Raud svinefilet med grilla squash
I denne varianten av svinefilet har eg brukt røykt paprika. Eg veit om folk som har leita etter det ei stund, men ein får tak i det i nettbutikkar som sel krydder, og i spanske og britiske supermarknader. Denne retten kan du veldig gjerne lage på grill, då lar du kjøtet få ein runde på høg varme, før du ettersteiker fileten på indirekte varme til den har nådd ønska kjernetemperatur. Eg blanda kryddera, og sikta dei over kjøtet. Det fungerer når du vil ha eit raust lag med krydder. La kjøtet ligge med krydderet på i to-tre timar, det gir smak og fin farge. Eg serverte svinefileten med ein plommesaus og grilla squash. Plommesausen kan serverast varm eller kald, og viss du lagar den som du lagar syltetøy er den langtidsholdbar. Perfekt til svin og til ulike wok-rettar. Slik gjorde eg det: Raud svinefilet 1 kg ytrefilet av svin 2 ts røykt paprika 2 ts vanleg paprika 2 ts urtesalt Olje til steiking Bland saman kryddera. Sikt først eit dryss på tallerkenen, legg så kjøtet …
