All posts filed under: Billig mat

Ei kvardagssuppe

Det er ingenting som varmar som ei deilig kvardagssuppe no i den fuktige, kjølege overgangen mellom haust og vinter. For meg er ei kvardagssuppe ei suppe du kan lage utan å måtte ut og handle, som du lagar med ting du har i skapet. Det gjer livet enklare når vi er sjuke, eller har det travelt mellom jobb, skule, barnehage, korps og trening. Denne suppa ser ut som ei tomatsuppe, men den er meir enn det. Eg har i ein boks bønner, som gjev næring og gode proteinar. I tillegg har eg i det eg måtte ha i hus av grønsaker. Sidan mine barn er pingler, køyrer eg den glatt med stavmiksar. (Eg må berre tilføye at dei vert ikkje ført bak lyset. Dei er heilt klar over at det er grønsaker i suppa, dei er med og skrellar gulerøtter, og knaskar gjerne i seg eit heilt mjølkeglas med gulrotstavar før middag. Det er berre bitar av kokte grønsaker dei vil ha seg fråbedne. Forstå det den som kan.) I denne suppa kan du putte …

Langs silkevegen til Kina

I dag lagar Heidi kinamat, den klassiske take-away-retten som du får kjøpt i heile Norge, ifølge Are Kalvø. Eg har prøvd Heidi sin variant, og den smakar nydeleg. Absolutt verd å prøve. Du treng ikkje bruke smult til fritering slik Heidi gjer, du kan bruke rapsolje eller soyaolje. Alt godt Eg las om presten på Giske som er så heldig at han skal reise til Kina langs den gamle Silkevegen. Eg har sjølv reist til Kina, men det var med den Transibirske jernbanen på 1980-talet. Å reise langs den gamle Silkevegen vert nok ei heilt anna reise enn gjennom flate Sibir og Mongolia med tospora jernbanesviller heile vegen. Er presten heldig kan han kanskje finne der Vårherre grunnla Edens hage der fiken, dadlar, fersken og mango voks vilt, eit reint paradis. Røtene til vår eigen matkultur ligg i her i Den fruktbare Halvmåne austan for Eden, og i nærleiken av elvane Eufrat og Tigris. Her tok vår tids jordbruksrevolusjon til, der ein byrja å kultive ville vekster og temje dyr. Husdyra og plantefaunaen vår kjem …

Noko av det raraste

Av og til lagar eg skikkeleg rar mat. Det kan byrje med noko som i utgangspunktet virkar heilt normalt, som ein kålsalat. Kålsalat er ein billig og fin variant no på tidlegvinteren. Eg dampa kålen og løken lett, slik at salaten får eit meir ”sylta” preg enn vanleg kålsalat. I dag hadde dei ikkje raudkål i butikken, då lagde eg salat med kvitkål og raudløk. Finn du raudkål kan du bytte om, og ha gul løk i salaten. Begge delar er like godt. Dressingen er noko av det sprøaste eg har lagd, med kvit balsamico, appelsinmarmelade og smør. Her kan du ikkje bruke margarin, det gir ein annan smak og konsistens. Dressingen passar heilt perfekt til dei lettsalta grønsakene, og løftar noko så prosaisk som kål og løk til nye høgder. Denne salaten er best å servere lun på grunn av smøret i dressingen. Du kan lage den i god tid, og så varme den kjapt rett før servering. Det beste er å halde dressingen i gryta til salaten skal serverast. Lagar du den i god …

