All posts filed under: Fest

Fleire mai-rettar: Grøn ertesuppe

Eg hadde ein maimeny i Sunnmørsposten på laurdag, der presenterte eg oppskrift på kylling med saltbakte poteter og nudelsalat, og rabarbrarull til dessert. Forretten til maimenyen er ei grøn og frisk ertesuppe. Den er ganske langt frå den gule som du kan få til pannekakene. Denne er rask å lage, og den blir også best om den vert lagd rett før servering. Eg garnerer den med reker, men den kan også pyntast med krutongar, ein rømmeklatt eller med litt sprøsteikt bacon. Denne suppa er gluten- og mjølkefri, og med grønsaksbuljong er den også eit godt vegetarisk alternativ på bufféen. Slik lagar eg den: Grønn ertesuppe  100 g løk, vårløk eller purre 2 ss olivenolje Ein liten skalk sellerirot eller to selleristilkar 1 liter vatn Ein buljongterning eller 1 ss flytande buljong 500 g grøne erter Fire mynteblad viss du har Salt og peppar Varm opp oljen i ei gryte. Hakk løken fint. Skrell og hakk sellerirota i små terningar. Surr grønsakene til løken er blank og fin, og slå over vatnet. Ha i buljong, og …

Yr tek feil!

Det er eg heilt sikker på. Der står det nemleg at regnet skal kome klokka elleve, men frå klokka ti serverer vi brunch i hagen for 22 gjestar, så det kan ikkje regne. Vi har ein plan B, med buffé og free seating inne, men vi kryssar fingrane for at vi kan ta plass ved langbordet i solskinet. Gjestane får servert ulike typar skinke, fersk, røykt og speka, mårpølse, laks og eggerøre, skagenrøre og aioli. Mors nybakte rundstykke høyrer også med. Deretter kjem det forskjellige ostar med marmelade, og til slutt blir det servert ei rullekake og fruktsalat, krem og muffins i raudt, kvitt og blått. Eg ynskjer deg ein fin 17. mai, med sol og glede!

Maikaker

No er det like før det smell, men gode råd treng slett ikkje alltid vere dyre. Her finn du mine kaketips for 17. maifesten, Den er gull verd for dei som er i komitéen for det heile. I tillegg har eg lista opp masse gode oppskrifter under her, som eg vonar kan inspirere til baking i seine kveldstimar. Ha ein fin 17. mai! Lys langpannekake – grunnoppskrift Kanelbollar Gulrotkake Brownie Mor Monsen Sjokoladekake Kvæfjordkake Appelsinkake med firkløverglasur Appelsinkake med melisglasur Marengskake med sjokolademousse  Cheesecake brownie  Rabarbrapai  Suksessterte Bedehuskake med korintar  Ostekake Blåbærpai og skogsbærfromasjkake for allergikarar Festkake med rabarbra  Ananaskake Fransk mokkakake

Rabarbrarull til maifest

Til dessert på maifestbordet mitt serverer eg rabarbrarull. Rabarbraen sprutar ut i hagen min, og eg brukar den så mykje eg kan. Dette er ein ny kakevariant, som vart ganske god, om eg skal seie det sjølv. Slik gjer du det: Rabarbrarull 275 g kveitemjøl 5 ss sukker 1 ts bakepulver ½ ts salt 75 g smør 1 egg ½ dl mjølk Fyll: 350 g rabarbra 6 ss sukker 1 ts finreve sitronskal 1/2 ts kardemomme Pynt: 1 egg litt perlesukker Sett steikeovnen på 220 grader. Bland dei tørre ingrediensane og smuldre i kaldt smør. Pisk egg og mjølk og rør inn i deigen. La deigen kvile ein halvtime i kjøleskap. Kjevle deigen til et rektangel (ca. 25×30 cm). Eg gjer dette rett på eit bakepapir av silikon, då vert deigen enklare å handtere. Bland rabarbra, sukker, sitronskal og kardemomme, og fordel det over deigen. La det stå igjen 1 cm langs kanten. Pensle deigkantane med samanpiska egg. Brett inn deig-endane og rull sammen kaka som ei rullekake. Legg den på steikebrett med skjøten ned. …

