All posts filed under: Billig mat

Fastelavensfest

Eigentleg er det tre feiringar denne søndagen, morsdag, valentinerdagen og fastelaven. Eg held meg til fastelaven, eller fastelavn, som ein norsklærar påpeikte er det rette namnet. Faste er vanleg i mange religiøse retningar. Islam har sin ramadan, ein månad med faste, og jødedomen har sin Yom Kippur. I kristendomen innleier ein fasta onsdagen i den sjuande veka før første påskedag, og den varer i 40 dagar til minne om då Jesus fasta 40 dagar i ørkenen. Fastelavn har strengt tatt ikkje noko med faste å gjere, tvert imot er det nokre dagar før fasta då ein et ekstra fin og feit mat. Gulatingslova nedla forbod mot å ete kjøt i fasta, og åt ein kjøt kunne ein verte ilagd bøter. Fastelavn kjem av det tyske ordet Fastel-abend, og tyder kvelden før fasta. Fastelavn vart markert med rikeleg, feit mat før ei tid med ransaking og ettertanke fram mot  høgtida. Fastelavnsbollar er truleg eit tysk påfunn (slik mange av tradisjonane våre er) og dei vart baka i Bergen av hanseatane. Tysk baketradisjon stod sterkt i Bergen, …

Elsk din kvardag

Eg googlar dette uttrykket, og finn det ingen annan stad enn her i bloggen. Då må eg vel ha funne på det? Eg veit ikkje. Iallfall: Her er ein klassisk kvardagsmiddag, som det definitivt kan gå an å elske. Fiskebollar er kvardagsmat, men desse er ikkje av kvardagssort. Far min hadde dei med ned frå Sunnmøre, dei er laga ved Ørsta Fiskemat, og er av første klasse. Der lagar dei visst glutenfrie fiskebollar og, har eg høyrt. Eg serverer dei med ein enkel ertepuré, og den klassiske kvitsausen. På ICA sel dei store posar med frosne, lekre, grøne erter for under tjue kroner. Fullt på høgde med dei tøysete små posane med selskapserter som ein får rundt omkring. Slik gjorde eg det: Fiskebollesaus 4 ss smør 4 ss mjøl 1/2 liter mjølk Krafta frå fiskebollane – viss den er god Litt sitronsaft Salt, peppar og muskat Set omnen på 200 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølk og fiskebollekraft (ha i meir mjølk viss …

Laurdagens nyskaping

Ta med en kake, sa niesa, som inviterte til Grand Prix-fest. Slikt må ein ta på alvor, og når ein attpåtil har fire brune bananar liggande så kan ein slå to fluger i ein smekk. Det vart banancookies, eller banankaker, ikkje banankake, altså. Komplisert, dette her. Men gudhjelpemeg så gode dei vart. Slik gjorde eg det: Banankaker 2,5 dl smelta smør 5 dl sukker 1 stort egg 5 dl mosa bananar 1 ts bakepulver 5 dl mjøl 1/2 ts kanel ½ ts muskat ½ ts nellik 3 dl hakka valnøtter Set omnen på 180 grader. Rør saman egg og sukker. Smelt smøret og la det kolne. Mos bananane. La det stå medan du blandar det tørre i eit litermål. Bland det tørre skei for skei inn i bananmassen vekselsvis med smøret. Vend inn dei hakka nøttene. Legg deigen med skei på bakepapir, ca. 2 ts deig i kvar haug med god plass mellom. Steik kakene midt i omnen på 180 grader i 10-12 minutt. Følg godt med på slutten, dei kan fort bli brent. La …

Sjokoladelasagne med kokossorbet

Lasagne til dessert? No har ho tørna, tenker du kanskje. Men eg fann ikkje noko betre namn på denne desserten så eg kallar det ein lasagne. Dette er ei dessertkake, ei iskake for å vere heilt presis. Botnen er ein slags sjokolademarengs, og så har eg lagt den i lag med kokossorbet imellom. Mi mjølkeallergiske venninne er alltid på leit etter kokossorbet, det er ein deilig mjølkefri is som smakar sommar, sol og syden. Denne oppskrifta er både mjølkefri og glutenfri. Eg tenkte i mitt stille sinn at kokossorbet må det vel vere råd å lage. Kokosmjølk får ein tak i på boks over alt, og kokosmasse er også i alle butikkar, sjølv om makronsesongen er over. Å eksperimentere på kjøkkenet er ein av mine hobbyar, så dette er resultatet av laurdagens eksperimentrunde. For fleire år sidan fekk eg ein ismaskin av han som eg bur saman med. Vi var ganske ivrige i byrjinga, men det har dabba av med islaginga. Men til kokossorbet er ismaskinen perfekt, så den fekk seg ein luftetur ut av skapet. …

