Tom for luft…
Eg trur ikkje det er hol i ballongen, det er nok berre knuten som er open for tida. Det er altså ikkje mykje piff å hente her. Eg tenkte ikkje at det skulle bli så tungt, til no har eg klart det meste i livet ved å stå på litt hardare. Akkurat no fungerer ikkje det. Det er mange ting som kjem fram frå gøymde skuffer og skap når ein bryt opp, også ting som ligg langt tilbake i tid. Akkurat no er eg der, eg kjenner på ubearbeidde kjensler som eg i mange år har fortrengt i omsorg, glede og arbeid. Viss det finst ei førtiårskrise så er eg der no, eg trur det er slik det må kjennast. Eg er god til å feike, men det einaste som struttar her i huset no er tulipanane. Så ha tol med meg, send meg varme tankar, så skal eg prøve å samle meg. Eg klarer det innimellom, eg er på jobb og eg gir barna mine det dei treng, men av og til går altså …