All posts filed under: Frustrasjonar

Eg noterer meg…

…at dette er aktuelt igjen.

Ein klem…

Er ikkje denne søt? Eg må langdistanseklemme kjæresten min mesteparten av denne veka, så difor trøystar eg meg sjølv med denne.

Finn? Kva for ein finn?

Enkelte Finn-annonser er morsommare enn andre. Sjekk ut denne. Den handlar om pinnar, eg seier ikkje meir.

Juks og bedrag

Eg har tidlegare skrive om det å kjøpe inn, og korleis butikkane gjer sitt beste for å lure oss forbrukarar til å betale meir enn nødvendig. Midt på sommaren i 2009 vart marknadsføringslova endra. Tidlegare var det eit ganske strengt forbod mot tilgift i Norge. Tilgift er når du får noko på kjøpet, noko som skal lokke deg til å kjøpe ein ting. Etter at den nye marknadsføringslova trådte i kraft, vart dette forbodet oppheva. Dette har dei store matvarekjedene utnytta til fulle. Butikkane er fulle av tilbod om «deal», der du får cola på kjøpet viss du kjøper pizza, eller saus på kjøpet når du kjøper kylling. Du får tre for prisen av to, og to bleiepakkar for prisen av ein. Som innkjøpar mislikar eg tilgiftssystemet. Ja, det er flott å få noko. Men får du det du treng? Vil du ha cola? Kanskje du hadde tenkt å parmesangratinere kyllingfileten, kva skal du då med saus? Kanskje sausen går ut på dato før du får brukt han? Eller kanskje du ikkje likar den valgte …

Note to self

Ikkje drive med fotpleie med skarpe gjenstandar. Konsekvensane kan vere store, i form av blødningar, akutt behov for plaster og sterk smerte der den skarpe gjenstanden har gjort skade. Også veldig dumt å gjere skade på finger eit og eit halvt døgn før det skal kokast rømmegraut til 70 menneske. Husk å kjøpe gummihanskar.

Are you fantasy prone?

Eg prøvde lenge å tru. Når ein veks opp på vestlandet med pinsehuset og kyrkja i gangavstand og vegg i vegg er det ein heilt naturleg del av livet. I mi næraste familie er det flust med prestar, og iallfall to av besteforeldra mine (på kvar si side) hadde ei sterk personleg tru til sin siste dag. Men trass i tapre forsøk ga det meg ikkje stort. Dette har fått meg til å filosofere litt rundt det med tru og realisme. Enkelte finn inspirasjon og mystikk i ting som eg finn heilt naturleg og matter-of-factly. I mi verd har det meste ei naturleg forklaring, og har det ikkje det ved første augekast er eg ganske sikker på at om ein forskar nok på det så finn ein ei. Slik er det ikkje for alle. Enkelte menneske har ei sterk søking etter overnaturlege fenomen og opplevingar i seg. Det er ifølge ikkje så ny  amerikansk forsking eit kjent fenomen i psykologien at ein andel av oss menneske har denne eigenskapen i oss. Den heng saman med forestillingar …

Ingen engel

Eit av byens beste konditori er i vinden for tida. Pascal Dupuy har mista retten til å ha lærlingar, etter at utdanningsetaten har gripe inn. Han skal ha opptrådt ubehøvla mot lærlingane, og nekta dei overtidsbetaling. At franskmenn har temperament er kanskje ikkje noko nytt, og eg forstår samtidig at unge lærlingar har opplevd det som ubehageleg og stressande å ha ein hissig sjef. Likevel syns eg det er litt «tidig», som bergenserane seier, at ei anna av skuldingane mot han, som VG sjølvsagt ikkje siterer, for då blir det heile litt mindre saftig, at ein annan ting dei skuldar han for er å ikkje vere til stades. Ein av lærlingane hadde uttalt at vedkommande hadde hatt Pascal til stades i til saman to dagar over to års læretid. Å ha ein hissig og kjeftete sjef kan vel ikkje vere så ille når han nesten aldri er der?

