All posts filed under: Reise

Ein dag i Belleville

Advokaten fauk ut døra tidleg i dag, på veg vidare. Eg var så trøytt at eg returnerte til senga, med den naturlege konsekvensen at heile dagen starta noko seint her i huset. Men når vi først var klare alle saman, dro vi ut på sykkeljakt. Av og til kan det vere ei utfordring å finne bysyklar når du er ute i dei ytre bydelane, og det er vorte litt på dag. Desse erfaringane gjer dei seg i Oslo og. Men etter å ha besøkt tre stativ hadde vi til slutt tre syklar som verken var punkterte eller mangla bremser. Vi vende nasa nordover frå her vi bur, og sykla forbi den berømte gravplassen Père Lachaise. Der har vi vore før, så vi droppa den i dag. Vi fortsette vidare til Parc de Belleville, ein nydeleg og variert park som ligg i eit noko belasta strøk. Å finne ein kiosk som aksepterte kort der var uråd, vi måtte vandre eit stykke for å finne ein minibank. Men vi kjøpte med oss litt drikke og lunchsnacks, og …

Dans på Pont St. Louis

Denne dagen har vore roleg, sjølv om den starta med ein tur til Charles de Gaulle for min del, for å møte elleveåringen, som meiner ei veke i Paris får halde. Tilbake i byen sjekka vi ut om velib-syklar fungerer for elleveåringar, og konklusjonen er at det gjer dei. Så no syklar vi i karavane, meg først, så elleveåringen, så Advokaten som sikkerheitsvakt og fjortenåringen bakerst. Eg prøver å undertrykke refleksen min til å trakke på når lyset skiftar til gult, det skaper problem for resten av gjengen har eg lært. Etter ein sykkeltur ned til sentrum gjorde vi eit fåfengt forsøk på å kome inn på YSL-utstillinga i Petit Palais, billettane var utselde lenge før vi kom dit. Vi sjekka ut Grand Palais, og lunta over Pont Alexandre III for å finne ein plass å spise sein lunch/tidleg middag. Vi er litt ute av synk med parisarane, dei står tydelegvis tidlegare opp enn oss, et lunch klokka eitt og så ingenting før nærare klokka åtte. Men vi finn alltid nokon som vil servere oss …

Gateliv i Paris

Gatene i Paris sydar av liv, iallfall viss du finn dei rette gatene. Det handlar mykje om det, den eine gata er daud og stille, den neste sydar av liv. Utfordringa er at der det sydar av liv trivst ikkje alltid parisarane. Turistfeller, kallar mange det, desse gatene som berre har plakatbutikkar, isbarar og dyre klesbutikkar. Vi «gjorde» nokre av desse områda i går, vi gjekk gjennom St. Germain og så tok vi t-bana til Montmartre og Sacre Coeur. Men før vi kom til St. Germain passerte vi pont St. Louis, og der sto, svært passande, eit fransk-amerikansk jazzband som spelte gamle klassikarar. På den brua står det alltid musikarar og spelar, så ein spasertur over der kan eg anbefale. Ei av dei finaste gatene i St. Germain er Rue de Buci. Den går frå Place St. Michel, rett på andre sida av Seinen frå Notre Dame, og vestover til Rue de Four. Rue de Buci er full av fine restaurantar og koselege butikkar, men den er meir eller mindre forlatt av parisarane, iallfall i …

Dagens utskeiingar

I dag gjorde vi Rue Faubourg de Honoré. Dette er ei av dei mest eksklusive handlegatene i Paris, og her finn du spesielt mange, spennande parfymebutikkar. Men aller først måtte vi innom Palais Royal, og gjere nokre heilt nødvendige innkjøp. Advokaten kjøpte med seg ei av dei meir eksotiske og treorienterte duftene, Ambre Sultan. Eg kjøpte med Tubereuse Criminelle, som skal sendast til Sunnmøre for å få ein heim der. I tillegg ga eg meg sjølv Bois et Sepia som ei lita, diskret gåve. Fjortenåringen forelska seg i Gris Clair, og den rause dama bak disken ga henne ein minipose med to prøver av den med på vegen. Vi vandra vidare til Rosine, der Advokaten fann ein ny favoritt, Pouissiére de Rose. Det er ei orientalsk roseduft, og den er heilt nydeleg. Eg har lova å overta ansvaret for den dersom Advokaten skulle kome fram til at den likevel ikkje passar henne. Etter Rosine var vi innom Marc Jacobs, og lukta på den nye eksklusive herredufta Bang. Den er tung på vetiver, og ingen av …

