All posts filed under: Ferie

Mjelle

No er eg litt kjedeleg, men det følest liksom ikkje naturleg å putte masse tekst innimellom desse bilda. Enjoy.

Saltstraumen

Kommentarar overflødige. 🙂

Dette må du sjå

Har eg fortalt at vi skal til Paris i sommar? Vi skal bytte hus (som vanleg) med ein fransk familie. Ikkje så langt unna der vi bur ligg denne fantastiske leikeplassen. Sjølv om mine barn ikkje er så små lenger, så ser eg på dimensjonane over dette at elleveåringen kjem til å elske å klatre i dette. Eg har framleis friskt i minne ein gong vi måtte redde han ned frå ein klostermur i Nímes i Sør-frankrike, han var seks år, og hadde klatra langt lenger opp enn han beherska. Dette trur eg er tryggare enn ein klostermur, pluss at han er større, sterkare og vonaleg klokare. Leikeplassen er bygd i Parc de Belleville, og ligg i 47, rue des Couronnes, i det tjuande arrondissementet. Med Metro drar du til haldeplassen Couronnes. Leikeplassen er designa av arkitektfirmaet BASE. Bilda har eg henta frå bloggen til Handmade Charlotte, ein kjempefin blogg om forseggjorte ting til huset og til barn. Og så har ho altså ein eigen temakategori der ho presenterer fine og forseggjorte leikeplassar rundt om …

Get ready for departure…

Vi har byrja å pakke, i dag planlegg vi å bade i DGI, og elles bruke tida på å rydde litt etter oss. Denne gongen har byttet vore enkelt på den måten at vi har blitt einige om at vi byttar kjøleskap og frysar, altså med innhald, og at vi berre støvsugar og ryddar etter oss kvar på vår side. Fire dagar er eit kort bytte, så full vask er ikkje nødvendig. Eg har gjort det slik med dei korte bytta eg har hatt. Vi tek av sengetøy og dukar før vi drar, og syter for at det ser ordentleg ut. Vi passar på at vi ikkje legg noko att, det er alltid eit styr å få organisert det tilbake. I fjor budde skateboardet til elleveåringen i Danmark til godt etter pinse, etter å ha blitt attgløymt i eit klesskap i gangen der vi då budde. Det har blitt dårleg med bilde denne gongen, vi klarte sjølvsagt å gløyme att overføringskabelen då vi dro frå Oslo. Det er så mange kablar, ledningar og ladarar at …

På bordet

må det alltid stå blomar. Her i København er det spesielt billig og lettvint å velge kva ein vil ha, buketten du ser på bildet kosta 30 kroner! Kvaliteten er variabel, så ein må sjekke nøye det ein kjøper, men eg elskar det når eg får store bukettar i hus, og kan fylle opp vasane utan dårleg samvit og overtrekt konto. Det er eit enkelt lykketips: Når du er på reise, og skal bu på same plass nokre dagar, kjøp deg ein bukett til å ha på bordet. Bur du på hotell brukar resepsjonen å vere meir enn villige til å framskaffe ein blomstervase. Og så kan det hende med deg som det hende med Heidi og meg då vi var i København i fjor i mai: Då vi hadde sjekka ut og sat og drakk te og kaffi i resepsjonen kom dei ned med buketten på dette bildet, og sette den på resepsjonsdisken. Så fin syntest dei han var. (Vi vart litt smigra.)

På plass!

Vi er på plass i husværet vårt i København, det er romsleg, lyst og fint, møblert med masse danske designklassikarar. No smyg vårvinden seg inn frå altandøra, ein bukett med rosa buskroser står på bordet og alt er på G. Elleveåringen har funne Viasat 4 med Homer og gjengen på tv-en, så til og med når det gjeld underhaldninga er alt i orden. Det var verre i Kairo, med Transformers teksta på arabisk… No skal vi varme dei lekre små frikadellene som vertinna vår har lagt klar til oss, og kose oss med litt dansk sjokolade. Livet er ikke det værste man har!

Danmarkspåske

Vi har fått boligbytte i Danmark! Det har vel eigentleg blitt ein tradisjon i vår familie, og eg er veldig glad for at eg fekk det til sjølv om eg er åleine, og til dømes ikkje har bil å by på. Turen går med Oslo-båden, som danskane kallar den, tirsdag i påskeveka. Vi skal bu midt i København, og dei vi bur hos låner oss syklar slik at vi kan ta oss fram på eiga hand. København er ein av dei tre byane i mitt hjarte, saman med Berlin og New York. (Unnskyld, Paris. Det kjem av fransken.) Vi gler oss til å bade i DGI-byen, shoppe på Illums, beundre krokusane i Kongens have og nyte livet på balkongen på fjerde sal. Fortell gjerne om dine påskeferieplanar! Bildet er frå souvenirbutikken i Tivoli, tatt i fjor på same tid.

Og så utanriks

This is for my scented friends, I’m not going to Paris. Until August. 😉

På oppmoding – reisebrev

Eg har fått oppmoding om å lenke til trådane der eg fortalde om turane våre til Egypt og Nepal. Det gjer eg gjerne, viss du ikkje får sove ei natt så kan du (vonaleg) kose deg med desse. 

