All posts filed under: Hvitt kjøtt: kylling og kalkun

Kyllingwraps med coleslaw og avocado

Innimellom grovbrødskivene må vi ha litt anna mat og. Eg lagar ofte wraps, det er enkel og lettvint mat som er lett å variere. Dei grove variantane er fiberrike og gjev meg godt helsesamvit på toppen. I dag har eg fylt dei med steikt kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ofte på tilbod, og er proteinrik og god mat. Supplert med salatgrønsaker og anna moro vert dette godt både som eit mellommåltid og som matpakke. Slik gjer eg det: Fylt grov wrap med kyllingkjøtdeig 4 grove tortillalefser 8 salatblad, eg brukte hjertesalat 2 tomatar 4 ss italiensk salat eller coleslaw Ein avocado Ein pakke kyllingkjøtdeig ½ ts tørka timian Salt og peppar Smør til steiking Varm opp steikepanna, og ha i smør. Ha i kyllingkjøtdeigen, og steik den gyllen. Dryss på i lita teskei salt og ei klype nykverna peppar medan du delar opp kjøtdeigen i små bitar med ein steikespade. Knus timian mellom fingrane, og dryss over. Hell kjøtdeigen på ein tallerken, og la den kolne. Legg salatblada på tortillalefsa slik at det er ca. 5 cm …

Det enklaste…

…Er ofte det beste. Hos meg får du ofte idéar til enkel mat, og denne veka er ikkje noko unntak. I dag grilla vi kyllingbryst, enkelt og greitt. Kunsten er å ikkje bruke for høg varme, slik at maten vert svidd før den er gjennomsteikt. Kylling bør vere gjennomsteikt, for det kan vere skumle bakteriar i kylling som ein helst ikkje vil ha i seg. Vert gjestane utolmodige, så legg heller ein gjeng med pølser på grillen, slik at dei får seg det vi  i vår familie kallar ei ventepølse. Til kyllingen serverer eg ein salat der eg kombinerer pasta og bakte grønsaker.  Den er mettande og smakfull, og det er lettvint å servere alt på eit fat. Tsatsiki er perfekt til, denne lette, syrlege sausen som smakar sommar for alle som har vore i Hellas. No finn du matyoghurt i dei fleste butikkar, viss du ikkje finn det kan du la vanleg naturell yoghurt henge i eit kaffefilter i ei trakt nokre timar, slik at mesteparten av væta renn av, eller du kan bruke …

Medan vi ventar på sommaren

Sommaren ville liksom ikkje kome i år. I fjor blomstra rabarbraen min første mai. I år har eg ikkje hjerte til å spise av den til bursdagen min midt i mai. Urtene er heller ikkje komt opp ordentleg, eg går og ventar på ruccola og persille, men i bedet står framleis tulipanar, utruleg nok. Så då får vi trøste oss med det som er til å stole på, det vi finn i butikken. I dag har eg laga enkel mat, dette går fort å lage som ein fin familiemiddag. Hovudretten er ein variant av den klassiske biff stroganoff. Det er tradisjonelt ein kjøtrett med oksekjøt som du steiker og kokar saman med løk og sopp. Sausen er basert på tomat og fløte, og blir kremete og deilig. Desserten er superenkel, små marengsreir med rømmekrem og kirsebærkompott. Du kan lage kompotten sjølv av kirsebær eller morell frå frysaren, eller du kan gjere som meg, og bruke den du finn i butikken. Dette kan du lage med sviskekompott og, om du har ein slik pakke i skapet. …

Sitronpasta med kylling

No når sommaren går mot slutten er eg ekstra påpasseleg med å ta vare på og nyte dei gode sommarsmakane. Den overfloda vi finn no av urter, frukt og bær kan både takast vare på i krukker og glas, og den kan nytast her og no. Eg lagar ein enkel pastarett i dag, som har friske sommarsmakar i seg med urter, kvitløk og sitron. Denne pastaretten smakar friskt og sommarleg. Ikkje vert redd for smørmengda, dette er mager mat med magert kjøt, så litt godt smør gir den rette smaken. Til steikinga brukar eg margarin. Eg vil steike kyllingen på høg varme slik at den får fin skorpe, og til slik steiking gir margarin det beste resultatet. Sitronpasta med kylling 800 g kyllingfilet 2 ss margarin 500 g pasta, eg brukte bandspagetti Safta av1 sitron 2 dl vatn 3 ss smør 3 fedd kvitløk Salt og peppar Masse fersk basilikum og persille Skjer kyllingfileten i strimlar. Steik den i margarin til den får fin og brun overflate, og er gjennomsteikt. Salte og pepre undervegs. Legg …

