Month: februar 2009

Fantastisk!

Viss The slumdog millionaire kjem på ein kino nær deg: Gå og sjå! Eg hadde med meg mine to på ti og tolv, dei var fjetra. Ei dramatisk og rørande historie, godt spel, intrikat dramaturgi og strålande musikk. 

Narciso Rodriguez EdT

Eg oppdaga Narciso Rodriguez sine parfymar på ein liten ekspedisjon til Sandvika Storsenter i fjor. Etter ei opprydding på baderomshylla hadde eg kome til at eg trengte sårt ei fornying i parfymesamlinga, og var ute og leita etter ei ny duft som kunne vere ”meg”. Det ville vere å underslå faktum å ikkje innrømme at den vakre, unge mannen som hjalp meg i butikken påverka vala mine, men eg koste meg verkeleg med å sjå at han var oppriktig interessert i parfyme, og forsto kva eg var ute etter. Utan hans hjelp hadde eg nok ikkje oppdaga Narciso Rodriguez for her. Eg forlot han utan å shoppe, sette Narciso Rodriguez EdT på ønskelista for den nær foreståande bursdagen min og venta. Då den ikkje kom i gåve sette eg meg i bilen, køyrde til den vakre mannen, drog bankkortet, og sikra meg den for eiga rekning. Ein har blitt vaksen, ikkje sant? Ein lagar ikkje ønskelister berre på tøys? Narciso Rodriguez EdT er ein parfyme som på fagspråket kallast ”chypre”. Chypre-parfymane har duftbasen sin frå …

Meir skapfyll

Tidlegare har eg slått eit slag for dei gode, men akk så attgløymde fondygrytene som står rundt om i skap og kjellarar. Eg har skrive om ostefondy, men eg har også prøvd meg fram med kjøtfondy med olje og med buljongkraft. Her får du oppskrift på buljongfondy, altså kjøt kokt i ein rik buljong.  Fritert kjøt treng ein eigentleg inga oppskrift på, det er lett at du kan lage det utan mi hjelp. Min kjøtfondy med buljong er litt asiatisk prega, eg har høyrt at dette er ein japansk måte å ete kjøt på. Kanskje brukar dei kjøtet av den berømte Kobe-oksen, som visstnok lever herrens glade dagar med massasje kvar dag, og drikk øl som andre kuer drikk vatn. Den er for dyr for oss, så vi held oss til Norsk Raudt Fe, det er også førsteklasses kjøt, som egnar seg godt til denne retten. Når kjøt vert kokt, vert det først seigt før det sakte men sikkert vert mørt. Når vi lagar kjøtfondy er vi svoltne, og vil ikkje vente vinter og vår, så …

Finst det noko deiligare….

-enn å kome heim frå ei lang arbeidsveke, gå av bussen, stikke innom naboen på andre sida av plenen, dele tankar og bekymringar, få servert ein fruktig, lett rødvin og nachos med guacamole? Guacamole 2 avokadoar 1/2 ss sitronsaft 4 cherrytomatar Eit knust og finhakka kvitløksfedd Salt og peppar 1/2 ts spisskummen Mos avokadoane og bland alt. Enjoy.  

Amerikansk favorittmat

Her kjem ei barneoppskrift til, den er altså skriven for barn. Men eg er sikker på at dei fleste vaksne og klarer å følgje den. 😉 Er hamburger blant dine yndlingsrettar? Det er iallfall favorittmaten her i huset, vi lagar gjerne heimelaga hamburgerar viss vi skal kose oss litt ekstra. Eigentleg er det ein slags flate kjøtkaker, men det er litt forskjellig måte å gjere det på. Når ein lagar kjøtkaker rører ein kjøtdeigen med salt først, og så sper vi den med mjølk, kveitemjøl og gjerne eit egg. Når du lagar hamburger skal deigen berre rørast seig med saltet og krydderet, det skal ikkje mjøl eller mjølk i. Denne oppskrifta er til 8 burgerar, altså til fire kjempesvoltne eller til ein heil gjeng halvsvoltne. Før du byrjar skal eg lære deg ein viktig huskeregel når du skal lage mat. Dette er det mange voksne og som ikkje tenker på, og då kan det fort gå gale. Regelen er: Les alltid igjennom heile oppskrifta før du byrjar å lage mat. For du må finne svaret …

