Author: Alt godt

Ledig i ettermiddag?

Og du er i Oslo? Då har eg eit forslag til deg. Denne veka, torsdag og fredag, framfører Oslo-filharmonien Mahlers åttande symfoni. Det er eit fantastisk verk, med kor, solistar og heile bøtteballetten. Min tidlegare korkollega Marianne Kielland er alt-solist, og ho har bortimot den vakraste røysta eg veit om. I dag er det open, gratis generalprøve! Møt opp ved hovudinngangen til Konserthuset før klokka fem, og få med deg denne flotte produksjonen. Å vere til stades på ei generalprøve er også gøy fordi du får eit inntrykk av korleis dirigenten, i dette tilfellet Jukka Pekka Saraste, arbeider med kor og med orkester. Det er utruleg spennande å oververe. Så viss du har tid, og er i Oslo, så er dette noko du definitivt bør få med deg. Ha ein fin dag!

Sursøt grønsakssuppe

Eg veit ikkje om denne tittelen vart så veldig freistande, men suppa eg lagde her om dagen vart iallfall veldig god. Som så ofte før kom den til etter ei opprydding i kjøleskapet, min favorittmetode for å lage mat, som den elendige planleggaren eg er. Eg brukte rivjernet på matmølla mi, og på den måten gjekk det utruleg raskt å lage denne suppa. Du kan godt lage den ved å kutte alt i bitar på manuell måte. Dette er ei stor oppskrift, det vart over tre liter suppe. Rikeleg til seks svoltne, altså. Droppar du fløten er denne suppa mjølkefri. Slik gjorde eg det: Sursøt grønsakssuppe 1 stor søtpotet 4 gulrøtter 1 stor, gul løk 1 pastinakk 3 stilkar stangselleri Olje til steiking 4 ss sursøt chilisaus 4 ss grønsaksfond Ca. 1 liter vatn 2 dl kremfløte Salt og pepar Rens og riv eller finhakk alle grønsakene. Varm opp oljen i ei stor gryte. fres grønsakene i nokre minutt. Slå på vatnet, og ha i fond og sursøt chilisaus. La dette koke opp, og koke …

Gje-bort-dag!

Av ein eller grunn har eg kome på mailinglista til ei messe som heiter Gjør din bolig bedre. Den går av stabelen på Hamar helga 17.-19. februar. Messa er sikkert fin, den. Det er berre at eg er ikkje på Hamar den helga. Men eg har fått ein bunke fribillettar! Viss du er på Hamar eller har tenkt deg til Hamar den helga, og kan tenke deg å gå på messa så vil eg meir enn gjerne gje deg min fribillett. Legg inn ein kommentar under her, og så får du den tilsendt til den mailadressa du oppgir.

-Og når er morsdag i 2012?

I serien Alt godt minner om merkedagar har vi i dag kome til morsdagen. Morsdag for 2012 er førstkomande søndag, altså andre søndag i februar. Datoen er 12. februar. Og ja, eg kjem tilbake med oppskrifter som gjer at dei som bur saman med desse fine mødrene sine kan gjere mødrene lykkelege med god mat og søtsaker. Heilt sikkert. 🙂

Blodappelsinene er her! Dei smakar himmelsk, kjøp ein pose og lag deg ein god dessert med friske, saftige blodappelsiner.

Forfallsestetikk

Tidlegare syntest eg det med avskorne blomar inne berre var trist. Dei døydde så fort. Eg klarte ikkje å passe på dei, og samstundes levde eg eit hektisk liv, så eg fekk ikkje tid til å nyte dei noko særleg. Med åra har eg i større grad lært meg å kose meg med blomane så lenge dei står. Enkelte blomar er også fine i det dei døyr. Tulipanar er slik, dei døyr utruleg vakkert. Sjå på desse, som har stått ei veke i vindauget. Dei er som fuglefjør som slyngar seg ut frå stilken. Fargen lysnar og kronblada vert nesten gjennomskinelege. Alt må døy ein gong, ein må berre lære seg å nyte livet medan det er her.