Festmat i mai

I mai kjem festdagane tett som hagl, og spekemat og grilling har lett for å gå igjen på menyen.  Men det er kjekt med nye rettar på festbordet, og her kjem ein dose inspirasjon frå meg. Desse rettane er enkle, ikkje så dyre og med spennande smak. I dag får du oppskrift på kyllingfilet med salat og saltbakte poteter. Kyllingen kuttar eg i strimlar, og så steiker eg den og serverer med ein sterk og søt mangosaus. Har du det travelt kan du bruke vanleg søt chilisaus på flaske, som du finn i butikken. Steiker du kyllingen i olje er denne retten også mjølke- og glutenfri. Slik gjer du det: Kyllingfilet med sterk mangosaus Mangosaus: 3 dl eple- og mangojuice Raud chili etter smak 1-2 ts maisenna 2 ss vatn Salt og peppar Kok opp juicen, og skum av. Ha i finhakka chili, og la det koke litt. Det er best å byrje med litt chili, og så heller ha i litt meir om du syns sausen treng meir punch. Rør ut maisennamjøl i vatnet, …

Alt godt på radio!

Berre i NRK Møre og Romsdal, men likevel; i dag mellom elleve og tolv skal eg snakke om mai-kaker. Oppskrifta eg kjem til å presentere er denne oppskrifta på frosen ostekake som eg har fått av Heidi: Har du laga denne kirsebærkaka ein gong vert det neppe siste. Ho er aldeles nydeleg og du slepp at ho dett ned, brenn seg eller blir mislykka. Eg er overbevist at dette vert far sin klassikar i alle gebursdagar og konfirmasjonar frametter våren. Du kan godt bruke ein pakke ferdig kirsebærkompott, men eg har steinfrie kirsebær i frysaren. Kvar haust kjem det ein bil frå Austlandet til Volda som sel frosne bær, og i haust selde denne bærmannen steinfrie kirsebær. For oss som ikkje likar å spytte kirsebærstein er dette ein fulltreffar. Eg lurer på kva maskineri som gjer bæra steinfri, men sidan ho kjem frå Sverige er vel det mogeleg, eg er i alle fall imponert! Kirsebæriskake 15 kornmokjeks Fyll: 3 egg 2 dl sukker 1 pakke kremfløyte (3 dl) I pakke philadelphiaost (naturell) Knus kjeksa godt …

Love it, love it

Denne musikken gjer meg berre tvers igjennom glad. Nyt og dans! The first thing I remember, I was lying in my bed I couldn’t’ve been no more than one or two And I remember there’s a radio, coming from the room next door My mother laughed the way some ladies» do Well it’s late in the evening, and the music’s seeping through The next thing I remember, I am walking down a street I’m feeling alright I’m with my boys and with my troops, yeah Down along the avenue some guys are shootin» pool And I heard the sound of acapella groups, yeah Singin» late in the evening, and all the girls out on the stoops, yeah Then I learned to play some lead guitar, I was underage in this funky bar And I stepped outside to smoke myself a j When I come back to the room, everybody just seemed to move And I turned my amp up loud and I began to play It was late in the evening, and I blew that …

Påskelam

Å spise lam i påska er noko eg er vand med frå eg var lita jente, og vi fekk servert eit lammelår som var drege i pulk opp til hytta og steikt i vedfyrt omn. Seinare i livet har eg valt å droppe det med skigåinga, så lammelåret vert steikt i bynære strok. Denne påska er det vel dei færraste som skal på ski, men lam er godt uansett. Eg er ikkje så oppteken av å gjere mat komplisert. Min mat er ofte enkel og liketil, men det gjer den ikkje mindre smakfull. Lammelår vert ofte servert med poteter, saus og grønsaker, men i dag får du oppskrift på ein ny vri på lammetilbehøret. Denne påska serverer eg lam med bulgur og tsatsiki. Lammet kan settast i omnen i god tid, og steike medan ein går ein tur eller driv på med andre ting. Eg brukar steikepose til lammelåret. Grunnen til det er at kjøtet vert saftigare, kjøtsafta fordampar ikkje like mykje som når låret står ope i omnen. Det held også betre på krydderet som …

