Shepherd’s Pie
I dag lagar Heidi Shepherd’s Pie, ein deilig middagsrett som ungane her i huset elskar. Dette er ein kjempefin kvardagsmiddag som alle likar. Alt godt Shepherd’s Pie vert mykje brukt i Nord-England. Eg var der på tur no i haust og det er alltid kjekt å lære nokre nye matrettar når ein er ute å reiser. Nord-England er har mange sauer og det er her vi finn Cheviot Hills som er grensa mellom England og Skottland. Cheviotsauen kjem sikkert frå dette området. Har du ikkje vore her så har du mykje å gle deg til, og det er fort gjort å ta ferja mellom Bergen og Newcastle. Du kan prøve denne paien, og likar du han så er det berre å reise til England og få fleire rettar. Shepherd’s Pie 500 gram kjøtdeig, gjerne frå lam, men eg brukar oftast vanleg kjøtdeig som eg får kjøpt på butikken. 1 finkhakka løk 1 finhakka gulrot 2 ss kveitemjøl 3 dl vatn 2 ss olje 1 ss tomatketchup salt pepar Steik kjøtdeigen på panna og ha i finhakka …