Månad: november 2009

Noko av det vakraste XXIII


Då vi skulle kjøpe nye høgtalarar for nokre år sidan gjekk vi frå butikk til butikk med denne musikken på plate i veska. Ravels Daphnis et Cloé er ballettmusikk, og eit fantastisk kunstverk. I tillegg kan det brukast til å teste stereoanlegg. Opptil fleire knela rundt 4:22 i dette stykket. For å høyre noko som helst av den vakre fuglesangen i innleiinga må volumet såpass opp at forsterkaren tek kvelden når orkesteret gir på skikkeleg. I tillegg har eg sunge dette, med Oslo-filharmonien ein gong tidleg på nittitalet. OFO sine heimesider har så lite historikk og «gamle» fakta at det er uråd å finne ut når det var, dessverre. Eg trur det var Raphael Frübeck de Burgos som dirigerte, viss eg huskar rett gjekk han rundt i ein sitrongul pologenser under prøvene, og såg ut som eit påskeegg, rund som han er. Men framføringa var ei stor oppleving. Klikk deg vidare til andre og tredje del, opptaket med Ashkenazy er flott, men kutta noko abrupt.

Ei enkel søndagskake


Nokre kaker er utruleg mykje enklare å lage enn andre, og rullekake er ei slik enkel kake. (Eller swissrull, som Hildegunn Moltubakk ville kalt den.) Det som skal til for å lage rullekake har du som regel i huset, og den skal ikkje steike lenge heller. Kast deg rundt, og lag ei deilig rullekake til familien til søndagskos. Slik gjer du det: Rullekake (swissrull) 4 egg 170 g sukker 3 strøkne ss kveitemjøl 75 g potetmjøl 1 1/2 ts bakepulver 2-3 dl syltetøy til fyll. Denne oppskrifta passar til ei stor langpanne. Sett ovnen på 225 grader. Sett klar ei rist til å ha kaka på når den er stekt, og det du skal ha til fyll. Når kaka kjem ut av omnen må det nemleg få fort. Pisk egg og sukker til stiv eggedosis. Bland saman kveitemjøl og potetmjøl med bakepulver og bland forsiktig. Kle ei stor langpanne med bakepapir og fordel røra godt utover. Steik rullekaka midt i omnen i 5-10 minutt til den er pent brun. La kaka skli over på rista …

Nye dufter, og litt om Tuberose – Polianthes tuberosa


Eg var ute på ein bitteliten runde i dag, faktisk var det ikkje ein runde i det heile. Eg var berre innom min faste plass; parfymeavdelinga på Glasmagasinet. Der hadde dei fått inn nokre interessante dufter. Eg prøvde på meg Eau Mega, den nye dufta frå Viktor & Rolf. Den byrja litt søtleg og rotete, ein del søtleg frukt, men morsomt nok endar den opp med ei elegant, kjøleg inntørking som er prega av sandeltre og musk. Den minner meg om Kenzo Amour Florale, og det er ein kompliment. Om den varer noko veit eg enno ikkje, men førsteinntrykket er positivt. Men den store overraskinga er den nye duftserien frå La Prairie. Dette er ei av dei mest spennande lanseringane dette året, etter mitt syn. Gold er den enklaste av dei tre, den mest lettlikte. Den er ein krydra floral parfyme, med plomme og tangerin, ei sitrusfrukt med tjukt, aromatisk skal. Under ligg myrra og ulike krydder som gir varme og djupn. Eg vil tru at veldig mange vil kunne trivast med denne. Dette er …

Meir parfymebråk


Ikkje før har vi lagt bak oss parfymeinnbrotet i Grimstad, får vi denne saka frå Motala i Sverige. Ei kvinne i førtiåra trua ein anna kvinne på same alder med å ta livet av henne fordi ho hadde på seg for sterk parfyme. Det skal ha toppa seg etter langs tid diskusjon om denne parfymen. Vi får berre trøste oss med at det er ho som trua som no er beden om å halde seg unna arbeidsplassen, og ikkje ho med parfymen…

Ein liten fest!


I kveld har eg tenkt å gå ut i byen, nærare bestemt til M3 og feire Virrvarr sitt treårsjubileum som bloggar. Eg har aldri møtt Virrvarr sjølv, men eg kjenner svigermora hennar, som ser ut til å vere med i VM i svigermødring, allfall ifølge beskrivelsane til svigerdatra. Uansett; eg gler meg! Det blir mitt første møte med bloggosfæren, viss vi held hagebloggarane utanom. Dei stiller liksom i ein eigen kategori i mi verd. Ha ei fin helg, alle saman, og kos dokke med god mat, store tekoppar og tente lys i vindauga.