Søt og salt fastelaven

Denne helga er det fastelavenssøndag, og då serverer eg fastelavensbollar til alle som vil ha. Bollar og eg har eigentleg aldri vore heilt gode vener. Mor mi er ikkje så lidenskapeleg oppteken av å lage mat, men bollar og ball har vore hennar spesialitetar. Dermed har eg overlete det til henne, og ikkje perfeksjonert mi eiga bollebaking. Men eg har bestemt meg for at slik kan det ikkje fortsette. Å lage gode og luftige bollar med god smak utan å ty til skitne triks som posemiks og tilsetjingsstoff bør eg klare. Så no er det ofte bollar her i heimen. Ein brutalt ærleg venn av huset smakte på bollane mine og sa: Det er noko som manglar. Han tenkte seg lenge om før han sa: Salt. Og han har heilt rett. Mi gamle oppskrift har vore for tam i smaken, trass i kardemomme og meir enn nok sukker. Salt i deigen framhevar dei andre smakane, akkurat som med sjokolademousse, der eg alltid har i ei klype salt. Så no har eg revidert bolleoppskrifta mi. Denne …

Dessert: Marsipanterte

Dette er bortimot den enklaste kakeoppskrifta eg veit om, fire ingrediensar er alt som skal til. Det er ei marengskake som er bakt med marsipan, eg serverer den med brinebær og piska krem til. Pynt og tilbehør kan varierast etter smak og behag. Slik gjer du det: Marsipanterte 90 g marsipan 3 eggekviter 1,5 dl sukker Ei klype salt Set omnen på 175 grader. Riv marsipanen fint. Ha eggekvitene med saltet i ein bolle, og pisk den ganske stiv. Ha i sukkeret litt etter litt, og pisk til det blir ein stiv masse. Vend marsipanen inn i marengsmassen. Legg bakepapir i botnen av ei springform, eg brukte 24 cm. smør kanten inne i forma 2-3 cm opp. Fyll i massen, og bak kaka på 175 grader i 12 minutt. Den hevar seg, men skal synke saman. La den kolne i forma. Skjer rundt kanten før den er heilt kald. Ta botnen ut av forma, og dra forsiktig av bakepapiret. Legg botnen på eit fat, og pynt med bringebær. Pisk 2 dl kremfløte med 1 ts …

Hovudretten: Torsk med raud pesto

I går fekk du forretten til jentemiddagen min, i dag kjem hovudretten, naturleg nok. Denne middagen er fri for kumjølk. Ostane eg har brukt er basert på sauemjølk eller bøffelmjølk, dei toler dei fleste mjølkeallergikarar godt. Raud pesto lagde eg sjølv, den du får kjøpt på glas er heilt ok, men er ofte tilsett mjølkeprotein og så er det brukt parmesanost. Til torsken serverte eg sauterte brekkbønner med pastinakk og purre, og ein bulghursalat. I bulghursalaten vende eg inn finhakka purre, paprika og litt raudløk som har fått ligge i eddik. Har du glutenallergikarar til bords, kan dei spise heile menyen unntatt bulghursalaten. Bulghurgryn er knuste, dampa og tørka kveitekorn. Dei er rike på mineralar og fiber, og er eit fint substitutt til ris eller pasta. Slik gjorde eg det: Raud pesto 100 g soltørka tomatar, bløytte og avrente 1 ss tomatpuré 3 ss riven pecorinoost 3 ss pinjekjerner Olivenolje Rist pinjekjernene i tørr steikepanne til dei har fått ein gyllen farge. Ha avrente soltørka tomatar, riven ost, pinjekjerner og tomatpuré i ei matmølle, og køyr …

