Month: februar 2009

Cordon Bleu

For eitt par år sidan var vi ein tur i Frankrike, og guten vår fekk ein ny favorittrett: Svineschnitzel Cordon Bleu. Cordon bleu er eit blått band som dei franske riddarane av den Heilage Ande bar riddarmedaljen sin i. Denne riddarordenen var ikkje så kjende for slåssinga si, men for dei fantastiske gjesteboda dei hadde. Den franske revolusjonen gjorde slutt på riddarvesenet slik det var i middelalderen, men omgrepet levde vidare som eit kvalitetsstempel på skikkeleg flott og god mat. I 1895 vart kokkeskulen Le Cordon Bleu etablert, og den er ein av dei mest anerkjende utdanningane ein kokk kan ha. Kvar schnitzelen kom inn i bildet er uklart, men at riddarane kom på å legge skinke, ost og sennep inn i eit kjøtstykke er ikkje så usannsynleg. Ein Cordon Bleu er altså eit kjøtstykke som du enten bankar ut og brettar dobbelt, eller skjer ei lomme i sida på, og stryk sennep på innsida. Så legg du skinke og ost inn i lomma, og dobbeltpanerer kjøtet før du steiker det i rikeleg med smør. …

Flaskestativet mitt

Eg har fått spørsmål om kvar eg har det fine flaskestativet mitt frå. Det kjem frå ein butikk i Thereses gate, kjøpt på salg for to år sidan, så det er nok ikkje så lett å finne akkurat maken til. Mange lagar slike, mellom andre GundaM. Men så hendig er ikkje eg. Stativet er fylt med flasker frå IKEA, og i dag er det krysantemum og voksblomster i flaskene. Om sommaren brukar eg ha det ute på trappa, med pellissmåplantar i. Ha ein fin dag!  

Skillingsbollar til vinterferiekos

I dag skal vi lage skillingsbollar, ein spesialitet frå Bergen som heldigvis har spreidd seg over heile Norge. (Og i Sverige heiter dei ganske enkelt kanelbullar.) Dei kosta sikkert ein skilling første gongen dei vart laga, og det er dei verd, så gode som dei er. Før vi går i gang og bakar, er det nokre ting ein må passe på. For det første må ein som oftast rydde før ein går i gang. Det står alltid nokre greier på benken eller i oppvaskkummen, og det er enklast å byrje og lage mat med ryddig arbeidsplass, så set all gammal oppvask i oppvaskmaskinen eller vask den opp, og rydd unna alt som lagar rot der du skal jobbe. For det andre må du finne fram alt du treng før du byrjar å lage mat. Tenk deg at du har satt i gang med å varme mjølk og smelte smør, og så oppdagar du at du manglar mjøl eller gjær! Det er kjempeirriterande, og einaste måten å unngå dette på er å sjekke at du har …

Noko av det vakraste V

I rekka av korverk som eg har fått vere med på å framføre, har vi i dag kome til Frank Martin si messe for dobbelt kor. Den sveitsiske komponisten Frank Martin vart fødd i 1890 og døydde i 1974. Han skreiv denne messa  på 1920-talet, men rekna verket å vere ei sak mellom seg og sin gud, og lot det ligge i skuffen. Først i 1963 vart messa framførd for første gong av Bugenhagen Kantorei i Hamburg.  Frank Martin var inspirert av fransk impresjonisme, gregoriansk musikk og nyare komposisjonsmusikk. Denne messa er faktisk det einaste a cappella-verket (sang utan akkompagnement) han skreiv, det andre berømte korverket hans er Ariels sangar, med tekst frå Stormen av Shakespeare.  Agnus Dei-satsen er den siste satsen i messa, som skal syngast under nattverden. Det er ein inntrengande melodi som vert sungen av kor 1, medan kor 2 skaper eit tettvevd bakteppe gjennom heile satsen. På slutten endar det heile i ei intens bøn om fred, Dona Nobis Pacem, i ein durakkord som gjev von om ei betre verd. Får du høve …