Klokt sagt

When people show you who they are, believe them – the first time. Maya Angelou

Not fit for flight

Dette har eg opplevd på nært hald, at ein flypassasjer går amok på flyet, og går til åtak på kabinpersonalet. For vår del var det på veg frå Doha til Kathmandu, der ein passasjer hadde fått i seg noko han ikkje hadde spist, og lagde bråk store delar av turen. Slike situasjonar er ekstremt ubehagelege, og må vere kabinpersonalet sin store skrekk. Samstundes er det grunn til å lure på kva innsjekkingspersonalet har gjort her, det bør vere deira oppgåve å gjere ei kjapp vurdering av dei som går ombord. Slike personar burde det vere mogeleg å «avdekke» før dei kom så langt som inn på flyet. Bakkemannskapet må nok gå i seg sjølv her, og sjå på kva dei kunne ha gjort betre for å oppdage dette tidlegare. Samtidig er tidspresset stort, og ein vil kanskje ikkje forsinke innsjekk med å byrje å akkedere med personar som kanskje kan skape bråk. Mange og kjappe vurderingar skal gjerast, og nokre gongar oppdagar ein for seint at dette mennesket ikkje burde fly i det heile.

Ting ein kan vente på

–       at ein skal klare å samle mot nok –       at ein skal få stå på eigne bein –       at det skal bli plass nok mentalt og fysisk –       at roa skal senke seg –       at kjensler skal oppstå –       at kjensler skal gå over –       at løfte skal bli haldne –       eller at dei skal bli brotne –       at barna skal kome –       og at dei skal dra –       at nokon kanskje kjem til å kome –       at ein skal bli sett pris på –       at ein skal få gi det ein vil gi –       at svevnen skal ta ein –       at smertene skal bli borte –       at det skal bli stille i huset –       at ein skal kjenne den intense gleda som finst men som ikkje er her heilt enno. Alt dette kan ein vente på. Eg er lei av å vente. Kva ventar du på?

Generaltabbe

I det siste har eg vore noko bakpå når det gjeld å få lese avisene som kjem i hus. Eg har gjort mange kjekke ting, vore på festar og truffe nydelege menneske, og difor er eg ikkje ajour. Det har sin pris. I ettermiddag senka freden seg etter handletur og andre viktige ting, og eg fekk sett meg ned med ein kopp te og ein stabel med aviser. Kva les eg i Aften Aften for torsdag? At det er marknadsdag i Bygdøy Allé på laurdag. Skal tru om Gimle parfymeri er med på det, tenker eg. Jaudå, mellom anna har dei -50-70% rabatt på ein del nisjeparfymer… Kva er det dei har selt til halv pris og mindre enn det? Profumum? DelRae? Byredo? Acqua di Parma? Creed? No er det uansett for seint. Det er så ille at eg må berre la vere å tenke på det. Grrr… Er det nokon av dokke lesarane som fekk med dokke dette, og gjorde kupp? Rapporter i kommentarfeltet, og gni det inn – med salt…

Plutseleg

God mat, god vin, sol og vakre omgivnader. Unge menn som konverserer som om dei aldri har gjort noko anna, sirkusartistar som kastar seg ned frå taket og grand prix-konferansier. Plutseleg sit ho der, vakre, vevre, bustete Ingrid Olava. Ho syng hjarta sitt ut, sjølv om forretningsfolk skravlar uhøfleg bakerst i lokalet. (Kva er det med dei? Eg har opplevd det så mange gongar, og blir like provosert kvar gong. Må berre minne meg sjølv om at musikk ikkje gjev alle den same intense opplevinga.) Fire songar gir ho oss, deriblant ein Cohen-cover, Take this waltz. Ho er berre skjønn, og eit tvers igjennom musikalsk vesen. Så nær var eg.

Offline

Det er ein smule frustrasjon i heimen, vi er offline. Get har klart å paie heile nettet i nabolaget, så alt er daudt. Dei har klart å få fjernsynssignala opp og stå, elles hadde vel dei gamle damene gått i tog i gatene med svarte hatflagg. Internett klarer dei ikkje å fikse. Jaja, vi får iallfall lagt oss til fornuftig tid, det er alltids noko. Så inntil vidare blir det bildelause, kjedelege postar frå meg, på jobb får eg nemleg ikkje lov til å laste opp bilde. Sånn er det når ein sit bak landets tjukkaste brannmur. så viss du føler behov for å snakke med meg sånn privat så er greia god, gamaldags sms. Ha ein fin dag!