Children of Sanchez

Sommaren 1981 var eg på ein sommarleir der vi sov i telt på ei diger fotballbane. For at vi skulle vakne spelte dei musikk i høgtalarane rundt bana om morgonen. Noko av det dei spelte var Chuck Mangione sin filmmusikk frå filmen Children of Sanchez. Denne musikken løfta meg, og gjekk rett inn i sjela.  Chuck Mangione fekk oppdraget med å lage filmmusikken etter at ein annan komponist hadde bakka ut like før deadline. Det hasta. Han tok med seg ein gjeng gode musikarar og sangarar, og dro til ein ranch som også hadde studio, og filmmusikken vart komponert og spelt inn i løpet av ei helg. Utpå hausten skulle eg til Oslo, og fann plata med filmmusikken på mitt første besøk hos Norsk Musikforlag. Eg tok toget heim, og sat der med plata i fanget. Dette var før iPodens tid, til og med før det fantest SONY Walkman (iallfall i mitt liv), og å høyre på denne fantastiske musikken måtte pent vente til eg kom heim, 12 timar seinare. Dette ber plata preg av. …

Den velsigna løken

Kva skulle vi gjort utan løken? Som ein av dei «fire store» innan kokkekunsten (saman med gulrot, selleri og purre) er den redninga når alt anna går oss imot. Eg er aldri opprådd når eg har løk i huset. Purre visnar fort, og bør brukast same veka som du kjøper den. Men kvitløk, raud løk og den vanlege gule held seg lenge i kjøleskapet. Også sjalottløk kan ligge ei stund utan å rotne eller visne vekk. Mange sutrar over at det er så slitsomt å skrelle løken. Normalt går eg med linser, og då kan eg skrelle og kutte så mykje løk eg vil utan å felle ei tåre. Har du ikkje linser, så har eg to tips, som begge fungerer, gjerne i kombinasjon. Å stå under kjøkkenvifta er smart, men fungerer berre FØR du slår på kokeplatene. Men det som hjelper best er å puste med open munn medan du kuttar løken! Grunnen til at augene svir er at løksafta går etter det våte, og augene er det første våte den møter på når …

Opp og hoppe!

Av og til må ein ha noko som gir energi. Shake your booty!

Dagens middag

For meg er det å kaste mat noko eg helst vil unngå. Dei eg bur saman med klagar når dei blir servert tre forskjellige middagar fordi «noko må etast opp», men det gir eg meg katten i. Men når dei får servert dagens rett får eg ingen klager. Hovudingrediensen er kokt ris, og til ein slik stor porsjon brukar eg å koke ny ris. Du kan bruke ris som vart kokt dagen før, men då blir det ofte ikkje nok til ein heil familie. Dagens rett er altså steikt ris. Nasi goreng kallar nokre det, og det er vel det næraste vi kjem indonesisk lapskaus. Det er ein fin måte å bruke restar på, og det er ein billig middag, for det går med relativt lite kjøt. Steikt ris kan sjølvsagt også vere vegetarisk, suppler med meir grønsaker. Vi hadde restar i kjøleskapet etter eit kalkunbryst som vart servert til søndagsmiddag, og det kutta eg i små terningar. Grønsakene er viktige i steikt ris. Her er det stort rom for variasjon. Paprika i alle fargar, …

Noko av det vakraste III

Plata One Trick Pony kom i 1980, då var eg fjorten. One Trick Pony er eit av dei finaste albuma eg veit om. Her er det introverte og det livsglade sett side om side på ein måte som tiltalar ein gladmelankolikar som meg. Songen A long, long day er den siste på plata, og roar det heile ned etter at vi har vore høgt oppe med Late in the evening og Ace in the hole. A long, long day er ein duett, og på plata har Paul Simon som vanleg fått med seg ein medmusikant i toppklasse; Patti Austin. Dette opptaket er imidlertid gjort i the Muppet Show Studio, og der er Paul åleine bortsett frå alle dokkene. Det denne framføringa manglar i forseggjorte akkordar og deilig samspel tek den att i sjarm og i at den viser ein pur ung Paul Simon, nesten litt sjenert. Vakkert!

White Musk Intrigue

Ei av dei første parfymene eg kjøpte var Alyssa Ashley sin musk-parfyme. Den har faktisk kome i handelen igjen, eg såg den på Vita her om dagen. The Body Shop sin White Musk Intrigue er ei nytolking av ein klassisk lett musk-parfyme. Musk kjem i ulike valørar, frå dei mørke, skitne, med innslag av det ein på engelsk kallar «skank», til dei lyse, lette med framleis sensuelle som ofte kallast white musk. Musk er ein veldig mykje brukt bestanddel i parfyme, ofte som basenote, altså det som ligg att i dufta på huda når du har gått med parfymen nokre timar. Parfymer som Lancôme Trésor, Jennifer Lopez Glow og Narciso Rodriguez for Her har alle eit distinkt preg av musk. Det er fleire grunnar til at musk er så mykje brukt. Ein grunn er at den for mange opplevest som veldig sensuell, på 1800-talet vart den skulda for å vekke erotisk hysteri hos overklassekvinner i USA og sentral-Europa. Kiehl’s, eit kjent apotek i New York, lagde ein kroppsolje basert på musknotar i 1851. Den vart oppfatta som så provoserande …

