All posts filed under: Billig mat

Kurerer gruff

Det deilige syltetøyet som er blogga om her og her, er enkelt å lage, berre ein har rabarbra i hagen og ingefær i butikken. Viss du i tillegg har kvann vert det ekstra godt. Eit gamalt husmortriks er å alltid ha glasa ferdige, reine og kokte på eit kjøkkenhandkle før du byrjar å sylte. Når du først har byrja å koke sylta blir det eit styr å leite etter glas, for sylta skal fyllast på glasa når den framleis er varm. Slik gjer du det: Rabarbrasyltetøy med kvann og ingefær 2 kg rabarbra 100 g kvann 2 ss hakka ingefær 1,3 kg sukker 3 dl vatn 1 pose syltepulver 2 ss sitronsaft Hakk rabarbraen og kvannen i passe store bitar. Du treng ikkje å skrelle rabarbraen, så lenge den er lagd med nokolunde nye stilkar. Gamle treene stilkar bør bli skrelt litt. Skrell ingefær, og finhakk den. Ha den i gryta med vatnet og 100 g sukker. La dette koke i ein halvtimes tid på middels varme, slik at ingefæren mørnar og blir nærast kandisert. Fyll …

Abra kadabra rabarbra!

Rabarbraen bør du hauste no, og dess meir du haustar, dess meir får du. Fjern blomane viss den får det for seg at den skal blomstre, då held stilkane seg friske og gode lenger. Du kan lage saft, syltetøy, chutney og gelé, for ikkje å snakke om deilige paiar med rabarbrafyll. Har du ikkje tid til å kokkelere akkurat no, men har masse rabarbra, kan du hauste den og rense, og kutte stilkane i bitar. Så frys du posar med rabarbrabitar til seinare høve, når du har tid og overskot. Kvann smakar veldig godt saman med rabarbra, så heldig er den som har ein kvannestilk å skjere i bitar og koke med i rabarbragraut, suppe og slikt. Den er svært rik på C-vitaminar, og sjølv om mange i gamle dagar påsto dei aldri hadde ete ein vitamin i heile sitt liv, så var det vanleg å gå på fjellet og plukke kvann å ete tidleg på våren. Og då trengde ein det verkeleg! Fargen på geléen vert finast om du passar på å få med …

Posjerte egg

Posjerte egg hadde eg lenge stor respekt for, det var noko som kokkar dreiv på med. Å posjere eit egg betyr å koke det utan skal. Men etter kvart har eg funne ut at det går an for oss dødelege og å få til, dersom ein kan posjeringsreglane. No kan jo du og få lære korleis du gjer det. Posjeringsreglane 1. Bruk ferske egg. Dess ferskare dei er, dess meir av kvita ligg tett inntil plommen, og det posjerte egget vert større. 2. Ha eddik og salt i vatnet. Det er ikkje så veldig viktig for sjølve posjeringa, men det gir god smak. 3. La vatnet koke opp, og så stilne. 4. Rør rundt i vatnet slik at det blir ein malstrøm i midten. 5. Knekk egget i ein kopp, og hell det ned i malstrømmen. 6. La det trekke i fire minutt, og fisk det opp med ei holsleiv. 7. server på toast, som tilbehør til ei lekker suppe eller med hollandaise. Mmm… Lett, ikkje sant?

Nøttestang

Då eg tenkte ut namnet på denne deilige kveitestanga kom eg plutseleg til å tenke: Var det ikkje ein sjokolade som heitte Nøttestang? Men etter litt googling har eg funne ut at det var mandelstang den heitte. Iallfall, her får du oppskrift på ei nydeleg gjærkake til kaffen eller teen. Perfekt å servere med melis på søndag ettermiddag. Eg hadde honningrista peanøtter og pistasjnøtter, og den kombinasjonen vart kjempegod. Du kan bruke både hasselnøtter, valnøtter eller mandlar, eller pinjekjerner, viss du skal lage den til nokon med nøtteallergi. Slik lagar du den: Nøttestang 150 gram smør 2 dl mjølk 50 gram gjær 4 ss sukker 1 egg ca 400 gram kveitemjøl Fyll: 100 gram smør 1 dl sukker 2 ts vaniljesukker 50 gram hakka honningrista peanøtter 50 gram pistasjnøtter Smelt smør og ha i mjølka og varm dette til 37 grader. Rør gjæra ut i væska. Tilsett sukker og egg. Ha i kveitemjølet til slutt, og lag ein deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Hev deigen i 40 minutt under …

