Author: Alt godt

God fredag!

Helga er over oss, og eg har endeleg kome meg heim frå jobb. I vindauga står desse rosene og lyser mot meg, er kjøpte dei faktisk forrige torsdag! Rettferdige er dei og, så dette var eit godt kjøp på alle måtar.  I morgon har eg planar om å treffe http://www.velduftende.com, vi skal ut og sniffe i Oslo. Kjenner eg oss rett, vert første stopp på ferda Heaven scent. Denne vakre, uavhengige parfymebutikken, som eg er så glad i.   Den er perfekt innreidd for å prøve parfymer, eit stort bord i midten, eit utal flasker, lys og kremar langs veggane og ein benk for dei som måtte vere uinteresserte. Eg gler meg! Ha ei god helg, alle som kjem innom, senk skuldrane og nyt livet.

Grønsaker i vin

Våren har gleda oss ei stund no, og då får eg lyst på grønsaker i alle variantar. Sunne,  gode og lettetne. Greske grønsaker er grønsaker som har blitt surra i olivenolje, og så fått dampe i vin, krydder og buljong til dei er møre. Dette er deilig tilbehør viss du skal grille, men dei kan og passe godt til ei steik, til grilla fisk eller ganske enkelt til ein kvardagskjøttpudding. Med grilla haloumi er den ein komplett, kjøttfri middag. Finn du denne retten på ein fin restaurant vil den heite ”a la greque” til etternamn, Rustikk mat har blitt moderne igjen, og bondekosten har kome inn på kjøkkenet att. Tom Victor Gausdal si bok om husmannskost vart kåra til verdens vakraste kokebok, så det er umoderne å servere bittelitt mat i eit tårn på tallerkenen. Bondekost skal det vere! Eg syns det er så godt å gå i butikken og la meg inspirere. Handlelapp er til såpe, havregryn, mjølk og brød. Middagen vil eg handle inn til på inspirasjon. Utvalet varierer, og då er det …

Festbord i mai

I desse glade maidagar står invitasjonane i kø, og får du ingen så lag din eigen fest og gled dei du kjenner. Eg har fått meir og meir sansen for å samle vener og familie på ettermiddagen på 17. mai for eit roleg og koseleg lag med god mat og god stemning. Eg har også stor sympati for vertskap som bakar godt brød, handlar drikkevarer og ber gjestane ta med ein rett kvar.  Berre brødet er godt og smøret mjukt kan det bli kjempevellykka.  Satsar du på lyse og lette rettar, gjerne basert på sjømat som her, passar ein kvitvin, gjerne musserande, til heile måltidet. Her kjem oppskrift på eit godt brød, og på nokre gode smårettar som er fine å ta med seg til dette kloke og gjestmilde vertskapet. Lagar du rettane sjølv, vil du sjå at eg har tenkt på at mesteparten skal kunne gjerast på førehand, slik at det vert mindre stress når gjestane kjem. Godt brød 1 liter lunka vatn             2,4 liter (ca. 1,5 kg) …

Paul Smith: Floral

Det er eigentleg dårleg gjort å skrive om parfymar som ikkje er lett tilgjengelege. Men ved hjelp av ebay, fragrancex, strawberrynet og slike plassar kan ein lett få tak i sjeldne dufter, så eg hiv meg utpå. Paul Smith er ein designer med særpreg, rosedufta hans frå 2007 er allereie ein klassikar. To år før dette, i 2005, kom Floral, ei lekker frukt/floral-duft. Dessverre er den gitt eit handikap ved at den er lansert i den styggaste flaska eg har sett i heile mitt liv, men det skal eg ikkje bruke mot den. Floral er eit døme på ei duft som inneheld mange notar som kan bli heilt feil, men som er heilt rette i den samanhengen Paul Smith har plassert den i. Ingefær, grapefrukt og vannlilje i feil blanding kan minne mest om stanken av oppkast. Men i denne parfymen, i kombinasjon med appelsin, magnolia og orkidé skaper dei kjensla av varm eleganse. Når den tørkar inn, tek dei florale hjartenotane over, og gjer at Floral får nærast eit pudrete preg, som understrekar det …

Er vi ferdige med rabarbra?

