Author: Alt godt

I tusen knas

Vi er litt seint ute, men likevel; i går gjekk pepparkakehuset i tusen knas. Sist barna var her gløymde vi å knuse det, men denne helga passa det godt. Så godt at overnattingsgjesten vår drøymde at ho sneik seg ned midt på natta og knerta det, og så fekk ho kjempedårleg samvit for at ho hadde teke frå barna gleda. Men det var altså berre eit mareritt, då ho vakna i går morgon var huset like heilt. Så i går kveld tok vi det, femtenåringen knuste til med hammaren. No er bitane putta i boks, og blir med kjæresten på jobb som kaffimat. No er jula ute!

Den beste marmeladen

Kva er betre på rista brød enn ein tjukk, smakfull appelsinmarmelade?  Det var det einaste syltetøyet som vart kjøpt heime hos oss, så difor bar appelsinmarmeladen med seg ein smak av den store verda for meg.  På denne tida er sitrusfruktene på sitt aller beste. Dei store saftige appelsinene, dei små, smakfulle blodappelsinene, grapefrukt og juleklementiner som ligg att no etter årsskiftet.  I nokre spesialbutikkar for frukt og grønsaker kan du også finne bitre appelsiner. Dei er i sesong frå januar til mars, og er perfekte til å lage appelsinmarmelade av. Dei kallast også Sevilla-appelsiner, og finn du pomerans i ei oppskrift er det skalet av desse appelsinene som er kandisert eller tørka og malt.  Sevilla-appelsinene er mindre enn dei vanlege appelsinene, dei er ikkje større enn dei største klementinene. Til gjengjeld er dei veldig kompakte og tunge, det er fordi dei har eit tjukt skal og er stappfulle av steinar. Dei kjem til nytte når ein skal lage marmelade, for dei er veldig rike på pektin, som gjer at syltetøyet vert stivt. Særleg steinane …

Klassisk appelsinmarmelade

Kva er betre på rista brød enn ein tjukk, smakfull appelsinmarmelade? Det var det einaste syltetøyet som vart kjøpt heime hos oss, så difor bar appelsinmarmeladen med seg ein smak av den store verda for meg. På denne tida er sitrusfruktene på sitt aller beste. Dei store saftige appelsinene, dei små, smakfulle blodappelsinene, grapefrukt og juleklementiner som ligg att no etter årsskiftet. I nokre spesialbutikkar for frukt og grønsaker kan du også finne bitre appelsiner. Dei er i sesong frå januar til mars, og er perfekte til å lage appelsinmarmelade av. Dei kallast også Sevilla-appelsiner, og finn du pomerans i ei oppskrift er det skalet av desse appelsinene som er kandisert eller tørka og malt. Sevilla-appelsinene er mindre enn dei vanlege appelsinene, dei er ikkje større enn dei største klementinene. Til gjengjeld er dei veldig kompakte og tunge, det er fordi dei har eit tjukt skal og er stappfulle av steinar. Dei kjem til nytte når ein skal lage marmelade, for dei er veldig rike på pektin, som gjer at syltetøyet vert stivt. Særleg steinane …

Denne mannen

Han vil det eg vil. Han les tankane mine. Og så spør han for å sjekke om det stemmer. Han seier det han meiner. Og det ligg aldri, aldri ei avvising i det. Han held ut med mine hang-ups og tøysete idéar. Og ofte blir han jammen med på dei og. Han høyrer på meg. Tolmodig og open. Han er ærleg. Tvers igjennom ærleg. Og det gjer meg aldri redd. Han seier alle dei rette tinga. Kvar gong. Han ser på tv viss eg ser på tv, fordi det er så koseleg å gjere det saman. (Han har aldri sett på tv før.) Han tek passe mykje omsyn til meg. Ikkje for mykje, ikkje for lite. Han blir ikkje redd. Og eg blir eit betre menneske av å vere saman med han. Er det rart eg elskar denne mannen?

Kva gjer bøkene

når bokhandlaren har gått heim? Dei dansar, flørtar, vinkar og ler. Sjekk ut beviset:

Alt eg gløymer å fortelje!

Eg får inn ein mail eller ei facebookmelding, og så tenker eg; Det må eg blogge om. Men så dett det ut av hovudet før eg veit ordet av det. Då er det godt å få påminningar. Heaven Scent har fått inn heile duftrekka til Frederic Malle! No treng vi ikkje lenger reise til London eller Paris for å få lukte på desse fantastiske duftene. Du får ikkje gått inn i parfymedusjen, slik du får i butikken til Frederic Malle i 37, Rue Grenelle, men du får iallfall snust på alle. Min favoritt; Eg har Angeliques sous la pluie, og elskar den grøne, krydra aromaen av kvann. Eg har gått litt med Musc Ravageur og, takka vere snille duftvener. Men no skal eg ta meg ein ettermiddag på Heaven Scent og snuse meg igjennom heile serien. Vil du vere med så heng på!