Gratinert brokkoli

Dette er ei fiksfaksfri oppskrift, enkel å lage når ting skal gå fort og lett å lage berre til seg sjølv. Utgangspunktet er eit fint brokkolihovud, eg brukar ferskt. Det blir middag med frosne bukettar og, men det blir meir som ein grateng, og ein tanke meir vassent. Denne kan også lagast i veggisversjon. Spe kvitsausen med kokevatnet frå brokkolien i staden for mjølk. Rør inn riven mjølkefri ost, gjerne litt meir enn det som står i oppskrifta her når du ikkje har mjølk i sausen. og så har du mat til mjølkeallergikarane og veganarane og. Denne oppskrifta er til fire svoltne, lagar du den til deg sjølv så bruk ein bukett og så har du litt ekstra til lunch. Slik gjorde eg det: Gratinert brokkoli 800 g brokkoli 4 ss smør eller mjølkefri margarin 4 ss mjøl 1 liter mjølk eller kokekraft Litt sitronsaft 150 g riven ost Salt, peppar og muskat Set omnen på 220 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølk, …

Bedehus under og disco på toppen

Kaka eg lagde her om dagen er ei tradisjonell krydderkake med korintar, der eg kjem frå kallast den bedehuskake. Eg trur oppskrifta kjem frå bestemor mi, og eg huskar ho lagde den med tyttebær i og. Ho dreiv med koppemål og brukte ein bestemt kopp som eg ikkje har arva, så eg har rekna om måla til det metriske systemet. Kaka egnar seg veldig godt til å dele med mange, og den smakar nydeleg med eit stort glas mjølk til. Den er lagd med relativt lite sukker, så den held seg ikkje kjempelenge. Men det gjer ingenting, den vert oppeten med ein gong likevel. Huskar du denne oppskrifta? Der brukte eg zurenbessen, tørka bær av berberis som eg fann i ein innvandrarbutikk. Då eg lagde kaka no sist hadde eg i halvparten korintar og halvparten zurenbessen. Det vart kjempegodt! Det var deilig med dei små syrlege smakseksplosjonane innimellom det søte og krydra. Det som gjorde kaka til ei discokake til slutt var ein søt osteglasur med rosa og lilla strøssel på. Slik gjorde eg det: …

Laurdagspizzaen

I går hadde vi ein skikkeleg tradisjonell laurdagskveld, med Grand Prix, laurdagspizza og rømmedressing. Eg brukte denne oppskrifta, og hadde på finhakka paprika, artisjokkhjerte i tynne skiver, bacon og sjalottløk i ringar. Rømmen vart rørt ut med to teskeier av dette urtesaltet og litt ekstra peppar. Mmmm!

Ein kjapp ein

Av og til så må det berre gå fort. Alle kjem heim i ein haug, det er snart fotballtrening, korpsøving eller så er du berre innhol av svolt. I dag får du oppskrift på ein klassikar i matverda, gulasj. Det er ei ungarsk gryte som vanlegvis skal koke i timevis. Min variant har du klar på ein halvtime, og den smakar nesten like godt som den tradisjonelle langkokte. Denne oppskrifta er fin for allergikarar, den er både gluten- og mjølkefri. Viss du har buljong i, så sjekk at det ikkje er mjølk eller gluten i den, viss du har allergikarar til bords. Ordet gulasj betyr gjetarsuppe, men eg er vand med å servere gulasj som ein fyldig gryterett med poteter, ris eller brød som tilbehør. I dag serverer eg gulasjen med ein heimelaga potetmos med selleri. Sellerien er med for å gje smak og litt meir fiber enn potetene har å by på. Potetmosen vert smaksett med pecorino-ost. Den er lagd på sauemjølk, og dei fleste mjølkeallergikarar toler den dermed godt. Parmesanost er ost av …