Nei, langt ifrå. Eg har iallfall masse igjen i hagen, og det er synd om den skulle kome vekk, altså stå så lenge at stilkane blir trevlete og seige, og smaken vert bitter og tørr. Difor får du to rabarbraoppskrifter til, på ei enkel og ei litt meir komplisert kake. Eg har leita lenge etter den optimale rabarbrakaka.  Det finst mange variantar, med og utan paiskal, med og utan marengs og nokre blir berre tørre og triste.  Det er synd, for rabarbraen er ein fantastisk smaksgjevar, men den sterke syra gjer at det er ein balansegang å lage ei god rabarbrakake. Her kjem oppskrift på to ulike, den eine er ein elegant pai med vaniljekrem og marengs, den andre kjem i kategorien ”lettvint”, med andre ord eggedosis og smelta smør, med frukta krydra og lagt rett i den mjuke og saftige kakerøra. Fest og kvardag, med andre ord, og det har ein jo bruk for! Eg tek den enkle først, så du ikkje misser motet: Enkel rabarbrakake 175 g sukker 3 egg 175 g mjøl …

Noko av det vakraste XII

Denne vesle filmen er laga til Oren Lavie sin song Her morning elegance, som vart gjeven ut på plata The Opposite Side of the Sea. Den rører meg kvar gong eg ser den, vemodig og fin som den er.  No har den blitt brukt i ei bilreklame i USA, og har også vore førebilde for ei reklame eg såg på tv2 her om kvelden, så eg syns dokke fortener å sjå originalen. 

Chili con carne

Her kjem endå ei Heidi-oppskrift, eg er på tur ut i verda, og kjem til å ha begrensa høve til å poste fram til fredag. Så det du ser frå meg denne veka er i hovudsak lagt ut på førehand. Ikkje desto mindre; Heidi lagar Chili con carne, og det gjer eg og rett som det er. Der Heidi brukar buljong brukar eg pils, altså som væske i gryta. Det gjev ein litt annleis, meir «vaksen» smak. Forøvrig er det den einaste varianten av pils eg får i meg, eg har aldri klart å lære meg å like det. Lykke til med chilien!  Alt godt   Denne retten er eigentleg ei bønnegryte med kjøtdeig og ho er aldeles nydeleg. Den er ein del av det texansk-meksikanske kjøkkenet, og dette er billig og mettande mat, særleg om du serverer den med ris til som eg gjer. I Mexico får du den oftast servert utan ris, berre med brød. Gryta er fin å lage dersom du skal lage middag til mange. Det finst mange oppskrifter og her …

Jean-Paul Gaultier: Classique

Nokre dufter likar eg med ein gong, andre må eg gi ein sjanse, la den vekse på meg, vere på huda og samvirke med min kjemi før eg kan finne ut om eg likar den. Jean-Paul Gaultiers stilikon Classique, den første parfymen som kom i den no så kjende torso-flaska, er ei slik duft. Den er ein floral oriental, med roser, mykje sitrus men endå meir krydder og frukt. Eg syns det er vanskeleg å skilje ut notane i denne dufta, men vaniljen er sterkt til stades, saman med stjerneanis. Stjerneanis er vanskeleg å like for meg når den er brukt i parfymer. Eg har lukta på Givenchy sin Rose Damascena, som er ein remake av Very Irresistible. Den har eit distinkt preg av stjerneanis, og gjer meg aller mest kvalm. Og med tida, og etter alle desse sjansane, har eg konkludert med at det gjer Classique meg og. Den er for mykje. For søt, for krydra, for varm, for «tørr», for «klengete». Fullt på linje med Angel, faktisk, sjølv om Angel er om mogeleg …

Sommarfuglar

No er aspargessesongen her for fullt, og dei skyt opp av jorda som små, lillagrøne spyd. I hagen min har fire stykke kome opp, og dei kjem snart til å bli knekt av og spist rett frå bedet. Når ein aspargesplante er ung skal aspargesane skal få stå og gjere rota sterk og skytevillig. Tre år skal det gå frå ein plantar asparges til ein kan byrje å ete av den. Før det skal stilkane få strekke seg fint opp i lufta og blomstre. På den måten samlar den krefter til verkeleg å jobbe hardt dei neste 60 somrane. Ein asparges som får stå og gro heilt til den visnar liknar nesten på dill. Likskapen med planta som heiter aspargesbregne er slåande. Har eg lært deg å lage laksesommarfuglar? Det er ein lettvint måte å lage laks på, som også ser lekker ut.  Den passar perfekt til nykokte, sprø asparges. Så lagar eg gjerne ein hollandes-saus til og, ein smørsaus som er ein klassikar frå det franske kjøkenet. Den finst på pose og, men ikkje …