No i desse smittetider


-Korleis halde tastaturet reint? Eg deler min mac med dei to barna her i huset, og dei insisterer på at dei ikkje et ved tastaturet. Kvar kjem så alle brødsmulane frå? Det lurer eg på. Denne produsenten har funne opp det sjølvrensande tastaturet. Rensinga skjer ved hjelp av infraraud stråling, og fjernar alle bakteriar og virus. Den er sikkert fin i kontormiljø der fleire delar same maskin, som i laboratorium og slikt. Men kvar puttar dei infraraude strålane brødsmulane? Kanskje der er ei brødsmuleskuff som under brødristaren?

Hot wok


I går lagde eg ein enkel wok som eg tenkte eg skulle vise dokke. Når folk tenker på wok tenker dei på eksotiske grønsaker som vannkastanjar, palmehjerte og bønnespirar. Men det går heilt fint å lage wok med alminnelege norske grønsaker som du får tak i i alle grønsaksdiskar. Det var det eg gjorde i går. Eg kjøpte strimla svinekjøt, ganske enkelt fordi det var det som var på tilbod hos min kjøpmann. Det steikte eg aller først, og så steikte eg alle grønsakene. Utfordringa med wok på ein vanleg norsk komfyr er at det er vanskeleg å få opp temperaturen skikkeleg. Men med full fres på den største plata fekk eg det varmt nok. Slik gjorde eg det: Svinewok til fire 600 g svinekjøt Ein skalk kål To gulerøtter Ein brokkoli Ein løk 3 fedd kvitløk Ein neve sukkererter 4 ss soyasaus 3 ss søt chilisaus 3 ss østerssaus 2 dl vatn 2 ts fivespice-krydder 1/2 ts chilipulver 4 ss olje til steiking, raps eller soya. Finhakk alle grønsakene. Eg brukar juliennejern på gulerøttene, …

Like glad i parfyme som meg?


Odden parfymeri i Grimstad har blitt rana for eksklusive dufter verd 2 millionar! Ojojoj, eg kjenner parfymegale i Grimstad, men så desperate er dei ikkje, trur eg. Vi får vone at duftene får kome tilbake til sin rettmessige eigar raskt. Og vi får halde augene opne for «for billige» dufter.

Ei kvardagssuppe


Det er ingenting som varmar som ei deilig kvardagssuppe no i den fuktige, kjølege overgangen mellom haust og vinter. For meg er ei kvardagssuppe ei suppe du kan lage utan å måtte ut og handle, som du lagar med ting du har i skapet. Det gjer livet enklare når vi er sjuke, eller har det travelt mellom jobb, skule, barnehage, korps og trening. Denne suppa ser ut som ei tomatsuppe, men den er meir enn det. Eg har i ein boks bønner, som gjev næring og gode proteinar. I tillegg har eg i det eg måtte ha i hus av grønsaker. Sidan mine barn er pingler, køyrer eg den glatt med stavmiksar. (Eg må berre tilføye at dei vert ikkje ført bak lyset. Dei er heilt klar over at det er grønsaker i suppa, dei er med og skrellar gulerøtter, og knaskar gjerne i seg eit heilt mjølkeglas med gulrotstavar før middag. Det er berre bitar av kokte grønsaker dei vil ha seg fråbedne. Forstå det den som kan.) I denne suppa kan du putte …

Langs silkevegen til Kina


I dag lagar Heidi kinamat, den klassiske take-away-retten som du får kjøpt i heile Norge, ifølge Are Kalvø. Eg har prøvd Heidi sin variant, og den smakar nydeleg. Absolutt verd å prøve. Du treng ikkje bruke smult til fritering slik Heidi gjer, du kan bruke rapsolje eller soyaolje. Alt godt Eg las om presten på Giske som er så heldig at han skal reise til Kina langs den gamle Silkevegen. Eg har sjølv reist til Kina, men det var med den Transibirske jernbanen på 1980-talet. Å reise langs den gamle Silkevegen vert nok ei heilt anna reise enn gjennom flate Sibir og Mongolia med tospora jernbanesviller heile vegen. Er presten heldig kan han kanskje finne der Vårherre grunnla Edens hage der fiken, dadlar, fersken og mango voks vilt, eit reint paradis. Røtene til vår eigen matkultur ligg i her i Den fruktbare Halvmåne austan for Eden, og i nærleiken av elvane Eufrat og Tigris. Her tok vår tids jordbruksrevolusjon til, der ein byrja å kultive ville vekster og temje dyr. Husdyra og plantefaunaen vår kjem …