Du veit du er på ein bra fest…

når du blir invitert tre-fire timar før den byrjar. når vertskapet viser seg å ha spelt i køntriband i mange, mange år. når det blir servert meir konjakk enn kvitvin. når det på det meste er fem gitarar i aksjon, herunder ein steelgitar og ein tolvstrengar. når du ber ein av gitaristane gå og stemme, og så gjer han det. når musikken som blir spelt er enten frå før 1982 eller Vassendgutane eller DDE. når du sit rett ovanfor ein sound-alike til Bjarne Brøndbo. når Proud Mary, Sweet home Alabama og Have you ever seen the rain går attacca. når dei som spelar ikkje veit kva attacca er. når heiagjengen er ein entusiastisk gjeng med tjueåringar. når det vert fødd ein kalv i fjøset midt under festen. når du går heim i skuterspor i snøen.

Den store bryllupskaka

Her er den, fire etasjar med ostekake, med gelélok av blodappelsin og pynta med naturstridig mykje bær til å vere i februar. Stativet har eg kjøpt hos Gulbrandsens Glassmagasin/Culina i Torggata, det er eigentleg med fem etasjar, men eg brukte dei fire øverste. Stativet er langt meir solid og stabilt enn det eg har brukt før, som du til dømes ser her. Kaka er altså ei klassisk ostekake, stivna med sitrongelé og pynta med bær. Eg lagde tre ladningar av oppskrifta nedanfor. To ladningar gjekk i dei to største formene, og ei gjekk i dei to øverste. Storleiken på formene er 30, 26, 22 og 18 cm. Slik gjorde eg det: Ostekake 400 g digestivekjeks 150 g meierismør 500 g kremost 600 g (to beger) crème fraïche 3 dl kremfløyte 2 pakkar sitrongelé 200 g melis Skal og saft av ein sitron Frukt og bær til pynt Ta fram det fatet som kaka til slutt skal stå på.  Legg kakeringen på fatet utan botn, og sjekk at det passar. Lukk forma, og teip kakeringen i …

Prosjektet mitt

OK, her kjem første bilde. Dette skal altså bli ei fire etasjers bryllupskake. Eg har blitt fortalt at ein ikkje skal vise fram slikt før den blir servert, så difor får dokke sjå den utan pynt. Oppskrift og bilde av ferdig pynta kake kjem i morgon. Eg lovar. (Og til dei som kjenner meg, og lurer på kven som giftar seg: Fetteren til kjære.)

Når er fastelaven?

Eg er imponert over folk si evne til å vere proaktive. Ein er ute i god tid når ein allereie no har byrja å planlegge fastelaven. Tru det eller ei, dei siste dagane har ordet fastelaven gått i taket som vanlegaste søkeord som gjev treff her i bloggen. Men til alle dokke som søker på fastelaven og kjem hit til meg: Fastelaven 2011 er søndag 6. mars. Då er eg tilbake med fine fastelavenoppskrifter. Viss du har fastelavenabstinens kan du sjekke ut denne.

Kyllingtagine med sylta sitronar

Huskar du dei saltsylta sitronane? Heiv du deg på? Viss du gjorde det så får du ei oppskrift der du kan bruke dei på tradisjonelt marokkansk vis. Dette er ein kyllingtagine, og den skal eigentleg lagast i eit vidt keramikkfat med høgt og spisst lok med hol for dampen. Det har ikkje eg, så eg måtte ty til steikepanna. Eg brukte også kyllingfiletar i staden for ein heil kylling, som dei nok ville ha gjort i Marokko. Men smaken trur eg at eg har klart å fange opp. Slik gjorde eg det: Kyllingtagine med sylta sitronar 3-4 ss matolje 1 stor løk 4 fedd kvitløk 1 ts malt ingefær 1 ts malt kanel Ei klype safrantrådar seks kyllingbryst 1/2 l hønsebuljong Ein neve grønbrune/svarte oliven, i mangel av tradisjonelle marokkanske brukte eg kalamata Koriander og/eller persille viss du har 2 ts honning Ein halv saltsylta sitron Varm opp oljen i ei vid gryte eller steikepanne som du har lok til. Steik kyllingbrysta på begge sider, til dei får ein gylden farge. Rens og finhakk løk …

Ver velkomne!