Ein deilig potetgrateng

Eg lagde ein aldeles deilig potetgrateng i helga. I den putta eg masse forskjellige sortar ost. Vi har hatt litt selskapelegheit dei siste vekene, så nokre særs aromatiske ostebitar har blitt liggande att og vansmekte. Dei reiv eg opp, og brukte i gratengen. Ein vellaga sveitser, eit stykke spansk manchego og litt jarlsberg fekk gå i sausen saman med eit dugeleg stykke brie. Brien gjekk ikkje å rive, sjølvsagt, eg berre smelta ostestykket utan skorpe i sausen til slutt. Resultatet vart den deiligaste og mest aromatiske potetgratengen du kan tenke deg. Eg krydra gratengen med salvie i tillegg til osten, og på toppen strødde eg nokre valnøtter. Kombinasjonen av valnøtter, salvie og ost er fantastisk. Slik gjorde eg det: Potetgrateng 6 middels store poteter 1 stor gul løk 2 kløfter kvitløk 3 ss smør 3 ss mjøl 8 dl mjølk 3 ss finhakka fersk salvie, eller 2 ts tørka, knust 300 g blanda, riven ost 1 dl hakka valnøtter Salt og peppar Set omnen på 200 grader. Skjer potetene tynt, skyll dei og la dei …

Eple-Betty

Eplebetty er ein dessert som ”meine Berliner Mutti” lærte meg å lage. Eg har søkt litt, og funne ut at den opprinneleg er amerikansk. Kanskje kom den til Tyskland med dei amerikanske styrkane? Uansett er dette ein enkel, billig og deilig dessert som ein kan lage av brød som har blitt liggande. Bettyen vert best med brød med litt sødme, det er det einaste svensk limpa kan brukast til, til dømes. Eg brukte eit softkornbrød som låg att her, og det var perfekt. Eplebetty 6 skiver brød, gjerne mørkt og søtleg 80 g smør 5 ss brunt sukker, muscovado eller liknande 3 eple 1 ts kanel ¼ ts muskat ¼ ts nellik Skrell epla, fjern kjernehus og stilk, og skjer dei i skiver. Smelt ca. 30 g smør i botnen av ei eldfast form. Strø to spiseskeier brunt sukker i botnen. Legg epleskivene tett i tett i forma. Skjer brødskivene i små terningar. Ha dei i ein bolle saman med resten av sukkeret og krydder. Vend dette godt rundt, slik at alt er blanda. Ha …

Tunfiskgreier

Eg har fortalt før om mitt lidenskapelege forhold til tunfisk på boks. Denne oppskrifta har også tunfisk som hovudingrediens. Kvar eg har den frå veit eg ikkje, eg har brukt å lage den til meg sjølv når eg skal kose meg. Men eigentleg er smaken god nok til at dette skal bli noko meir enn berre kosemat for ein. Problemet er at denne røra ikkje er vakker å sjå til. Eg skal ikkje seie kva den liknar på, men brunfargen seier sitt. Det er mange døme på mat som ikkje er vakker, men som smakar fantastisk. Baba ganoush er ein slik rett, den grå, triste gugga som sonen min meiner liknar på hjernemasse. Men den smakar så godt at eg alltid angrar på at eg ikkje spiste litt til. Dagens tunfiskrøre er rar på fleire måtar, også ved at det skal smør i den. Smøret gjev ein rund, fyldig smak, så ikkje dropp det. Du kan blande inn hakka urter, det vert sikkert kjempegodt. På nyrista, tynne baguettskiver er dette eit deilig lite tiltygg, så …

Ny vri på graskar

No på hausten får ein omtrent kasta etter seg graskar rundt omkring. Dette er ei fin råvare, og eg syns det er synd at vi berre kasta innmaten på desse flotte fruktene. Eg kjøpte noko eg trudde var eit graskar, men det viste seg at det vert kalla butternut squash. Du ser den midt på dette bildet av ulike graskartypar. På norsk vert den kalla muskatgraskar, på grunn av den aromatiske smaken som kjem fram når det vert varmebehandla. Muskatgraskar har lys «hud», oransje kjøt og nesten ingen smak, som alle sine slektningar. At den ikkje har så mykje eigensmak er berre fint, det betyr at ein kan trikse og mikse som ein vil. Vi hadde mange til bords i helga, når ein blir elleve er det framleis viktig med alle tanter og onklar, fetrar og kusiner, for ikkje å snakke om besteforeldre og vennar. Eg krydra nokre kyllinglår, som vart delt i to og steikt i omnen, ris og ein salat. Ved sidan av serverte eg desse deilige bakte grønsakene, basert på nykomlingen muskatgraskar. Graskaret vart delt i passe store …