Søte restar

Det er vel lov med dessert ein trist januardag? Nærbutikken min hadde tilbod på kremfløyte som gjekk ut på dato i dag, og då vart det tilslørte julejenter til dessert heime hos oss. Julekakene er dessverre enno ikkje oppetne her hos oss, og slik er det vel vanleg å ha det på denne tida. Eg lagde denne deilige desserten med knuste julekaker, og den vekte stor åtgaum rundt bordet. Mine julekaker er så fulle av smør og sukker at eg droppa den tradisjonelle runden med å steike det sprø mellomlaget i smør og sukker. Eg brukte karamellkaker og nokre pepparkaker, og tyttebærsylta som var att etter reinsdyrsmiddagen i romjula. Syltetøyet kan du variere, og det same med julekakene. Krasja krumkaker er sikkert veldig godt til denne desserten, for ikkje å snakke om kokosmakronar. Slik gjer du det: Tilslørte julejenter 5-6 julekaker av ulikt slag 2 dl kremfløyte 2 ss syltetøy per dessertglas Knus julekakene grovt. Pisk fløyten til passe stiv krem. Legg kaker, krem og syltetøy lagvis i pene glas. Server med ein gong, slik at …

Restemat på alle fat

Vi er akkurat ferdige med å ynskje kvarandre godt nytt år, og med eit godt nytt år følgjer og restane etter feiringa av jula og det gamle. Har du fått med deg at ei gjennomsnittleg norsk familie kastar mat for 10 000,- per år? Det er hårreisande, og viser at vi har alt for god råd. Eller kanskje det viser at vi ikkje er trygge nok på kva som er god og etande mat? Eller at vi er for dårlege til å ta vare på maten når vi har restar? Eg veit iallfall at for min eigen del kastar eg mat når eg har planlagt for dårleg, og gløymt at eg hadde ein squash eller eit beger ruccola i kjøleskapet. Og så kastar eg når eg og dei eg bur saman med har vore sløve, og latt middagsrestane stå framme slik at eg er uttrygg på kva bakteriar som har fått formere seg i maten i løpet av natta. Hadde eg teke vare på restane, og rensa og sett dei kaldt eller i frysaren rett …

Helsekost – på ein måte

Heidi har laga vegetarpizza i dag, eg trur ho har litt dårleg samvit for all julematen. Det er nok det gamle prinsippet som gjeld; det er ikkje det du et mellom jul og nyttår som gjer at du legg på deg, det er det du et mellom nyttår og jul. Heidi foreslår at du skal smøre steikebrettet, du kan også bruke bakepapir, eller gjere som meg, og strø plata tynt med mjøl. Det gjev ein steinbakt smak. Alt godt Feittfattig mat kan ikkje skade etter ei jul med ribbe, skinke, leverpostei og søte kaker i lange baner. Dei fleste vil merke dette overinntaket på badevekta. Noko anna hadde vore rart. Det beste rådet mot overvekt er å halde seg i aktivitet og ta kontroll over vekta. To kilo opp klarer vi å takle ved å ete litt mindre dei neste vekene. Det verste er når kiloa kjem snikande og  umerkande, og festar seg både her og der. Men det er om å gjere å bli glad i eigen kropp og  nokre kilo ekstra er berre …

Spansk tortilla

Eg lagde ein spansk buffet her for ei stund sidan, så dei neste dagane får du litt spansk mat her i bloggen min. Det var nærare 30 som skulle serverast, så eg måtte finne nokre snarvegar for å få det heile til å fungere reint logistisk. Eg lagde tortilla, og den skal eigentleg steikast i ei steikepanne og vendast undervegs. Potetene skal kokast møre utan å bli brune i olje, og så skal egg og steikt løk blandast inn. Eg forsto raskt at eg måtte finne ein enklare måte å gjere dette på. Eg kledde ei langpanne med bakepapir, og bakte tortillaen i omnen.  Potetene vart forkokte, og eg måtte renonsere på kravet om at dei ikkje skulle bli brune under steikinga, for det vart dei. Men det vart ein skikkeleg god tortilla, så eg tenkte eg skulle dele oppskrifta med deg, snarvegar eller ikkje. Eg hart redusert oppskrifta litt i storleik, 18 egg kan bli i overkant sjølv om ulvehungeren ikkje heilt har gitt seg etter jul. Slik gjorde eg det: Spansk tortilla 6 …

Endå fleire dessertar?

