Author: Alt godt

Heimelaga medisterkaker

Heimelaga medisterkaker er berre noko av det beste, altså. Det går langt utanpå dei du får kjøpt i butikken. Med ei god krydring og med medisterdeig frå den same gode slaktaren som leverer ribba di har du kontroll på kva du set på bordet. Denne porsjonen held til ti-tolv medisterkaker, to til kvar ved bordet, og ei til kvar til nattmat. Husk på at viss du kjøper medisterfarse treng du ikkje spe og krydre den. Den er ferdig spedd frå butikken. Medisterdeigen vert altså til farse undervegs. Medisterdeig som du kjøper skal vere utan salt, vatn og krydder. Det er krydringa som gjer susen med heimelaga medisterkaker. Rå deg gjerne nytt, ferskt krydder i staden for å bruke det som har lege i skapet leeenge, og mist smaken. Eller bruk heil muskatnøtt som du riv, og allehånde som du knusar i mortar. Då blir det skikkeleg smak på medisterkakene. Slik gjer eg det: Medisterkaker 500 g medisterdeig 1 strøken ts salt Eitt egg 2 ss potetmjøl 1/2 dl vatn eller mjølk 1 krm malt allehånde 1 krm …

Raudkål til ribba

Eigentleg er ein klassisk ribbemiddag ganske enkel å lage. Ribba lagar seg sjølv meir eller mindre, og å lage saus av sjya er ikkje så komplisert. Å varme opp ein pose eller to med raudkål er også lettvint. Men ordentleg heimelaga raudkål er ikkje komplisert, og det er litt stas å kunne sette heimelaga raudkål på bordet. Eg bakar min raudkål i omnen, men du kan også lage den i gryte. Då treng den litt meir stell for å ikkje svi seg. Raudkålen kan godt lagast eit par dagar før julaftan. Den blir berre betre av å få stå kjøleg frå den er ferdig til den skal serverast. Denne porsjonen er til åtte personar, og får du raudkål til overs toler den godt frysing. Slik gjer eg det: Raudkål 1 kg raudkål 2 syrlege eple, til dømes Granny Smith 1 gul løk 1 sjalottløk 2 nellikspiker 2 dl kjøtkraft eller buljong 1 dl eplecider eller eplejuice 1 ss balsamicoeddik 2 ts brunt sukker Salt og peppar Set steikeomnen på 200 grader . Snitt kålen fint. …

Sjølvaste ribba

No er det like før den store kvelden, då ribba med tilbehør skal på bordet. Eg prøver å vere prinsippfast, men gong på gong vert eg overstyrt. Eg vil at vi skal velge på julaftan, enten fåreribbe med tilbehør, eller svineribbe med tilbehør. Men der eg vaks opp blandar dei alt, så rabbestappe og raudkål står side om side på bordet. Dei mange åra eg har tilbrakt på austlandet har gjort at eg har lært noko om svineribbe, så difor lagar eg det i år. Her skal du få dei triksa eg har lært meg for å få den perfekt. Eigentleg er svineribbe svært enkel mat. Men ribbeprodusentane prøver å rote det til som best dei kan, og dei presenterer stadig nye variantar av ribba med vekslande resultat. To gongar før jul har eg prøvd ut dei ferdigkrydra ribbene, den eine frå ein Rimi-butikk, den andre vart kjøpt hos Coop. Begge gongane har det blitt mislykka. Den eine bles seg opp som ein sperreballong i god tid før utløpsdato. Eg sende ein mail til produsenten, …

Fløtekarameller med maldonsalt og utan sirup

Etter pepperkakehusliminga på tirsdag sto eg der som vanleg med ei steikepanne full av smelta sukker. Kva gjer ein då? Jau, ein lagar fløtekarameller! Eg hadde berre laktosefri fløte i kjøleskapet, men det gjekk veldig fint, karamellene vart kjempegode. Problemet er å skrive ei nøyaktig oppskrift. Sjeldan har eg lagd mat på slump som når eg lagde desse karamellene. Men eg skal prøve å gje eit anslag, og ein beskrivelse av det eg gjorde, så får du teste det ut og sjå om du får det til å fungere. Dei er verd å lage, og dei er lettetne. Slik gjorde eg det: Fløtekarameller med maldonsalt 2 dl sukker 2 dl fløte, gjerne laktosefri Maldonsalt Litt matolje Små former Ha sukkeret i ei steikepanne, og set den på middels sterk varme. La den stå til sukkeret smeltar. Dette er risikosport, nokre har i vatn, og let det koke til vatnet er borte, men eg syns det er enklast å berre gå rett på. Eg flyttar steikapanna rundt på plata for at det som er i midten …

Pepparkakehuskonkurranse!

