Ein deilig potetgrateng
Eg lagde ein aldeles deilig potetgrateng i helga. I den putta eg masse forskjellige sortar ost. Vi har hatt litt selskapelegheit dei siste vekene, så nokre særs aromatiske ostebitar har blitt liggande att og vansmekte. Dei reiv eg opp, og brukte i gratengen. Ein vellaga sveitser, eit stykke spansk manchego og litt jarlsberg fekk gå i sausen saman med eit dugeleg stykke brie. Brien gjekk ikkje å rive, sjølvsagt, eg berre smelta ostestykket utan skorpe i sausen til slutt. Resultatet vart den deiligaste og mest aromatiske potetgratengen du kan tenke deg. Eg krydra gratengen med salvie i tillegg til osten, og på toppen strødde eg nokre valnøtter. Kombinasjonen av valnøtter, salvie og ost er fantastisk. Slik gjorde eg det: Potetgrateng 6 middels store poteter 1 stor gul løk 2 kløfter kvitløk 3 ss smør 3 ss mjøl 8 dl mjølk 3 ss finhakka fersk salvie, eller 2 ts tørka, knust 300 g blanda, riven ost 1 dl hakka valnøtter Salt og peppar Set omnen på 200 grader. Skjer potetene tynt, skyll dei og la dei …