Middelhav og kvardag

I dag skal du få to gode middagsforslag av meg, ein kvardagsmiddag og ein ”til fint”. Kvardagsmiddagen er ei ostepanne som har vore i familien min så lenge eg kan hugse, og i følge ei familieanekdote var eg ikkje meir enn fire-fem år før eg kunne attgje denne oppskrifta. Ein friar som vanka i huset vårt nokre år påsto at mor mi hadde noko som han kalte ostepannetesten. Når det kom nye friarar til gards serverte ho ostepanne, og nåde den som ikkje åt opp porsjonen sin, uansett kva han måtte synest om denne retten. Dette er sjølvsagt berre ondsinna snakk, og dessutan smakar ostepanna så godt at den er vel verd å bli blogga! Ostepanna består av blomkål og purre som vert dampa med ost over. Dette høyrest banalt enkelt ut, men kombinasjonen av blomkål, purre og ost gjev faktisk ein karakteristisk og deilig smak. Slik gjer du det: Mamma si ostepanne Eit blomkålhovud To små eller ein stor purre 2 dl vatn 200 g riven ost Vel 1 ts salt Paprikapulver Skyll blomkålen …

Alfred Schnittke – Requiem

Dette er ikkje noko som har vore på Norsktoppen eller på VG-lista. Alfred Schnittke er ein russisk komponist som vart fødd i 1934. Han var veldig produktiv, og skreiv mellom anna mykje filmmusikk. Han var kristen, med dragning mot kristen mystikk, og dei russiske styresmaktene hadde som mål å få han til å slutte å skrive religiøst inspirert musikk. Han vart utestengd frå den Sovjetiske komponistforeninga, og mange av verka hans var forbodne å framføre i Sovjet-unionen. Han flytta til Hamburg nach die Wende i 1990, og budde der til han døydde i 1998. Eg var med på å framføre dette verket ein gong på nittitalet. Verket byrjar nærast minimalistisk med den satsen du høyrer i dette lydklippet. Seinare brettar det seg ut i ein kompleks vev av kor, slagverk, strykarar og rockegitar (ja, det står det i partituret…), og i enkelte passasjar kan ein føle at ein er på danskebåten. Til slutt samlar det heile seg vakkert og rørande i at førstesatsen vert gjenteken ein gong til. Opn øyrene dine, og nyt det.  Bildet …

Småtteri med og utan avokado

Eg er alltid på leit etter lekre rettar som er gode nok til å servere gjestar, og som krev mindre enn ein halvtime på kjøkkenet. Å få til eit sosialt liv med låg terskel både for besøkande og for vertskap er ei utfordring, god mat som er lett å lage og som smakar godt aukar trivselen for gjestane og gjer jobben som vert eller vertinne enklare. I dag får du oppskrift på tre smårettar som du kan by på. Det er ingen grunn til å skulle invitere på full middag alltid, berre ein har raust med småting å tygge på, og noko godt å drikke. Ein lett kvitvin passar fint til dette selskapet, husk farris og eplemost til dei som køyrer eller av andre grunnar ikkje vil ha vin. Utgangspunktet for meg er alltid kva eg finn i butikken til ei kvar tid, kva sesong vi er inne i. Dersom du bestemmer deg på førehand kva du skal ha, og går ut for å leite, kan du ofte bli skuffa. Det er betre å la …

Orakelet talar…

Med 24 på øyrene (vi har slike trådlause øyretelefonar her i heimen, veldig fint) og to barn som eigentleg ikkje vil legge seg held på med nettopp det, prøver eg å svare på spørsmåla eg har fått. Takk til alle som spurte! RandiF: Jeg har en flaske Sauternes stående, og på lørdag skal jeg ha gjester. Hvilke desserter passer denne vinen best til? Hadde tenkt å lage Ingefærsvisker med krem/crème frâche til dessert, kan det passe sammen med vinen, tror du? Eller bør jeg satse på muggost? Alt godt: Eg har ikkje kjempegreie på vin, men eg er veldig glad i Sauternes til ein god dessert. Til muggost ville eg kanskje hatt ein vellagra portvin heller enn Sauternes. Sviskeplanen din virkar veldig bra! RandiF: Ett spørsmål til: Vi skal servere hjort ytrefilet som hovedrett, med potet/selleristappe, sopp/bacon, rødløkskompott og enten broccoli, rosenkål eller asparges til. Hva tror du blir best av de tre grønnsakene? Og har du et godt tips til forrett, gjerne noe fra havet? Ikke altfor avansert… Alt godt: Det var mange tilbehør!  Eg …