Skumle muffins

Det er veldig viktig at all mat på ein halloweenfest er litt skummel. Vi har prøvd ut forskjellige variantar, og ting med blod er populært. Safta er sjølvsagt raud, og vi prøvde ein gong med blodig smør. Det funka berre sånn passe, det vart meir prinsesserosa enn blodfarga. Men skumle muffins fekk eg til, og på festen skal det til og med sitte ein edderkopp i kvart nett. Slik gjorde eg det: Edderkoppmuffins 2 egg 3 dl sukker 3 dl mjølk 440 g mjøl 2 ss kakao 3 ts bakepulver 200 g smelta smør 100 g hakka sjokolade, mørk til vaksne, lys til barn Sett steikeomnen på 225 grader. Visp egg og sukker til eggedosis. Smelt smøret. Slå mjølka i smøret, slik at det kolnar. Du kan også bruke flytande bremykt, for eksempel. Sikt saman mjøl, bakepulver og kakao. Vend det inn i eggedosisen vekselvis med den hakka sjokoladen, mjølka og smøret. Ha røra i muffinsformer med skei, denne oppskrifta gir atten store muffins. Steik muffinsa i 10-15 minutt til dei har heva seg og …

Høneslakt i Ørsta

Heidi har høner i hagen, og på eit eller anna tidspunkt har hønene verpa ferdig. Då er det ingen nåde, dei må til hønehimmelen, det vil seie i ei god suppegryte. Suppa han også lagast med ein stor rå kylling, då får du kyllingsuppe, verre er det ikkje. Til suppa serverer Heidi deilige valnøttbrød. Dette kan du prøve ut til helga, for dette er fin søndagsmat! Alt godt Dei siste åra har vi hatt hagehøns her i Ørsta. Etter at vi fekk hagehøns er hønsesuppe ein delikatesse her i huset. Hønsesuppe Bruk ei høne på vel eit kilo. Legg ho i ein stor kjele og fyll på med vatn slik at det dekker høna og tilsett deretter: 1 ss salt 1 laubærblad 1 ts timian 5 kvite peparkorn 1 gulrot 1/2 purre 1 bit sellerirot 2 fedd kvitløk 2 terningar hønsebuljong (som smaksforsterkar) La alt dette koke i 2 1/2 time. Ta vekk skummet som legg seg på toppen. Kok høna til ho vert mør og kjøtet slepper beina. Då tek du høna opp og …

Urtesteikt laks

Eg og mange med meg lagar vårt eige urtesalt. Det kan brukast på mange måtar, og i dag brukte eg det til å panere nokre fine laksestykke i. Du kan framleis lage urtesalt viss ikkje kuldegradene har herja altfor gale, hos meg står både salvie, løpstikke, timian og persille fine og klare til å bli til heimelaga urtesalt. Å krydre mjølet er ein fin måte å gje smak til panert fisk på. Eg var raus med urtesaltet i dag, to spiseskeier til fire-fem spiseskeier kveitemjøl. Panering skjer i tre steg. Først skal det du panerer vendast i krydra mjøl. Så kjem turen innom eit bad av samanpiska egg, før siste runde med griljermjøl gjer stykka klare for steikepanna. Denne teknikken kan du bruke både på kjøt (snitslar eller tynt skorne svinekotelettar) og fisk av alle slag. I steikepanna brukar eg halvparten soya- eller maisolje og margarin. Smør vert fort brent, så det egnar seg ikkje så godt til denne bruken, der steikinga skjer på høg varme. Steik fiskestykka i to minutt på kvar side, og …

