Gratinerte fajitas
Gratinerte fajitas er ein av mine middagsfavorittar. Du tek tortillalefser, fyller dei med det du syns er godt, og bakar rullane i omnen med tomatsaus og ost. Eigentleg er det eit perfekt alternativ til den evig tilbakevendande fredagstacoen. Dette er ein rett som kan gjerast enkel eller meir avansert, alt etter tida ein har tilgjengeleg. I dag har eg gjort det grundig, med heimelaga tortillas og meksikansk krydderblanding. Med heimelagde tortillalefser har du kontroll på kva du får i deg, og du får fersk, god vare. Slik gjer du det: Tortillas 6 dl kveitemjøl 1 ts salt 1/2 ts bakepulver 4 ss rapsolje 2 dl nykokt vatn Bland mjøl, salt og bakepulver i ein romsleg bolle. Ha i oljen, og gni den inn i mjølblandinga til deigen er smuldrete. Slå på det kokte vatnet, og bland det heile til ein jamn deig. Du kan også gjere dette i ei matmølle. Del deigen i tolv delar, form dei til flattrykte ballar, pakk dei inn i plast kvar for seg og legg dei i kjøleskapet ein halvtimes …