Kylling med coleslaw

Coleslaw er ein av mine tilbehørsfavorittar. “Det er berre italiensk salat”, var det ein som sarkastisk sa til meg, men eg syns coleslaw er mykje betre. Her har eg servert coleslaw med ein veldig enkel kyllingvariant, med krydra filetar som får kose seg i ein fløtesaus. Mange kjøper saus på pose, men det er utruleg mykje betre å kjøpe ein pakke kremfløte, og lage sausen frå botnen av. Det tek ikkje lenger tid heller, og smaken er utruleg mykje betre. Denne coleslawutgåva er veldig enkel, med berre kål i. Du kan variere med å ha i strimla gulrøtter, rive eple eller grasløk. Denne porsjonen er til fire svoltne personar. Slik gjer du det: Coleslaw 300 g kvitkål, eg brukte nykål som har tynne, fine blad 300 g raudkål Litt sitronsaft 3 ss majones 3 ss kesam 1 ts honning Salt og peppar Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke, eller ein sylskarp kniv. Legg dei to ulike kålsortane lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du …

Ovnsbakt kylling med paprikasaus

Heile, store kyllingar kan ein få kjøpt ganske billig rundt omkring. Når dei har ei vekt på 1,4-1,5 kg er det akkurat passe med mat til fire personar. Ein slik vart med heim i går, og fekk ein tur i omnen før den kom på bordet. Eg kokte kraft på skroget. Den brukar eg både i sausen, og det som blir til overs sparer eg og brukar i ei suppe eller i ein saus ein annan dag. Slik gjorde eg det: Ovnsbakt kylling med paprikasaus Ein kylling, ca. 1,5 kg Fem raude løkar To paprika 2 stilkar stangselleri Litt purre om du har 1 ts pepparkorn 1 ts smør 1 ts paprika, mild type Vatn, salt, peppar og timian 3 ss creme fraiche Set steikeomnen på 200 grader. Del opp kyllingen. Skjer filetane av skroget, og del dei og låra i to. Skjer av vingane. Ha skroget og anna avskjer i ei gryte. Slå over vatn, ha i ein raud løk som du har delt i båtar, oppkutta stangselleri og purre, og la det koke …

I Hannes kjøkken

Det var utruleg kjekt å vere med på Førkveld i går. Hanne Frosta, som driv restauranten Hanne på Høyden på Nygårdshøyden i Bergen tok hand om meg på beste vis. Ho er så proff! Sjølv om eg prata i veg så handterte ho det heile med stø hand, og sytte for at vi kom i mål slik vi skulle. Eg vart på toppen av det heile sminka av den flinkaste sminkedama eg nokon gong har støtt på; Gerd Karin. Ho har ei utruleg imponerande merittliste, den “gildaste” autografen ho hadde på veggen var frå Bing Crosby, slå den! Suppa som Hanne og eg lagde var omtrent slik: Hannes kortreiste kyllingsuppe 4 kyllinglår 2 gulrøtter 1 paprika 2 eple 2 stilkar stangselleri 1 stor løk og 1 liten 1 kvist rosmarin 3 kvistar timian 1 ss ramsløkpuré eller 1 fedd kvitløk 1 boks tomatar, knuste 2 ts honning Salt og peppar Skyll kyllinglåra, og ha dei i ei gryte saman med ein løk samt avskjer/skrell av grønsakene. La dette trekke i 90 minutt. Ta ut låra …

Superenkel kylling

Av og til er det enklaste det beste. Kjære kom heim frå ferie, og over plenen med fersk pasta og kyllingfilet under armen. Eg hadde pesto og litt kvitvin. Ja, og så timian. Det var alt som skulle til. Slik gjorde vi det: Kylling med pasta og pesto To-tre kyllingfiletar 250 g fersk pasta 3 ss pesto 3 ss kvitvin Matolje til steiking Timian Sukker, salt og peppar Varm opp matolje i ei steikepanne. Legg i kyllingfiletane, og la dei bli pent brune på eine sida. Snu dei, og ha på salt, peppar og timian. La dei bli pent brune på andre sida og. Slå på litt kvitvin, og la det stå og trekke nokre minutt, til filetane er ferdige. Det kjenner du ved å trykke på dei, dei skal vere passe faste. Er dei for blaute i fisken er dei framleis rå. Kok pastaen i godt salta vatn. Ha den i ein bolle, og slå på litt olivenolje. Rør rundt. Ha i pesto og skya frå kyllingen. Rør rundt, og fordel på to varme …