Husmannskost

I dag driv ho Heidi med slikt som eg verken har greie på eller lyst på; sild og poteter. Eg skuldar på matpingle-genet mitt, ikkje kaffi, ikkje øl, ikkje sild. Men eg veit at mange set pris på denne kosten sjølv om eg ikkje gjer det. Men dei tradisjonelle søtsuppene har eg ete mykje av, det var det eg fekk til middag når eg ikkje ville ete silda. Alt godt I dag er det mykje snakk om det gode søreuropeiske kosthaldet med mykje olivenolje og tomatar. Ja visst dette er bra, men minst like bra er vårt eige kosthald. Eg har ikkje høyrt om nokon som har vorte dårleg eller tjukk av sild og poteter, nei tvert om, slank som ei spikj–otre vert du av sild. Dette er mat som styrkjer hjarta og meir til. Eg hadde tenkt å lage sildekaker, men eg har ikkje fått tak i ei einaste sild her inne i fjorden  Når eg får lyst på sild, må eg berre ha det, og desse nedfrosne spekesildfiletane i frysedisken gir deg no smaken …

Rullemat

No er vi inne i ein stim her i bloggen, der vi rullar mat inn i annan mat. I går fekk du norske vårrullar av Heidi, og i dag får du meksikanske tortillas av meg. Dette er kjempeenkel mat, særleg dersom du har ståande eit glas av min heimelaga tacomix. Den brukte eg for å få til denne fine laurdagsretten, som gjorde oss alle i godt humør. Som vanleg må eg kamuflere farlege ting, som bønner og løk. Eg mosar bønnene med ein gaffel, og hakkar løken veldig fint. Då glir det ned hos mine matsære barn. Slik gjorde eg det: Gratinerte tortillas Ein stor løk Tre fedd kvitløk Olje til steiking To tortillalefser per person 400 g kjøtdeig 1 boks raude bønner 1 boks hakka tomatar 2-3 ts heimelaga tacomix 1 dl vatn 1 ts spisskummen 200 g riven ost Sukker, salt og peppar Set omnen på 225 grader. Finhakk løken og kvitløken, og fres det i ei vid gryte på ganske høg varme. Skyv løken til side, og ha i kjøtdeigen. Steik kjøtdeigen …

Kålhovud, den perfekte grønsaka

I dag hyller Heidi hovudkålen, og den er eg og veldig glad i. Billig, spesielt no i fårikåltida, den held seg lenge, og den kan brukast til masse forskjellig. Ei perfekt grønsak, altså! Gunda Å kalle kvarandre for kålhovud er ikkje direkte pent. Eit av mine aller første møte med ordet var då ein medelev i klassa kalla læraren vår for kålhovud. Læraren blei mildt sagt ikkje blid, men kva han gjorde med eleven egnar seg vel ikkje på trykk. Etterkvart har eg forstått for ei fantastisk grønsak dette er. Å bruke ein ostehøvel for å snitte opp kålen gir lange tynne strimlar som passer perfekt i salaten. Strimlane vert fine og sprø, og gir akkurat passe tyggemotstand. Har du nokon gong prøvd å blande snitta kål og hermetisk mais? Det gir ei god smaksoppleving, og med ein klatt youghurt naturell ved sidan av kan det serverast til all slags mat. Ein av favorittane mine er likevel steikt kål. Du veit kva eg snakkar om når eg seier kålrulettar. Det er ein gløymd middagsrett som mor …

Og så over til noko heilt anna

Heidi har vore på matkurs, og lært om tysk mat av ei som heiter Anne Lore Larsen. Der har ho blitt inspirert til å lage heilt andre typar mat enn det ho lagar til kvardags. Vi har mange ingrediensar felles med det tyske kjøkenet, men vi handterer dei ofte på forskjellig vis. Alt godt I dag lagar vi kokt oksekjøt med suppe og salat til. Vi lagar nudelsuppe av buljongen vi får når vi kokar kjøtet. Suppa er forretten, og litt av buljongen brukar vi til sausen. Så lagar vi nokre salatar og ein pepparrotsaus som er heilt nydeleg til kjøt. Vi i er enige med Anne Lore at kokt mat bør få ein renessanse, betre mat finst knappast. – Og så kan ein gjere andre ting medan maten kokar som å lære ungane  å synge. Om resultatet blir like bra som rundt grytene til Anna Lore lovar eg ikkje,  men at maten hennar ”schmeckt gut” er klart. Tafelspitz/kokt oksekjøt 2 kg oksekjøt, bruk beinfri bog eller høgrygg. Kok kjøtet i så heile stykke som …

