Grønsaker i vin
Våren har gleda oss ei stund no, og då får eg lyst på grønsaker i alle variantar. Sunne, gode og lettetne. Greske grønsaker er grønsaker som har blitt surra i olivenolje, og så fått dampe i vin, krydder og buljong til dei er møre. Dette er deilig tilbehør viss du skal grille, men dei kan og passe godt til ei steik, til grilla fisk eller ganske enkelt til ein kvardagskjøttpudding. Med grilla haloumi er den ein komplett, kjøttfri middag. Finn du denne retten på ein fin restaurant vil den heite ”a la greque” til etternamn, Rustikk mat har blitt moderne igjen, og bondekosten har kome inn på kjøkkenet att. Tom Victor Gausdal si bok om husmannskost vart kåra til verdens vakraste kokebok, så det er umoderne å servere bittelitt mat i eit tårn på tallerkenen. Bondekost skal det vere! Eg syns det er så godt å gå i butikken og la meg inspirere. Handlelapp er til såpe, havregryn, mjølk og brød. Middagen vil eg handle inn til på inspirasjon. Utvalet varierer, og då er det …