All posts filed under: Noko søtt

Allergivennleg festbord

For dei som er allergiske er alle dei flotte festborda i mai eit trist syn. Ofte er det ikkje teke omsyn til at enkelte ikkje toler mjølk, mjøl eller nøtter. Eg syns det er god skikk å alltid spørje om det er allergikarar blant gjestane mine. Eg er heller ikkje fan av så voldsom merking av allergivennlege produkt på eit festbord, i allfall ikkje i mindre private selskap der vertskapet kjenner alle gjestane. Gje heller allergikarane eit vennleg hint om kva kaker som er lagde med tanke på dei, og så kan alle forsyne seg fritt. Står det ”allergimat” på ei kake så styrer alle andre unna, heilt utan grunn. Kaker som er allergitilpassa smakar ikkje så veldig annleis enn andre, og ingen allergikarar klarer å setje til livs ei heil kake åleine. Som vertinne er det målet mitt at allergikarane skal kunne spise det aller meste av det som er på bordet. Det er enklast både for dei og for meg. Blåbærpai 4,5 dl glutenfri fin mjølmix 3 ss sukker 150 g mjølkefri margarin …

I morgen er det sommer

”I morgen er det sommer”, fortalde den austlandsfostra sonen min meg, han hadde sett ei sol på vermeldinga. Så feil kan ein ta, ute er det så vidt temperaturen kryp over 12 grader av og til, og regnet silar ned rett som det er. Men inkje er så gale at det ikkje er godt for noko. Hagen min er fin og grøn, det har til og med kome gras på nokre flekkar der det før berre var grus og groblad. Plenfrøa trivest tydelegvis med 12 grader pluss og lett regn. Rabarbraen kjem og trufast, trass i at den brutalt vart greven opp i vinter av UPC som kom for å legge inn breiband i huset vårt. Og breitt var det, vi har fått eit nytt bed som kallast UPC-bedet, ei meterbrei stripe som før var plen, men som no er fylt med fiolar, tusenfryd og alperips. Litt sitrontimian har vi og funne plass til. Graslauken syns og at veret har vore greitt, han står så strunk og fin med masse lilla blomster. Svigermor mi har …

Er vi ferdige med rabarbra?

Nei, langt ifrå. Eg har iallfall masse igjen i hagen, og det er synd om den skulle kome vekk, altså stå så lenge at stilkane blir trevlete og seige, og smaken vert bitter og tørr. Difor får du to rabarbraoppskrifter til, på ei enkel og ei litt meir komplisert kake. Eg har leita lenge etter den optimale rabarbrakaka.  Det finst mange variantar, med og utan paiskal, med og utan marengs og nokre blir berre tørre og triste.  Det er synd, for rabarbraen er ein fantastisk smaksgjevar, men den sterke syra gjer at det er ein balansegang å lage ei god rabarbrakake. Her kjem oppskrift på to ulike, den eine er ein elegant pai med vaniljekrem og marengs, den andre kjem i kategorien ”lettvint”, med andre ord eggedosis og smelta smør, med frukta krydra og lagt rett i den mjuke og saftige kakerøra. Fest og kvardag, med andre ord, og det har ein jo bruk for! Eg tek den enkle først, så du ikkje misser motet: Enkel rabarbrakake 175 g sukker 3 egg 175 g mjøl …

Meir rabarbra – ein pai denne gongen

Når ein først har kome i siget med slike deilige vårvekstar som vi har i hagen no er det ikkje lett å stoppe. Eg er av den sorten som syns at for mykje av det gode er heilt fantastisk, han eg er gift med vil ha variasjon. Vi prøver å møtast på ein slags middelveg, men denne helga fekk eg viljen min; rabarbrasuppe med krem på fredag og rabarbrapai med vaniljeis på laurdag. Paien eg lagar i dag er ein smuldrepai, ikkje så ulik denne. Den er utan nøtter, og mjølkefri viss du brukar mjølkefri margarin, for eksempel Euroshopper flytande margarin, og droppar vaniljeisen. Kokosis er også veldig godt til, dei variantane eg har sett er mjølkefrie. Eg likar også å tenke at denne paien er ørlite sunnare, sidan eg brukar havregryn i mjølblandinga. Den inneheld iallfall ein god dose kostfiber, og det er vel bra? Denne paien kan også lagast med kvann, eg var lat og gadd ikkje gå ned trappene og hente, men har du kvann så putt ein neve finhakka i paien. …

Alt for tidleg?