Kjapp kvardagsmat

Trettenåringen og eg er heime åleine, og vi gjer det enkelt for oss sjølve. I dag byrja eg med tre skrelte gulrøtter, to vårløkar, ein salmalaks og ordentleg smør. Eg har fått meg eit juliennejern, ein liten dings som snittar grønsaker i lange, fine strimlar. Då kokar dei fortare, er lekrare på tallerkenen og fristar desse sære ungane mine. Gulrotpasta kallar vi det. Eg byrja med å sette på poteter til koking, og sette koketida til 25 minutt. Med dei ferske potetene du finn i butikken no er det nesten i overkant, spesielt dei som ikkje er så store og med lyst skal. Dette er ikkje vitskapeleg bevist, berre min høgst mangelfulle hukommelse frå tidlegare potetkokingar. Så lagde eg ein kjapp hollandaise. Slik gjorde eg det: Heimelaga hollandaise 4 eggeplommer (det er sikkert nok med tre, eg hadde fire, så dei gjekk i.) 2-3 ss vatn 100 g mjukt smør sitronsaft, salt og peppar Ha vatnet og eggeplommene i ein stålbolle som du set oppi ei gryte med kokande vatn. Pass på at det er …

Savory

Nei, bloggen har ikkje skifta språk eller målform. Men eg har funne eit engelsk ord som manglar på norsk, og det er savory. Grunnen til at eg kom på det ordet i dag var at eg skulle seie noko om å bruke frukt i middagsrettar. Savory betyr at noko er ikkje søtt. Ein middagsrett er som regel savory, altså ikkje søt, men ikkje nødvendigvis så veldig salt heller. Ordet blir også brukt om det japanske begrepet umami, altså den femte smaken. Den femte smaken er smaken av sopp, soya, steikt kjøt eller ost. Den er nær knytta opp til saltsmaken, men er ein sjølvstendig smak i tillegg til salt, søtt, bittert og surt. Denne smaken har ikkje fått eit ord på norsk, så vidt eg kjenner til. Viss nokon har det ordet, så send meg ein e-post. Den store familiedugnaden for å bruke opp epla i hagen til bror min er ikkje avslutta. Men vi har forstått at for å få brukt opp så mykje eple, må vi bevege oss bort frå det søte. Saft, …

Øving gjer mester

I går lærte du grunnprinsippa for å få ein god gjærdeig, i dag får du oppskrifter å øve deg på. Ein ting er sikkert; det er ingenting betre enn nysteikt gjærbakst i huset. Det trengst ikkje mykje i tillegg då for å lage fest. Lykke til med bakinga! Alt godt Aniskringler 80 gram margarin 3 1/2 dl mjølk 80 gram sukker (ca 1 dl) 50 gram gjær (1 pakke) 1 egg 4 ts anisfrø ca 10-11 dl sikta kveitemjøl Smelt margarinen og varm margarin og mjølk til 37 grader. Hell dette over i ein bakebolle og tilsett sukker. Rør gjæra ut i deigvæska. Visp egget inn saman med gjæra og tilsett anisfrø. Ha i det sikta kveitemjølet litt etter litt til du får ein passe fast deig. Set deigen til heving i 25 minutt med eit handkle over. Legg deigen på bakebord strødd med mjøl, og form han til ein tjukk pølse som du deler i 20 stykke. Trill kvart emne til ei pølse som er ca 35 cm lang. Lag ei kringle av kvar …

Baketriks

Meir Heidi-triks – som eg har sagt er det Heidi som kan å lage mat av oss to. I dag lærer ho bort alle triksa ein må kunne for å lukkast med gjærdeig. Veldig nyttig, spør du meg! Alt godt Å kjenne lukta av rykande fersk gjærbakst er nydeleg. Ingen ting er så godt som heimebaka brød, kringler og bollar. Fordelen med å bake sjølv er at du avgjer kva mjøl som skal vere i. Ofte er grovbrød som vi kjøper ikkje så grove likevel og vi blir fort lei smaken. Å få til god gjærbakst er lettare enn du trur, det vanskelegaste er i grunnen å kome i gang.  Har du lite erfaring med gjærbakst  er det lettast å starte med grove deigar. Den deigen kleimar seg ikkje så lett fast i fingrane og er lettare å forme. Å be venner på rykande varm gjærbakst, eit kveldsmåltid, der små og store er samla vert alltid vellukka. FRAMGANGSMÅTE FOR Å FÅ TIL EIN GOD GJÆRBAKST: 1.            Dersom det skal vere margarin eller smør i deigen …