Kylling med eplesaus

Eg fann nokre flotte, økologiske kyllingbryst i butikken her om dagen, som fekk vere med heim. Det enklaste er ofte det beste, og desse kyllingbrysta fekk ganske enkelt salt og peppar på seg, og så nokre minutt med skinnsida ned og nokre minutt på “vranga”. Så kvilte dei medan eg ordna grønsakene og sausen. Sausen er av også av det enkle slaget, inspirert av kollegaen min, som har eit enormt aroma-epletre i hagen. Han tek med bæreposar med gode eple på jobb, og vi eplehagelause får ta med heim så mykje vi treng. Eg reiv eplet, blanda det med litt sitronsaft og finhakka løk, og blanda det heile i 50/50 kremost naturell og lettrømme. Grønsakene er snitta i julienne-stil. Slik gjorde eg det: Kylling med eplesaus 150 g kyllingbryst per person Smør til steiking Salt og peppar Eplesaus: Eit stort aromaeple Ein halv løk eller ein sjalottløk om du har 4 ss kremost naturell 4 ss lettrømme eller kesam 2 ts sitronsaft 1 ts honning Salt og peppar Grønsaker: To gulrøtter To pastinakkar Ein raud …

Pasta med pestomarinert kylling og squash

Mange har for mykje squash for tida, og den er ikkje så lett å oppbevare eller konservere. Difor er oppskrifter med  squash populært blant hagefolket. Eg lagde ein god og enkel pastarett med squash i går, der eg brukte kylling, pesto og litt vårløk. Eg marinerte kyllingfileten i pesto medan eg gjorde klar dei andre grønsakene, og så fekk den ein rask tur i steikepanna for å bli gjennomsteikt. Dette er eit godt døme på at ein kjøtporsjon som kan vere snau dersom ein lagar kjøtet til på tradisjonell måte, vert akkurat passe når ein lagar det til på ein annan måte, med anna tilbehør. Normalt ville eg berekna tre kyllingfiletar til to vaksne, med mindre eg hadde eit veldig mettande tilbehør. Men her er det meir enn nok med to filetar til to personar. Eg brukte fersk pasta, men det blir like godt med tørr pasta. Sausen er basert på vin og kremost. Kremosten kan byttast ut med kokefast rømme, som sæterrømme eller creme fraiche, eller med fløte. Vinen kan byttast ut med litt …

Festmat i mai

I mai kjem festdagane tett som hagl, og spekemat og grilling har lett for å gå igjen på menyen.  Men det er kjekt med nye rettar på festbordet, og her kjem ein dose inspirasjon frå meg. Desse rettane er enkle, ikkje så dyre og med spennande smak. I dag får du oppskrift på kyllingfilet med salat og saltbakte poteter. Kyllingen kuttar eg i strimlar, og så steiker eg den og serverer med ein sterk og søt mangosaus. Har du det travelt kan du bruke vanleg søt chilisaus på flaske, som du finn i butikken. Steiker du kyllingen i olje er denne retten også mjølke- og glutenfri. Slik gjer du det: Kyllingfilet med sterk mangosaus Mangosaus: 3 dl eple- og mangojuice Raud chili etter smak 1-2 ts maisenna 2 ss vatn Salt og peppar Kok opp juicen, og skum av. Ha i finhakka chili, og la det koke litt. Det er best å byrje med litt chili, og så heller ha i litt meir om du syns sausen treng meir punch. Rør ut maisennamjøl i vatnet, …

Gaeng Keo Wan Gai

Dette vart litt komplisert, men Gaeng Keo Wan Gai betyr kylling i grøn karri på thai.  Kjæresten min ynskte seg thaimat i går, og sjølv om eg har lagd thaisuppe før så måtte eg ut i den store verda for å finne inspirasjon. Thaimat er godt krydra og aromatisk, og dette kjøkkenet vert meir og meir populært. Dei “faste” ingrediensane er karripasta, raud eller grøn, kaffirlimeblad, fiskesaus, galangal eller ingefær, chili, lime og kvitløk. Kokosmjølk er den vanlegaste basen for sausen. Dette er eigentleg kjapp mat, sjølv om det tek litt tid dei første gongane ein lagar det så får ein det etter kvart inn i fingrane. Kutt opp krydder, grønsaker og kylling først, slik at alt er klart når du byrjar å lage retten. Eg brukte ein wok, men du kan godt lage dette i ei vid steikepanne. Slik gjorde eg det: Gaeng Keo Wan Gai 400 g strimla kyllingfilet 1 ss grøn karripasta 2 fedd kvitløk 1/2-1 chili 1 ss riven ingefær to-tre kaffirlimeblad eller 1 ts tørka, flaka kaffirlimeblad 1 aubergin 3-4 vårløk 3 …

