Noko av det vakraste XV
Brazz Brothers vaks eg og opp med. Dei av vennane mine som spelte i korps var kvar sommar i Ørsta på sommarkurs med desse førde-brødrene, og kom heimatt høge på livet etter å ha jamma i ei tid då jamming ikkje ein gong hadde med syltetøy å gjere. Eg var skitmisunneleg, men verken piano eller chello hadde noko i korps å gjere. Og å synge var heilt utenkeleg, då måtte ein i allfall vere grimsting og synge kristelege songar, då var det greitt. Elles var det berre å vise seg fram, og det skulle ein ikkje. Dermed basta. Bruremarsjen til Jan Magne Førde er ei perle, og desse karane improviserer på ein måte som er heilt nydeleg. Sjå trommisen, han er berre strålande. Eg diggar dei, eg diggar dei! Opptaket er frå Landsfestivalen for korps i 2008 i Stavanger.