Matbloggsentralen har laga ei pepparkakehusutfordring! Den handlar om å kåre det finaste pepparkakehuset, og eg har to hus med i utfordringa. For to år sidan lagde eg dette vesle søte huset i skogen. Det er med som kandidat nr. 7. Det store huset som min kjære pynta tirsdag kveld er med  som kandidat nr. 18. Så dersom du syns eit av desse to er finast er du velkommen til å stikke innom Matbloggsentralen og stemme på dei. Kvar person har berre ei stemme. Avstemminga pågår fram til søndag 18.desember ved midnatt. Det er masse fine hus der inne, så det er ikkje så enkelt å velge! 🙂

Djup konsentrasjon…

Det årlege pepparkakehuset har kome opp! Her ser du mannen i huset med melissprøyta, djupt konsentrert om dekoren. Eg tok meg av utbakinga, dropsteknikken og monteringa, og lagde «malen» for dekoren. Vi fann forresten ut at Repsils fungerer i staden for drops, lokalbutikkane rundt her var tomme for Brynhilds sitrondrops. Tidlegare har vi brukt kamferdrops. Det virkar og, men smakar høgg. Og karamellene med maldonsalt, som eg lagde av «limet», dei vart knallgode! 🙂 Edit: Her har du huset ferdigstilt, og i fullt dagslys, eller så fullt som det er mogeleg no for tida. Vi er ganske fornøgde! Huset er med i Matbloggsentralen sin pepparkakehuskonkurranse, så viss du syns det bør vinne, så stikk inn her og stem på hus nr. 18!

Laks med ostefrakk og bakte grønsaker

Ein salmalaks låg og venta på meg i kjøleskapet då eg kom heim. Eg har allereie fortalt om dei gode ostane vi fekk med oss heim frå Roma? I dag vart det laks i ostefrakk, nærare bestemt pecorinofrakk. Til laksen serverte eg bakte rotgrønsaker, som vart søte og gode av honning og balsamico. Dei kan brukast som tilbehør til mange ting, men sødma passar veldig godt til den salte og syrlege ostefrakken som laksebitane fekk på seg. Denne oppskrifta er til to personar. Slik gjorde eg det: Gratinert laks 400 g laksefilet 50 g hard ost, pecorino, parmesan eller manchego går fint 2 ss smelta smør 1 ss strøkavring Bakte rotgrønsaker: 4 gulerøtter 1 pastinakk 6 sjalottløkar 2 ss balsamico 1 dl vatn 2 ss smør eller olivenolje 1 ts honning Salt og peppar Set steikeomnen på 210 grader. Rens og skrell grønsakene, og del dei i passe store bitar. La løkane vere heile. Ha alle grønsakene i ei eldfast form, og ha over vatn, balsamicoeddik, honning, smør, salt og peppar. Legg gjerne eit folielok …

Fyldig fiskesuppe

Denne fiskesuppa er fyldig og god, og eg lagar den når eg har grønsaker i kjøleskapet som må spisast opp. Denne gongen var det bønner og bladpersille som var «til overs», i tillegg til ei persillerot. Både grønsaker og fisk kan varierast. Det som er felles er ein base av fiskekraft og fløte eller rømme. I USA vert denne suppa eller gryta kalla ein chowder, ei mjølkebasert gryte med fisk eller skaldyr og ulike grønsaker og urter. Husk på at viss du har reker i gryta bør du ikkje varme den opp fleire gongar. Rekene vert harde og ikkje så gode når dei vert varma opp for mykje. Slik lagar du den: Fyldig fiskesuppe 1 løk 1 purreløk 1 persillerot, pastinakk eller sellerirot 2 selleristilkar 150 g brekkbønner eller sukkererter 2 gulrøtter 5 dl fiskekraft 5 dl heilmjølk 1 dl seterrømme 1 ts tørka eller frisk dill 2 ss fersk bladpersille 300 g fiskefilet, eg brukte torsk 150 g rensa reker Salt og peppar 2 ss smør Rens og del opp alle grønsakene i passe …

Hups! Ingenting her?