Meir rabarbra – ein pai denne gongen

Når ein først har kome i siget med slike deilige vårvekstar som vi har i hagen no er det ikkje lett å stoppe. Eg er av den sorten som syns at for mykje av det gode er heilt fantastisk, han eg er gift med vil ha variasjon. Vi prøver å møtast på ein slags middelveg, men denne helga fekk eg viljen min; rabarbrasuppe med krem på fredag og rabarbrapai med vaniljeis på laurdag. Paien eg lagar i dag er ein smuldrepai, ikkje så ulik denne. Den er utan nøtter, og mjølkefri viss du brukar mjølkefri margarin, for eksempel Euroshopper flytande margarin, og droppar vaniljeisen. Kokosis er også veldig godt til, dei variantane eg har sett er mjølkefrie. Eg likar også å tenke at denne paien er ørlite sunnare, sidan eg brukar havregryn i mjølblandinga. Den inneheld iallfall ein god dose kostfiber, og det er vel bra? Denne paien kan også lagast med kvann, eg var lat og gadd ikkje gå ned trappene og hente, men har du kvann så putt ein neve finhakka i paien. …

Søndagsfrukost

Det er noko eige med søndagsfrukostar, då har eg stor glede av å lage noko godt til brødskivene, noko meir og anna enn det vi har til kvardags. Eg ser kva eg har i kjøleskapet, og finn på noko eg trur dei eg bur saman med (eller iallfall eg) vil like.  I dag lagde eg ein saftig og fin eggesalat med kremost, purre og urter. Denne porsjonen er nok til fire brødskiver. Slik gjorde eg det: Eggesalat 2 egg 1 stor ss rømme, avrent naturell yoghurt eller kesam 1 stor ss kremost 1/2 ts tørka dill 1 ts sennep 1 ss finhakka purre 1 ss finhakka urter, t.d. basilikum salt og peppar Kok egga i ti minutt. La dei kolne under rennande vatn. Ha kremost, kesam, urter og sennep i ei skål, og bland det. Smak til med salt og peppar. Skrell egga, og del dei først eine vegen og så andre vegen i ein eggedelar, slik at dei vert hakka. Bland eggehakket i urtekremen. Smak ein gong til om det trengst meir salt. Eg …

Sublime Balkiss (The Different Company)

Sublime Balkiss vart lansert av The Different Company i 2008, og vert beskriven som ein moderne chypre. Som eg har skrive om tidlegare, så er ei chypreduft lagd med mose som ein del av duftnotane. I Sublime Balkiss er det ikkje mosen som gjer dufta til ein chypre, men patchuli, den gamle hippie-ingrediensen som minner om hasjrøyk, etter mitt skjønn. Patchulien som er brukt i Sublime Balkiss er imidlertid av ein heilt annan karakter enn den gode, gamle søtlege. Moderne patchuli er slankare, meir disiplinert og ikkje så påtrengande.  Balkiss er namnet på dronninga av Saba, og dufta er designa av Cèline Ellena, dotter av den kjende parfymøren Jean-Claude Ellena. Ho beskriv sjølv dufta som kjend men overraskande, og eg forstår kva ho meiner. Det overraskande elementet er at den er så full av bær og patchuli utan å vere søt. Både bærnotar og patchuli vert mest brukt i søtlege, varme parfymer, men denne er ingen av delane. Den er tvert imot frisk og vårleg, tiltalande utan å vere påtrengande.  Sublime Balkiss har mange florale notar …

Alt for tidleg?