Come to mama

Vel, det har eigentleg allereie komt. Her om dagen gjorde eg eit innkjøp som eg har hatt lyst til å gjere lenge. Dette lekre objektivet vart mitt. Eg har lenge vore ein fotoamatør, og det er eg verkeleg framleis. Men med tida har eg sakte men sikkert fått meg litt betre utstyr. No har eg eit Canon 500D kamera med standardlinse, og i tillegg har eg eit 30 mm Tamron fastobjektiv som kan ta bilde under dei mørkaste tilhøve. Dette objektivet, Canon EF-S 17-55mm f/2.8 IS USM, har stått på ønskelista mi lenge. Det tek utruleg klare og fine bilde, og ikkje minst gir det ein fleksibilitet som standardobjektivet ikkje mestrar. Så viss det framleis er dårlege bilde i bloggen er det ikkje lenger kameraet eller objektiva sin feil. Då er det fotografen det er noko gale med. 🙂  

Ein smart dings

Denne innretninga har vore her i huset lenge. Kvar den kjem frå veit eg faktisk ikkje. Men den er veldig smart. Opprinneleg vart den kjøpt for å ha til å oppbevare sko i, hekta på ivarhyllene i kjellaren. Etter kvart vart bruken endra. No heng den i augeskruar under skrivebordet på arbeidsrommet, og passar på ledningar, ein ruter og forskjellig anna rusk som vert liggande under eit skrivebord. Eg har ikkje sett slike som denne etter at den var kjøpt, og eg kan heller ikkje huske kvar den vart kjøpt. Den kan sjå ut som noko som kan kome frå Clas Ohlson eller liknande, men der har dei den tydelegvis ikkje no. Har du sett slike i butikkane? Sannsynlegvis er dei merka som skohyller, men dei kan altså brukast til meir enn det.

Saftige nøttescones

Heidi ga meg denne oppskrifta for lenge sidan, den må du ha i bloggen din, sa ho. Sidan då har den lege og vansmekta på kjøkkenet mitt. Men laurdag morgon kom eg på at eg ikkje hadde bakt brød kvelden før. Då passa det godt med Heidi sine scones. Scones er bakverk som vert heva med bakepulver, og treng dermed verken heve eller kvile. Det skal rett i omnen etter at deigen er rørt saman. Tradisjonelt vert scones servert til Afternoon tea, men her i huset fungerer dei altså også perfekt som frukostbrød. Då eg opna kjøleskapet fann eg ein halvliter med melonyoghurt, og den fekk vere med i scones-deigen. Den erstatta sukker i min deig, elles kan du godt ha litt sukker i deigen. I Heidi si oppskrift er det også rosiner, men det droppa eg. Heidi si oppskrift er stor, og eg var i eksperimenteringsmodus, så eg lagde full porsjon, og putta halvparten i kjøleskapet for å sjå om scones som hadde kvilt i eit døgn vart etande. Det gjekk fint, det var …

Søt sitrussalat

Til dessert i dag serverer eg ein sitrussalat, no når sitrusfruktene er på det beste. I butikken fann eg blodappelsin, vanleg appelsin og rosa grapefrukt, det gir eit fint fargespel og ein god smaksvariasjon i appelsinsalaten. «Dressingen» til salaten er ein sukkerlake krydra med kardemomme. Slik gjorde eg det: Sitrussalat To appelsiner To blodappelsiner To grapefrukt 2 dl vatn 1 dl sukker Safta av ½ sitron Tre kardemommefrø 1 ts ekte vaniljesukker, eller frø frå ei halv stang Skjer topp og botn av appelsinene, og skjer så kjøtet av ned på sidene. Press gjerne safta av det du skjer av oppi ei lita gryte. Den kan du bruke til å ha i laken etterpå. Kutt appelsinene først i to frå topp til botnar, og så i tynne skiver. Anrett fruktskivene i ei serveringsskål, dekk den til og set den til side. Kok opp vatn og appelsinsaft, til saman 2 dl, i gryta, og ha i sukker, kardemommefrø og vanilje. La det koke nokre minutt, og så kan du slå av plata. La laken kolne. Når …

Don’t forget the Mexican spices

Med ein så diger porsjon med kokte bønner som eg sat att med hadde eg nok til fleire middagar. Ein rett der brune bønner høyrer naturleg med er chili con carne. Chili con carne er ei klassisk meksikansk kjøtgryte, med like mange variantar som det finst husmødre i Mexico. Den er enkel og rask å lage, og den er lett å utvide dersom du vil servere den til fest. Den blir kanskje oftast laga med kjøtdeig, men eg syns også den blir god med ordentlege kjøtbitar. Ein gong eg hadde gjestar heilsteikte eg ein entrecote, og restane av den vart til chili con carne dagen etter. Så dette er også ein fin måte å få brukt opp kjøtrestar på. Her ristar eg krydderet før eg har det i gryta. Det gir ein utruleg god smak, og heilt krydder held seg også lenger i skapet enn malt krydder. Med ein mortar knuser du krydderet slik at det er klart til å putte i gryta.  Chili con carne  2 fedd kvitløk 2 løkar 1 raud paprika 2 …