Ein kan ikkje tenke på alt…

-som for eksempel at for å få ein vellykka sopptur er det ein fordel at det har regna dei siste to vekene. Det har det ikkje gjort i Oslo, men eg tenkte ikkje på det då eg endeleg fekk ein ettermiddag for meg sjølv, og kunne stikke av til min favorittskog og leite etter sopp. Det er ikkje så mange soppar eg er trygg på. Favorittane er traktkantarell og gul trompetsopp, og finn eg kantarellar blir eg lykkeleg. Steinsopp kan eg, piggsopp er også enkelt. Kremler er litt styrete, stort sett er dei skarpe, og får ikkje vere med heim. Risker er og flott sopp, men dei gode er ikkje så mange av. Åkersjampinjong er lett, dei har ei karakteristisk stjerne som dekker dei brunrosa skivene. Traktkantarellen er ein favoritt, sjølv om eg slit med å skilje den frå gul trompetsopp. Sjølv om det ikkje har regna på lenge så fann eg nokre soppar som vart med heim. I dag trur eg det var mest trompetar, dei er intenst gule i stilken, og lette å …

Grøda i hus

Å få grøda frå hagen i hus er ei sann glede. I dag har eg plommer på kjøkenbenken, og lagar ein lett pai. Når det først er plommeår renn det over. Her hos oss er det plommeår i år, og dei vi får plommer av slit med å bli kvitt dei. Eg melder meg frivillig, og tek i mot det eg får. I hagebyane i Oslo står det mange frukttre, og du kan lett finne eit skilt som seier at du kan kome og plukke. Mange eldre bur med store hagar, og treng ikkje på langt nær så mykje frukt som hagen produserer. Då støttar eg prinsippet om å dele goda. Mange set også kasser med eple ved porten, slik at dei som ikkje har epletre kan få. Fint, ikkje sant? I dag har eg altså fått ein balje med plommer frå foreldra til ein kompis, og eg bestemte meg fort for å lage ein deilig pai med krema fyll. Fyllet er lagd med kesam, kremost og egg, og eg gir ekstra smak med vanilje. …

Ei Heidi-suppe til

Heidi er lidenskapeleg glad i poteter, og i dag lagar ho ei lekker potetsuppe. Alt godt Du skal få ei oppskrift på ei potetsuppe som eg brukar å lage. Vi har vår eigen potetåker og det er stor stas når vi kan grave fram dei første nypotetene om hausten. Vi et nemleg poteter 365 dagar i året og vi blir aldri lei denne milde gode potetsmaken. Vil eg ha variasjon kokar eg  potetsuppe. Den er svært god, spesielt saman med kvitløksbrød. Då kjøper eg ein loff, skjer han i skiver og smør ei blanding av margarin og hakka kvitløk på kvar skive. Så legg eg loffen i ei seng av aluminiumsfolie og bakar han i omnen på 225 grader til han vert sprø. POTETSUPPE 1/2 purre Fem poteter 1 liter vatn Ein terning grønsaks- eller kjøtbuljong 2-3 ss crème fraiche eller rømme 2 ss tørka dill eller frisk dill om du har. 70 gram riven kvitost 150 gram skinke – reker eller bacon. Alt etter kva smak du ønskjer. Rens, skrell og hakk purre og …

