitninga i retten, seminaret på danskebåten, foredraget om cash management (!!) på danskebåten, shoppingturen med Heidi i København, flyturen heim, rekneskapen og sjølvmeldinga. Puh. Kan verda bli normal etter dette, ver så snill?

Bruke opp skinke-prosjektet

Sa eg at vi hadde for mykje skinke? Først ein svensketur og så ein til gjer at det hopar seg opp. Det er billig å kjøpe, men dyrt å kaste, så her går mor i gang igjen. 

Denne gongen kombinerer eg skinka med brokkoli, og gratinerer dampa brokkoli med kvit saus tjukk av skinke. Dette er enkel og billig mat, alle likar den, og den er lett å variere.

IMG_6403Eg har lagd denne med bacon, med reker og med pølsebitar. Du kan og ha røykt raud fisk i sausen, som laks eller ørret.

Brokkoli kan byttast ut med blomkål eller purre, og eg har også gratinert dampa jordskokkar på denne måten. Droppar du skinke eller tilsvarande, er dette ein fin vegetarrett. Slik gjorde eg det:

IMG_6701Skinkegratinert brokkoli

 800 g (to «hovud») brokkoli

100 g ost

8 dl mjølk

2 ss smør

2 ss kveitemjøl

Salt, peppar og muskat

Set omnen på 200 grader. Skjer dei grovaste stilkane av brokkolien, og del opp bukettane til passe storleik. Kok opp godt salta vatn i ei gryte, og legg i brokkolien. La den koke i 3-5 minutt. Hell av vatnet, og la den dampe tørr.

IMG_6700Smelt smøret i gryta, rør inn mjøl og slå på mjølk. Rør glatt, og la det heile koke opp medan du rørar. Smak til med salt, peppar og muskat. Ta sausegryta av plata, og rør inn osten. Smak at sausen er passe salt. Eg har også gjerne i ein sprut sitron.

Skjer skinka i passe bitar, og ha dei i sausen. Ha brokkolien i ei eldfast form. Ha over skinkesausen. Har du litt ekstra ost, så strø den over før du set forma i omnen. Steik gratengen på 200 grader i 18-20 minutt. 

Server med rista brødskiver, og litt salat viss du har.

Ein fin tur

Vi har hatt ei deilig, lang helg på Sørlandet, med gode vener, god mat og turar hit og dit. I Grimstad hagla det, men heldigvis gjekk det fort over. På Mærdø vart vi solbrende, og spiste deilig is. Vi gjekk på tur i skogane på Hisøya, og såg på dei gamle NATO-anlegga, på fine hus i Sandviga og fann teppe av natt og dag. Fint! 😀

Vertinna langt der oppe:

IMG_6726

Natt og dag i fjøresteinane:

IMG_6733

No veit vi kvar han parkerer:

IMG_6738

Vakre sørlandet:

IMG_6836

Ein kjedeleg dag på jobben?

Det er berre ein ting å gjere: Skap di eiga moro. Slik som denne karen gjorde.

http://www.sol.no/klipps/video/flyvert_som_er_lei_av_rutiner

Det er ein første gong for alt…

I dag har eg for første gong i mitt liv gått inn i ein butikk og spurt: Du, har dokke slike boksar til å ha ammunisjon i? Ja, svarte mannen bak disken, og tok meg med til ammunisjonsbokshylla. Kva kaliber skal det vere då? spurte han. Eg anar ikkje, svarte eg, eg må sjå på dei først.

highresimageDer fann eg den mest perfekte oppbevarings-dingsen for parfymeprøver eg har sett nokon gong, så eg kjøpte klokeleg tre.

Mannen hadde tydelegvis greie på det han heldt på med, og fekk kanskje på eit eller anna tidspunkt kjensla av at det hadde ikkje eg.

Er du sikker på at dette er rett kaliber, spurde han då vi sto ved kassa, og eg skulle betale. Eg gir beng i kaliberet, eg skal ha den til å ha parfymeprøver i, sa eg. Det var nok første gong for han og, fekk eg inntrykk av, å selje ammunisjonsboksar til parfyme.

I desse fine boksane skal altså alle småprøvene mine få plass, sortert etter parfymehus, sesong eller notar, eg har ikkje bestemt meg enno.

Frankford Arsenal heiter vidunderet, til rifleammunisjon av kaliber 243 til 308. 39 kroner per boks var akkurat passe pris, syns eg. Jammen er vi lette å glede, vi damene! 😀

Fredagskveld

Når du les dette er vi i Arendal, utan datanett og har det sikkert heilt strålande. Vi held til i eit hus ikkje så langt frå havet, med utsikt til Torungen fyr.

Vertinna har sikkert bada, det kan eg love at eg ikkje har. Vi har vore inn til byen med båten, kjøpt god vin og mørt kjøt, eller kanskje litt kveite eller ferske reker, og nikosar oss. Eg fotograferer, slik at eg har noko å skrive om når eg kjem tilbake til den store byen.

IMG_4833Nelliken på bildet er det svigermor som brakte i hus. Nellikar er nedvurderte, det er flotte, fløyelsmjuke blomar som toler ein støyt.