Alle desse dagane


Mannen min har bursdag i dag, og på veg heim frå eit overnattingsbesøk hos ei kjær venninne stoppa eg og kjøpte roser til han. På veg ut døra frå blomsterbutikken såg eg ei dame som kom gåande og som såg ut til å vere i liknande ærend. Det var ei vakker dame, velstelt og flott, mellom femti og seksti ein stad, tenker eg. Ho gjekk veldig sakte, med to stavar til støtte, og eg såg at kvart steg kosta henne mykje krefter både fysisk og mentalt. Tankane mine rasar avgarde. Kva har ho opplevd? Kvifor kostar dette henne så mykje når eg berre sprett ned av trappa? Er det kreft? Andletet, som lyste av konsentrasjon og innsats, var ikkje skeivt, så slag slo eg frå meg. Men noko alvorleg må det ha vore. Ho såg ut til normalt å kunne ha jogga til butikken, i staden sto ho der med eit fast grep i gelenderet og planla korleis ho skulle forsere trappetrinna. Regine Stokke ligg og ventar på å dø. Ho er ei flott, heilt …

Noko av det raraste


Av og til lagar eg skikkeleg rar mat. Det kan byrje med noko som i utgangspunktet virkar heilt normalt, som ein kålsalat. Kålsalat er ein billig og fin variant no på tidlegvinteren. Eg dampa kålen og løken lett, slik at salaten får eit meir ”sylta” preg enn vanleg kålsalat. I dag hadde dei ikkje raudkål i butikken, då lagde eg salat med kvitkål og raudløk. Finn du raudkål kan du bytte om, og ha gul løk i salaten. Begge delar er like godt. Dressingen er noko av det sprøaste eg har lagd, med kvit balsamico, appelsinmarmelade og smør. Her kan du ikkje bruke margarin, det gir ein annan smak og konsistens. Dressingen passar heilt perfekt til dei lettsalta grønsakene, og løftar noko så prosaisk som kål og løk til nye høgder. Denne salaten er best å servere lun på grunn av smøret i dressingen. Du kan lage den i god tid, og så varme den kjapt rett før servering. Det beste er å halde dressingen i gryta til salaten skal serverast. Lagar du den i god …

Gått ut på dato?


Tamiflu-pillane –vaksina har gått ut på dato. Neida, dei har ikkje det. Dei går ut på dato hausten neste år. Vi sit på eit enormt lager, og datogrensa er satt strengt. Virkestoffa er sjekka, og virkar ifølge berekningar tilnærma like godt etter to år etter utløpsdato. For alle oss som jobbar med mat er det soleklart at mange slike datoar er for strengt fastsett. Dessutan har legemiddelverka i heile Europa, som sit på same legemiddel vaksine, også godkjent at holdbarheitsdatoen vert utvida. Så vidt eg kan sjå er dette ganske udramatisk. Når skal vi bruke eit slikt stort lager? Er ikkje det i ein akkurat slik situasjon som denne vi no er oppe i? Det må vel vere tilfelle som dette slike kriselager er meint for? Er eg på feil jorde?

A room with a view


Eg er ein tur i Tønsberg saman med ein gjeng glade kollegaer. Vi skal planlegge korleis vi skal bli betre til å gjere jobben vår neste år. Her får eg ikkje lagd mat, så det blir ingen oppskrifter i dag. Men eg kjem plutseleg tilbake!

Den vesle skilnaden…


…mellom å barbere seg og å kutte hovudet av seg er det ikkje alle som mestrar. Denne legen, kommuneoverlege Gunnar Hetland i Granvin, meiner vi bør halde oss borte frå bussar, konsertar og kinoar til svinekrisa er over. Eg blir litt oppgitt over folk som ikkje tenker over korleis bodskapen deira vert oppfatta hos andre. For dei som lever eit liv prega av angst frå før har denne typen oppslag berre ein effekt, nemleg å skape endå meir stress, redsel og sosial angst. Dei Gunnar Hetland verkeleg når fram til med slike utsegner er dei som treng det minst, som allereie er livredde for å leve livet sitt. Og er det dei han ynskjer å oppnå?