Velib i Paris – ei bruksanvisning

Dei første gongane eg var i Paris sverga eg til t-bana. Paris har eit fantastisk t-banesystem, godt utbygd og ikkje spesielt dyrt heller. I fjor sommar budde vi slik til at vi brukte ein del buss, og det fungerer også veldig godt, sjølv om det er uoversiktleg med så uendeleg mange busslinjer og stasjonar. Då oppdaga eg gleda ved å reise oppå bakken. T-bane er fint, men når ein skal prøve å få oversikta over ein by er det avgjerande at ein klarer å orientere seg i forhold til monument og kjende plassar, elva og himmelretningane. Eg såg Velib-syklane då og, men brukte ikkje tid på å finne ut av dei. I oktober i fjor gjorde eg det for første gong, og frå no av er det sykkel som gjeld. Å sykle i Paris er slett ikkje så vanskeleg. Dei fleste plassar deler syklar og buss felt, og det er fysisk avgrensa frå resten av trafikken med ein låg kant. Stopp tett inntil kanten mot fortauet når du skal lese kart, og unngå å stå …

Vannliljer og Rive Gauche

Monet sine vannliljemotiv er verdskjende, og vi tok ein tur i Tuileries for å sjå desse to vakre bassenga av kunst. Når du kjem inn i kunstverket går du først gjennom ei oval, kvit vestibyle som Monet designa for at ein lettare skulle kunne legge byens larm og ståk bak seg for å kunne nedsenke seg i naturen vannliljene representerte. Så kan du gå vidare den vegen du ynskjer, inn i dei to salane med vannliljemotiv. Vannliljebilda er bøygde i same form som romma, og kvart rom formar på ein måte eit basseng. Det kjennest som om du står midt i vatnet med vannliljer og tre som heng ned i vatnet rundt deg. Dette var også tanken til Monet, å bringe mennesket nærare naturen, som han meinte støyen og trafikken i byen hadde teke bort frå menneska. Han skulle ha vore her i dag. Orangeriet er eit museum der er overkomeleg å sjå med barn, eller folk som er skeptiske til kunstoverdosar. Louvre er enormt, ein får ikkje sett så mykje som ein vil sjå, …

Te og parfyme

Turen måtte gå til Mariage Fréres i dag. Dette er ein nydeleg liten tesalong som ligg i Rue Bourg-Tibourg i Marais-området, 4. arrondissement. Vi hadde to grunnar, te måtte kjøpast inn til dette kaffedrikkande huset ved Nation, og vi trengte brunch. Vi rakk nemleg ikkje butikkane i går kveld, og var dermed utan brød og anna som høyrer til ein frukost. Brunch på Mariage Fréres kjem i fleire utgåver, vi valde ein med litt saltmat i og. Fjortenåringen fekk filorullar med røykalaks, reker på spyd og matcha-krydra eggerøre, eg fekk te-parfymert kylling på aubergineskiver, med bønner og squash i vinaigrette. I tillegg kom dei sedvanlege sconesa, te-marmeladane og kake til slutt. Mmm! Det med te-marmelade må eg utforske nærare, det spørs om ikkje det blir årets julegåve. Etterpå tok vi bana oppover mot Champs Elyssées, det var ikkje bysyklar å oppdrive der vi var. Vi måtte innom den store Sephoraen, der sto dei i døra og hoia folk inn, med diskomusikk og vakter som var særs høge og mørke. Nokre nødvendige småting vart kjøpt inn, …

