Author: Alt godt

Fruktcrumble – og litt matøkonomi

På bursdagsfesten til sekstenåringen serverte eg ein fruktcrumble som eg lagde med dei fruktene eg hadde i huset. Eg hadde eple, plommer og mango, og det vart ein fin balanse mellom aromatiske eple, syrlege plommer og den søte mangoen som heldt på å bli overmoden. Toppingen på ein crumble (eller smuldrepai) må vere god, elles vert den kjedeleg. Det finst mange variantar av denne, og på søndag lagde eg heilt min eigen. Eg har tidlegare fortalt om kor glad eg har blitt i brødbakemaskinen vår. Ulempa med ein brødbakemaskin er at med kvar omgong brød vert det ein liten del som er litt «ukurant». Det er den delen av brødet som sit der kniven hamnar. Der kniven sit når brødet er ferdig vert nemleg ei lita hole i brødet, og akkurat rundt der er det ikkje så lett å skjere fine skiver. Min kjære kom opp med idéen om at ein kunne lage brødterningar av dette. Det går fint å lage krutongar av slike restar. Men hans forslag var meir spennande. Han hadde vakse opp …

Sjokoladekake med fudge-krem

Sekstenåringen hadde bursdagen sin for eitt par veker sidan, men på søndag hadde vi stor familiefest for henne. Favorittgodteriet hennar er fudge, dei firkanta karamellterningane som du får kjøpt i godtedisken. Difor planla eg å lage ei kake der eg brukte fudge i kaka. Eg endte opp med denne sjokoladekaka, som vart fylt og dekt med ein krem der fudge spelte ei hovudrolle. Og den vart god! Stor suksess blant både store og små. Eg brukte kaffe i kremen, sjølv om eg sjølv ikkje er nokon kaffefan. Men det vart akkurat passe, ikkje for mykje kaffesmak, men nok til at kremen fekk litt fyldigare smak. Vil du ikkje bruke kaffe kan du løyse opp fudgen i mjølk. Slik gjorde eg det: Sjokoladekake 100 g smør 200 g kokesjokolade 250 g sukker 4 egg 175 g  mel 2 ts bakepulver 1 ss vaniljesukker 50 g kakaopulver 2 dl mjølk Smelt smør og sjokolade saman. Ta blandinga av plata, og la den kolne litt. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman mjøl, kakao, bakepulver og vaniljesukker. …

Av og til har ein berre flaks.

Som med desse rosene, dei kom i hus forrige helg, laurdag var det. Kjæresten min treiv dei med seg, dei sto utanfor ein butikk i nabolaget og var sett ned til halv pris. Dei ville vel bli kvitt dei før helga. Her hos meg har dei ikkje fått noko særskilt stell, anna enn litt næring i vatnet. Men dei lever framleis, og det ser ut til at dei trivest. Andre roser som har kome i hus har hunge med hovudet etter to dagar, men desse står like ranke og opnar seg slik at vi verkeleg får beundre dei. Ein kan ikkje vite på førehand kva for nokre som er bra. Å vurdere dette i butikken har eg store problem med. Det er først når dei kjem heim og får ro og fred at du ser om det fungerer. Nesten som med menneske. Av og til har eg berre flaks. 🙂

Pinnebrød på skogstur

Det hjelper på humøret å kome seg ut litt. Ein treng ikkje dra så langt, finn deg ein liten skog i nærleiken der du kan dra med bålpanne og pølser og late som om dokke er på langtur. Kakao på termos og marshmellows til å grille høyrer også med. Eg likar å bruke litt ordentlege pølser når vi dreg på slik tur. Bratwurst og ostepølse passar perfekt til bålgrilling, tre dei på ein pinne og surr litt brøddeig rundt. Då får du pølsebrødet klart når pølsa er ferdiggrilla. Det går også an å lage berre pinnebrød, utan pølsa i midten. Når eg lagar pinnebrød lagar eg ein smakfull deig. Eg brukar olivenolje, krydder og litt maltekstrakt i deigen. Det gjev gjæra god næring, og gjev også det ferdige brødet ein rund og god smak. Det går også fint å lage deigen dagen i førvegen, og la den heve i kjøleskapet. Lag ein pizzadeig med dobbel porsjon kvelden før, server ein god pizza til familien og legg halvparten av deigen i ein olja boks i kjøleskapet …