Ja, ein kjenner seg verkeleg velkomne når ein vert møtt med ei trapp pynta på denne måten. Takk, kjære vennar, for ein fantastisk fest! Og godt nytt år, både til vertskapet i går kveld og til alle blogglesarane mine. Eg har ei sterk kjensle av at 2011 blir eit fint år på mange måtar.

Juleselskap hos fine kusine

Kvart år får vi ein veldig hyggeleg invitasjon. Ei av mine fine kusiner inviterer til førjulsselskap. Der serverer ho gløgg, pølser til barna og ei fyldig kyllingsuppe til dei vaksne. Så leikar vi, spelar spel, gaular til singstar og byttar julegåver. Vi dreg dit med fire posar til fire familiar, og kjem heim med fire posar frå fire familiar. Det er eit avslappande og fint selskap der alle kjem som dei er, og der alle vert tekne imot med opne armar. Serveringa er ukomplisert, men akkurat det vi treng. Høgdepunktet for barna er å få pynte juletreet til fine kusine. Når vi kjem er det tomt, og når vi dreg igjen er det ferdig pynta med glitter, kuler og lys. Fine kusine har gitt meg lov til å blogge oppskrifta på suppa. Det er ei slags moderne, krema mulligatawny-suppe, enkel og god. Dette er nok til suppe til åtte personar. Slik lagar du den: Fine kusines kyllingsuppe 4 kyllingfiletar 2 eple 2 løkar 1 ss karri 4 boksar finhakka tomatar 1/2 liter vatn 6 dl …

Cardamom baked oranges – translated

Some of my foreign friends wanted to test my recipe for cardamom baked oranges, so I have translated the recipe. I have been experimenting with a dessert with spicy oranges for a while, and I have tested different ways to make it and present it. This version is served with a sour cream sauce, honey roasted nuts (store bought) and rum-drenched raisins. I always put raisins in rum early in November. They are useful for a lot of things, I put them in the Norwegian «gløgg», a sort of mulled wine, I put them in my christmas fruit cake and in chocolate truffles. And now in these succulent baked oranges. This recipe makes four servings. Cardamom baked oranges Four oranges 4 ts light syrup or honey 1/2 ts ground cardamom 1 ts vanilla extract 2 ts powdered sugar 50 g raisins 1 dl rum 50 g sweet nuts, I used a store bought honey roasted nut mix Heat the oven to 120 degrees celcius. Cut all the peel of the oranges, including all the white …

Planen er klar…

…og ein del av jobben er gjort, men ikkje alt. Gjestane kjem kl. 17, og då serverer eg fingermat i form av lakserullar med urtefyll, miniterter med mango- og løkkompott og minitoastar med hummus, persille og sylta sitronar. Det kan folk mumse på medan dei smakar på konjakken og. Etter at smakinga er over, serverer eg ei diger gryte med gulasj-suppe, med godt brød til. Eg har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal bake focaccia eller om eg skal kjøpe på åpent bakeri. Til dessert skal eg lage bakt appelsin med honning, romrosiner og brente mandlar, og ein creme fraiche-krem til. Eg kjem tilbake med bilde og oppskrifter når det heile er over. Ha ein fin torsdag!