À Paris

Så er vi på plass, i vår fine leiligheit i 20. arrondissement. Vi bur like ved Nation t-banestasjon, for dei som er kjende her i byen, og den kjende kirkegården Père Lachaise ligg like opp i gata her. I går kveld enda vi på ein indisk restaurant rett nedanfor her vi bur. Det er tydeleg at det er ferie i Paris, faktisk er fleire av dei lokale restaurantane feriestengt. Men indarane tok imot oss med opne armar og ekstraservice. Norske blondiner får det som dei vil her, sjølv om dei berre er fjorten. Dei vi bur hos er tydelegvis ikkje tedrikkarar, eg fann berre ein type te, ein slags kanelte frå Hotell Crillon som ikkje hadde vore opna på lenge. Men det er jo strålande, då har eg verdens beste unnskylding for å sykle ned i Marais-området, og leite opp min favorittebutikk, Mariage Fréres og bunkre opp med deira Grand Earl Grey. Store koppar er det iallfall her, det gjer tedrikkinga mi lettare. Husveret er lyst og ope, heldigvis vestvendt, så vi slepp den intense …

Brå overgang

Brått er vi tilbake her sør, til varme, sol og mørke netter. Vi har fått med oss vakre naturopplevingar, strålande menneske, flotte dyr og nokre kultursjokk. Fjortenåringen vart rystet i si sjel då ei jente ho vart kjent med på sin eigen alder fortalte at ho hadde ein kjæreste som var 21. Vi moralske søringane ga henne eit foredrag om grunngjevinga for reglane om seksuell lågalder, og ikkje minst ei kort skissering av strafferammene for denne typen lovbrot, utan at det gjorde særleg inntrykk på ho det gjaldt. Jaja, enkelte ting kan få bli att. Bøndene i nabolaget har ikkje fått sådd enno, med mindre dei har gjort det i dag. Så dårleg ver har det vore, ingen avling i sikte med det første. I fjor slo dei to rundar, så det er nærast eit uår enkelte plassar. Vi fekk sjå kyrne bli slept på beite for første gong i år, rett før det vart juli. Det er ikkje oppløftande. Bestemor har fått ein diger grill, som ho også kan bruke til bålfat, den vart …

Møsbrømlefse

På vår ferd rundt om i Salten fekk vi smake denne lokale spesialiteten som det går gjetord om. Lefsa har til og med eiga støttegruppe på Facebook. Møsbrøm er fyllet i ei nøytral lefse. Fyllet er søtleg, basert på brunost og mjølk, og heile greia skal spisast varmt. Dei lokale gjer det ofte med fingrane, det ser ikkje så stilig ut, men dei får gjere som dei syns er best. Vi tilreisande tyr til kniv og gaffel for å halde på stilen. Vi vart altså invitert på møsbrømlefse på sjølvaste jonsok, og som jonsokmat passa det bra. Denne lefsa er like mektig og søt som rømmegraut, og sit i magen like lenge. Eg har funne ei oppskrift, men den må takast med ei klype salt. Dette er mat som vert lagd på slump, og kvar møsbrømlefsekokk har sin eigen variant. Men du kan prøve denne: Deigen til lefsene: ½ l heilmjølk ½ l kulturmjølk 2 ts hornsalt ca. 1 kg kveitemjøl Rør saman alle ingrediensane til ein smidig deig. La den kvile litt før du …

Kjerringøy

Kjerringøy var målet her om dagen, og det var ei blanda oppleving. På handelsstedet, som har vore levande kulisse for ei lang rekke filmar, ikkje minst Dina og Landstrykere, møtte vi ein gjeng glade amatørar, som ikkje klarte å gi oss rett informasjon og som ikkje gjorde anna enn å steike vafler som dei åt sjølve. Kokken hadde fri. På Markens Grøde derimot, vart vi møtt av brennande engasjerte matmenneske, som bakte fantastiske brød, serverte heimeysta ost og ein deilig gulasj med oksekjøt og frisk salat. Strålande. Viss du planlegg ein tur til Kjerringøy så må du skaffe deg Kjerringøykortet. Det kjøper du når du kjøper adgang til Handelsstedet, og gir deg gratis inngang til Zahl-låven, 20% rabatt på lunchen på Markens Grøde og masse meir. Les ferjeruta nøye, den går av og til. Parkeringa er ved kirka, og resten av opphaldet der kan føregå til fots. Ha ein fin tur om du drar!