Kyllingrullader

På konfirmasjonsbordet sto det kyllingrullader med spekeskinke og basilikum. Kyllingrullader er lette å lage, og du kan lage dei ferdige på førehand og varme dei opp. Kyllingbrysta blir banka flate, og så rullar eg dei med basilikumblad og ei skive strandaskinke og festar med tannpirkar utan mentolsmak. Eg serverte dei med ein mørk, krydra honningvinaigrette som eg vart veldig fornøgd med. Du kan også bytte ut brysta med kyllinglårfiletar, då sparer du deg bankejobben, og det går endå kjappare. Slik gjer du det: Kyllingrullade Eit kyllingbryst per person Ei skive spekeskinke per filet Tre-fire basilikumblad per filet Salt og peppar Margarin til steiking Skjer indrefileten av fileten, og legg den til side. Bank kvar filet mellom to flak plastfolie, det gjer jobben lettare og meir reinsleg. Vend på fileten iblant slik at du bankar det heile jamt utover. Fileten skal vere snautt 1 cm tjukk over det heile. Ta øverste folielag av, og legg på ei spekeskinkeskive og basilikumblad. Rull fileten tett saman og fest med ein tannpirkar. Steik fileten rundt det heile til den …

Grønsaksterte

Grønsaksterta var det vegetariske alternativet i konfirmasjonen no på laurdag, og den var også mjølkefri. Den smakte så godt at den vart borte på null tid, så den bør du prøve. Treng du ikkje ta omsyn til mjølk eller ikkje mjølk kan du bytte ut soyarømmen med vanleg kesam eller lettrømme, det blir billigare. Slik gjorde eg det: Grønsaksterte 1 gul løk 2 gulrøtter 2 pastinakkar eller persillerot ½ squash 2 poteter 4 sjampinjongar Ein vårløk 4 ss olivenolje Salt og peppar 5 egg 1 boks soyarømme Nokre kvistar bladpersille 2 dl riven pecorino 1 ss sitronsaft Hakk sjampinjongen fint, og riv dei andre grønsakene grovt. Fres først soppen og så dei andre grønsakene til dei er blanke og løken er gjennomskinneleg. Smak til med salt og nykverna peppar. Smør ei paiform, og fordel grønsakene utover. Bland saman rømme, egg, ost, sitronsaft og hakka urter, og hell det over. Bak paien i omnen på 175 grader i ca. 50 minutt. La den stå litt før servering. Server med tomataioli.

Deilige søte saker

Heidi har lagd søt gjærbakst i dag, og eg sit her med vassflog i munnen. Dette er noko av det beste eg veit! Slik bakst er ikkje komplisert, så lenge du har råvarene i huset set du deigen medan du held på med andre ting. Perfekt søndagsbakst! Alt godt Klippekrans med vanilje 4 ss margarin 4 dl mjølk 50 gram gjær 5 ss sukker 1 egg ca 10 dl kveitemjøl Fyll: Vaniljekrem, gjerne ferdigkjøpt. Alternativt fyll: Sjå i teksten under. Smelt margarin og varm margarin og mjølk til 37 grader. Rør gjæra ut i deigvæska og ha i sukker. Ha i egget og kveitemjølet til slutt. Ha i litt mjøl om gongen slik at deigen ikkje blir for laus men heller ikkje for hard. Strø gjerne litt mjøl over dersom han blir litt laus. Hev deigen i bakebollen med eit klede over i 30 minutt. Legg deigen på bakebordet og kjevl ut til eit rektangel som er 30 x 70 cm. Smør vaniljekrem over leiven, men unngå å smøre heilt ut til kantane på langsidene. …

Meir godt brød

Bipbap kan meir enn parfyme, ho kan også bake brød! Folk som kan mange ting imponerer meg alltid. Takk, Bipbap! Alt godt 1 kg sammalt grov hvete 1 kg sammalt fin hvete 1 1/2 dl kruskakli 1 1/2 dl hvetekim 1 1/2 dl valgfritt eller blanding av linfrø, havregryn, solsikkekjerner, sesamfrø 2 pk tørrgjær 1,7-1,8 liter lunkent vann 2 ts salt Blandes sammen i en stor bolle, og fylles i 3 brødformer kledd med bakepapir. Settes inn i kald ovn i 20 min. Stekes deretter rundt en time på 220 grader. Jeg pleier å legge et bakepapir over formene, for å unngå hard skorpe.