Eg vart ståande med haka på fruesnippen i går, rabarbraen i bakgården vår blomstrar! Er ikkje det veldig tidleg? Her har du beviset. Rett nok har ikkje knoppen sprunge heilt ut, men det hadde ikkje teke lang tid, hadde den fått stå i fred. I staden fjerna eg to slike stilkar til. Den bør kanskje få litt vatn, det er mogeleg at blomstringa er ein slags panikkreaksjon på at det har vore så tørt i det siste. Men ingenting er så gale at det ei er godt for noko, så vart det rabarbrasuppe til dessert. Rabarbrarettar er ein av dei måtane eg har fått vite at ein kan bruke kvann på. Eg kjøpte nemleg ein søt liten kvannepusling på hagemessa på Tøyen i fjor, og planta den i skuggeveggen, side om side med løpstikka. Der kan dei to stå og sloss om plassen.  Kvann (Angelica archangelica) er toårig, og min plante kjem altså til å bli diger i år. Stilken er hul, og den har ei krydra, aromatisk lukt som vert brukt i parfymar. Dufta …

Fred og ro

Fred og ro har senka seg over meg, spesielt fordi denne vakre dagen er ein fridag. I dag kjem bilda av fredagsblomane mine frå hagen, sidan den står i vakkert flor.  Ruteliljene mine (fritillaria meleagris) har endeleg etablert seg godt. Det er sikkert fire år sidan eg grov dei ned, og det har kome nokre blad og ein blome, men i år ser det verkeleg ut til at dei trivest. Kunsten er altså å vere tolmodig, og ikkje gje opp ein plante fordi om den ikkje gjer så mykje av seg i byrjinga. Er dei ikkje vakre? Vipeegg er eit anna vanleg namn på dei, gjerne på dei kvite. Men eg syns dei rutete er dei mest spennande å sjå på. Men no går eg ut ein runde til; denne gongen med ei bok, solbriller, telefon og honningkaker med smør på. Teen er servert i kopp frå Tivoli; dei er solide, og med pant på, så du kan velje om du leverer den inn att i Tivoli og får nokre slantar tilbake, eller tek den …

Urpoteten – jordskokk

Jordskokk (Helianthus tuberosus) er ein plante i korgplantefamilien, der den til dømes har selskap av ulike typar solsikker. Under jorda derimot, oppfører den seg eigentleg som ein potet, den har knollar som bular ut og veks når dagane vert kortare.  Grunnen til at eg kallar den for urpotet er at den kan brukast på same måte som potet (bortsett frå at den er god rå, det er ikkje poteten) og den kom til Europa før poteten, til Norge kom den fram imot midten av 1600-talet. Jordskokken vart danka ut av den ekte, nye poteten då den kom. Poteten held seg betre, den er lettare å skrelle og du bidreg ikkje til global oppvarming når du et den. Men jordskokken har ein langt meir interessant smak enn poteten har. Mi kjære venninne Ovedia var så lur at ho planta jordskokkar i hagen sin ein gong for lenge sidan. Av ein eller annan grunn planta ho dei side om side med dei fine aspargesplantane sine. Det angrar ho på. Aspargesen får aldri ein lukkeleg dag meir, pressa ned …

Siste nytt frå parfymeverda

No gir eg meg over og legg meg under. Hillary Clinton lanserer ein parfymeserie, under namnet «Autorité». Duftene skal få menn til å rette seg opp i ryggen og følge med, og ikkje seie noko før dei får beskjed om det. Duftprøver vil bli lagt inn i Elle, The Economist og The New York Review of Books. Nice…

I’ll be anything you need…

Når denne sangen vart spelt på festane på åttitalet (altså ikkje åttitalsfestane) vart dansegolvet stuvande fullt umiddelbart. Folk hoppa utpå og veiva armar og bein rundt i lufta. Herleg! Deilig, usakleg dansing. Eg diggar Peter Gabriel, mitt næraste forhold til han var raskt forbigåande, eg tok på han då han la seg ut i publikum og rulla seg utover på Kalvøya i 1987. Eg trur det var medan han sang Biko. Ein ta-på-verdsstjerne-opplevelse, altså. Hiv deg utpå, sving hoftene og la Peter få deg i godt humør med denne energipakken av ein sang.