Krema, gratinert fisk

Eg leitar alltid etter lure måtar å bruke restar på. I går hadde eg trippelt med restar. Eg hadde fisk frå søndag og tirsdag i ein boks. Det eine var den bakte torsken, det andre var ein deilig seibiff som min kjære lagde på tirsdag. I tillegg til dette hadde eg heimelaga potetmos ståande, også den frå søndag, og fire kokte poteter frå seimiddagen. Eg hadde også ein slant kvitvin ståande att, den var blitt i overkant syrleg. Fiskerestar er ikkje så lette å bruke på ein fornuftig måte, iallfall ikkje dei steikte. Er dei kokte kan det alltids bli plukkfisk, ein grateng eller ei suppe.  På ein måte liknar denne retten på ein slags sheperd’s pie, berre med fisk. Har du fiskerestar ståande ein dag så prøv denne. Det er ikkje så gøy med kald seibiff på brødskiva. Slik gjorde eg det: Krema, gratinert fisk 500 g restar av steikt, kvit fisk To paprika, raude Ein stor løk 3 dl kremfløte 1 ts kalvefond 1 ts tomatpuré 1 dl vatn, kvitvin eller eplejuice Timian, salt, …

Eggesalat med bacon

Egg og bacon er ein fin frukost, men viss ein ikkje har planlagt godt nok, og er mange til frukost, er det ikkje sikkert ein har nok til alle. Då kan du gjere som meg, og lage denne deilige eggesalaten med bacon i staden for den eksklusive steikte varianten. Då rekk tre-fire striper bacon og tre egg til ein heil familie. Eggesalaten er kjempegod på rista brød, og får ein lekker gulfarge utan karri. Eg brukte bacon i ferdige bitar, men du kan godt klippe bitar av baconstrimlar eller bruke omelettbacon. Denne salaten er også fin til fingermat, på bildet har eg lagt den opp på små bruscettaer. Då er den perfekt som eit tiltygg til eit glas kjøleg vin. Slik gjorde eg det: Eggesalat med bacon 3 egg, hardkokte 100 g finhakka bacon 8-10 sukkererter 5 skiver sylteagurk, finhakka 4 ss majones 1 ts provence-krydder 1/2 ts paprikapulver 2 ss sylteagurkkraft Grasløk eller vårløk om du har Salt og peppar Sprøsteik baconet, og set det til side. Del dei kokte egga på kryss og …

Bakt torsk med tomatsaus og løk

Dette er ein veldig enkel måte å tilberede torsk på, eg brukte ein av dei fine ryggfiletane frå Storm. Du kan lage dette med andre typar kvit fisk og. Som det brukar å vere med meg byrja det med restar. Eg hadde opna ein boks hakka tomatar her om dagen, og berre brukt ein tredjedel. Etter laurdagskosen sto det att ei flaske kvitvin og, den var av det søtlege slaget, ein Gewürtztraminer. Deilig til ost, men dagen derpå var det ingen som ville ha den. Då kom eg på ein tomatsaus eg lagde ein gong der eg kokte inn vin og tomatar til ein tjukk saus. Den vart utruleg god, så eg kom til at dette var dagen for å gjenta den suksessen. Slik gjorde eg det: Bakt torsk med tomatsaus og løk 400 g torsk 2/3 boks hakka tomatar 1,5 dl halvtørr kvitvin Ein kvist timian Salt og peppar Ein stor løk Smør til steiking Mjøl til å vende fisken i Set omnen på 200 grader. Køyr tomatane glatte med ein stavmiksar. Kok opp …

Ein må ikkje gå på ski….

sjølv om det er sol og fint ute! Finn deg ei slette, og lag eit kunstverk. Du må berre sjå denne filmen. Den er så vakker!