Torta della Nonna

I dag serverer eg ei klassisk italiensk kake, Torta della Nonna. Torta della Nonna betyr Bestemors kake, og dette er ei kake som det finst like mange oppskrifter på som det finst italienske bestemødre. Den er eigentleg ein pai med søt paideig, som er fylt med ein vaniljekrem. Vaniljekremen kan smaksettast på ulikt vis, og det kan faktisk også deigen. Mange har sitrusskal i deigen, i dag droppa eg det. Derimot hadde eg litt sitronskal i fyllet, men det kan du droppe viss du ikkje likar det. Husk at du ikkje skal ha kjensla av å spise sitronkrem, vanilje og ost skal vere hovudsmaken. Eg har eksperimentert med å ha smelta sjokolade i fyllet, og det kan eg love deg smakar fantastisk. Kremen kan også smaksettast med Cointreau eller annan sitruslikør, viss du har i skapet. Denne vaniljekremoppskrifta er så enkel og ”safe” at  du gjerne kan bruke den i andre samanhengar der du skal ha vaniljekrem. Husk å bruke ekte vaniljesukker når du lagar denne kaka. Det grønstripete frå Tørsleff som dei har på …

Fargerik laks

Gråveret heng over oss, og det er godt å kunne lyse opp med litt fargerik mat. I dag fekk eg ein salmalaks i hus, og den er alltid lett å ha med å gjere. Førsteklasses råvarer kan ein lage kva som helst av, og ofte er det enklaste det beste. Eg serverer laksen steikt, med urtedryss på og med ein ratatouille-saus. I hagen veks framleis persille, salvie og graslauk. Vel, å seie at dei veks er vel å overdrive, men dei lever iallfall. Dei toler frost ganske godt, og eg plukkar til det er tomt. Ratatouille er tradisjonelt ein grønsakskompott med tomat, aubergine, squash, urter, kvitløk og løk. Eg lagar den noko lausare i konsistensen, slik at den fungerer også som saus for fisken. Smaksmessig minner min ratatouille-saus om den italienske capunataen, sidan eg har eddik og sukker i den. Det gjev ein fin sur-søt smak som går fint til den feite fisken. Til dette serverte eg kokte poteter, men du kan like gjerne servere det med ris eller bulghur, for eksempel. Serverer du den …

Halloween!

Det er helga for knask og knep, så alle som vil glede barna rundt seg må handle inn snop til å dele ut. Har du tid og lyst kan du også kutte ut gresskarlykter, det syns iallfall eg er kjempeartig. Gresskarsuppe er også lettvint å lage, særleg når du har avskjer etter å ha skore ut ei fin lykt. For min del blir det dugnad i dag, gården er full av konteinerar og søppel og skrot frå loft og kjellar skal avgarde. Eg er som vanleg pølsesjef, og serverer gode wienerpølser med tilbehør til store og små. Det er ein fin tradisjon, der alle føler at dei gjer sitt til at gården vert fin, og nye og gamle lindernbuarar får møtast og bli kjende med kvarandre. Ha ein fin laurdag, du og!

Marengskake med sjokolademousse

No i helga laga eg ei kake som vart borte som dogg for sol, så god vart den. Den må påbyrjast dagen før, men huskar du på det er det ikkje mykje arbeid å lage den. Botnen og sjokolademoussen må lagast på førehand, og så monterer du den dagen etter. Ei slankekake er den ikkje, men den er glutenfri. Det er vel bra? Marengsmassen er piska opp med litt salt og eddik. Opprinneleg hadde saltet og eddiken som funksjon at marengsmassen skulle heve seg betre. Eg syns dei gir god smak og, tradisjonell marengs med berre sukker og eggekvite smakar ikkje så spennande. Slik lagar du den: Marengskake med sjokolademousse 2 eggekviter 130 g sukker Ei klype salt 1 ts balsamicoeddik 150 g mørk sjokolade 3 dl fløte 1 ts instant kaffepulver 1 dl fløte og skiva mandlar til pynt Ha eggekvitene i ein bolle saman med salt og eddik. Pisk eggekvitene luftige. Ha i sukkeret skei for skei til du har ein fast, glatt marengsmasse. Klipp ut ein runding av matpapir. Legg den under …