Når mat blir farleg

Vi har lang tradisjon her i landet for å ha svært god tru på vårt eige landbruk, og produkta som kjem derfrå. Norsk mat er bra av mange grunnar. Vi har strenge krav til mattryggleik, og så har den reist kort. I eit økologisk perspektiv er det viktig, transportkostnadane for mat er snart høgare enn produksjonskostnadane. Men likevel er det viktig å lære seg god kjøkkenhygiene. Mange matforgiftingar skjer fordi mat som skal oppbevarast ikkje kolnar fort nok, slik at bakteriar får blomstre. Spesielt farsemat, altså alt som har gått gjennom kvern, er utsett for bakterievekst. Her i huset et vi mykje kjøtdeig, og den kan ofte vere syndaren viss den ikkje er oppbevart kjøleg, handtert med reine reiskapar eller gjennomsteikt. Ei utfordring er at det ikkje alltid er nok å gjennomsteike kjøtdeigen for at ein skal vere heilt trygg. Det hjelper lite å gjennomsteike kjøtdeigen viss ein ikkje vaskar dei reiskapane ein brukar godt, eller vaskar seg på hendene etter å ha handfere kjøtdeigen. Å ha ei fjøl for grønsaker og ei anna for …

Å prøve og å få prøve

Det å velge ein parfyme som ein likar kan vere vanskeleg av mange grunnar. Ein parfyme utviklar seg over tid, og dei ulike notane som parfymen er bygd opp av byttar på å ha ein framtredande og ein meir tilbaketrukken plass i duftopplevinga. Ein kan lett avvise ein parfyme basert på korleis den luktar på papirpinne, men når den kjem på huda får du ei heilt anna oppleving av den. Samstundes er det begrensa kor mange parfymer ein kan prøve på huda på ein gong. På det meste har eg hatt på meg fire, men då må eg skrive opp på ein lapp kva eg har på meg. Elles går det i surr. Eg prøver alltid å få prøver før eg kjøper ein parfyme, men eg lukkast ikkje alltid. Nokre erfaringar har eg gjort meg. Dei billige butikkane (Vita, Body Shop) har sjeldan prøver, men av og til hender det. Fine parfymeri har ofte skuffene fulle, men ikkje alltid av dei duftene du ynskjer deg prøver av. Sjansane er større for å få prøve av …

Gresk søndag

Aubergine er ei strålande grønsak som ein burde bruke meir. Den som aldri har smakt gresk moussaka med auberginar i har verkeleg gått glipp av noko godt. Det tek litt tid å lage, så ein må ha god tid og kose seg med matlaginga. Men som bror min seier: Mat som tek lang tid å lage smakar best. Kom du deg for seint i butikken og alle auberginane der du bur er selde, kan du lage moussaka med potetskiver og. Det er ikkje det same, men det er også godt. Då treng du ikkje forsteike dei slik du må gjere med auberginane. Den porsjonen du får oppskrift på her er stor. Del den gjerne i to, så får du passe storleik til to små og to store. Eg serverer moussaka med ein klassisk gresk salat. Lag salaten først, den har berre godt av å stå og trekke. Gresk salat To modne tomatar per person 200 g fetaost 100 g svarte kalamata-oliven Persille viss du vil 2 dl olivenolje 1/2 dl god eddik Litt sitronsaft 1/2 …

Teryakibakt laks med asparges og vårløk

 Eg har ete mykje trist laks i mitt liv, og hovudgrunnen til at laks vert kjedeleg mat er at den vert steikt eller kokt for lenge slik at kjøtet vert tørt. Dersom du treff med koketida vert laksen mjuk og saftig samstundes som den har gått over frå mørkerosa til lyserosa, og det er den beste fisken. Eg skal lære deg eit triks som gjer at du aldri meir behøver å ete tørr og kjedeleg laks, og trikset er å bruke steiketermometer. Det er genialt, eg stiller det inn etter ei bruksanvisning som til og med ein bruksanvisningsvegrar som eg klarte å ta meg fram i, og det pip når fisken eller kjøtet har nådd perfekt temperatur. I dag sender eg deg til fiskebutikken for å få tak i ein fin laks, for vi skal bake laks i omnen med japansk teriyakisaus. Teriyaki er ein slags soyasaus som passar veldig bra til fisk, og som er ganske lett å få tak i. Prøv denne oppskrifta, eg trur du og dei du serverer den til vil …