Ei følsom sjel

Ja, eg er vel det. Eg blir fysisk kvalm av ekle bilde der folk blir skada eller har det vondt. Men avisene elskar slike bilde. No ligg det eit bilde av ein tyrefektar som har fått hornet frå oksen inn under haka og ut gjennom munnen på framsida av nettavisa til Dagbladet. Eg er vanlegvis glad i Dagbladet, men eg har ikkje noko lyst til å gå inn dit. For ei stund sidan var det ein fotballspelar som fekk trakka av foten, slik at den sto i ein heilt unaturleg vinkel. Bildet av situasjonen der ein mann står oppå foten hans og han vrir seg i smerte vart sjølvsagt smurt utover alle nettavisene. For meg er det uaktuelt å sitte å glo på eit slikt bilde, eg fresar forbi, og så let eg vere å gå inn på den nettavisa ei stund framover, for å sleppe å sjå det. Kan det vere nødvendig? Syns alle andre enn meg at det er kult å sjå på menneske som blir skada, og der ingenting vert overlete til …

Hårreisande

Her har Aftenposten gått langt over streken. Carl I. Hagen sin kronikk om eks-svigersonen som kler seg som kvinne burde etter mitt syn aldri komt på trykk. Alle saker har mange sider, ikkje berre to. Men eg syns familien til Carl I burde takle dette på ein annan måte enn ein aftenpost-kronikk. Lise Lindalen, ver den du er fullt ut! Men snakk med barna dine om det.

Avbefaling

Elleveåringen ville på kino i dag, og hadde gjort alt klart, eg lånte han berre visakortet. Eg ante fred og ingen fare, og lente meg roleg tilbake i stolen på Saga kino. Er filmen dårleg kan eg jo alltids duppe av litt, tenkte eg. Så feil kan ein ta. Dette er ein avskyeleg film, med masse grov  vald og drap, tildels utøvd av barn! Maken til våpenfetisjisme og voldsestetikk er det lenge sidan eg har sett. Det er mogeleg eg er for kjenslevar, men eg får meg ikkje til å le av når folk blir drept (slik resten av salen gjorde). Morda er også på ei lang rekke ansiktslause personar, alle involvert i mafia- og narkotikaverksemd rett nok, men likevel. Eg får kjensla av å vere inne i eit dataspel der det er om å gjere å drepe så mange som mogeleg rundt kvart eit hjørne med blinkande lys og sakte rørsler. Så viss nevøen din eller andre barn du kjenner spør om dokke kan sjå Kick Ass saman, så finles avisannonsene etter alternativ. Dette …

Slå deg vrang!

Folk er så forskjellige når det kjem til det med å klage på ting. Eg syns det er kjempeflaut å klage på mat på restaurantar og slikt, det skal mykje til for at eg fortel det til betjeninga viss eg er misnøgd. Men når det gjeld ting eg kjøper i butikkar syns eg det er lettare, av ein eller annan grunn. Her om dagen kjøpte eg den nye Freia Premium med pasjonsfrukt. då eg opna den vart eg skuffa, den hadde eit tydeleg kvitt belegg rundt det heile. Eg sende ein mail til den avdelinga hos Kraft foods som har med freia-sjokoladar å gjere, og fortalde at eg var misnøgd. Her om dagen kom det pakkelapp til meg. Frå Freia får eg eit assortert utval av sjokoladar, dessertar og nokre oppskriftsbrosjyrer. Dei beklagde feilen, takka for at eg sa frå, og dei sa også at slike tilbakemeldingar er viktige slik at dei kan avdekke feil i produksjons- og distribusjonsrutiner. Det gjorde meg atskillig mildare stemt, og eg har nikosa meg med dei milde gåvene. Så …

Vårens vakraste kaos

Eg har ved fleire høve understreka kor glad eg er i byen eg bur i. Nokre dagar burde den likevel kome med bruksanvisning. Denne dagen, altså holmenkollstafettlaurdagen, er det nokre hovudreglar som gjeld: 1. Styr unna sentrum. Det er fullt av folk i grilldressar og tights, og dei blir berre fleire utover dagen. Når klokka nærmar seg fem blir dei fulle og. 2. Gå forsiktig av og på trikk, buss og bane. Folka i grilldress er ikkje alltid sikre på kvar dei skal, dei snur i døra, ropar til lagkameratane sine og ombestemmer seg i fart. 3. Hadde du tenkt å sykle så dropp det. Grilldressfolka virrar frå side til side, dei går rett ut i vegen utan å sjå seg for, og du risikerer å ha ein overvektig mann i løpeshorts fast i eikane før du veit ordet av det. 4. Unngå Bislett, Josefines gate, Skovveien, St.Hanshaugen, delar av Majorstua og Frogner. 5. Bil kan du berre droppe viss du skal vest for Alexander Kiellands plass. Ring tre virkar. 6. Om kvelden er det …