Ein deilig potetgrateng


Eg lagde ein aldeles deilig potetgrateng i helga. I den putta eg masse forskjellige sortar ost. Vi har hatt litt selskapelegheit dei siste vekene, så nokre særs aromatiske ostebitar har blitt liggande att og vansmekte. Dei reiv eg opp, og brukte i gratengen. Ein vellaga sveitser, eit stykke spansk manchego og litt jarlsberg fekk gå i sausen saman med eit dugeleg stykke brie. Brien gjekk ikkje å rive, sjølvsagt, eg berre smelta ostestykket utan skorpe i sausen til slutt. Resultatet vart den deiligaste og mest aromatiske potetgratengen du kan tenke deg. Eg krydra gratengen med salvie i tillegg til osten, og på toppen strødde eg nokre valnøtter. Kombinasjonen av valnøtter, salvie og ost er fantastisk. Slik gjorde eg det: Potetgrateng 6 middels store poteter 1 stor gul løk 2 kløfter kvitløk 3 ss smør 3 ss mjøl 8 dl mjølk 3 ss finhakka fersk salvie, eller 2 ts tørka, knust 300 g blanda, riven ost 1 dl hakka valnøtter Salt og peppar Set omnen på 200 grader. Skjer potetene tynt, skyll dei og la dei …

Eple-Betty


Eplebetty er ein dessert som ”meine Berliner Mutti” lærte meg å lage. Eg har søkt litt, og funne ut at den opprinneleg er amerikansk. Kanskje kom den til Tyskland med dei amerikanske styrkane? Uansett er dette ein enkel, billig og deilig dessert som ein kan lage av brød som har blitt liggande. Bettyen vert best med brød med litt sødme, det er det einaste svensk limpa kan brukast til, til dømes. Eg brukte eit softkornbrød som låg att her, og det var perfekt. Eplebetty 6 skiver brød, gjerne mørkt og søtleg 80 g smør 5 ss brunt sukker, muscovado eller liknande 3 eple 1 ts kanel ¼ ts muskat ¼ ts nellik Skrell epla, fjern kjernehus og stilk, og skjer dei i skiver. Smelt ca. 30 g smør i botnen av ei eldfast form. Strø to spiseskeier brunt sukker i botnen. Legg epleskivene tett i tett i forma. Skjer brødskivene i små terningar. Ha dei i ein bolle saman med resten av sukkeret og krydder. Vend dette godt rundt, slik at alt er blanda. Ha …

Noko av det vakraste XXII


I kveld, kvelden då vi minnest dei døde, syng kor over heile verda requiemsmessa. Det finst så mange, men eg kjem alltid attende til Mozart. Det var den første klassiske musikken eg song i kor, og har hatt ein spesiell plass i hjarta mitt sidan då. Lacrimosa-satsen uttrykker ei sønderslitande liding som eg enno ikkje har opplevd nok til å kunne forstå. Men når eg opplever ei slik sorg veit eg at dette musikkstykket vil gje meg styrke og trøst.

Ein fin kveld…


-Også for elleveåringane. Dei fekk suppe av «blod», altså gresskarsuppe med konditorfarge. Ingenting skal gå til spille, veit dokke. Innmaten i graskara skal også spisast. Så fekk dei grønne spagettislangar, med meir blod på, denne gongen i form av ketsjup. Grønnfargen vart imponerande, den sit framleis i. Visste du kor lite ein elleveåring et av slik spagetti når han eller ho først har fått blodsuppe? Svaret er nesten ingenting. Så eg sit att med fire liter kokt, grønn spagetti. Dei skumle muffinsa fekk bein å gå på, i dag lagde eg også ein variant med gul glasur, med graskarfjes. Glasuren fekk rett farge av gul konditorfarge med nokre dropar sukkerkulør. Det brune vart brukt med litt kakao og sukkerkulør der og. Ulempa var at ellevisane fann ut at dei skulle ta dei med på loftet. Ein del av kvelden har dermed gått med til å skrape størkna gul glasur av parketten. Men bortsett frå det hadde mammaen det heilt fint. Eg sat med lange øyre og høyrde på når dei leika kyss, klapp og klem …