Ja, eg har faktisk tre dessertoppskrifter til. Desse er Heidi sine, og her får du lære å lage heimelaga sjokoladepudding med vaniljesaus. Eg kan love deg at den er betre enn Tine sin. Eg lagar alltid pikekyss sjølv, men det går fint å lage pikekyssdesserten med kjøpte. Men her og er dei heimelaga best, ikkje minst fordi du veit kva som er i dei. Alt godt Sjokoladepudding 8 dl mjølk 2 ss kakao 4 ss sukker 2 ts vaniljesukker 7 plater gelatin Kok opp mjølk, kakao, sukker og vaniljesukker, og set det til sides. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i ei skål og la dei ligge der i 5 minutt. Vri gelatinplatene opp og legg dei i ei skål. Slå litt varm kakao over gelatinen og rør han ut i den varme blandinga. Hell så denne blandinga i kakaoen medan du rører flittig. Gelatinen må ikkje koke, så du må ikkje ha gryta på varm plate medan du gjer dette. Avkjøl blandinga litt og hell puddingen i ei glasskål. Det har lett for å verte …

Riskrem med raud saus – Appelsinfromasj

-dessertar, altså. Eg trur til og med eg har fleire på lager. Riskrem er ein klassikar som «alle» kan. Men det er ein første gong for alt. Difor tek eg den med likevel, i tilfelle ein eller ei som arrangerer jul for første gong på eige kjøkken stikk innom. Riskrem Denne oppskrifta er ikkje så stor, så har du mange dessertglade rundt bordet må du kanskje doble ho. 3 dl ferdigkokt risengrynsgraut 2 dl kremfløyte 1 ss melis 1 ts ekte vaniljesukker Du kokar altså ein risengrynsgraut på førehand. Langkokt risengryn er best, men den på 20 minutt går og fint. Du MÅ salte grauten, utan salt vert den daud i smaken og riskremen vert heller ikkje god. Ørlite salt må med for å framheve sødmen i riskremen. Pisk kremfløyte og tilsett melis og vaniljesukker. Vend den kalde, kokte grauten inn i den piska kremen. På den måten ser du betre når det er passe mykje ris i forhold til mengda krem. Ha riskremen i ei glasskål og set han i kjøleskåpet til avkjøling. Raud …

Dessertar til jul

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente. I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Sist eg var på ein ICA-butikk fann eg ekte vaniljesukker, med svarte prikkar! Finn du det, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Får du tak i slikt vaniljesukker kan du redusere litt mengda vaniljesukker i oppskriftene, for smaken er meir intens. Karamellpudding 1 1/2 dl sukker 1 …

Meir søte kaker – kokosmakronar og peanøttkaker

Peanøttkaker (ca 36 kaker) 1 egg 2 dl sukker 2 dl havregryn 50 g peanøttsmør 75 gram meierismør 3 ss kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1 ts kakao 100 gram salta peanøtter Pisk eggedosis av egg og sukker. Smelt peanøttsmøret i ei lita gryte saman med smøret. Rør inn havregryn, og ta gryta av plata. Bland kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker og kakao, og vend det inn i smørblandinga. La det heile kolne før du vender inn eggedosisen. Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er. Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. Ei teskei røre er nok, dei vert større enn du trur. Du får berre 9 toppar på eit steikebrett.  Steik kakene midt i omnen i ca 8 minutt på 200 grader. La kakene kolne på bakepapiret, dei er blaute idet dei kjem ut av omnen …

Lussekattar

I dag er det lucia, og dagen for å lage lussekattar. Her får du mi oppskrift: Safrankrans/lussekattar 125 gram smør 5 dl mjølk 1 1/2 dl sukker 50 gram gjær 1 ts gurkemeie eller 1/2 gram safran ca 12 dl kveitemjøl Smelt margarin og varm margarin/smør og mjølk til 37 grader. Ha i sukker og rør gjæra ut i denne deigvæska. Har du heil safran, så knus den med litt sukker i ein mortar først. Ha så krydderet i mjølet, og elt det turre inn litt om gangen til du får ein smidig deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Forhev deigen i bakebollen i 25 minutt. Legg deigen på mjøla bakebord og kna han saman til ein stor bolle. Trill ut tre pølser og flette dei saman til ein krans eller du kan lage tradisjonelle lussekattar. Legg dei ferdige lussekattane på bakepapir på ei plate. Pensle bakverket med ei blanding av 1 egg og 1/2 dl mjølk. Etterhev baksten i 25 minutt (lagar du krans bør den få heve litt lenger) og steik den …