Då søstra gifta seg var buketten hennar ein ball lagd av nellikar akkurat like metta raude som den svigermor tok med seg til meg.

Eg syns denne er nydeleg, og let den stå her og lyse opp bloggen min til eg kjem heim. I mellomtida ynskjer eg alle som kjem innom her ein fredeleg kveld. 

Litt bilstoff manglar i denne bloggen

Dei som kjenner meg veit at eg har vakse opp i ein bilverkstad. Dei som kjenner meg verkeleg godt veit at familien min har hatt to privatbilar. Den eine er ein Peugeot 404 Familiare, kjøpt i 1970, og parkert for godt etter at eg hadde den som russebil midt på åttitalet. Den andre, ein Seat, rullar og går for dei som bur i barndomsheimen framleis. Førarkortet tok eg som privatist, og eg er ein entusiastisk bilist. Skal det køyrast fort og lenge i vår familie, er det ofte eg som gjer det.

Eg har lurt på om vi skal sjå på ein miljøvennleg hybridbil neste gong vi skal ut på marknaden. Denne anmeldelsen av Honda sitt nye hybridvidunder har imidlertid gjort meg i tvil. Jeremy Clarkson, den bilglade programleiaren i Topgear, har hatt ein til uttesting, og gjeve si vurdering. Den var så morsom at eg må poste den her. Britar er utruleg slagferdige, nesten uansett kva dei skriv om, og her går det altså ut over ein stakkars Honda.

Much has been written about the Insight, Honda’s new low-priced hybrid. We’ve been told how much carbon dioxide it produces, how its dashboard encourages frugal driving by glowing green when you’re easy on the throttle and how it is the dawn of all things. The beginning of days.

So far, though, you have not been told what it’s like as a car; as a tool for moving you, your friends and your things from place to place.

So here goes. It’s terrible. Biblically terrible. Possibly the worst new car money can buy. It’s the first car I’ve ever considered crashing into a tree, on purpose, so I didn’t have to drive it any more.

The biggest problem, and it’s taken me a while to work this out, because all the other problems are so vast and so cancerous, is the gearbox. For reasons known only to itself, Honda has fitted the Insight with something called constantly variable transmission (CVT).

It doesn’t work. Put your foot down in a normal car and the revs climb in tandem with the speed. In a CVT car, the revs spool up quickly and then the speed rises to match them. It feels like the clutch is slipping. It feels horrid.

And the sound is worse. The Honda’s petrol engine is a much-shaved, built-for-economy, low-friction 1.3 that, at full chat, makes a noise worse than someone else’s crying baby on an airliner. It’s worse than the sound of your parachute failing to open. Really, to get an idea of how awful it is, you’d have to sit a dog on a ham slicer.

So you’re sitting there with the engine screaming its head off, and your ears bleeding, and you’re doing only 23mph because that’s about the top speed, and you’re thinking things can’t get any worse, and then they do because you run over a small piece of grit.

Because the Honda has two motors, one that runs on petrol and one that runs on batteries, it is more expensive to make than a car that has one. But since the whole point of this car is that it could be sold for less than Toyota’s Smugmobile, the engineers have plainly peeled the suspension components to the bone. The result is a ride that beggars belief.

There’s more. Normally, Hondas feel as though they have been screwed together by eye surgeons. This one, however, feels as if it’s been made from steel so thin, you could read through it. And the seats, finished in pleblon, are designed specifically, it seems, to ruin your skeleton. This is hairy-shirted eco-ism at its very worst.

However, as a result of all this, prices start at £15,490 — that’s £3,000 or so less than the cost of the Prius. But at least with the Toyota there is no indication that you’re driving a car with two motors. In the Insight you are constantly reminded, not only by the idiotic dashboard, which shows leaves growing on a tree when you ease off the throttle (pass the sick bucket), but by the noise and the ride and the seats. And also by the hybrid system Honda has fitted.

In a Prius the electric motor can, though almost never does, power the car on its own. In the Honda the electric motor is designed to “assist” the petrol engine, providing more get-up-and-go when the need arises. The net result is this: in a Prius the transformation from electricity to petrol is subtle. In the Honda there are all sorts of jerks and clunks.

And for what? For sure, you could get 60 or more mpg if you were careful. And that’s not bad for a spacious five-door hatchback. But for the same money

you could have a Golf diesel, which

will be even more economical. And hasn’t been built out of rice paper to keep costs down.

Of course, I am well aware that there are a great many people in the world who believe that the burning of fossil fuels will one day kill all the Dutch and that something must be done.

They will see the poor ride, the woeful performance, the awful noise and the spine-bending seats as a price worth paying. But what about the eco-cost of building the car in the first place?

Honda has produced a graph that seems to suggest that making the Insight is only marginally more energy-hungry than making a normal car. And that the slight difference is more than negated by the resultant fuel savings.

Hmmm. I would not accuse Honda of telling porkies. That would be foolish. But I cannot see how making a car with two motors costs the same in terms of resources as making a car with one.