Fylte kyllingfiletar

Kylling eller svin? ropte eg. Kylling! kom det frå stova. Gode råd var dyre, eg hadde kylling og brekkbønner i kjøleskapet, noko parmesan og soltørka tomatar på olje. I tillegg hadde eg akkurat kjøpt ei potte med basilikum. Då vart det fylte kyllingfiletar til middag. Slik gjorde eg det: Raud pesto: 4 ss soltørka tomatar i olje 2 ss riven parmesan Ein neve basilikumblad 2 fedd kvitløk Olje Andre ingrediensar: 4 kyllingfiletar, store 4 dl buljong 300 g brekkbønner 50 g riven parmesan 3 ss soltørka tomatar i olje 2 ts honning Set omnen på 180 grader. Mos alt til pestoen i ei matmølle. Spe med meir olje om konsistensen vert for fast. Den skal vere lausare enn leverpostei men fastare enn vanleg pesto. Ta ein stor kyllingfilet per person. skjer av indrefileten, den tynne strimla med kjøt på undersida. Del den i to på langs. Legg inni 1,5 ss raud pesto i kvar filet. Lukk opninga med ein tannpirkar utan peppermyntesmak. Legg filetane i ei eldfast form. Slå på buljongen, eg brukte vatn i …

Ovnsbakt kylling

Her er ein enkel kyllingrett som eg lagde tidlegare i veka. Den lokale butikken hadde heil, stor kylling til tilbod, og då er eg ikkje vond å be. Eg delte den opp, krydra den og serverte den med bakte poteter og tomatar. Det fine med denne “komposisjonen” var at eg lagde alt i omnen, ingen gryter å vaske opp etterpå. Potetene og kyllingen lagde eg i same form, og tomatane bakte eg på eit lite eldfast fat då det var ti minutt att av steiketida. Slik gjorde eg det: Ovnsbakt kylling til tre personar Ein stor kylling, ca. 1,2 kg. Ein sitron Salt og peppar 2 fedd kvitløk urtesalt, gjerne heimelaga Olivenolje 8 mandelpoteter 250 g cherrytomatar Set ovnen på 220 grader. Kutt låra av kyllingen, og del dei i to i leddet. Legg dei i ei romsleg eldfast form. Kutt av vingane og, og legg dei i forma. Del skroget i to langs brystbeinet, og skjer bort alt unntatt brystfiletane med ribbeina på. Del dei og i to, og legg dei i forma. Press …

Ein ekstra til middag!

Av og til skjer det, sjølv midt i byen, og det er som regel veldig hyggeleg. Ein gjest stig inn døra like før middagen skal lagast, og du står der med passe med mat til dei som var i huset frå før. Eg er oppdregen med at gjestar skal ha mat uansett, så då gjeld det å vere ein luring. Vi hadde ferdigsteikte kyllingfiletar frå i går, og kyllingfilet er litt vanskeleg mat når ein serverer den heil. Ein er ofte for lite, iallfall for mannfolk og ungdommar i veksefasen, men to til alle blir litt voldsomt. Trikset i slike tilfelle er å lage ekstra mykje saus og ris/poteter, og så servere kyllingen i bitar i sausen som ei gryte. Slik gjorde eg det: Kyllinggryte til fire personar Fem kyllingfiletar 5 dl buljong 1 pakke fløte eller creme fraiche Ein raud løk Ein stor squash 1 ts honning Steik squashen i skiver, og legg den på fat med salt, peppar og litt sitronsaft krysta over. Kok ris, kok opp 6 dl vatn og ha i …