Eg legg jo vanlegvis ut eit innlegg kvar dag, men i dag har alt stått på hovudet her. Vi har hatt den store pepparkakedagen, tre hus er bygd, hjarte med dropsvindu og masse, masse småkaker. Eg satsar på at eg får andre til å pynte dei, men å pynte huset må eg nok ta ansvar for sjølv. Eg postar bilde når det er ferdig. Bildet du ser ved sidan av er faktisk to år gamalt. To av husa reiste med fine kusinene, og skal pyntast der, eit lite og eit stort. Ha ein fin søndagskveld!

Pizza i svingane

Sjølv om jula nærmar seg så treng ein normal laurdagsmat likevel, ikkje sant? I kveld vert det pizzasnurrar på bordet her hos oss, det er enkel og lettvint laurdagsmat. Eg set ofte pizzadeigen i brødbakemaskina, då står den og passar seg sjølv, og eg slepp å tenke meir på den før det pip og den er ferdig heva. Men viss du ikkje har brødbakemaskin kan du gjere det slik: Pizzasnurrar (12 stk) 2,5 dl lunka vatn 2 ss olivenolje 1 ts salt Mjøl til passe deig 1 ts tørrgjær 100 g bacon 1 ts tørka oregano 2 fedd kvitløk 2 ss grøn pesto Ein halv løk 200 g riven ost Ha vatnet, oljen og salt i bakebollen. Elt inn tørrgjæra saman med mjøl til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 30 minutt. Elt deigen saman att, og kjevl den ut til eit stort rektangel. Steik bacon på relativt høg varme i ei steikepanne. Press i kvitløken, og ha i oregano. Sett …

Ein heilt alminneleg torsdag

Ingenting spesielt skulle skje, bortsett frå at forlaget som har utgitt boka mi inviterte til pølsefest. Trettenåringen hadde ingenting å finne på, så han blei ganske enkelt med. Han fekk flaxlodd som han vann på i bursdagsgåve, og då kunne vi samstundes hente ut gevinsten i ein kiosk, det må ein vaksen gjere. To fluger i ein smekk, så og seie. Han var nok skeptisk til å bli med på fest, men samarbeidsvillig som han er vart han med likevel. Ikkje før hadde vi kome innfor døra før vi møtte kjende fjes. Og det aller kjendaste var Odd Nordstoga, som sto i ei krå og prata med nokon. Ei ekte kjendisoppleving, altså. Kvelden var redda. Vi henta drikke, og gjekk for å finne pølsene, som var førsteklasses pølser frå Strøm-Larsen i alle fasongar og variantar med godt tilbehør. I sofakroken der vi sette oss var det plass til ein til, og plutseleg kom musikanten og sette seg der! Dermed fekk trettenåringen slå av ein prat med helten sin som han har lytta til heilt sidan …

Gamaldags jul

Eg fell i stavar over dette. Madickens jul er så nydeleg, så trist og så fin. Snille Abbe, som kjøper julegåve til den forfylla faren sin og ikkje får noko tilbake. Elisabeth som rir på sleden til ein gamal gubbe, og såvidt kjem heim til jul. Julelysa, sangane, Alva som ordnar alt og pappa som hentar tre. Finn fram lommetørkleet, set av ein liten halvtime og kos deg med dette.

Meir snop: Nougattrøflar med rom

Kva gir ein til den som har alt? Noko å ha det i, var svaret før. Men det er vel grenser for kor mange vesker, koffertar og sekkar ein kan ha? Eg likar å gi bort gåver som ein kan spise opp. Skuffer og skap er fulle av ting vi ikkje brukar, då er det betre med gåver som ein kan nyte. I dag serverer eg ei spiseleg julegåve; nougattrøflar. Dei lagar eg med marsipan, valnøtter og nougat som du får kjøpt ferdig på velassorterte matbutikkar som Meny og Ica. Valnøttene kan du droppe viss du skal gi trøflane til nokon som er allergiske. Eg brukar også rom i trøflane. Viss du skal gje dei til fråhaldsfolk eller barnefamiliar kan du bytte ut romen med litt essens. Halve moroa med spiselege gåver er å pakke dei pent inn. Nougattrøflane kan du legge på ei skål som du pakkar inn i cellofan, eller du kan ha dei i ein cellofanpose. Dei kan du få kjøpt på nettet, men eg forhandla meg til å få kjøpe nokre slike i …

