I dag kjem eg med eit lite tips for oss som driv med compact living midt i byen. Det er ei utfordring at husveret vert fylt opp med ting av større eller mindre verdi. Mykje får ein seg ikkje til å kaste, det ligg mange fine minne i ting som barna våre har fått eller laga. For mine barn har eg laga minneesker. Ei eske per barn per to år tek vi vare på, så no har vi Agnete 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12, 12-14, 14-16 og no har eg nettopp kjøpt ny til 16-18. Vemund har 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12 og 12-14. Dei som er i bruk no (12-14 og 16-18) står i bokhylla, resten står i vår tørre kjellar. I desse eskene har vi alt som har vore verd å ta vare på gjennom desse åra og som får plass i eskene. I 0-2-eskene har vi den første tannbørsten, favorittsmokken, bursdagskort, bilde, namnedagskjole, dei første nike-skoa og masse anna. Vidare oppover har vi fortsatt med bilde og bursdagskort, og supplert …