Vidare nordover

Når du les dette har hurtigruta MS Nordstjernen akkurat lagt frå kai i Bodø, og vi er på veg vidare nordover. Nordstjernen er søsterskipet til MS Lofoten, som eg vart fødd ombord i ein gong på sekstitalet. Fine båtar. I morgon går vi i land på Finnsnes, og blir møtt på kaia der av entusiastiske familiemedlemmar som har venta og venta med lefser og vafler klar. No skin sola, og livet er verd å leve. Vi vonar det blir ein fin tur, med nye tyske turistvennar og god mat.

Dette må du sjå

Har eg fortalt at vi skal til Paris i sommar? Vi skal bytte hus (som vanleg) med ein fransk familie. Ikkje så langt unna der vi bur ligg denne fantastiske leikeplassen. Sjølv om mine barn ikkje er så små lenger, så ser eg på dimensjonane over dette at elleveåringen kjem til å elske å klatre i dette. Eg har framleis friskt i minne ein gong vi måtte redde han ned frå ein klostermur i Nímes i Sør-frankrike, han var seks år, og hadde klatra langt lenger opp enn han beherska. Dette trur eg er tryggare enn ein klostermur, pluss at han er større, sterkare og vonaleg klokare. Leikeplassen er bygd i Parc de Belleville, og ligg i 47, rue des Couronnes, i det tjuande arrondissementet. Med Metro drar du til haldeplassen Couronnes. Leikeplassen er designa av arkitektfirmaet BASE. Bilda har eg henta frå bloggen til Handmade Charlotte, ein kjempefin blogg om forseggjorte ting til huset og til barn. Og så har ho altså ein eigen temakategori der ho presenterer fine og forseggjorte leikeplassar rundt om …

For dei som sit askefast

No byrjar mange å kome seg dit dei skal, men mange slit framleis med å kome seg over frå New York og heim. Viss du er der, og ikkje har fly tilbake før på søndag, så tilbyr min strålande flotte venn Jay Hoffman gratis billettar til denne konserten. How cool is that? FREE TICKET OFFER FOR STRANDED EUROPEANS FROM AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA FOR SATURDAY, APRIL 24 BEETHOVEN’S 9TH IS THE FINALE OF THE AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA’S SILVER ANNIVERSARY SEASON; PROGRAM TO FEATURE 250 MUSICIANS AND DANCERS AT ST. JOHN THE DIVINE FOR IMMEDIATE RELEASE: All European-nationals who are stranded in the NYC area are invited by the American Classical Orchestra (“ACO”) to be their guest at the finale concert of their 25th anniversary season on Saturday, April 24 (8 PM). Bring your European-country passports and you’ll receive 1 (one) free ticket per person. The music director Thomas Crawford stated “Some of our musicians are stranded in Europe. We are re-enacting a European coronation in a stunning cathedral (help them feel at home!). Beethoven Ninth is …

Fine byen

Sola skein. Vi var ute i ein slik flat båt med glasstak som vi kunne ta ned eller dytte opp alt etter temperaturen. Dei serverte lakserogn med blini og ytrefilet av okse til lunch ombord. Det er eit slit, dette livet… Eg har teke eit bilde eg eigentleg ikkje har lov til  å ta. Dette er Tage Andersen sin verkstad. Grunnen til at det var så stille der og så lite blomar er at han er på slottet og lagar oppsatsar til dronninga sine mange festar, no når ho fyller 70. Gratulerer med dagen i morgon, Margrete! Vonar blomane vert fine. Eg skulle veldig gjerne ha sett dei. -Og her er det som vart med heim. Eg har ein liten pasjon for miniflasker. Så heim til Oslo tok eg med sju Bulgari-flasker og sju Victorias secret-flasker, Ondé Mystére frå Armani, som var ei gåve frå DFDS, og Annick Goutal Petit Cherie. Petit Cherie blir fjortenåringen sin konfirmasjonsparfyme. Kryss av, då er det i orden. Viktige ting. Pluss eit lass med prøver, sjølvsagt. Eg fekk lov …