Helgebønner

Med det nye året kjem pågangsmot og ryddevilje, iallfall ein raptus no og då. I går fekk eg ånda over meg, og tømte ein heil skuffeseksjon på kjøkkenet. Ting som var gått ut på dato for lenge sidan vart kasta, rivna posar vart fylt over i små boksar og ting vart samla på ein litt meir intuitiv måte enn før. Baketing ein plass, ris og gryn ein annan plass og tear og liknande for seg. Ein pose brune bønner som gjekk ut på dato i 2010 kom til overflata, og eg syns det var for gale å kaste den. Difor helte eg den i ein stor bolle, og slo godt med vatn over. I dag tidleg hadde innhaldet nesten nådd kanten på bollen, slike bønner utvidar seg når dei vert bløytte. Eg skulle ein tur i butikken, og før eg stakk ut sette eg bønnene på kok med nytt vatn, og putta oppi litt salt, nokre kvistar timian og ein halv sitron delt i to. Då eg kom heim var bønnene klare til å bli …

Vår dag

No har vi bestemt oss for når vi vil gifte oss. Det blir 22. september. Mailen til dei som administrerer festlokalet er sendt, vi har avtalt med kokken, foreldra våre er informert og serveringsdamene er booka. I tillegg er brudekjolen kjøpt og levert til sydama, skoa er i boks, bokstaveleg talt, og trettenåringen har laga logo for oss! Er han ikkje flink? (Og datoen er i ISO 8601-format, til ære for nerden i familien.) Vi gler oss! Ha ein fin helg, og elsk din kvardag. 🙂

Er du klar?

I helga kjem eg til å kome med nokre oppskrifter som kjem til å kreve litt førebuing. Så viss du vil vere med på moroa, så gjer slik eg gjorde: Ta ein pakke tørre, brune bønner, og skyll dei godt i eit dørslag. Ha dei i ein stor bolle, bønnene må ikkje fylle den meir enn halvfull. Slå på vatn, og la det stå over natta. Om morgonen kan du la bønnene renne av i dørslaget. Ha dei i ei gryte, og slå på dobbelt så mykje vatn. Ha 1 ss salt, ein halv sitron delt i to og gjerne nokre kvistar timian om du har. Når du har komt så langt er du klar til å bli med moroa. Eg kjem tilbake med to gryteoppskrifter som du kan bruke desse bønnene i. Men den enklaste oppskrifta kan du få her og no: Opne eit glas pesto, og ha 4-5 ss i ei skål. Rør det ut med litt av kokevatnet frå bønnene. Vend det heile inn i ein passe stor porsjon med bønner, ca. …

Den siste reisa

Når min kjære kjem heim med roser blir eg alltid like lukkeleg. Men det er ikkje til å kome bort frå at dei vandrar alle rosers veg. Nokre byrjar å henge med hovudet, andre spring ut, men byrjar til slutt å sleppe blad og bli visne i kantane. Desse som spring ut brukar å få eit ekstra liv her i huset. Omtrent i det hovudet byrjar å bikke til sides klipper eg dei av. Så legg eg dei i små glasskåler som eg har nokre skeier vatn i. Då får dei nokre dagar ekstra som bordpynt i heimen. Det er ei kjensle av luksus å spise frukost og middag på eit bord som er pynta med badande roser. Når hagerosene kjem er det ein god idé å gjere det same med dei. Ha ein fin dag! 🙂

Ojojoj, så fine! You know the drill

Eg har kjøpt sko! Eg har sett meg rundt når det gjeld brudesko utan å finne noko som eg har likt. Det er mange med perlebroderi, firkanta tå, slingback, ankelrem og andre ting som eg ikkje vil ha. I dag gjekk eg innom Grensen 12, og der finn eg alltid fine ting. I brudesilkeskapet hadde dei berre ein modell eg kunne tenke meg, men den var i str. 37 og det var det siste paret dei hadde inne. Bortsett frå det hadde dei berre rare sko med unødvendige dippeduttar eller rar spiss på. Men i hylla ved sidan av fann eg nokre fantastiske pumps frå Högl. «Til denne kjolen kan du til og med slå til med gullsko», sa sydama. Eg var skeptisk til det, men då eg såg desse var eg overbevist. Desse vil vere fantastiske til kjolen! Kjolen har nemleg eit broderi i ein gylnare tone enn sjølve kjolestoffet, og eg er sikker på at desse skoa vil passe heilt utruleg bra. Dei du ser på bildet er altså i sølv, dei eg har …

Bolognese-suppe?