Syltaflesk

I dag lagar Heidi syltaflesk. I mi verd er det for spesielt interesserte, men eg har forstått at mange er glade i det. Hiv deg rundt viss du likar syltaflesk, men ring til ein slaktar først, slik at du får hovudet i hus. Du kan og bruke ei ribbeside, då blir det litt meir overkomeleg. Alt godt Å lage syltaflesk er ein måte å utnytte heile grisen på. Eg veit ikkje om du har fora opp ein julegris, men vi gjorde det for nokre år sidan. Han blei feit og god, men med eit så tjukt spekklag at det passa liksom ikkje inn i vårt kosthald. Så det blei med den eine grisen. Vi kjøper derimot kvart år grisehovud som vi lagar syltaflesk av. Hovuda er svært billige og all hjernemassen er teken ut. Bløytlegg det i to døgn så er det gryteklart. Vi kokar som ein griseknok saman med hovudet og legg i sylta. Men du kan og lage syltaflesk av buklist eller som eg gjorde i år av ei svineribbe på 1 ½ …

Julekaker – karamellkaker/kolakaker og ingefærsnittar

I juletida vert det tydelegare enn elles at mat er eit viktig kommunikasjonsmiddel menneske imellom. Alle lurer på kor langt du har kome i bakinga, og framande menneske snakkar med kvarandre når dei set seg til bords og et saman. Ordet jul tyder festar, og julegildet er høgdepunktet i mørketida. Folk kjem saman for smake på julebaksten, prate og ha det hyggeleg. Den gamle skikken å alltid by fram noko i juletida for at gjesten ikkje skal ”bere jula ut” er ein tradisjon å ta vare på. Småkaker i fine boksar kan og vere ei kjekk julegåve, særleg til eldre som ikkje bakar sjølve lenger, men som syns det er triveleg å ha noko godt å by på når det kjem besøk. Dei eldste julekakene våre vart steikt i jarn eller i smultgryte over open eld. Julekaker steikt i bakaromn er ein ny tradisjon. Folk flest hadde ikkje omnar å bake i, og julekakene vi bakar i dag er ikkje eldre enn då støypejarnskomfyren vart teken i bruk på slutten av 1800-talet. Å få kakene …

Tradisjonell julemat

I dag får du nokre tradisjonelle matoppskrifter frå ne Heidi. Havrekjeksa hennar er kjempegode, og lettlagde. Server ost til dessert eller til ein buffet i jula, og ha heimelaga havrekjeks som tilbehør. Krumkakeoppskrifta er sikker som banken, og krumkakene passar perfekt både til dessert og til kaffen. Alt godt Mattradisjonar er svært konservative. Smak, lukt og det sosiale fellesskapet rundt mat og måltid er ein del av identiteten vår. Flytter vi utanlands klarer vi stort sett å tilpasse oss landet sine matvarer til kvardags, men til høgtidene finn vi tilbake til lukter og smakar som vi opplevde i barndomen. Ein vestlending vil helst ha tørka dampa fåreribbe til jul. På den måten markerer vi ein synleg forskjell mellom oss og dei, samstundes som vi klarer å oppretthalde vår eigen identitet. Mat blir eit markeringsobjekt. Kanskje det er denne mekanismen som får oss til å søkje attende til gamle matskikkar og tradisjonar. Det opprinnelege vert viktig for oss i ei tid der raske løysingar ligg til hende, og vi kan få ferdigmat på 10 minutt. Kanskje …

Om å kjøpe inn

Dei som kjenner meg privat veit at eg lever av å shoppe. Eg er altså innkjøpar for ein statleg etat. Det er eigentleg ein logisk konsekvens av at eg alltid har vore glad i å shoppe, og at eg har ein fagleg bakgrunn (juss) som gjer at eg kan det som skal til av regelverk og rettspraksis. Men eg kjøper ikkje berre inn på jobb, eg brukar dei same teknikkane (i moderert form, naturleg nok) når eg kjøper inn privat. Det er nokre grunnprinsipp som det kan vere nyttig å få med seg, for at ein skal kunne gjere gode innkjøp. Kjenn marknaden du kjøper inn i Prisar, vilkår og kvalitet varierer frå marknad til marknad. Kva er så ein marknad? Ein kan hevde at alle matvarebutikkar i ditt nabolag er ein marknad. Samstundes er det viktig å vite at ein ikkje treng å flytte seg så langt for å gjere ein betre handel.  Daglegvareforretningane baserer seg på at du ikkje gidd å sjekke prisar og kvalitetar andre stader. Å orientere seg blant tilbydarane utanfor …