Vårvindauge

Dette flaskestativet har eg stor glede av når eg skal pynte vårvindauget mitt på ein enkel og rimeleg måte. Tulipanar er takknemmelege no på denne tida, men for at det skal gi ein flott visuell effekt er det fint med mange. Det blir ofte dyrt. Eit alternativ er å kjøpe ein bukett, og sette kvar tulipan i ein slank vase slik som her. Nokre ville kanskje kalle dei flasker. Eg har over tjue av dei, dei kostar ein tiar på IKEA, og gjer seg fint på eit stort festbord. Dei har vore med på mykje moro, desse flaskene her. I tillegg til tulipanen kjøpte eg ei grein med voksblomst. Dei er små og gjer ikkje så mykje av seg ein og ein blome, men på ei grein er det mange kvistar som kan fordelast ut over slik eg har gjort her. Då har ein plutseleg våren i vindauga når sola skin sjølv om det berre er februar. Dette er også ein fin måte å arrangere blomar på eit festbord på. Kutt då gjerne stilkane litt …

Kokebøker på Mammutsalget 2012

Det har etter kvart vorte ein tradisjon at eg presenterer matbøker som ein bør få med seg på årets Mammutsalg. Eg får mange kokebøker til gjennomlesing, og då er det greitt å formidle kva av dei som er verd å ta vare på, og kva ein bør la fare. Vilt og velsmakende av Brith Bakken er ei fin bok viss du av og til får vilt i huset. Den har mange gode oppskrifter med nye vriar på kjende tema, og fine bilde. Alt som kan haustast i naturen, både bær, sopp, fisk og vilt finn du oppskrifter på her. Boka er ei nyutgjeving av ei gamal bok, så viss du syns tittelen høyrest kjend ut, så sjekk i hylla før du handlar. Har du den ikkje frå før, så er denne boka vel verd pengane. Stor kokebok for større og mindre husholdninger av Henriette Schønberg Erken er verkeleg den store Schønberg Erken-boka. 920 sider, ikkje noko knussel her. Bestiller du denne i posten heim bør du ta bil, for ho er tung. Men det er …

The quite quiet project

Lisa Dillan er ein sangar eg har høyrt på mykje oppigjennom. Ho er utdanna jazzsangar, er opprinneleg frå Bodø, og har jobba mykje med improvisasjon og samtidsmusikk i ulike konstellasjonar. Sidan 2009 har ho saman med Asbjørn Lerheim utforska Elvis Presley sitt univers gjennom the quite quiet project. Det har no materialisert seg i ei plate der dei har fått med seg nokre av musikarane som spelte i bandet til Elvis Presley, David Briggs på flygel, Reggie Young  på elektrisk gitar, Norbert Putnam på bass and Paul Leim på trommer. Eit skikkeleg stjernelag, altså. Men den største stjerna er Lisa sjølv. Ho syng Elvis sine sangar så tårene renn, med hjarta utanpå kroppen, og ho får ein forelska tulling som meg til å be til guden eg ikkje trur på om at eg må sleppe å oppleve dramaet i desse tekstane. Plata heiter Love me tender – the quite quiet way. Løp og kjøp! (Og ta med kleenex.) Du kan til og med høyre dei live denne helga, laurdag spelar dei i Jakob kyrkje og søndag …

Snart er det over!

Snart er vinteren over. Eg kan ikkje seie eg gruar meg til det. Utanfor jobben min såg eg iris som hadde skote opp blad i dag, det gjorde meg lukkeleg! Men inntil vi kan sparke av oss ullsokkane og vinterskoa kan du jo kose deg med denne fine sangen og filmen. Klassisk britisk julebarne-tv. Peter Auty syng, han vart ikkje kreditert som sangar før filmen vart utgjeven i remastra utgåve tjue år etter utgjevinga. Aled Jones (og mange andre) syng på ein cover-versjon av Walking in the air som er meir kjend. Howard Blake har skrive musikken.

Pannekakedagen

I dag er det feitetysdag, dagen før askeonsdag då fasta for alvor vert innleia. I Norge er det tradisjon for å spise feit mat denne dagen, det vanlegaste er rømmegraut. I dei anglosaksiske delane av verda derimot, er dagen i dag pannekakedagen. Og sidan eg er åleine til middag i dag er det enkelt med pannekaker. Då lagar eg røra klar, steiker dei eg vil ha, og så står ei mugge med røre klar i kjøleskapet til dei som kjem seint heim. Slik lagar du mine gode pannekaker: Pannekaker 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med …