Eg har nokre gongar sett reklame for ei suppe dei kallar bolognese-suppe. Rare greier, for meg er bolognese kjøttsausen til det bestefar min kalte hummar og kanari. Ein klassisk italiensk kjøttsaus med tomat, løk og selleri. Korleis lagar ein ei suppe med det? Det må vel vere ein variant av minestronesuppe, men fyldigare og utan bacon, tenkte eg. Eg jobba vidare med idéen ein dag eg kom heim, var svolten og sliten og både eg og resten av familien trengte mat fort. Eg sette barna i gang med å kutte grønsaker, og så lagde eg kjøttbollar av ein pakke kyllingkjøttdeig som eg tok med meg frå butikken i all hast. I kjøleskapet fann eg ein boks med heil bulghur som var att etter middagen dagen før. Dei gryna putta eg i suppa i staden for pasta. Du treng ikkje ha alle grønsakene som eg hadde, dei er berre eit resultat av restar som hadde samla seg opp i kjøleskapet mitt. Du kan bruke stangselleri, du kan kutte ut selleri viss du ikkje har det eller …

Fiskegrateng

Eg forsto plutseleg at eg ikkje har ei skikkeleg fiskegratengoppskrift her i bloggen. Det er jo ei skandale! Vi er mange som har vakse opp på fiskegrateng, fiskebollar og liknande, og så lenge den er fri frå bein syns eg det er ein kjempegod middag. Når du lagar fisk til middag er det smart å koke litt ekstra fisk. Fiskegrateng er jo restemat, og då kan du bruke opp restane i ein grateng. Eg likar å ha alle grønsakene, også potetene i gratengen. Det gjer eg enkelt ved at eg brukar ein pose frosen lapskausblanding, den inneheld poteter, selleri, gulrot og litt purre. Purre er godt i grateng, så det puttar eg i litt ekstra av. Droppar du lapskausblandinga så er det til dømes godt med erter i gratengen, i tillegg til purre. Om sommaren er det godt å ha i urter som persille, graslauk eller topplauk. Bechamelsausen, som er det korrekte namnet på den enkle, kvite sausen kan piffast opp på forskjellige måtar. Muskat er eit vanleg krydder i kvit saus til fiskegrateng, og …

På kjølelager

Min kjære kom heim frå Amsterdam i slutten av november med to flotte amaryllisknollar. Akkurat då dei kom i hus var eg litt stressa, hadde ikkje jord til hands og difor vart eg glad då han fortalde at dei kunne oppbevarast i kjøleskap fram til planting. Så dei vart ståande i kjøleskap sikkert i eitt par veker, før eg fekk tak i jord og fekk dei i potter. Då fekk dei stå lyst og fint i vindauga, dei fekk både vatn, varme og omsut. Men det skjedde ingenting. Dei sto der grøne og saftsprengte, men ingenting stakk opp. Til slutt, då vi kom heim frå juleferie, stakk det opp eit lite blad. Først no, to månader etter kjøleskapsopphaldet, spring den eine ut. Til gjengjeld er det ein veldig fin amaryllis, til og med med tre blomestilkar. (Det er ein til blomestilk lenger ned, som ikkje kom med på bildet.) Så den som ventar på noko godt, ventar iallfall ikkje forgjeves. Er den ikkje flott?