Eg vart ståande med haka på fruesnippen i går, rabarbraen i bakgården vår blomstrar! Er ikkje det veldig tidleg? Her har du beviset. Rett nok har ikkje knoppen sprunge heilt ut, men det hadde ikkje teke lang tid, hadde den fått stå i fred. I staden fjerna eg to slike stilkar til. Den bør kanskje få litt vatn, det er mogeleg at blomstringa er ein slags panikkreaksjon på at det har vore så tørt i det siste. Men ingenting er så gale at det ei er godt for noko, så vart det rabarbrasuppe til dessert. Rabarbrarettar er ein av dei måtane eg har fått vite at ein kan bruke kvann på. Eg kjøpte nemleg ein søt liten kvannepusling på hagemessa på Tøyen i fjor, og planta den i skuggeveggen, side om side med løpstikka. Der kan dei to stå og sloss om plassen.  Kvann (Angelica archangelica) er toårig, og min plante kjem altså til å bli diger i år. Stilken er hul, og den har ei krydra, aromatisk lukt som vert brukt i parfymar. Dufta …

Appelsinkake

Her kjen endå ei av desse fine langpannekakene som kan delast opp i fire til kakelotteri eller i snippar til 17. mai, konfirmasjon eller til loppemarknad.  Eg brukar same basisrøre som i mine mor monsen/tosca-oppskrifter, men denne er dobbel storleik til full langpanne. Slik gjer du det: Appelsinkake 6 egg 6 dl sukker 2 dl rømme eller kesam 1 dl mjølk 9 dl kveitemjøl 4 ts bakepulver 250 g smelta smør Visp egg og sukker til eggedosis. Bland i rømme/kesam og mjølk. Bland mjøl og bakepulver, og sikt det i medan du rører jamt og trutt. Ha i det smelta smøret til slutt. Denne porsjonen passar til ei vanleg langpanne. I tillegg treng du; Ein appelsin 100 g firkløver 50 g smør 0,5 dl mjølk 150 g melis Sett omnen på 180 grader. Kle langpanna med bakepapir. Vask appelsinen godt, og tørk den. Riv det ytterste, oransje skalet av på eit rivjern eller med eit zest-jern, og bland det i mjølet. Press safta av appelsinen, og bruk det i røra i staden for same mengde mjølk. …

Arkitektens trøst til konfirmasjonen

Her kjem eit nytt innlegg frå Heidi, og denne gongen er det berre å legge alle kaloritabellar til side. Ho bakar nemleg festkaker, som kan serverast til dømes i ein konfirmasjon eller eit bryllup for den del. Vi står framfor konfirmasjonssesongen, og desse kakene vil garantert ikkje bli ståande att til etterpålaget, der naboar og venner får kome for å hjelpe familien med å bli kvitt kakerestane. Heidi skriv at det er kvinnene som kjem med kaker, og det stemmer nok sørgeleg godt. Men suksessterta nedanfor, den er bror min sitt glansnummer. Så enkelte hiv seg utpå. Gjer det, du og! Suksessterta kan serverast til glutenallergikarar. Bildet har eg lånt frå Freia. Alt godt Konfirmasjon er ei alvorleg sak for konfirmanten, men ikkje mindre alvorleg for foreldra. Det er mykje som skal på plass, og berre den som har vore gjennom noko slikt veit kva. På mange måtar handlar dette i stor grad om kvinnelege syslar, eller rettare sagt hardt arbeid. Vaske, pusse, rydde, reine klede og pynt på bordet. For ikkje å nemne maten …

Påskesnop

På veg inn i påskedagane planlegg eg gode ting ein kan kose seg med. Sjokolade er det klassiske påskesnopet, og eg har laga ein heimelaga sjokoladekonfekt som faktisk er ganske sunn. Den er ikkje for feit, ikkje for søt, men ein nydeleg liten godbit til kaffien eller som dessert. Feittstoffet er kesam, eg brukar vanleg 10 %. Du kan også bruke rømme eller creme fraiche. Slik gjer du det: Påskesnop 3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos Bland kesam og honning. Rør i hop det turre, og bland det med kesamblandinga. Sett deigen kaldt ei times tid. Rull deigen til bollar, og vend dei i kokos. Eg la mine bollar i minimuffinsformer, men det er ikkje naudsynt. Som variasjon kan du prøve å ha i litt rive appelsinskal av ein appelsin du har vaska grundig. Det gjer snopet endå meir «påskete».