Eit skred

Dei siste to vekene har eg opplevd noko eg berre kan beskrive som eit besøksskred i bloggen. Denne bloggen har aldri vore nokon stor besøksmagnet, men eg har mange faste lesarar, og det er eg veldig glad for. Nokre få gongar har eg blitt lenka til av VG, og då har besøkstala gått i taket. Men eg har tydelegvis ikkje skjønt VG-koden, for no har det ikkje skjedd på veldig lenge. I det siste har dei besøkande ramla inn her i store mengder, hovudsakleg fordi dei får treff på søk etter stoff om fastelaven. Eg kan ikkje underslå at eg syns det er interessant. I det sekulære samfunnet vi lever i, der fråtsing og «må-ha»-kultur er daglegdags, interesserer altså folk seg for tradisjonane rundt faste. Kvifor det er slik veit eg ikkje, men eg vonar det er av andre grunnar enn at dei gjerne vil lage krembollar. Personleg er eg ikkje særleg religiøs av meg, men eg syns det er spennande å ta vare på kulturarven vår, også dei kristne elementa i den. Å vite kva …

Dei beste fastelavensbollane

Her er mi oppskrift på dei beste fastelavensbollane. Eg er jo totalt inhabil til å vurdere om dei er best, men eg har iallfall prøvd og feila ein del for å kome fram til denne oppskrifta, så du kan styre unna dei verste tabbane ved å bruke denne. Du kan bake dei som vanlege bollar, eller sette dei i krans og lage ein fastelavenskrans av dei. Fyllet eg har laga liknar på det du kan få i Sverige, då kallar dei bollane for semlor. Då riv du marsipan, og blandar i kremen. Deilig! Slik gjer eg det: Fastelavensbollar 600 g /11-12 dl kveitemjøl 3,5 dl mjølk 1 pk gjær til søt deig 100 g smør 100 g sukker 1 ts bakepulver 1 ts kardemomme 1 ts salt 1 egg 3 dl kremfløyte 2 ss melis 1 ts vaniljesukker 100 g riven marsipan Ha mjølet, saltet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse. Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i …

Spinatfylt kotelettkam med bakt paprika

I gode slaktarforretningar kan du få ein utbeina kotelettkam som ikkje er skoren i skiver. Dette er eit mørt og godt stykke svinekjøt, som det er lett å lage gode ting med. Eg hadde ein pose spinat liggande, og nokre paprikaer som heldt på å bli rynkete og triste. Dermed vart det spinatfylt kotelettkam med bakt paprika som tilbehør. Vi er glade i saus her i huset, og det fine med denne retten er at det blir mykje deilig sjy som du kan lage ein god saus av. Dette er ein fin søndagsmiddag. Det tek litt tid å lage den, men den spinatfylte kotelettkammen smakar fortreffeleg. Samstundes får ein lurt barna til å spise spinat. What’s not to like? Slik gjorde eg det: 1 kg utbeina kotelettkam 150 g fersk spinat 2 ts paprikapulver 1 ts tørka salvie 4 paprikaer, raude eller gule Olje og smør til steiking Salt og peppar Til sausen: Sjy frå spinat, kjøt og paprika 3 ss crème fraîche 2 ts rognebærgelé Vatn Sett steikeomnen på 180 grader. Skyll og tørk …

Kjølebenk og stolar gis bort

Har du bruk for desse? Ta kontakt på mailadressa til høgre. Dette er ein kjøle-/varmedisk: Desse stolane har vi fire av:

How sweet it is to be loved by you

Eg måtte berre sjekke, kvar var vi i fjor? Og då fann eg denne bloggposten. Det er framleis like sweet to be loved by you. 🙂

Pasta med raud pesto, squash og spinat

Guten min bestilte pasta til middag, og så vart eg inspirert av ein vegetarblogg eg var innom, som oppmuntra til no-meat-Monday. Det var jo ein fin tanke! Denne pastaretten vart iallfall spist opp, og det er alltid eit godt teikn. Slik gjorde eg det: Pasta med raud pesto, squash og spinat 500 g pasta, til dømes gnocchi eller fussili 3 ss raud pesto Ein squash 100 g fetaost 100 g vaska og tørka spinat Olivenolje til steiking Salt og peppar Sett pastavatnet på kok med godt med salt i. Del squashen på langs, fjerne frøa i midten med ein epleutstikkar og del den i passe store bitar. Kutt spinaten i strimlar. Steik squashen i godt med olivenolje slik at den vert gyllen. La den renne av på eit handklepapir på ein tallerken. Kok pastaen, og når den er ferdig heller du av alt kokevatnet unntatt litt (ca. 1 dl) som du tek vare på. Rør pestoen ut i dette kokevatnet. Vend den utspedde pestoen inn i pastaen, og så dei strimla spinatblada. Legg lokket på …

Å, du må gjere dette!