Smør og anna feitt

«I år dropper jeg julekakene», sa ei i den ytre delen av kretsen min. Ho fekk ikkje tak i smør. Eg er oppvaksen med ei salig blanding av smør og margarin. Hos bestemor i underetasjen var det meierismør. Ho hadde skåla med brunt lok ståande inni benken, og det var alltid passe mjukt. Når vi ungane aula rundt frukostbordet til besteforeldra tok bestefar min ei fårepølseskive, la inni ein klatt med smør og putta i munnen på oss. Eg huskar framleis at bestemor vaska smøret når ho skulle fylle lefser, då ville ho ikkje ha for salt smør. Mor mi var meir på margarin. På spiskammerset sto det esker med ti «kleppar» med Per margarin frå samvirkelaget. Det var smelta til middag, og ho smuldra det inn i bolledeigen til dei beste bollane i verda. No er det eine heilt feil og det andre uoppnåeleg. Margarin har blitt den store, stygge ulven. Det er så gale at sjølv om det ikkje er smør å oppdrive så vurderer ikkje folk ein gong å bake julekaker med …

Salt julesnop

Eg har sett på mange oppskrifter på spiselege julegåver, og mykje av dette er veldig søte greier. Når jula er på det mest intense får eg ofte behov for noko salt, og det må vere noko anna enn ribbe og medister. Desse små ostesnacksbitane vart redninga for meg. Ostesnacksbitane kan lagast med ulike typar fast ost. Eg hadde cheddar i kjøleskapet, men dei blir også gode med jarlsberg, gruyére eller pecorino. Fasongen på ostesnacksbitane kan variere, eg brukte ein sirupsnittkuttar for å få fine, taggete kantar. Ikkje lag dei for store, dette skal vere snacks, ikkje kjeks som tilbehør. Du kan også lage stenger av denne deigen, og drysse litt ekstra ost på. Då blir dei fine til suppe eller som eit alternativ til saltstenger eller grissini.  I denne oppskrifta har eg brukt røykt paprika. Det er paprikapulver som har ein distinkt røyksmak. Eg har ikkje funne det i Norge, men eg er fæl til å raide hyllene i finare matbutikkar når eg er i utlandet, og på den måten fekk eg ein boks med meg …

Er det rart-

-at ein kjenner seg velkommen? Når vertskapet har pynta trappa med lys og blomar i desember? -Og så enkelt kan det gjerast, når ein skal lage ein adventsstake. Fire lilla lys med olivengreiner og glitrande steinar.

På veg ut døra

No er vi på veg ut døra, for å feire fine fetterar, mellom anna. Men først vil eg berre minne om dette. Viss du vil gje bort ei signert utgåve av Smalhans, så send mail til samlaget, og så kjem den i posten i god tid før jul. Ha ein fin laurdag!

Hekta…

Jepp, eg innrømmer det. Det var gøy å vere med på Matbloggsentralen sin konkurranse om spiselege julegåver, og dermed stiller eg opp igjen. Denne helga konkurrerer vi om beste julebakst. Eg har meldt på mi engelske julekake, som vert sett på bordet her hos oss kvar jul. Eg trur eg ikkje var meir enn 22 år første året eg lagde den. Viss du syns at eg bør vinne med fruktkaka mi kan du gå inn på Matbloggsentralen og stemme på mi kake, som er deltakar nr. 14. På førehand tusen takk! 🙂

Vil du reservere deg?

Tips: Klikk på bildet og sjå det nederste du kan reservere deg mot.

Tillitvekkande…

Når Universitetets undervisningssenter tek seg på tak og organiserer eit parasittkurs så legg dei ikkje alt for mykje arbeid i marknadsføringa. Hehe…

Røyklagt

I går kveld vart vi fullstendig røyklagt der vi sat og kosa oss i skinet av stearinlys. Her vi bur er det ein gamal kokskamin som syter for varme utanom straum og stearinlys. Den gjer stort sett ein grei jobb, sjølv om den er så liten at den krev stutt ved. Byved kallar dei det, folka som kjem hit med femten sekkar bjørkeved kvar haust, den er berre 20 cm lang. Men i går var det altså kombinasjonen av døyande eld og ein heidundrande vind ute som gjorde at det slo ned noko voldsomt. Det var verre enn på julemarknaden til Steinerskulen. Å lufte var håplaust, då fekk vi inn røyken frå alle dei rundt oss og. Likevel er vi blant dei heldige som faktisk kan fyre i indre by. Brannvesenet har vore ute på inspeksjon i svært mange gårdar som er bygd mellom 1890 og 1920 dei siste månadane, og mange har blitt pålagt fyringsforbod. På andre sida av trappa hos oss er det fyringsforbod, men heldigvis ikkje i vårt pipeløp. Denne prosessen går …