Heimelaga fiskesuppe

I dag har Heidi laga ei deilig, heimelaga fiskesuppe. Ho tek vare på bein og hovud når ho lagar fisk, og kokar kraft. Har du det travelt, så putt avskjeret i frysaren, tin det og kok krafta når du har tid, og så kan du ha krafta i frysaren om du vil. Alt godt Eg brukar alltid å ta vare på beina og hovudet (fiskeavskjeret) til fisken når eg serverer fiskefilet. Ei fiskesuppe kokt på  kraft vert utruleg god, og det tek ikkje så lang tid heller. Ei fiskekraft skal berre koke i 25-30 minutt. Kokar ho for lenge vert det limsmak av krafta. Denne gongen hadde eg lakseavskjer, og då vart resultatet ei laksesuppe. Koking av fiskekraft Gjellar og blod må fjernast før bein og hovud vert lagt i kjelen. Saman med fiskeavskjeret legg du: 1 løk 100 g selleri, rot eller stilkar 2 gulrøtter 2 laubærblad ½ ts svart pepar 1ts tørka timian 1 ss sitronsaft 1 ss eddik 2 ts salt Del ryggbeinet i to viss laksen er lang. Får du tak …

Lam i kål

Det er eit lykketreff at lammeslaktinga og haustinga av kålhovud kjem samstundes, syns du ikkje? Nokre eg kjenner vil ha ram vérasmak på fårikålen sin, men eg er ei smakspingle (eg har fortalt at eg ikkje et sild, ikkje sant?), og syns at den gode, milde smaken av lam kokt passe lenge i fersk kål er mykje betre enn den ramme ullsmaken du får når det er gamle dyr som er slakta. Jada, vi hadde sikkert fårikål i fjor og, og året før der, men viss denne matspalta kan få ein ny tenåring eller nyboren hybelbuar til å forstå at fårikål er lett, billig og nydeleg mat så får dokke fårikålekspertane som har gjort dette år etter år bere over med meg. Dessutan skal de få ein eksotisk får-i-raudvin-variant som bonus. For vi er ikkje åleine om kome på idéen om å koke saman grønsaker og får. Det har blitt gjort i mange land til alle tider. Denne gryta kjem frå Korsika. For begge grytene gjeld det at det løner seg å legge litt pengar …

Meir eplegreier

Dersom du lagar eplesaft av eple som ikkje er overmodne, har dei mykje naturleg pektin i seg, og egnar seg perfekt til gelé. Eg tok av ein liter saft då eg hadde den store safterunden, og lagde gelé av den. Ta frå safta til gelé før du tilset sukker, då vert det enklare å få rett balanse mellom sukker og  pektinet, stoffet som gjer at geléen stivnar. Slik lagar du eplegelé: Eplegelé 1 liter usøta saft av eple 1 kg sukker tre-fire kvastar mynte om du har 1 krm atamon Bland sukkeret i safta medan du rører, og la safta koke friskt utan lok i nærare ti minutt. Ta ei spiseskei med saft på ein asjett, og la det danne seg ei hinne på geléen. Dra ei skei igjennom. Renn safta saman let du det koke eitt par-tre minutt til, renn den ikkje saman er geléen ferdig. Rør i atamon heilt til slutt, den skal ikkje koke. Sil frå mynta før du har geléen på glas som du fyller heilt opp. Eplegelé passar til mykje, …

For mykje av det gode

I år er eplehausten i mitt nabolag heilt enorm. Folk delar ut villig vekk, og blir likevel ikkje kvitt avlingane sine. Gode er dei og, men ungane byrjar snart bli lei av eple i matpakken. Kva skal ein gjere når ein sit med ein haug med gode, saftige eple, men har mista lysta på å ete dei? Eg saftar store mengder med eple. Det er lettvint, du kan ”prekivere” mykje i slengen, og du har glede av det langt utover vinteren, når eplehausten berre er eit vakkert minne. Saftkokaren vert teken opp av kjellaren, og heile familien vert sett i arbeid med å kutte eple i bitar. Dei treng ikkje skrellast eller rensast, legg eplebitane rett i den øvre dampekorga. Eg lot ei full dampekorg med eple stå på to (min komfyr går til ni) natta over, og morgonen etter var kjelen full av deilig eplesaft. Vi gjentok suksessen natta etter, og då sto vi der med ti liter eplesaft! Før vi hadde byrja å ha i sukker! I mi barndomstid var det å finne …