Nesten ikkje til stades…

Det skjer mykje for tida. Ringen medfører bryllupsplanar, jobben krev sitt og manus til saft- og sylteboka skal innleverast. Difor er det litt stille i bloggen min akkurat no, eg vonar de er tolmodige og kjem tilbake likevel! I mellomtida kan du kose deg med dette bildet frå hagen min. Er ikkje desse sildrene søte?

Sevilla-appelsinene er i byen!

Dei bitre, sure appelsinene som er fulle av stein er sett på St.Hanshaugen! På utsida er dei knurvete, av og til med litt grønskjær og mindre enn vanlege appelsiner. På innsida er dei fulle av steinar, og dei inneheld ei saft som har syre fullt på høgde med ein sitron. Men lagar du marmelade av dei så får du eit fantastisk godt pålegg til skiva, og den intenst tifredse kjensla av å ha laga pålegget sjølv, utan tilsetjingsstoff og andre kunstige greier. Mi gryte står på omnen og putrar, eg kjem tilbake med komplett oppskrift når eg er i mål. God søndag! (Og viss du lurer, sevillaappelsinene er dei nest nederste. Nederst ser du blodappelsin, øverst ein vanleg appelsin og nest øverst sitronar.)

Six degrees of separation – ein test

Du kjenner sikkert til prinsippet «Six degrees of separation«. Det går ut på at mellom deg og kven som helst annan på kloden er det seks andre personar i ei kjede av «vennars vennar». Prinsippet har blitt sett på som eit døme på kva som skjer i den nye teknologidominerte verda, men det er faktisk frå novella «Lenker» skriven av ungararen Frigyes Karinthy i 1929. No har eg tenkt å sette prinsippet på prøve. Ei venninne av ei venninne la ut eit bilde her om dagen på Facebook. Historia er slik: Ho fekk noko ho hadde gløymt att ein stad av nokre ho ikkje kjente. I posen låg det nokre fotografi, du veit slike gamaldagse, framkalla på papir. På det eine sto det: På Aamodt Jeanette og oldemor. Bilda er nok ikkje heilt nye, så Jeanette har kanskje blitt noko større enn ho var på bildet. Ho som no har bilda er sikker på at eigarane gjerne vil ha dei tilbake. Så spørsmålet er: Har du ein anelse om kven dette kan vere, og kven …

Ein nyttårskrans

Vel, den vart nok eigentleg laga til jul. Men eg syns den var så fin, og så tok eg bilde av den på nyttårsaftan, så då kallar eg den ein nyttårskrans. Ovedia med sin kjære inviterte oss på nyttårsmiddag på nyttårsaftan, og det er ho som har laga kransen. Den er laga av blåbærlyng, og Ovedia har festa glitrande ting på den. Ei beltespenne, ein ring og andre ting som lyser opp. Fint, ikkje sant?

Support-humor

For oss som har med IKT-support å gjere av og til så kjennest det veldig lite humoristisk, men denne fekk meg til å fnise: A woman writes to the IT Technical support guy: Dear Tech Support, Last year I upgraded from Boyfriend 5.0 to Husband 1.0 and I noticed a distinct slowdown in the overall system performance, particularly in the flower and jewellery applications, which operated flawlessly under Boyfriend 5.0. In addition, Husband 1.0 uninstalled many other valuable programs, such as Romance 9.5 and Personal Attention 6.5, and then installed undesirable programs such as NEWS 5.0, MONEY 3.0 and SOCCER 4.1. Conversation 8.0 no longer runs, and Housecleaning 2.6 simply crashes the system. Please note that I have tried running Nagging 5.3 to fix these problems, but to no avail. What can I do? Signed, NN Reply: DEAR Madam, First, keep in mind, Boyfriend 5.0 is an Entertainment Package, while Husband 1.0 is an operating system. Please enter command: ithoughtyoulovedme. Html and try to download Tears 6.2 and do not forget to install the Guilt …

I Hannes kjøkken

Det var utruleg kjekt å vere med på Førkveld i går. Hanne Frosta, som driv restauranten Hanne på Høyden på Nygårdshøyden i Bergen tok hand om meg på beste vis. Ho er så proff! Sjølv om eg prata i veg så handterte ho det heile med stø hand, og sytte for at vi kom i mål slik vi skulle. Eg vart på toppen av det heile sminka av den flinkaste sminkedama eg nokon gong har støtt på; Gerd Karin. Ho har ei utruleg imponerande merittliste, den «gildaste» autografen ho hadde på veggen var frå Bing Crosby, slå den! Suppa som Hanne og eg lagde var omtrent slik: Hannes kortreiste kyllingsuppe 4 kyllinglår 2 gulrøtter 1 paprika 2 eple 2 stilkar stangselleri 1 stor løk og 1 liten 1 kvist rosmarin 3 kvistar timian 1 ss ramsløkpuré eller 1 fedd kvitløk 1 boks tomatar, knuste 2 ts honning Salt og peppar Skyll kyllinglåra, og ha dei i ei gryte saman med ein løk samt avskjer/skrell av grønsakene. La dette trekke i 90 minutt. Ta ut låra …

Det er i dag!