The nickel for the battery has to come from somewhere. Canada, usually. It has to be shipped to Japan, not on a sailing boat, I presume. And then it must be converted, not in a tree house, into a battery, and then that battery must be transported, not on an ox cart, to the Insight production plant in Suzuka. And then the finished car has to be shipped, not by Thor Heyerdahl, to Britain, where it can be transported, not by wind, to the home of a man with a beard who thinks he’s doing the world a favour.

Why doesn’t he just buy a Range Rover, which is made from local components, just down the road? No, really — weird-beards buy locally produced meat and vegetables for eco-reasons. So why not apply the same logic to cars?

At this point you will probably dismiss what I’m saying as the rantings of a petrolhead, and think that I have my head in the sand.

That’s not true. While I have yet to be convinced that man’s 3% contribution to the planet’s greenhouse gases affects the climate, I do recognise that oil is a finite resource and that as it becomes more scarce, the political ramifications could well be dire. I therefore absolutely accept the urgent need for alternative fuels.

But let me be clear that hybrid cars are designed solely to milk the guilt genes of the smug and the foolish. And that pure electric cars, such as the G-Wiz and the Tesla, don’t work at all because they are just too inconvenient.

Since about 1917 the car industry has not had a technological revolution — unlike, say, the world of communications or film. There has never been a 3G moment at Peugeot nor a need to embrace DVD at Nissan. There has been no VHS/Betamax battle between Fiat and Renault.

Car makers, then, have had nearly a century to develop and hone the principles of suck, squeeze, bang, blow. And they have become very good at it.

But now comes the need to throw away the heart of the beast, the internal combustion engine, and start again. And, critically, the first of the new cars with their new power systems must be better than the last of the old ones. Or no one will buy them. That’s a tall order. That’s like dragging Didier Drogba onto a cricket pitch and expecting him to be better than Ian Botham.

And here’s the kicker. That’s exactly what Honda has done with its other eco-car, the Clarity. Instead of using a petrol engine to charge up the electric motor’s batteries, as happens on the Insight, the Clarity uses hydrogen: the most abundant gas in the universe.

The only waste product is water. The car feels like a car. And, best of all, the power it produces is so enormous, it can be used by day to get you to 120mph and by night to run all the electrical appliances in your house. This is not science fiction. There is a fleet of Claritys running around California right now.

There are problems to be overcome. Making hydrogen is a fuel-hungry process, and there is no infrastructure. But Alexander Fleming didn’t look at his mould and think, “Oh dear, no one will put that in their mouth”, and give up.

I would have hoped, therefore, that Honda had diverted every penny it had into making hydrogen work rather than stopping off on the way to make a half-arsed halfway house for fools and madmen.

The only hope I have is that there are enough fools and madmen out there who will buy an Insight to look sanctimonious outside the school gates. And that the cash this generates can be used to develop something a bit more constructive.

The Clarksometer

Honda Insight 1.3 IMA SE Hybrid

Engine 1399cc, four cylinders

Power 87bhp@5800rpm

Torque 89 lb ft @ 4500rpm

Transmission CVT

Fuel 64.2mpg (combined)

CO2 101g/km

Acceleration 0-62mph: 12.5sec

Top speed 113mph

Price £15,490

Road tax band B (£15 a year)

Clarkson’s verdict

 Good only for parting the smug from their money

Meir språkmoro

Frå «mein Berliner Bruder» har eg fått denne samtalen. Eit kroneksempel på språkleg samarbeidsevne frå begge partar.

Protocol of a phone call between guest and room-service in a hotel somewhere in Asia:

Room Service: «Morny. Ruin sorbees.»

Guest: «Sorry, I thought I dialled room-service.»

Room Service: «Rye…Ruin sorbees…morny! Djewish to odor sunteen??»

Guest: «Uh…yes…I’d like some bacon and eggs.»

Room Service: «Ow July den?»

Guest: «What??»

Room Service: «Ow July den? …pry, boy, pooch?»

Guest: «Oh, the eggs! How do you like them? Sorry, scrambled please.»

Room Service: «Ow July dee baychem…crease?»

Guest: «Crisp will be fine.»

Room Service: «Hokay. An san toes?»

Guest: «What?»

Room Service: «San tos. July san toes?»

Guest: «I don’t think so.»

Room Service: «No? Judo one toes?»

Guest: «I feel really bad about this, but I don’t know what «judo one toes» means.»

Room Service: «Toes! toes! …why djew Don Juan toes? Ow bow singlish mopping we bother?»

Guest: «English muffin!! I’ve got it! You were saying «Toast». Fine. Yes, an English muffin will be fine.»

Room Service: «We bother?»

Guest: «No, just put the bother on the side.»

Room Service: «Wad?»

Guest: «I mean butter…just put it on the side.»

Room Service: «Copy?»

Guest: «Sorry?»

Room Service: «Copy…tea…mill?»

Guest: «Yes, coffee please, and that’s all.»

Room Service: «One Minnie. Ass ruin torino fee, strangle ache, crease baychem, tossy singlish mopping we bother honey sigh, and copy…rye??»

Guest: «Whatever you say.»

Room Service: «Tendjewberrymud.»

Guest: «You’re welcome.»