Tulipanar i vinduet

No kan helga senke seg, eg har blomar i vasane, levande lys, fyr på kaminen og fred i huset. Eg er sikkert ikkje åleine om å ha fredag kveld som favorittidspunkt i veka. Jobben har fått sin del av meg i fem dagar, no skal eg berre bry meg om meg og mine. Kanskje skal eg så litt, kanskje ein liten tur ned til byen for å lukte på nokre parfymar, kanskje besøke nokon eg bryr meg om. Uansett: God helg til alle som stikk innom!  

Biff på menyen

Det er noko eg har lært meg etter at eg flytta til storbyen, dette å ete biff. Heime på Sunnmøre hadde ingen for vane å lage biff, det var  steik som gjaldt, oksesteik eller svinesteik. Og kom ein i skade for å be om ein biff på ein restaurant var den som regel ihelsteikt. Tidene har endra seg, og i dag slepp han slaktar Brudevoll å la indrefileten gå i kjøtdeigen. Men smaken sit i entrecoten, det meiner iallfall dei ”faglærte”. Eg hadde gleda av å få privatundervisning av Ørskogkokken Omar Viset her om dagen, han inviterte til moro med godt kjøt. Han lærte villig vekk alle triksa sine, og viste at å steike ein god biff ikkje er så vanskeleg som ein skulle tru. Ungjentene et ikkje kjøt lenger, seier trend-ekspertane, dei kallar seg vegetarianarar, men et kylling og fisk, forstå det den som vil. Dei går iallfall glipp av mange gode smakar, men også viktige næringsstoff som jern og nyttige vitaminar og mineral. Eg slår eit slag for det gode, raude kjøtet. Ikkje …

Trøstemat…

Kva gjer du når verda går deg imot, når det regnar på tvers for firogtjuande dag på rad, og ingen forstår deg? Eg har eit triks: Lag deg noko god trøstemat! No har vi alle høyrt om trøstespising, men det er ikkje det eg snakkar om her. Det eg beskriv her er ikkje noko du skal gjere dagleg, men er det ein dag då du innser at du treng trøst, og ingen klarer å gje deg det, eller du må bestikke nokon for å kome på besøk og trøste deg, då er det enkelte typar mat som fungerer betre enn andre. Eg har tre typar trøstemat som alltid hjelper meg: mat med steikte poteter, mat med smelta ost, og mat med sjokolade i. Det vert sagt om sjokolade at det er ein jenteting, men det trur eg ingenting på. Min kjære kjem stadig heim med lange sjokoladar når han er ute og reiser, og eg et berre ein liten brøkdel av dei. Og menn treng også trøst av og til! Dette er ikkje ein jentematblogg, …

Compact travelling

Lidenskapeleg reisar som eg er, har eg saman med familien min bytta hus med folk i mange land dei siste åra gjennom http://www.boligbytte.no. Vi har vore i Afrika, Asia og Europa, og hatt fantastiske feriar. No er det høgsesong for boligbytte, og tilboda haglar inn. Vi har snusa på USA, Italia, Barcelona, Gent og eitt par plassar i Frankrike, men har ikkje bestemt oss enno. Når ein reiser med to barn er det viktig å vere disiplinert når ein pakkar. I vår familie har det sidan 2006 (den yngste var sju år) vore ein regel at på tur ber ein sin eigen bagasje. Då gjeld det å ikkje ta med meir enn ein treng, og å planlegge pakkinga nøye. Leiker dreg vi sjeldan med oss, vi baserer oss på å kjøpe småting undervegs. Det einaste av underholdning som alltid er med er Ipod, ein dobbel pose minidomino, minisjakk med brikker som kan festast og ein kortstokk. Eg har mange gongar vore innom http://www.onebag.com, og fått masse nyttige tips der. Mi erfaring er at ein treng mykje mindre …