Jepp, det er i dag eg skal på førkveld! No sit eg på Gardermoen og ventar på bergensflyet. Slå på NRK1 klokka seks, folkens! Eg skal prøve å ikkje dumme meg ut. 🙂

Nudelsalat med ingefæreddik

I nokre av julegåvekorgene som gjekk til søskena våre i fjor (!!) låg det ei flaske ingefæreddik. Den vart til som eit av mine mange kjøkkeneksperiment, og vart overraskande god, syns eg sjølv. Eg såg for meg at den kunne brukast i ei lun nudelsalat, og sidan eg gir bort eddiken må eg jo også gi bort oppskrifta både på salaten og eddiken. Ingefæreddik 5 dl 7% kvit eddik 2 cm ingefær, ca. 20 g 0,5 dl balsamicoeddik Skjer ingefæren i tynne skiver. Bland saman kvit eddik, balsamicoeddik og ingefær, og la det stå nokre dagar i kjøleskap. Eg brukte eit reinvaska sylteagurkglas med skrukork. Smak på eddiken av og til. Når du syns den har fått tilstrekkeleg ingefærsmak kan du sile frå ingefæren, og helle eddiken på ei rein flaske. Til nudelsalaten brukte eg det eg hadde att i kjøleskapet av grønsaker etter jula. Nokre slakke brekkbønner, ein stangselleri som hadde sett sine beste dagar, ein paprika som hadde blitt mjuk men ikkje blaut og restane av ein purre fekk vere med i salaten. …

Godt nytt år!

Litt seint ute i dag, men iallfall: No er det nye året her, og eg nikosar meg med kjæresten, fyr i kaminen og ein stor kopp te. Eg blir smilerørt av denne, og vonar du blir det og. Heia, flotte Ole Hamre!

Hald om kvarandre!

I desse nyttårskavalkadetider kjem dei bilda vi så smertefullt måtte leve med i sommar tilbake. Mange har tørka tårer over å sjå att rosehavet, menneska og reportasjene frå slutten av juli og tidleg august. Å sjå dette om att er vondt, men det hjelper oss med å gå vidare trass i at det aldri kan bli heilt som før. Til det er for mange borte og for mange er skada i sinn og skinn. Denne filmen trøsta meg veldig. Vox Humana framfører Eg veit i himmelrik ei borg, og måten dei held rundt kvarandre og bevegar seg på er utruleg rørande og fint. Eg kjenner også den intense fellesskapskjensla ein ofte har når ein syng i kor, den kjensla som gir deg energi i staden for å ta energi. Alle burde få prøve det ein eller annan gong i livet. Og møter du nokon desse dagane som du ser treng å bli holdt om, så gjer det. Hold om kvarandre.

Karamellpudding

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente. I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Finn du ekte vaniljesukker, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Cemo krydder har også ekte vaniljesukker. Du kan sjølvsagt også lage ditt eige, ved å putte brukte vaniljestenger i eit glas med fint sukker. Karamellpudding må du lage minst dagen før den skal serverast. Den held seg …

Smalhans på førkveld!

NRK Hordaland har invitert meg til å delta på Førkveld 2. januar! Då skal eg lage mat frå Smalhans saman med Hanne Frosta. Det blir gøy! Eg gler meg veldig, blanda med skrekk. Men det kjem sikkert til å bli gøy. Sjå på eg då, så dummar eg meg ikkje ut heilt åleine! 🙂

Jula i bilde

Mine analoge barn – i straumlaus stove: Haglstormen tredje juledag: Haglstormen flytta seg austover, Liadalsnipa i det fjerne, orkansikre vestlandspalmar litt nærare: Solevåg-Festøy Trollveggen:

Ok då, ringen:

Her er den: Handa var ikkje budd på fotografering, så manikyren var ikkje heilt på plass. Den sit til vanleg på andre handa, men kven som helst kan prøve å fotografere si eiga høgre hand utan stativ, det går ikkje. No køyrer vi austover, vi pratast i morgon! <3