Å prokrastinere

Prokrastinering er et uttrykk innen for psykologi som innebærer fremskyving eller unnvikelse av en handling som skal avsluttes. Dette innebærer at fokus forflyttes til andre handlinger som vil føre til at personen ikke får utført sitt opprinnelige arbeide. Prokrastinering kan føre til stress, dårlig samvittighet og minsket produktivitet. Det er normalt for de fleste mennesker å prokrastinere til en viss grad, men det kan bli et problem når det går ut over sosiale og daglige funksjoner. Kronisk prokrastinering kan være et tegn på at en psykisk eller fysisk sykdom ligger bak. Eksempel på slike psykiske sykdommer kan være ulike fobier, depresjon og angst. Hyperaktivitet (ADHD) kan også lede til prokrastinering. Ordet prokrastinering er dannet av de latinske leddene pro, som betyr «for», og crastinus, «det som angår morgendagen» (av cras, «i morgen»). Begrepet kan fritt oversettes med «utsettelsesatferd». Kjelde: Wikipedia

For dei som sit askefast

No byrjar mange å kome seg dit dei skal, men mange slit framleis med å kome seg over frå New York og heim. Viss du er der, og ikkje har fly tilbake før på søndag, så tilbyr min strålande flotte venn Jay Hoffman gratis billettar til denne konserten. How cool is that? FREE TICKET OFFER FOR STRANDED EUROPEANS FROM AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA FOR SATURDAY, APRIL 24 BEETHOVEN’S 9TH IS THE FINALE OF THE AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA’S SILVER ANNIVERSARY SEASON; PROGRAM TO FEATURE 250 MUSICIANS AND DANCERS AT ST. JOHN THE DIVINE FOR IMMEDIATE RELEASE: All European-nationals who are stranded in the NYC area are invited by the American Classical Orchestra (“ACO”) to be their guest at the finale concert of their 25th anniversary season on Saturday, April 24 (8 PM). Bring your European-country passports and you’ll receive 1 (one) free ticket per person. The music director Thomas Crawford stated “Some of our musicians are stranded in Europe. We are re-enacting a European coronation in a stunning cathedral (help them feel at home!). Beethoven Ninth is …

Ei tilståing

Eg må berre innrømme det; eg var eigentleg ganske hagelei i fjor. Det var ingen særleg grunn til det så vidt eg kan huske, eg huskar berre at hagen gjekk for lut og kaldt vatn, lite nye plantar, lite stell og lite hageglede. Eg innrømte det ikkje til nokon, mrs. Bouquet som eg kan vere, men når eg no går laus på beda mine ser eg det klart og tydeleg. Det har gått meir enn eit år sidan sist ei kjærleg hand for over hagen. Det gror sitronmelisse over alt, den ville ruccolaen har spredd seg ut i plenen med lange strantar, og eg er redd det framleis ligg nokre løkar på loftet. Men i år skal ræva leggast i andre folde, som bestefaren min ville sagt om han hadde levd. Eg har fjerna ugras og haustasters på ville vegar, eg har raka plenen og når eg berre kjem attende frå diverse jobbreiser skal eg få kjøpt noko fint å ha på trappa slik at det vert koseleg her. Så i år er det fare …

Surprise…

Rekk opp handa, den som har sett Ricky Martin, og ikkje tenkt på dette… Er det ikkje snodig, dette at ein føler behov for å stå fram som homofil når resten av verda har tenkt at slik er det alltid? Det same skjedde med Erlend Bratland for nokre veker sidan. OK, eg godtek at det vert brukt som eit marknadsføringstriks, all ære. Men bortsett frå det? Kva er greia? Alle kunne jo konstatere dette med det blotte auga?

Har eg fortalt deg –

– at Virrvarr er fantastisk? Ho held på å skrive ein artikkelserie om Steiner-skulen og det ideologiske og pedagogiske grunnlaget for deira undervisning. Fantastisk! Les!