Skipper’n-mat

Har du hatt nokre store matopplevingar i ditt liv, der det du fekk å ete smakte så nydeleg at du ikkje visste ein kunne lage noko så godt? Det har eg, og eg er sikker på at desse opplevingane har vore med på å styrke mi interesse for god mat. Eg huskar første gongen eg smakte fløytegratinerte poteter, eg svevde på skyer av kombinasjonen av poteter, kremfløyte og smelta ost. Eg huskar ikkje kva vi åt til, kva kjøtet var og slike detaljar, eg huska berre den intense lykkekjensla av å få kjenne den gode smaken. Tidlegare har eg fortalt om Malene, husstellæraren vår på ungdomsskulen. Ho gav meg mange slike lykkesituasjonar, og ein av dei var med pølsegrateng. Fiskegrateng har vi alle vokse opp med, men Malene lærte oss å lage pølsegrateng, og det brukar vi ofte til middag i min familie. Eg har bearbeidd Malene si oppskrift litt, men ikkje mykje. For at livet skal bli enklare har eg mellom anna hatt potetene oppi gratengen, i form av ein pose frosen lapskausblanding. Det …

Noko av det vakraste IV – og starten

Dette musikkstykket slo meg heilt ut første gongen eg høyrde det. Det var i musikktimen på skulen i grenda der eg vaks opp, og eg tagg læraren så lenge at han høgst ureglementert ga meg lov til å låne plata (ein singel) med meg heim. Eg trur eg kan seie at det var med dette stykket at eg tok imot den klassiske musikken og gjorde den til min. Seinare har eg sunge det mange gongar i kor, og det er vakkert, vanskeleg å få fint, og utruleg gripande når du slepp å tenke på om dette går bra, men kan sleppe kjenslene til. Senk skuldrane, og nyt det.

Den raude fare i kjøkenet

Vanlegvis vert ungane mine glade når dei kjem heim og eg er på kjøkkenet i full gang med noko. Dei veit at då får dei stogga svolten ganske raskt. Men mandag var dei himmelfalne. Eg sto der iført forkle og gummihanskar, og det såg ut som om eg hadde teke livet av nokon. ”Blod overalt” ville vere det korrekte uttrykket for ein med legning for dramatikk. Det var eit resultat av lemfeldig omgang med raudbeter i kombinasjon med teknisk utstyr, eg skulle rive raudbeter, og så var eg slurvete med å sette mateloket skikkeleg fast på matmølla mi. Dermed vart det ein smule sprut rundt om i kjøkenet. Men heldigvis er fargen vassløyseleg, så skaden lot seg reparere. Det er ei vanskeleg tid for grønsaker no, triste, smaklause tomatar og slapp salat i alle hyller. Urtene døyr i vinduskarmen før eg får sukk for meg, og eg er uinspirert i matbutikken. Men denne gongen var det altså store, vakre raudbeter som redda meg. Rotgrønsakene er dei vi kan stole på no på slutten av vinteren, …

Karl Lagerfeld Kapsule Woody + litt til

Eg testa Kapsule nr. 2 i kveld, Woody. Etter den offisielle beskrivelsen skulle dette vere ein spennande kombinasjon av edeltre, fruktige notar og svart peppar, men for meg så tok pepparen fullstendig styringa, og gjorde at dette ikkje vart nokon hit for meg. Den er sikkert deilig på ein mann, og den kan sikkert vere god på nokon med ein annan hudkjemi enn meg. For meg er Floriental framleis vinnaren av dei tre Kapsule-duftene til Karl Lagerfeld. Eg har hatt den på meg i dag, og den er som å gå med eit vakkert kasjmirsjal. Ein deilig parfyme! Ein bekjent av meg hadde testa D&G The one for men her om dagen, og sa at det kunne vere ei unisex-duft. Sidan eg likevel var ute og sniffa på Karls verk så tok eg den på den andre handa. Den ga meg ikkje stort, litt sånn skyllemiddelaktig, med overveldande sitrusnotar. Skuffande eigentleg, eg er så glad i dei søte, krydra notane i D&G The one for her, men der var det ingen forbindelse. Eg spaserte rundt …