Dagmars herjingar

I går ettermiddag og kveld hadde vi besøk av Dagmar. Vi kjenner ei koseleg Dagmar, ho bur i Berlin og det var ikkje ho som kom på besøk. Det var orkanen Dagmar som rista oss i marg og bein. Det byrja då vi var i familieselskap ute på Leinøya. Det bles kraftig opp rundt kl. 17, og både taklampene og vindauga rista godt. Damene på kjøkkenet vispa krem og trakta kaffe som om ingenting hadde hendt. Plutseleg gjekk straumen. Heldigvis hadde mesteparten av kaffen runne igjennom, og stova var vakkert opplyst med stearinlys så vi leid inga naud. Drøset gjekk og alle åt seg mette av eit heilt fantastisk sunnmørsk kake- og dessertbord. Dei sette fram ikkje mindre enn fire karamellpuddingar desse flotte damene, så vi åt kroken av magen. Men etter kvart rista det ettertrykkeleg i huset, og vi fekk nyss om at sprengfloa ville byrje å gjere seg gjeldande rundt klokka 20. Då lyset kom tilbake pakka vi saman og tok avskjed, å køyre med veglys er å foretrekke. Bilen sto framleis på …

Praktiske romjulstips

Utelukkande basert på søk i bloggen min i går: Fryse karamellpudding: Ja, ifølge kvalifiserte menneske eg har snakka med bør det gå heilt fint. Men står den kaldt og godt tildekka så held den seg i minst 5-6 dagar. Fryse pinnekjøtt: Ferdig dampa pinnekjøt kan frysast. For å spare plass i frysaren vil eg anbefale å rense det, og fryse berre reint kjøt samt krafta. Perfekt til ertesuppe og lapskaus, til dømes. Bruker jeg egg i medisterkaker: Ja, som hovudregel gjer ein det. Men har du eggeallergikarar kan du erstatte eit egg med ei teskei bakepulver i farsen. Sjokolademousse av toblerone: What’s not to like? Køyr på, og bruk den sjokolademousseoppskrifta du vanlegvis brukar, men bytt ut vanleg sjokolade med tobleronen. Legge ribba så den buer: Ja, det bør ein absolutt gjere. Det er beste måten å sikre sprø svor på, for då renn feittet av, og svoren puffar opp så lett som berre det. Litt tam potetsalat: Ha i litt ekstra løk, litt kvitløk viss du likar det og krydre med godt med peppar. …

Liten storm frå sørvest

Ja, det var faktisk meldt det i dag. Og eit kvarter før eg tok dette bildet sto skumtoppane i veret, og det var skikkeleg ruskete utpå. Men så skein han av, og no ser det ut som om vi bur midt i eit Karl Erik Harr-landskap. Det er utruleg vakkert her. Men veldig vått. God jul! 🙂

Karis ingefærkaker/ginger sparkles

Eg har dessverre ikkje fornya meg så mykje når det gjeld småkakene. Eg har nokre favorittar som eg lagar kvart år, og eg har faktisk ganske klare forventningar på meg og, til kva som skal ligge på kakefatet frå dei som eg bur saman med. Men av og til kjem det nye tilskot til. Her ein dag hadde eg gått frå kontoret mitt i eit lite ærend, og når eg kom tilbake låg det ein liten cellofanpose på tastaturet med fire små, fine kaker. Eg lagde meg ein god kopp te, og satte meg til for å smake på desse kakene. Det var ein smakseksplosjon! Det er dei beste kakene eg har smakt på veldig, veldig lenge. Dei hadde ein distinkt, men ikkje påtrengande smak av ingefær, og i tillegg var det nokre andre krydder der som eg ikkje heilt klarte å identifisere. Etter litt etterrøkjing fann eg ut kven som hadde lagt dei der, og han fortalde at det var kjæresten Kari som hadde bakt. Vi er vennar på Facebook, så eg kasta meg …

Årets nyvinning

Det er ikkje så mykje eg endrar på frå år til år når det gjeld juleførebuingar, men av og til dukkar det opp noko som gjer at ting går lettare og betre. Eg opplevde det då eg oppdaga silikonmatter, det var eit enormt framsteg i forhold til bakepapir, som eg brukte i mange år. I år er det dette geniale brettstativet som har redda julebaksten. Det har eg kjøpt hos Clas Ohlson for ikkje spesielt mange pengar, og det gjer underverk med benkeflatene mine. Det har fire «armar» som stikk ut og held bakebrett og rister på plass i høgda. Kjøkkenet mitt er ikkje spesielt stort, vi driv med compact living her midt i byen. Og benkeplatene mine har kontinuerleg vore dekt av rister og brett under julebaksten, nokre står for å kolne, andre for å få kaker på seg, dei tredje berre står i vegen. Men med dette stativet har eg plutseleg masse benkeplass igjen! No står både bretta som skal kolne og som ventar på å få kome i omnen i stativet, og …