Kyllingrullader

På konfirmasjonsbordet sto det kyllingrullader med spekeskinke og basilikum. Kyllingrullader er lette å lage, og du kan lage dei ferdige på førehand og varme dei opp. Kyllingbrysta blir banka flate, og så rullar eg dei med basilikumblad og ei skive strandaskinke og festar med tannpirkar utan mentolsmak. Eg serverte dei med ein mørk, krydra honningvinaigrette som eg vart veldig fornøgd med. Du kan også bytte ut brysta med kyllinglårfiletar, då sparer du deg bankejobben, og det går endå kjappare. Slik gjer du det: Kyllingrullade Eit kyllingbryst per person Ei skive spekeskinke per filet Tre-fire basilikumblad per filet Salt og peppar Margarin til steiking Skjer indrefileten av fileten, og legg den til side. Bank kvar filet mellom to flak plastfolie, det gjer jobben lettare og meir reinsleg. Vend på fileten iblant slik at du bankar det heile jamt utover. Fileten skal vere snautt 1 cm tjukk over det heile. Ta øverste folielag av, og legg på ei spekeskinkeskive og basilikumblad. Rull fileten tett saman og fest med ein tannpirkar. Steik fileten rundt det heile til den …

Kjapp kyllingform

Solveig har utfordra meg til å kome med forslag til oppskrifter med kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ei rimeleg råvare, den er ofte å finne på tilbod, og den er ikkje av det mest usunne ein kan kjøpe heller. Den er mager og rik på proteinar. Ulempa er at den smakar ikkje stort, så gode, smakfulle oppskrifter der kyllingkjøtdeigen får spele hovudrolla er mangelvare. I dag lagde eg ei ny form som både eg og han eg serverte den til var godt nøgde med. Eg freste grønsaker i godt krydder, og la dei i forma. Krydderet eg brukte er det eg får når eg gir blod, små posar frå Cemo. Dei er grunn god nok til å gi blod i seg sjølv! Deilige, velkomponerte krydderblandingar som løftar kvardagsmaten. I dag brukte eg riskrydder, som du eigentleg skal bruke til å ha i kokevatnet når du kokar ris. Eg brukte det til å sette smak på grønsakene og kjøtdeigen. Sidan ikkje alle gir blod, og sidan kanskje ikkje alle blodbankar gir bort desse krydderpakkane, så har eg bytta …

Ei slags bokmelding

Eg får ofte bøker som forlaga vil eg skal skrive ei bokmelding om, og eg har dessverre vore litt sløv med å følge opp dette. Planen er å ta eit lite jafs no framover, og presentere nokre av desse bøkene. Den eg fann i dag var Marit Røttingsnes Westlie si bok “Lettvint middag i gryte og langpanne”. Boka bygger på eit sympatisk prinsipp: Minst mogeleg forbruk av tid og minst mogeleg oppvask. I like it! Oppskriftene er klassiske, men alle har ein liten original vri på seg. Det varierer frå kjappe kvardagsmiddagar til søndagsmiddagar der du jobbar i fem minutt, og så skal det heile koke ein heil skitur. Eg syns dette er ei praktisk og fin bok, definitivt verd å ta med seg om du skulle finne den på Mammut eller noko slikt. Den kom i 2007 (ja, eg ligg litt etter… :rødme:) men den er framleis i handelen. Den oppskrifta eg prøvde var ei enkel kyllingform med brystfiletar. Denne oppskrifta skil seg frå dei andre ved at du må bruke både ei steikepanne …

Kjapp kylling

Eg lagde ein fin variant av kyllingfiletar her om dagen, der eg la på dei ei skorpe med ost og purre. Eg reiv osten først, og så hadde eg den i ein blender saman med purre, olivenolje og strøkavring. Strøkavringen er med på å stabilisere det heile, slik at det ikkje renn av under steikinga. Dette er også ein mjølkealleritilpassa middagsrett, pecorino er laga av sauemjølk, og kumjølkallergikarar toler den godt. Bruk mild olivenolje til dette, den kaldpressa jomfruoljen toler ikkje oppvarming så godt som den vanlege. Slik gjorde eg det: Panert kyllingfilet 6 kyllingfiletar 100 g pecorinoost Olivenolje 5 cm av det kvite/lysegrønne av ein purre 3 ss strøkavring Varm steikeomnen til 180 grader. Varm 2-3 ss olje i ei steikepanne, og steik filetane 3-4 minutt på kvar side til dei har fått fin farge. Legg filetane i ei eldfast form. Riv osten, og skjer purren i ringar. Ha dei i ein blender saman med strøkavringen. Køyr dette til ein glatt masse medan du sper i olje. Massen skal vere litt mjukare enn leverpostei. …