Nepalmat

Eit husbyte brakte oss til Nepal for tre år sidan. For eit fantastisk land! Venlege folk, vakker, gamal arkitektur, eit yrande dyreliv og behageleg temperatur gjorde at vi følte oss heldige som fekk oppleve dette. Vener og familie er allereie plaga med lysbildeframvising, eksotisk krydder, historier om levande gudinner og ville aper. No er det dokke matglede-lesarane som står for tur. I dag skal du få lære litt om nepalesisk matkultur. Nepal er eit fjelland, og for oss nordmenn er det lett å føle seg heime der. Det er eit gjestfritt folk, og kjem du rundt på landsbygda kan du vere sikker på å bli boden ein porsjon med Dal Bath. Dal betyr linser, viss du ser på linseposane i dei norske innvandrarbutikkane står det ofte dal på pakken. Linsene kokar dei til ei tjukk suppe, som dei krydrar på tradisjonelt vis. Dei gule linsene er vanlegast, men du kan og brune brune eller grøne linser viss du har det i skapet. Bath er ris, og den vanlegaste ristypen i Nepal er den aromatiske basmati-risen. …

Sydvendt

No vender vi nasa sørover igjen. Sjølv om det er fint her nord skal det bli ei glede å kome heim til byen, tv og internett, jobblunch (!!) og gode kollegaer.  Det blir trist å seie ha det til masse koselege folk, dyr og hus. Vi er nok tilbake neste år, skal du sjå.  

Eg må le…

Byjenter i korte shorts er populære blant geitene i Myrlia… Hadde det vore ei lydfil her hadde dokke høyrt møøøø frå både gutane og kyrne… Førstesida på VG – overskrift: Spist av troll – To bygutar forsøkt spist av skummelt troll på Senja, klarte å sloss seg fri.

Jammen er det fint nordpå

-sjølv om det regnar innimellom, og så skin sola. typisk ustadig ver. Men eg har vore i ein kjempefin senjahage (og derfrå kom vi ikkje tomhendt, som alltid, på hagegalebesøk): Aspelund: Ein vesal båt:

Kan det bli bedre?

Nysteikte vafler servert med meierismør som har stått i benken så det er mjukt og fint, og nyrørt molte oppå, på tante Mali sitt finservise. Eg drikk surmjølk, dei har ikkje te, og eg hadde gløymt å ta med teposar. Det gjer ingenting, det er så koseleg likevel.

Nordpå

Vertskapet her nordpå trur på minimalisme i alle ledd unntatt når det gjeld mat. Alt er dermed ganske spartansk, altså ikkje noko nett, ikkje tv, ein sliten radio stildra oppå sofaryggen og sittegruppe i fire ulike ikkje matchande grønfargar. Så vi er på leit etter eit samarbeidsvillig trådlaust nett, og enda opp på Gründer på Finnsnes. Her får vi smoothie og Earl Grey med sitron i store glas, og er ganske fornøgde, særleg fordi det følgjer internett med på kjøpet. Alt er litt seinare her oppe, og det nyt vi godt av. Saftige, søte jordbær frå Salen gård i Rossfjorden:  Markjordbær frå oppi bakken: Harry Potter-skogen, med bregner høgare enn ein åtteåring (vi har målt): Kan nokon namnet på denne blomen? Vi har ikkje sett den før. Lange stilkar, små runde blad langt nede på stilken. Ignorer flua.

Når du les dette

-er eg nordførr igjen. Sola er borte etter ein knallsommar der oppe, temperaturen er gått ned ca. 10 grader, så då må ungane og eg pluss ein nevø opp og muntre opp slekta. Vi kjem til å gå frå kaffibord til kaffibord, og det er middag klokka ett, akkurat som før. Eg kjem nok til å lure meg inn på ein eller annan nettkafé, men i utgangspunktet er eg offline til torsdag kveld. Eg står han av, ristande av abstinens. Vi snakkast!

Verdas dyraste kvadratmeter

Dette huset er til sals på øya Sylt, som tilhøyrer Tyskland og ligg rett vest for grensa mellom Danmark og Tyskland. Vi var der for tre år sidan, og det er ei veldig vakker og spesiell øy. Det forsto vi då vi fann Chanel-butikkar i ein liten tettstad med berre hytter. For at den skal lønne seg må dei som er i dei hyttene vere kjøpesterke, konkluderte vi med. For å kome ut dit kan du ta ferje, verdens dyraste fly (50 minutt i lufta for NOK 7500,- – ein veg) eller sette bilen din på toget og køyre med biltog ut dit. Veldig fint. No har du altså sjansen, eit hus på Sylt på 30 kvm med prisantydning ca. 50 millionar, alt etter kva eurokursen står i. skal tru kva eigedomsskatten er på Sylt. Den kjem i tillegg. Årleg. http://www.matthias-haase-immobilien.de/