i hagen min

  Eg tok nokre bilde her om dagen, og vart så fornøgd at eg må poste dei her. Her ser du to flotte kvite og purpurfarga kuleprimulaer, eller mikrofonblomster som datra mi brukte å kalle dei då ho var lita. Den vesle søtingen i same bildet er ein fylt raudveis – ein sjeldan blome som eg har fått av ei god hagevenninne. Rundt omkring dei veks det ei skuggesildre som kjem til å breie seg utover og fylle bedet når dei to andre er ferdigblomstra. Her er vårdronninga i bedet mitt, ei burgunder julerose som kombinerer nakkekneising med blygt nedslått blikk. Ikkje så vanleg i menneskeverda, men blant plantane kan altså dei to livsinnstillingane kombinerast. Rundt tærne har ho nokre iris og ein heuchera, og ein geranium bak og til høgre. Desse hyllene frå IKEA er perfekte til blomar utandørs, dei er i metall og er svartlakkerte så dei gjer ikkje så mykje av seg. Dei fyller perfekt opp rommet mellom sykkelstativet, inngangsdøra, veggen og aspargesbedet. Dei har perforerte hyller, så det er uproblematisk å …

Din eigen taco

Mi mjølkeallergiske venninne kunne konstatere at det var skummamjølkpulver i tacokrydderblandinga. Kva skal ein stakkar gjere? Eg heiv meg utpå, og prøvde å lage mi eiga tacokrydderblanding. Den første runden heldt på å utløyse apoplektiske anfall rundt bordet, så sterk var den. Andre runde vart meir balansert, og smakte veldig godt. Eg brukar buljong i krydderet, og eg har ein mjølkefri buljong som passar veldig bra til dette. Viss du er skeptisk til buljongpulver (allergi mot msg eller liknande) kan du bytte det ut med litt meir av eit urtesalt du stolar på, eller berre justere saltmengda i det ferdige resultatet. Slik gjorde eg det: Heimelaga tacokrydder 2 ts chilipulver 1 ss paprikapulver 2 ts urtesalt 1 ts peppar 1 ts spisskummen 1 ts malt koriander 1 ss maisenna Bland alt det tørre. Oppbevar krydderblandinga på eit tett glas, det går med 1 ss krydderblanding til 400 g kjøt. Hakk ein løk og to fedd kvitløk fint. Eg hakkar den grovt, og køyrer den saman med kvitløken i ei matmølle slik at det ikkje blir løkbitar …

Gult er kult

Her er nokre bilde som bør få vere med frå turen til botanisk. Det første er ein enorm forsythia, som står ved den gangvegen som kjem opp frå Jens Bjelkes gate. Det andre er ein vårkornell, og blomane på det tredje bildet er Caltha palyustris Flore Pleno, ein variant av bekkeblom. Dei er fine, sjølv om dei er gule.

Dagens kjønnsskifte

Jørgen Nordlund (38) er i dag ansatt som ny kvinnelig slalåm- og storslalåmtrener i Norges Skiforbund. Pressemelding frå Norges Skiforbund.

Sur og sylta

Huskar du sitronane eg sylta for nokre veker sidan? No har det gått ein og ein halv månad, og eg opna glaset for å finne ut korleis dette hadde utvikla seg. Eg tok ut ein båt, skylde av den saltet, fjerna fruktkjøtet (som er alt for salt) og skar den i tynne strimlar. Den smakte intenst sitron, salt og godt. Av ein eller annan grunn minte den meg om ein dry martini, eg såg for meg ein slik med ein liten bit sylta sitronskal i staden for ein oliven. Men sylta sitronar er ein nord-afrikansk, nærare bestemt marokkansk måte å bruke sitronar på. I marokkansk mat vert sitronskalet gjerne brukt for å smaksette rettane ein lagar i den tradisjonelle taginen, ei leirgryte med eit hatteforma lok som ein brukar for å dampsteike kjøtrettar. Særleg rettar med kylling og lam vert servert med ein saus smaksett med sylta sitron. Når eg no hadde denne skatten i hendene måtte eg altså eksperimentere litt. Eg lagde det eg kallar ei nord-afrikansk gryte, som eg serverte med bulghur. I …

Ein deilig dag

– i botanisk hage. Magnoliaene blomstrar, og rhododendronen står med lysande rosa knoppar. Vakre primulaer står og vippar med blomen mot sola og oss som ser på. Og kjære. Vakkert!