Restemat på alle fat
Vi er akkurat ferdige med å ynskje kvarandre godt nytt år, og med eit godt nytt år følgjer og restane etter feiringa av jula og det gamle. Har du fått med deg at ei gjennomsnittleg norsk familie kastar mat for 10 000,- per år? Det er hårreisande, og viser at vi har alt for god råd. Eller kanskje det viser at vi ikkje er trygge nok på kva som er god og etande mat? Eller at vi er for dårlege til å ta vare på maten når vi har restar? Eg veit iallfall at for min eigen del kastar eg mat når eg har planlagt for dårleg, og gløymt at eg hadde ein squash eller eit beger ruccola i kjøleskapet. Og så kastar eg når eg og dei eg bur saman med har vore sløve, og latt middagsrestane stå framme slik at eg er uttrygg på kva bakteriar som har fått formere seg i maten i løpet av natta. Hadde eg teke vare på restane, og rensa og sett dei kaldt eller i frysaren rett …