Påskekake til fjells

”Jeg trenger oppskrift på appelsinkake”, var meldinga frå påskefjellet. Eg skreiv ned oppskrifta i tre sms-ar, og sendte den avgarde. Tilbake kom biletet du ser til høgre, med appelsinkake i telemarksfjell. Fatet er Eystein frå Porsgrund. Flott, ikkje sant? Appelsinkake 200 g mjukt smør 2 dl sukker 4 egg 1 appelsin 1 1/2 ts bakepulver 4 dl mjøl 1/2 dl appelsinjuice 4-5 ss appelsinjuice til dynking Glasur: 2,5 dl melis 4 ss appelsinjuice Vask appelsinen godt. Skrell appelsinen i store stykke, og skjer skalet i strimlar. Fjern gjerne litt av det kvite, viss det er veldig tjukt. Vend skalet i sukker, og tørk det på bakepapir i steikeomnen på 100 grader til det er sprøtt og søtt. Du kan også koke appelsinskalet i sukkerlake, då vert det kandisert. Press ut appelsinsafta av fruktkjøtet, og ha det i ein bolle. Set omnen på 180 grader. Rør smør og sukker lyst og luftig. Ha i eitt og eitt egg og rør godt mellom kvar gong. Ha i ½ dl appelsinjuice som du pressa frå appelsinen. Bland mjøl og bakepulver, og vend det i.  Ha kaka i ei smurt …

Speilegg til dessert

Neida, det er ikkje eit speilegg. Men ved første augekast kan det sjå ut som det! Dette er altså ein appelsinpavlova med fløtekrem og appelsinkompott. Som alltid, eit resultat av eit kjøkkeneksperiment basert på ein vill idé. Eg hadde lagd aioli, som vanleg, og hadde to eggekviter til overs, som vanleg. På fruktfatet låg det to appelsiner på veg mot forråtning, eg måtte kaste kameraten deira i går. Då var vegen ikkje lang til ein deilig dessert. Slik gjorde eg det: Appelsinpavlova 2 eggekviter 1,5 dl sukker Ei klype salt Litt sitronsaft To appelsiner 2 ss sukker 2 strøkne ts maisenna 3 ss vatn Vask appelsinene grundig, og tørk dei godt. Riv av skalet på appelsinene så fint som råd er. Eg brukte det finaste jernet på eit Microplane-rivjern. Ønsk deg det til bursdagen, det er heilt fantastisk. Skjer det kvite skalet av appelsinene, og skjer ut filetar mellom hinnene med ein skarp kniv, slik eg gjer det her. Hald appelsinen over ei skål medan du gjer det, slik at saftene vert samla opp. Press …

Focaccia

No har vi nokre deilige fridagar framfor oss, og eg planlegg å bruke dei mellom anna til å bake. Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia. Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. Slik gjorde eg det: Focaccia-brød 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker eller honning ca 7 dl kveitemjøl 2 ts tørka eller frisk rosmarin 3 ss olivenolje Flaksalt til å drysse på toppen Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i salt og sukker eller honning. Set i gang …

Ein ny gnocchi-vri

Som eg har fortalt tidlegare lagde eg ein gigaporsjon med gnocchi på laurdag. Hovuddelen gratinerte eg i den ikkje pene med gode tomatsausforma, men ein del vart liggande att i ein boks i kjøleskapet. Restane lagde eg til middag i dag. Eg var ikkje motivert for ein tur i butikken, så det vart ein «ta det ein har»-middag. I kjøleskapet fann eg bacon, creme fraiche, paprika og løk, og dette vart det ein slags saus av. Slik gjorde eg det: Gnocchi med baconsaus 200 g gnocchi 100 g bacon 1/2 paprika 1 løk 3 ss creme fraiche 2 dl vatn eller 1 dl vatn og 1 dl vin viss du har 2 ss olje til steiking 1/2 ss flytande oksebuljong Steik baconet på middels varme til det er brunt. Ta det ut av panna, og legg i gnocchien. La den bli brun og fin. Fordel den på to tallerknar. Rens og finhakk løk og paprika. Fres det i olje til det er blankt og fint. Slå på vin og/eller vatn, og la det koke inn …

Ikkje pent

Eg har klaga før på mat som smakar fantastisk, men som ser ut som eit ope sår når eg skal ta bilde av det. I helga lagde eg ein slik rett igjen. For lenge sidan lagde eg italienske gnocchi. Eg gjorde det på nytt no i helga, og så gratinerte eg dei med bolognese-saus og ost på toppen. Det var kjempesuksess både for store og små. Når du først lagar gnocchi så lag ein stor porsjon, og frys i porsjonar. Med frosne gnocchi og ein enkel saus blir dette ein kjapp kvardagsmiddag. Ikkje pen, men veldig god. Som så mykje her i livet. 😉