Krutongar – og to kamera og ingen bilde

Då mitt kjære EOS 300D vart rappa frå kofferten på veg til Nepal i 2006 var eg ikkje treg med å dra kortet. Eg kjøpte eit nytt 350D i Kathmandu. Å vere i Nepal utan kamera var heilt uaktuelt. Dette kameraet har jobba saman med meg sidan då, og levd eit hardt liv, må eg innrømme. I august nekta det å samarbeide, og eg måtte ut på marknaden. 500D kom i hus, og 350 D vart sendt til Kameraproffen for å sjekke om det var von. Etter ein månads tid ringte eg dei, og kameraet var redda for 1300,-. Glad og fornøgd henta eg det, og ga det som for tidleg julegåve til trettenåringen. Så no er det to kamera i bruk her i huset. Stort sett går det greitt,  mitt bur på kjøkkenbenken, og hennar vandrar litt rundt omkring. Men av og til blir det teke bilde av trettenåringen med mitt kamera. Eg har oppdaga at trettenåringar har eit svært bestemt forhold til retten til eige bilde. Bilde av trettenåringar er trettenåringen sin eigedom, …

Gårsdagens pizza

Dette er ikkje den mest sofistikerte oppskrifta du vil finne her, men eg gjorde noko lurt, så eg tenkte eg skulle dele det. På fredag hadde vi nemleg taco. Då steikte eg opp 600 g kjøtdeig (omtrent) i staden for 400g slik eg brukar. Det gjorde at eg kunne ta til side ein god porsjon ferdigkrydra kjøtdeig etter at alle var mette. (Og vi unngjekk samstundes at nokon kjøleskapsdyret mumsa på det om natta.) Laurdag sto pizza på ønskelista, og det måtte skje fort, for vi var svoltne. Eg køyrde saman deigen etter denne oppskrifta: Pizzadeig: Ein pakke tørrgjær 5 dl lunka vatn 4 ss olivenolje 1 ts salt Mjøl til passe deig Bland tørrgjæra i mjølet. Ha vatnet, saltet og oljen i ein bakebolle (eg brukar Kenwooden til dette). Elt inn mjølet litt og litt, heller litt mindre enn litt meir. Deigen skal sleppe bollen til slutt, men den må ikkje vere for fast heller. La deigen heve så lenge du gidd å vente. På den utkjevla deigen hadde eg halvparten av eit glas …

Meir svart og kvitt

Det svarte og kvite i dag er ein deilig dessert som passar fint til torsken du fekk oppskrift på i går. Det er ein pannacotta som eg har lagd med matfløte og yoghurt for å få den litt lettare. Pannacotta, som betyr kokt fløte på italiensk, vert normalt lagd med kremfløte. Det kan bli i heftigaste laget no i november. Det blir nok tunge dessertar når jula nærmar seg. Eg hadde frosne blåbær bakerst i frysaren som eg lagde ein mørk bærsaus av. Det er ein lekker kontrast mellom den milde, lyse pannacottaen og den svarte blåbærsausen. Slik gjer du det: Yoghurtpannacotta med blåbærsaus 1,5 dl fløte 3 ss sukker 2 ts vaniljesukker 2 blad gelatin Ei kanelstang 3 dl yoghurt utan smak, eg brukte Biola Bærsaus: 2,5 dl frosne blåbær 3 ss sukker 2 ts sitronsaft Kok opp fløten med sukker og kanelstanga. La dette stå og trekke i eit kvarters tid, lenger viss du vil ha meir intens kanelsmak. Legg gelatinblada i bløyt i kaldt vatn i nokre minutt. Når dei er mjuke …

Hot wok

I går lagde eg ein enkel wok som eg tenkte eg skulle vise dokke. Når folk tenker på wok tenker dei på eksotiske grønsaker som vannkastanjar, palmehjerte og bønnespirar. Men det går heilt fint å lage wok med alminnelege norske grønsaker som du får tak i i alle grønsaksdiskar. Det var det eg gjorde i går. Eg kjøpte strimla svinekjøt, ganske enkelt fordi det var det som var på tilbod hos min kjøpmann. Det steikte eg aller først, og så steikte eg alle grønsakene. Utfordringa med wok på ein vanleg norsk komfyr er at det er vanskeleg å få opp temperaturen skikkeleg. Men med full fres på den største plata fekk eg det varmt nok. Slik gjorde eg det: Svinewok til fire 600 g svinekjøt Ein skalk kål To gulerøtter Ein brokkoli Ein løk 3 fedd kvitløk Ein neve sukkererter 4 ss soyasaus 3 ss søt chilisaus 3 ss østerssaus 2 dl vatn 2 ts fivespice-krydder 1/2 ts chilipulver 4 ss olje til steiking, raps eller soya. Finhakk alle grønsakene. Eg brukar juliennejern på gulerøttene, …