Tiddelibom

Det snør, det snør over heile byen. Vi har tenkt oss ein tur ut, men jammen kan det bli ei utfordring. Bussen er ikkje alltid til å stole på når det er slik, sykkelen taklar sporsnø dårleg og parkeringsplassar er heller ikkje lette å oppdrive. Kanskje bør vi ta det som ein spasertur? Denne vakre narsissen er min favorittblome no for tida. Bridal crown heiter den, og er ein liten narsiss på ein uendeleg lang stilk, iallfall her hos meg. Eg har fjerna jorda og satt røttene rett i ein glasbolle med steinar i, som eg har litt vatn i. Det er nok til at dei veks og trivest. Elles ventar eg på nyhende, ei venninne ligg på Ullevål avd. B, og viss dei ikkje har blitt tre i familien allereie så blir dei det i dag. Eg kryssar fingrane for at alt går bra, og gler meg til å sjå og bli kjent ned dette vidunderet som eg føler eg har kjent lenge. Til alle lesarane mine: Kos deg i snøen, kjøp deg ein …

Eit nyttårsmeme

Suziluz har posta eit meme i bloggen sin, og sidan ho seier at kven som helst kan ta det vidare så gjer eg det. Det forklarar kvifor det er på svensk, iallfall. Veit du forrresten at ho kjem med bok i mars? Det kjem eg til å skrive meir om, heilt sikkert. 1) VAD GJORDE DU FÖR TIO ÅR SEDAN? Farta til og frå, hadde barnehagebarn som måtte hentast og leverast, ein travel jobb og eit enormt press på meg. Eg anar ikkje korleis eg sto det over. 2) VAD GJORDE DU FÖR ETT ÅR SEDAN? Elska livet, akkurat som eg gjer no, med verdas finaste kjæreste, og dei to fine ungdommane mine. Eg hadde akkurat møtt ei som var med meg gjennom heile smalhans-prosjektet, og som var ei uvurderleg støtte. 3) FEM SNACKS DU GILLAR: Sørlandschips, macadamianøtter, smash, Walthers mandler og heimepoppa popcorn. 4) FEM SÅNGER DU KAN HELA TEXTEN TILL: Det er ikkje mange. Eg er faktisk veldig dårleg på tekstar. Men eg prøver: Misty, Little Green, Embraceable you, En myk manns sang (!!) og Promise …

Når er fastelaven i år då?

Det slår ikkje feil, eit stykke ut i januar kvart år får eg masse søk i bloggen på når fastelaven er. Så for å gjere det enkelt så seier eg det her og no: Fastelaven i 2012 er søndag 19. februar. Så du har god tid til å førebu deg med å lage ris og handle inn fersk gjær til søte deigar for å produsere dei aller beste fastelavensbollane. Før fastelaven skal ein ete feit og god mat, her har du Heidi sine oppskrifter, mellom anna på rømmegraut og bollar. Eg har forska ein del på bolleoppskrifter, og prøvd å finne den varianten som gir både luftige og smakfulle bollar. Denne oppskrifta er den beste til no. Så viss du no vert freista til å gjere nokre prøvebakingar for å sikre kvaliteten på den endelege fastelavensbaksten, så har du tid til det. Ha ein fin torsdag!

Mørkt og trist?

Kaldt og stussleg? Viss det framleis er slik i morgon så veit eg ein måte du kan få det betre på. Ein måte som gjer alt grønt og fint, lyst og vakkert. SVT2 byrjar å sende sin nye programserie Österlenska trädgårdar! Hagane i denne serien ligg i den mildaste delen av Sverige, der sjansane for at vakre og sjeldne vekstar vil trivast er store. Første program går på lufta i morgon kveld kl. 20, så har du den kanalen tilgjengeleg er det berre å legge inn ein alarm på telefonen. Eller stille inn opptakaren, om du har slike fine greier. Du finn meir informasjon her. Og her. Kos deg med vakre hagar!

Hemmeleg, hemmeleg

Her er kjolen eg prøvde i dag, og som faktisk sklei rett på. Den må knipast inn litt  i ryggen, viss dokke ser så er det faktisk nokre klyper der som held den «i fasong». Men eg vil ha den kort. Det vil seie kutta rett over kneet. Underskjørtet må også bort, eg kan kanskje beholde litt tyll i kanten for å få fram ein slags femtitallsstil. Og utfordringa er då at når ein først har begynt å klippe i den så er den min. Eg får altså ikkje prøve den i kort utgåve før eg har kjøpt den. Onsdag har eg ny prøvetime (ein må visst alltid bestille tid, den salongen eg skal på på onsdag har ganske enkelt låst dør! Du må ha time for å sleppe inn.), det blir spennande å sjå kva dei har å by på. Her er «krava» som eg hadde frå før: Ikkje strapless, ikkje «rett v-hals» Ikkje bløtkakeskjørt Her er krava som eg vart klar over på prøvetimen i dag: Eg trudde eg kunne bruke empireliv, men …