Tirsdag i Paris

Siste dagen, dei siste bilda. Så mange ville sjå Mona Lisa samtidig med oss, og vi var tidleg ute: Denne lukta vi på, men den fekk ikkje vere med heim. Det fekk derimot ein annan… -Og vi lukta oss igjennom iallfall halvparten av desse, og ein vart med heim. -Så no må vi kvile ut etter ferien! Iallfall eitt par dagar…

Overvelda…

Vi er i transe, etter ein intens og deilig og slitsom dag. Rapporten kjem i form av bilde, lange tekstar er det ikkje tid for no. Dagens frukost var typisk fransk:  Vi dro til Père Lachaise for å sjå grava til Jim Morrison (det var det trettenåringen som ville, ikkje viktig for meg, men kva gjer ein ikkje for sine barn?) Vi var innom Chanel og trudde vi skulle lukte på parfymer, men det var smykkebutikken. Mykje fint der, men ikkje akkurat vår prisklasse. Vi spiste deilig lunch på Jour Naked (litt uklart kva som ligg bak namnevalet). Reker med feta, soyabønner og quinoa. Vi var innom Sephora på Champs Elysees, og trettenåringen fekk lagt makeup, inkludert kolsvart eyeliner. Veldig parisisk. -Og parfymekjøpa vart gjort hos Montale, meir om det seinare. 😉  

Gullrekka…

Eg må berre understreke at dette er frå Lafayette, og ikkje originalbutikkane. Dei tek vi i morgon. Men ikkje desto mindre:  Tom Ford: Annick Goutal: Serge Lutens:  Ingenting i posane enno. Vi berre kartlegg marknaden. Det er veldig viktig å kartlegge marknaden. 😉

På flyplassen

No er vi på flyplassen i Quimper, herfrå går det fire fly om dagen, alle til Orly, så det er ikkje akkurat ein metropol. Volda/Ørsta lufthamn er større.  Vi har vaska oss ut av huset sånn nokolunde. Det vert alltid litt knapt om tid, men vi kom i mål. No planlegg vi ein piknik i Paris med gutane før dei vender nasa heimover. Vi jentene skal bu på Hotel Saint Jacques, vi gler oss! 

Eit besøk i Concarneau

Concarneau er ein kystby sør i Bretagne, med masse båtliv, bading og slikt når sola skin. I går gjorde den ikkje det, men vi trakk på oss regnjakker og dro dit likevel.  Den mest sjarmerande delen av byen er Ville Close, den vesle landsbyen som ligg inne i det gamle festningsverket for byen. Festningsverket vart bygd i to etapper, på 1500-talet og 1700-talet.  Festninga ligg på ein odde, som skiljer den kommersielle hamna frå fritidshamna, også kalt yacht-hamna. På ein varm sommardag er det nok stuvande fullt i denne vesle byen. Sjølv om den ikkje var på sitt mest fotogene då vi var der er eg likevel glad for å ha sett den under rolege tilhøve. Både St. Malo og Mont St. Michel var sterkt overbefolka då vi var der, så det var deilig å kome til ein «turistplass» der vi faktisk kunne fote oss. Concarneau er ein av dei største fiskarbyane i Frankrike, med sardin- og tunfiskfangst som dei viktigaste fangstområda. Det ser ein att i butikkane og i restaurantane, det er ofte steikte …

Ikkje berre Guinness….

Pubar på Jersey har ikkje berre Guinness og underleg lokalt øl som smakar krabbe. Dei har kjøleg fransk rosévin lagd på mi favorittdrue Pinot Grigio, saftig risotto med asparges, erter og dill, Cæsarsalat til trettenåringen og burger til tiåringen.  Parfymebutikkane i St. Heliers har Vivienne Westwood, Miller Harris, Aqua di parma og masse anna spennande. Budouir, sex på ei flaske, blir med heim, saman med Sensuous, Davana Bloom frå Molton Brown og masse deilig hudpleie. Visste du at Jersey praktisk talt er tax-free sone? Halv pris på det meste.

Med nasen sørover att

I dag reiser vi tilbake til Frankrike, og blir der nokre dagar til. Mennene i familien reiser til Oslo mandag kveld, medan damene skal sniffe seg gjennom Paris, og blir til onsdag. Men før vi forlet Jersey gjer ein seg nokre tankar om denne underlege, sjølvstendige øya ein svipptur frå franskekysten. Den ligg jo mykje nærare Frankrike enn England. Jersey og søsterøya Guernsey har vore sjølvstyrt sidan 1200-talet, og det ber den preg av. Den britiske dronninga er statssjef, og har oppnemnt sin viseguvernør, men er fogden, The Bailiff som styrer butikken. Her er ingen politiske parti, og har ingen statsminister. Bailiffen leiar både States of Jersey, det lokale styringsorganet, og The Royal Court. Folk på Jersey lever tilsynelatande ganske uberørt av dette underlege politiske systemet, kanskje delvis fordi mange av dei som offisielt bur her er innom berre av og til for å besøke pengane sine. Øya ber preg av stor rikdom, her er det lite slum å sjå. Mange forlenga, svarte bilar, flotte hagar med velkomponerte bolmsterbed, gartnarbilar i oppkøyrselen og innleigde sikkerheitsvakter.  …