Det søte

Søndag er det lov med dessert, ikkje sant? Desserten i dag er ein slags fruktsalat med blodappelsin og mango. Blodappelsinene er berre å få tak i i februar og mars, så då får vi nytte høvet. Eg lagar ein saus av appelsinsafta som liknar på den du fekk oppskrift på til rispudding for ei stund sidan, bortsett frå at denne søtar eg med honning. Den er så god at den kan godt få vere med ein runde til. Slik gjorde eg det: Fruktsalat med mango og blodappelsin To mangoar Tre blodappelsinar 1 ts maisenna 1 ss vatn 1 ss honning Skjer topp og botn av appelsinene. Skjer skalet av appelsinen frå topp til botnar slik at alt det kvite unntatt hinnene mellom båtane blir borte. Skjer ut appelsinfiletar av båtane mellom hinnene. Legg dei til side. Kryst safta ut av det som er att når filetane er skorne ut, og det skalet du har skore bort. Ta vare på all safta. Ha den i ein kjele med ei skei honning, og la det koke opp. …

Pappamiddag

I dag blir det pappamiddag, den er brakt i hus av pappa, og viss eg er heldig kjem han innom for å ete den og. Eg fortalde om ekspressen som brakte fiskemat frå Ørsta Fiskemat austover før jul? Ein del av det som ikkje vart ete med ein gong vart putta i frysaren, og dette kosar eg meg med no. Dagens middag er blandaball. Du kan bruke Heidi si oppskrift, eller du kan få tak i frå vestlandet – viss du ikkje bur der då. All ball vert endå betre når den vert steikt, så det gjorde eg med desse juvelane. Eg skar ballen i centimetertjukke skiver. Men først steikte eg ein liten dose bacon. Ballen fekk steike i baconfeittet. Den salte, røykte smaken er perfekt saman med den kvite fisken og potetene i ballen. Eg serverer ballen med bacon og ein fin salat, her ser du grøn salat, tomat, fetaost og litt sitronsaft krysta over. Velbekomme!

Frukost til berre meg

Forseggjort søndagsfrukost gjer meg lykkeleg, og eg har vel fortalt tidlegare at eg er veldig glad i salatar med tunfisk. I dag lagde eg ein ny variant, basert på det som var i kjøleskapet. Dei salta sitronane er framleis med, eg har vel brukt opp ein tredjedel, tenker eg, til dressingar, salatar og gryterettar. I dag vart skalet av ein salt sitronbåt finhakka og blanda med tynne vårløkringar og rista graskarkjerner frå Singh. Eg hadde i to spiseskeier med remulade, og ein boks med tunfisk. Eg er så barnsleg at eg framleis likar tunfisk i gelé, men du kan sikkert bruke den i olje eller vatn og. Eg blanda det heile godt, og kverna litt svart peppar over. Røra eller salaten tok eg på skiver med rista brød. Prøv du og, det er kjempegodt!

Ein slags kebab

Eg er inne i ein stim med kyllingkjøtdeig og cemokrydder, dette er den siste oppskrifta i ein serie. 😉 Denne måten å lage kjøtdeig til på er veldig enkel, du treng nesten ikkje oppskrift. Dersom du skal servere dette til fest, til dømes i ein barnebursdag, kan du tre kebabane på pinnar. Men det er ikkje nødvendig, iallfall ikkje viss du berre serverer det til ein kvardagsmiddag. Slik gjorde eg det: Kyllingkebab 400 g kyllingkjøtdeig 1 egg 2 ts cemo kotelettkrydder eller 1 ts salt 1/4 ts grovmalt peppar 1/8 ts knust koriander 1/4 ts timian Sett omnen på 200 grader, bruk varmluft viss du har. Knus krydderet i ein morter. Ha kjøtdeigen i ein bolle, og ha i eit egg og krydderet. Elt farsen glatt. Legg bakepapir på ei steikeplate. Fukt hendene med olje, og form farsen til 4-5 avlange «pølser». Legg pølsene på bakepapiret, og sett i omnen. La dei stå i omnen i 20 minutt. Sjekk når du tek dei ut at dei er gjennomsteikte ved å kutte i ein av dei. …