Get ready for departure…

Vi har byrja å pakke, i dag planlegg vi å bade i DGI, og elles bruke tida på å rydde litt etter oss. Denne gongen har byttet vore enkelt på den måten at vi har blitt einige om at vi byttar kjøleskap og frysar, altså med innhald, og at vi berre støvsugar og ryddar etter oss kvar på vår side. Fire dagar er eit kort bytte, så full vask er ikkje nødvendig. Eg har gjort det slik med dei korte bytta eg har hatt. Vi tek av sengetøy og dukar før vi drar, og syter for at det ser ordentleg ut. Vi passar på at vi ikkje legg noko att, det er alltid eit styr å få organisert det tilbake. I fjor budde skateboardet til elleveåringen i Danmark til godt etter pinse, etter å ha blitt attgløymt i eit klesskap i gangen der vi då budde. Det har blitt dårleg med bilde denne gongen, vi klarte sjølvsagt å gløyme att overføringskabelen då vi dro frå Oslo. Det er så mange kablar, ledningar og ladarar at …

På bordet

må det alltid stå blomar. Her i København er det spesielt billig og lettvint å velge kva ein vil ha, buketten du ser på bildet kosta 30 kroner! Kvaliteten er variabel, så ein må sjekke nøye det ein kjøper, men eg elskar det når eg får store bukettar i hus, og kan fylle opp vasane utan dårleg samvit og overtrekt konto. Det er eit enkelt lykketips: Når du er på reise, og skal bu på same plass nokre dagar, kjøp deg ein bukett til å ha på bordet. Bur du på hotell brukar resepsjonen å vere meir enn villige til å framskaffe ein blomstervase. Og så kan det hende med deg som det hende med Heidi og meg då vi var i København i fjor i mai: Då vi hadde sjekka ut og sat og drakk te og kaffi i resepsjonen kom dei ned med buketten på dette bildet, og sette den på resepsjonsdisken. Så fin syntest dei han var. (Vi vart litt smigra.)

På plass!

Vi er på plass i husværet vårt i København, det er romsleg, lyst og fint, møblert med masse danske designklassikarar. No smyg vårvinden seg inn frå altandøra, ein bukett med rosa buskroser står på bordet og alt er på G. Elleveåringen har funne Viasat 4 med Homer og gjengen på tv-en, så til og med når det gjeld underhaldninga er alt i orden. Det var verre i Kairo, med Transformers teksta på arabisk… No skal vi varme dei lekre små frikadellene som vertinna vår har lagt klar til oss, og kose oss med litt dansk sjokolade. Livet er ikke det værste man har!

Danmarkspåske

Vi har fått boligbytte i Danmark! Det har vel eigentleg blitt ein tradisjon i vår familie, og eg er veldig glad for at eg fekk det til sjølv om eg er åleine, og til dømes ikkje har bil å by på. Turen går med Oslo-båden, som danskane kallar den, tirsdag i påskeveka. Vi skal bu midt i København, og dei vi bur hos låner oss syklar slik at vi kan ta oss fram på eiga hand. København er ein av dei tre byane i mitt hjarte, saman med Berlin og New York. (Unnskyld, Paris. Det kjem av fransken.) Vi gler oss til å bade i DGI-byen, shoppe på Illums, beundre krokusane i Kongens have og nyte livet på balkongen på fjerde sal. Fortell gjerne om dine påskeferieplanar! Bildet er frå souvenirbutikken i Tivoli, tatt i fjor på same tid.