Puredistance I, M og Antonia

Puredistance er eit eksklusivt parfymemerke som er basert i Nederland, nærare bestemt i Groningen. Dei har ikkje ein stor serie av dufter, tvert imot, tre dufter er deira samla produksjon. Eit av kjenneteikna til Puredistance er at dei har vore veldig dyktige til å knytte til seg dei beste parfymørane. I og Antonia er laga av Annie Buzantian, medan M er laga av Roja Dove, parfymøren som står bak Enslaved og fleire andre kostbare og lekre dufter. Dei tre duftene har kvart sitt distinkte særpreg, men noko av det dei har felles er at dei ikkje tek så stor plass. Dette er ikkje «sillage»-bomber. Mange av dei duftene som er i same duftfamilie som Puredistance-duftene er voluminøse og kan vere overveldande. Puredistance-duftene er meir dempa, men elegante og velkomponerte. I kom først, i 2008. Den er ei grøn, frisk duft, med eit distinkt preg av magnolia, solbær og mimosa. Eg er normalt litt skeptisk til mimosa, iallfall åleine, men i I er den så pent pakka inn at det berre blir oppkvikkande, lett og likevel ikkje karakterlaust. …

Urtebrød med aks på

Laurdag kveld hadde vi besøk av dei aller beste naboane. Det å berre kunne vandre ein tur over plenen og få venskap, underhaldning, god mat og drikke gjer at eg føler meg priviligert. Denne gongen var det vi som var vertskap, og vi byrja med kokelimonke og laurdagsgodt. Men etter kvart vart vi fysne på noko salt, og vi tok fram noko god italiensk ost, litt oppskoren bresaola og meir vin. Til dette måtte det sjølvsagt serverast eit godt brød. Eg bakte eit urtebrød, som også smakte veldig godt til mulligatawnysuppa som vi hadde til søndagsmiddag. Slik gjorde eg det: Urtebrød 4 dl lunkent vatn 8 dl kveitemjøl 1,5 ts tørrgjær 1 ts salt 1 ts knust, tørr timian 1 ts tørka basilikum 1 ss maltekstrakt 2 ss olivenolje Ha det lunka vatnet i ein bakebolle, og bland i mesteparten av mjølet og alle dei andre ingrediensane. Elt deigen i nokre minutt, og tilsett meir mjøl gradvis til du har ein fin deig som ikkje er for laus og som ikkje er for fast. La deigen …

Lørdagspizza

Nei, eg har ikkje skifta målføre, men eg vart inspirert av ein gamal reklamesong eg høyrde her om dagen. I går var det pizzakveld her hos oss, og eg lagde to variantar, som vanleg. Den «barnslege» skriv eg ikkje så mykje om, den var med tomatsaus, bresaola (italiensk speka oksekjøt) og litt grønsaker som vårløk og squash. Vaksenpizzaen var ein variant av kvit pizza, sjølv om den eigentleg heller såg grøn ut då eg var ferdig. Eg brukte krydra rømme som saus, og så hadde eg på squash, soltørka tomatar, pesto og bresaola. Vi tok med oss eit dugeleg stykke frå Italia, og no har eg skore det i tynne skiver for å bruke som pålegg, i pizza og til andre gode greier. Vil du ha pizzaen vegetarisk droppar du berre kjøtet. Den er deilig og smakfull sjølv utan det. Slik gjorde eg det: Kvit pizza med bresaola og pesto Pizzabotn til to pizzzaer: 4 dl vatn, lunka 1 ts tørrgjær ca. 8 dl kveitemjøl 1 ts salt 2 ss olivenolje Ha vatnet i ein …

Ikkje så mykje å seie…

I dag er det litt tomt oppe i hovudet mitt, så det kjem ikkje så mange glupe tankar frå meg. Eg vil berre minne deg om dette. Du kan altså bestille signerte eksemplar av Smalhans frå Samlaget. Enkelt og greitt, forlaget betalar portoen og du må berre hente pakken på posten. Så er julegåvene i boks! Eg ynskjer deg ein fin laurdag. 🙂