Viss berre ein person…

Eg har alltid vore fascinert av Jim Henson sine figurar i The Muppet show, Sesame street og Fragleberget. Jim Henson døydde alt for tidleg i 1990, berre 54 år gamal. Denne songen var skriven til eit muppet-show, men vart framført i hans gravferd av dokkene han hadde lagd, og dokkeførarane han hadde samarbeidd med. Sangen handlar om at dersom berre ein person ser deg, aksepterer deg som du er og set pris på deg, vil fleire byrje å gjere det, og til slutt vil du akseptere og sette pris på deg sjølv slik du er og. Vår oppgåve som menneske er å starte denne gode sirkelen for kvarandre, og sette pris på dei vi har rundt oss. Ber over med lyd og bilde, som (nesten) alltid. Denne “scena” frå Jim Henson si gravferd inspirerte filmskaparane bak “Love Actually” til scena der musikarane spelar All you need is love, og blir fleire og fleire. Rørande.

Betre enn Grandiosa

I dag skal vi lage pizza, og heimlaga er mykje betre enn grandiosa, det er du sikkert einig i etter å ha prøvd vår oppskrift. Til ein gjærdeig trengst det gjær. Gjær kjem i fast form (terningar med blått papir), og i pulver, som vi kallar tørrgjær. Vatnet som gjæra skal rørast i skal vere 37 grader, altså same temperatur som i kroppen. Stikk fingeren nedi og kjenn at vatnet er same temperatur som fingeren din, då er det passe varmt. Når eg lagar pizzadeig brukar eg kjøkkenmaskin, men du kan godt røre deigen for hand i ein bakebolle om du ikkje har kjøkkenmaskin. Dei fleste vanlege kjøkkenmaskinar har eltekrokar. Be ein vaksen hjelpe deg å finne fram og å bruke utstyret. Det finst to tradisjonar innan pizzabaking, ein italiensk og ein amerikansk tradisjon. Har du vore på Peppes Pizza eller Dolly Dimple’s, har du sett dei amerikanske pizzaene med ganske tjukk botn og masse fyll. Dei italienske pizzaene er ofte berre ei tynn lefse med litt tomat og ost på. Den vi skal lage …

Free rice

Er du klar for noko vanedannande? -Og velgjerande? -Og almenndannande? Sjekk ut http://www.freerice.com. Det er eit spel der du skal svare på kva for eitt av tre ord som er synonym til det første du får oppgitt. For kvart rette svar gir annonsørane 10 riskorn til utviklingsprosjekt i regi av FN. Det høyrest ikkje mykje ut, men her i familien har vi donert atskillige kilo ris sidan vi byrja å spele dette spelet. Kva nivå du spelar på vert avgjort av dine tidlegare svar. Kvar person konkurrerer dermed på sitt nivå, tiåringen ligg og vakar mellom nivå 1 og 3, tolvåringen klarer å kome på nivå 14 på ein god dag, og mor ligg rundt 40, men blir av og til kasta ned under 30 når ho har svart feil for mange gongar. I femteklasse på Ila er dette eit spennande tidsfordriv når ein har gjort det ein skal i engelsk, og treng nye oppgåver under merkelappen “tilpassa opplæring”. Have fun!

Kåkk og bøff

Frankrike har ein av dei rikaste matkulturane eg kjenner, og spenner frå bondekost til det mest raffinerte og avanserte. Mitt møte med fransk matkultur var boeuf bourguignon, ”bøff borginjong” uttalast det. Den deilige franske gryta finst i mange forskjellige variantar. Og den er storebroren til coq au vin, også kalla ”kåkk å væ” blant vener. Begge grytene var mellom det mest avanserte vi kunne få til i våre glade studenterdagar, og oppskrifta kom frå den sagnomsuste Carl Butlers kokebok. No har eg oppdaga den på nytt, og den passar perfekt som søndagsmiddag ein stormfylt dag i februar når vinden ular om husnåvene. Kåkkversjonen skal eigentleg lagast av ein seig, gamal hane, men det kan vere vanskeleg å få tak i, viss du ikkje kjenner ein personleg. Ei seig gamal høne kan og brukast, dei finn ein noko oftare i frysedisken, og det er verd å vente på at den skal tine. Kylling blir dessverre litt for smaklaust til denne gryta, syns eg. Dei lærde stridest om bøff skal serverast med poteter, ris eller berre brød. …