Gå på http://www.google.no og trykk på playknappen inni bilderamma! Eg fekk tårer i augene. Den er så fin!

Ein svensk klassikar – sjømannsbiff

Eit viktig oppdrag førte meg til Sverige på laurdag, det var ein strålande fin tur med fine damer som reisefølge og ny kunnskap om geografien både i Austfold og Akershus. For ikkje å snakke om Väst-Värmland. I Charlottenberg stoppa vi på Olav Thon sitt staselege kjøpesenter, og vi tilbrakte litt tid i kjøttdisken der. Noko av det som vart med meg heim var ein pakke med sjømannsbiffar. Eg er litt oppteken av namn, så desse flate, tynne biffane måtte bli med heim. Vel heime googla eg, og fann ut at sjømannsbiff er ein tradisjonsrik svensk byssemiddagsrett. I byssa på ein båt har ein ikkje staselege komfyrar og mykje utstyr, det du lagar må kunne skje på eit bluss og med ei gryte. Så no har eg lese meg igjennom ei lang rekke sjømannsbiffoppskrifter, og konstruert mi eiga, som eg vonar du vil like. Til sjømannsbiff treng ein ikkje det aller møraste kjøtet, så mørbrad eller bankekjøt går fint. Kjøtet skal skjerast tynt, og gjerne av eit stort stykke slik at skivene vert fine og lange. …

Morsdagskake i særklasse

Denne brownies-kaka blir best av at du lagar den enten dagen før eller tidleg om morgonen. Den bør stå nokre timar for at smakane skal få blande seg. Eg har sett variantar av denne kaka under ulike namn. Den er ei bearbeiding av det enkelte kallar turtle brownie, altså brownie med karamelltopping eller karamellbrownie. Her er brownien dobbelbakt, altså først ein porsjon med røre som vert steikt, så karamelltopping og så til slutt eit nytt lag med røre, og så steiker du kaka ferdig. Du kan variere med kva nøtter du har i kaka. Dei kan til dømes godt vere salte. Peanøtter er kjempegodt, men då kan du droppe saltet i karamellen. Eg brukte ein pose med «julenøtteblanding» som låg att her, den inneheldt både valnøtter, salte peanøtter og mandlar. Slik gjorde eg det: Karamellbrownie  Brownie-deig  100 g kokesjokolade 150 g smør 200 g sukker 3 egg 2 ts vaniljesukker 2 ss kakaopulver 100 g mjøl 1/2 ts salt  Karamellsaus/fyll  100 g sukker 60 g lys sirup Ei klype salt 1/2 dl kremfløte Sett steikeovnen …

Morsdagskos

På søndag er det morsdag, og mødrene rundt om i landet fortener å bli sett pris på syns eg. (Meiner du eg er inhabil? Jepp, eg er heilt einig.) Uansett: Det er utruleg koseleg å bli vekt av ein god kopp te eller kaffe, og kunne kome ned til ferdig frukost. Her er eit forslag til korleis du kan lage ein fin morsdag for den mammaen du bur saman med. Til frukost kan du servere bakte egg. I morgon skal du få oppskrift på ei knallgod brownies-kake til ettermiddagskaffen. Pass på at det du treng vert handla inn dagen før. Det meste av dette har ein kanskje i huset, men sjekk at du har nok egg, og syt for at du har bacon i hus. Å bake egg høyrest kanskje rart ut, men det er faktisk ein veldig enkel måte å servere frukostegg til mange på. Du må finne nokre små eldfaste skåler. På fransk heiter ei slik form cocotte, og difor heiter retten oeuf cocotte på fransk. Mange har «kokottar» i huset, dei vert …

Denne bloggposten riv hjarta mitt ut. At det går an å ha det så forferdeleg gjennom ein fødsel!