Brennande kjærleik

Eg manar den fram, den brennande kjærleiken, og vonar den vil velte inn over livet mitt. Inntil det skjer på ordentleg må eg ordne meg på anna vis. Brennande kjærleik er det tradisjonelle namnet for ein rett med potetmos, steikt flesk og løk. Eg har utvida min litt med nokre sunne grønsaker, og eg hadde også litt sopp i kjøleskapet. Den passa perfekt til. Slik situasjonen er no for tida så er denne oppskrifta berre for ein. Det blir nok nokre slike no framover. 😉 Slik gjorde eg det: Brennande kjærleik 5 mandelpoteter eller tre vanlege 2 ss smør 1 dl mjølk Salt og peppar 100 g bacon 5-6 sjampinjongar 1 liten løk ein neve sukkererter 10 cherrytomatar Steik baconet sakte på middels varme i ei steikepanne. På denne måten slepper baconet mest mogeleg feitt. Skrell løken, og del den i båtar. Rens soppen, og skjer den i terningar. La sopp og løk surre i baconfeittet til det har fått fin farge. Varm mjølka i ein kjele. Eg hadde ferdigkokte poteter frå ein tidlegare middag. …

Rispudding

Desserten i dag er inspirert på den måten eg ofte blir inspirert, eg får spørsmålet om eg har oppskrift på noko eg ikkje har oppskrift på. Her om dagen spurte ei venninne om eg hadde ei god oppskrift på rispudding. Det hadde eg ikkje, så då måtte eg lage ei. Rispudding er ein søt og god dessert, og billig er den og. Halve moroa med denne oppskrifta er sausen. Her er vi så langt frå Piano raud saus som det er råd å kome utan å byte farge. Eg lagar saus av blodappelsin, som du finn i butikkane no. Den er ein smakseksplosjon, sjølv dei mest matleie lettar på augnebryna av denne kombinasjonen. Og så er den så enkel å lage at det er nesten flautt. Denne sausen kan du bruke til alle ”fløteting”. Den er perfekt til vaniljeis, til mandelpudding og til riskrem. Rispudding 100 g korintar 150 g grautris Ein bit limeskal 4 dl vatn ½ ts salt 5 dl heilmjølk 200 g sukker Ei kanelstang 4 eggeplommer 2 ss smør Legg korintane …

Varm i kroppen

No er eg lei av å fryse. Vinteren kan dra sin kos, spør du meg. Eg sit inne med pledd og varm te, og kryssar fingrane for at mildveret snart skal slå inn. Mat skal ein også ha, og ein skal passe på å få i seg fem grøne om dagen, og då skal ein ikkje telje potetene med. Dagens rett er fem om dagen i seg sjølv, iallfall viss du et to skåler. Eg lagar ei deilig, grøn brokkolisuppe, full av vitaminar, mineralar og gode ting. Eg har brukt fersk brokkoli, men du kan også bruke same mengde med frosen brokkoli. Då kan du kutte ned nokre minutt på koketida. Du vil kanskje syns det er litt snodig med appelsinsaft og tomatpuré eller pastasaus i suppa. Begge delar tilfører litt syre, og gjev suppa ein meir interessant smak. Det er ikkje så mykje anna krydder i den, men syra og aromaen som desse ingrediensane gjer suppa meir spennande. Eg har også servert denne suppa i små glas på buffet, og det har vore stor …

Kjapp kyllingform

Solveig har utfordra meg til å kome med forslag til oppskrifter med kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ei rimeleg råvare, den er ofte å finne på tilbod, og den er ikkje av det mest usunne ein kan kjøpe heller. Den er mager og rik på proteinar. Ulempa er at den smakar ikkje stort, så gode, smakfulle oppskrifter der kyllingkjøtdeigen får spele hovudrolla er mangelvare. I dag lagde eg ei ny form som både eg og han eg serverte den til var godt nøgde med. Eg freste grønsaker i godt krydder, og la dei i forma. Krydderet eg brukte er det eg får når eg gir blod, små posar frå Cemo. Dei er grunn god nok til å gi blod i seg sjølv! Deilige, velkomponerte krydderblandingar som løftar kvardagsmaten. I dag brukte eg riskrydder, som du eigentleg skal bruke til å ha i kokevatnet når du kokar ris. Eg brukte det til å sette smak på grønsakene og kjøtdeigen. Sidan ikkje alle gir blod, og sidan kanskje ikkje alle blodbankar gir bort desse krydderpakkane, så har eg bytta …