Beautiful

Mine tidlegare dufter har eg ikkje noko nært forhold til, men Beautiful frå Estee Lauder var mi første «signaturduft. Det var byrjinga på ei lang rekke av Lauder-dufter som eg likar godt. Knowing, Pleasures og Spellbound er andre som eg har eigd og hatt glede av. To av dei lurer eg veldig på kvar dei vart av. Dei vart kanskje kassert eller gitt bort i samband med ei flytting? Synd, i så fall.  Beautiful er ei typisk blomsterparfyme, den vart i følge informerte kjelder lagd til Estee Lauder sitt bryllup. Den vart lansert i 1985, eit merkeår i mitt liv, for då flytta eg til Oslo, byen eg visste eg skulle bu i sidan eg var 12.  Denne parfymen er eit godt eksempel på at sjølv om ein ikkje likar så godt enkeltelementa i parfymen, så kan heilskapen bli nydeleg. Ein av dei viktigaste toppnotane i Beautiful er solbær, ikkje ein av mine favorittar. Eg syns heller ikkje at sitron er så godt i parfyme (i teen, derimot, der må den vere med). Liljekonvall derimot, …

Ein sann svir

  No har eg blogga i nøyaktig to veker, og det har vore ein sann svir. Masse kommentarar, oppmuntring, skryt og glede har regna inn over bloggen min. Lykke! Eg vil gjerne gje noko tilbake utover oppskriftene eg legg ut i bloggen. Difor vil eg utfordre dokke: Etter beste evne skal eg prøve å svare på det dokke måtte ha av matspørsmål. Er det noko du lurer på, er det ei oppskrift du ynskjer deg eller noko du lurer på kvar du skal få tak i, så spør meg i kommentarfeltet. Eg er ingen guru, men eg er flink til å finne ut av ting, og eg har gjort meg nokre erfaringar i dei 30 åra eg har lagd mat. I tillegg har eg eit lite lager av tips og oppskrifter som ligg og ventar på å sleppe ut på verdsveven. Det er ikkje sikkert at eg kan poste alle etterspurde oppskrifter i bloggen, men dei kan kome dei neste dagane. Så overrask meg, og fyr laus med spørsmål!

Søndagsmiddag

Søndagar gjev rom for langsam mat. Eg likar å lage noko som tek litt tid å lage, men som i lange periodar kan overlatast til seg sjølv. Det er godt å gje seg litt betre tid innimellom, og gjerne ta ungane med i større grad enn den travle kvardagen gjev rom for. Mi husstellærarinne hadde nokre favorittar som eg har teke med meg vidare i livet, og improvisert over. Ein av desse var kjøtkake på topp. Den er ein morosam alt-i-eitt-rett som tek litt tid å førebu, men som smakar nydeleg. Ofte kan det oppstå forvirring om kva som er kjøtdeig og kva som er farse. Dette er ei oppskrift med spedd kjøtdeig, og når kjøtdeigen er blitt spedd kallar vi den farse. Uspedd kjøtdeig brukar vi til dømes til taco, gryterettar og pastasaus, medan farse lagar vi kjøtkaker, kjøtpudding og liknande med. Når du  skal spe kjøtdeig er det viktig å først røre den seig med salt. Det gjer at deigen lettare tek opp i seg væska du skal spe med etterpå, og dermed …

God morgon!

-Og viss det er ein god morgon, (og elles også forresten) så treng ein noko godt til frukost. Mange av mine oppskrifter byrjar med ei eller anna anekdote om når, kvar og med kven eg smakte ein bestemt mattype for første gong. Sånn er eg skrudd saman, eg likar å fortelje historier, eg er datra til far min. Hovudgreia i denne oppskrifta er noko så prosaisk som hermetisk tunfisk i gelé. Det smakte eg første gong på besøk hos ei venninne av mora mi i Tromsø. Det smakte heilt fantastisk! Eg åt med begge hender, og hadde fått eit matminne for livet. Då vi kom heim til Sunnmøre var turen til samvirkelaget kort, og jammen hadde dei ikkje ein liten stabel med boksar med tunfisk i gelé ståande. Det var den gongen det ikkje var så nøye med datoar, dei hadde sikkert stått der i fleire år. Eg vart fast kunde, og eg var vel sannsynlegvis den einaste som sytte for at det sirkulerte på den hylla i butikken. Vi snakkar om ein butikk med …