Ei slags bokmelding

Eg får ofte bøker som forlaga vil eg skal skrive ei bokmelding om, og eg har dessverre vore litt sløv med å følge opp dette. Planen er å ta eit lite jafs no framover, og presentere nokre av desse bøkene. Den eg fann i dag var Marit Røttingsnes Westlie si bok «Lettvint middag i gryte og langpanne». Boka bygger på eit sympatisk prinsipp: Minst mogeleg forbruk av tid og minst mogeleg oppvask. I like it! Oppskriftene er klassiske, men alle har ein liten original vri på seg. Det varierer frå kjappe kvardagsmiddagar til søndagsmiddagar der du jobbar i fem minutt, og så skal det heile koke ein heil skitur. Eg syns dette er ei praktisk og fin bok, definitivt verd å ta med seg om du skulle finne den på Mammut eller noko slikt. Den kom i 2007 (ja, eg ligg litt etter… :rødme:) men den er framleis i handelen. Den oppskrifta eg prøvde var ei enkel kyllingform med brystfiletar. Denne oppskrifta skil seg frå dei andre ved at du må bruke både ei steikepanne …

Trettenåringsfavoritten

Trettenåringen min veljer steikt ris til middag viss ho kan plukke frå øvste hylle. Eg syns også det er godt, og det er lettvint å lage. I dag var vi fem til bords, bestemor kom frå Sunnmøre og skal vidare til Nord-Norge med våre to på vinterferie. Man tager hvad man haver er eit gamalt prinsipp, og i dag hadde eg det slik. Middag utan å handle er det beste eg veit, så når eg kan opne kjøleskapet og finne det eg treng blir eg lukkeleg. Eg var skeptisk til beholdninga, men jammen hadde eg ikkje seks slag grønsaker når eg telte over. Til gulrota brukte eg det geniale julienne-jernet mitt, det strimlar så fint og jamnt at det ser ut som om ein proff har kutta. På kålen brukte eg ostehøvel, det gjer at strimlane vert veldig tynne, og dermed fort møre i woken. Steikt ris er økonomisk mat og, det går lite kjøt, og får ein ein ekstra til bords er det berre å koke litt meir ris og vippe oppi. I denne …

Quiche Lorraine

I dag har Heidi laga pai, ein klassisk fransk quiche lorraine. Ho slit med å få mennene i huset til å ete det, men det er berre fordommar. Dette er mat for samtlige kjønn, spør du meg. Heidi har gjeve ut kokebok, den heiter Bakebok for mannfolk, og er framleis å få tak i her og der. Sist eg såg den var i bokhandelen på Gardermoen, underleg nok. Alt godt Pai, seier mannen min, var dette nødvendig då? Pai, seier gutane mine, har du ikkje noko anna? Slik kan det høyrest ut ein laurdagskveld heime dersom eg får bestemme menyen. Det hadde vore betre om eg serverte fiskebollar. Pai er tydelegvis ein rett som ikkje fell i smak i huset vårt. Av og til lurer eg på om det er sant slik enkelte hevdar at det finst kvinnfolkmat og mannfolkmat. Denne paioppskrifta er henta frå, ja nettopp, ”Bakebok for mannfolk” . Dette med pai har frå mi side vore mykje prøving og feiling, og mange paiar har gått rett vest ned til hønene i hagen. …

På sjølvstyr i kjøkkenet

Her kjem endå ei oppskrift som er skriven for barn, Heidi og eg hadde ein matklubb for barn i Sunnmørsposten ei periode. Der kom desse oppskriftene på trykk. I dag skal vi lage heimelaga tomatsuppe, og bake eit deilig brytebrød å servere til. Dette er god kosemat om kvelden når middagen er lenge sidan og du vil lage noko som alle syns er godt. Den passar også perfekt å lage etter skulen når dei vaksne ikkje har kome heim enno. Denne suppa smakar betre enn posesuppe, det kan eg love deg! Suppa er rask å lage, så det lønner seg å byrje med brødet.  Har du ikkje smør i kjøleskapet kan du bruke margarin, men ikkje brelett. Bremykt går fint, om du finn det. Brytebrød 3 ss smelta smør 3 dl mjølk 1/2 ts salt 1/2 pakke gjær 3 dl sammalt grovt kveitemjøl ca. 4 dl fint kveitemjøl pluss litt til elting og utbaking Smelt smøret i ei gryte på omnen.  Varm opp mjølka i same gryte som smøret til den er fingervarm, altså at …