Ris til overs

I går åt vi ein aldeles deilig kylling, som du skal få oppskrift på seinare i veka, tenker eg. Vi hadde ris til, og eg kokar ofte litt ekstra ris. Steikt ris er godt til lunch eller middag, og av og til lagar eg rislappar av restane.  Det er deilig dessert eller kaffimat, og det gjev ei god kjensle å bruke middagsrestar på denne måten. Har du restar av risgraut kan du også bruke det i lappane. Mengda ris er ganske omtrentleg. Denne røra kan brukast med ned mot ein dl ris, eller så mykje som fem dl. Mindre ris gjer lappane meir som sveler. Slik gjorde eg det: Rislappar 3-4 dl kokt ris 3 egg ¾ dl sukker 2 dl mjøl 1 ts bakepulver ½ ts salt 1 ts kardemomme Pisk egg og sukker med handmiksar til ein ganske stiv eggedosis, hakket før sukkerbrødstandard. Bland mjøl, bakepulver, vaniljesukker, salt og kardemomme i eit lite litermål. Fortsett med handmiksaren, og bland mjølblandinga inn i eggedosisen. Ha i risen til slutt. Steik lappane i ei stor steikepanne i …

Husstell og lapskaus

Heidi og eg har snakka litt om kva som har inspirert oss til å lage mat, og vi lovpriser husstellærarane og deira arbeid. Eg har den høgste respekt for husstellærarar. Få kan som dei formidle matglede, og deira evne til å motivere og inspirere sine elevar er svært verdifull. Heldig er den som får ein god husstellærar. Og det hadde eg. Det gjekk gjetord om Malene som regjerte på skulekjøkenet på ungdomsskulen der eg gjekk. Ho hadde rykte på seg for å vere streng, men eg elska henne frå første stund. Sist eg var heime fann eg boka der eg skreiv inn Malene sine oppskrifter for hand. Ordensreglane står først, åtte klare reglar for korleis ein skal oppføre seg på eit kjøken. Neglelakk, til dømes, er ikkje bra. Så kjem reglane for oppvasken, fem punkt som somme kokkar framleis gløymer å følgje når dei skal reingjere knivane sine. Malene hadde nok fått skikk på dei! Ein annan ting som eg ser når eg blar gjennom boka mi, var at Malene var utruleg flink til å …

No skal eg snart slutte –

– med kakeoppskrifter. Eg kjenner at eg snart må byrje å ta på meg min del av ansvaret for at lesarane mine kjem inn i bikinien til ferien. Eg må berre få tipsa dokke om denne deilige kaka først. Den er utruleg lett og rask å lage, og frukta i den gjev iallfall eit hint av godt samvit. Den kan også varierast på mange måtar. Eg har lagd den med eple, pære og med rabarbra. Men i dag hadde eg det travelt, og eg fann eg ein boks ananasringar i skapet, så i dag blir det ananaskake. Slik gjer du det: Ananaskake opp-ned Ein stor boks ananasringar 30 g margarin 3 ss brunt sukker Deig: 2 egg 1 ½ dl sukker 2 ts bakepulver 3 dl mjøl 1 dl eplejuice eller ananassaft 50 g smelta eller flytande margarin Sett omnen på 175 grader. Smelt 30 g margarin i ei lita steikepanne, og ha i sukkeret. Rør det saman til sukkeret har smelta. Hell det i ei tett form, i ei springform vil smøret leke ut. Eg har …

Endå fleire kaker å dele

Når eg er i loppekafékomiteen spør ofte korpsforeldra meg kva dei skal bake. Det er vanskeleg å svare, for samstundes som eg veit at det er viktig med variasjon på kakebordet, slår det ikkje feil; flest vil ha sjokoladekake. Gode sjokoladekakeoppskrifter finst det mange av, og i tillegg er vel TOROs sjokoladekakeblanding den mest kjøpte. Det er ingenting feil med den, den er melkefri, så viss du bakar den med olje eller Euroshopper flytande margarin så kan også mjølkeintolerante spise den. Men heimelagde kaker er best viss ein lukkast og har ei god oppskrift. Det skal du få av meg i dag. Dette er sjokoladekakeoppskrifta til søstra mi, og ho bakar den til alle familiesamanstøt, bursdagar og andre gongar då ein fortener og har lyst på sjokoladekake. Den er deilig saftig og god, og blir ikkje flat og trist. Oppskrifta fyller ei stor langpanne. Dette er ei oppskrift som er så enkel at barn kan lage den sjølv. Oppskrifta går fint å halvere viss du vil ha ei mindre kake, til dømes i ei rund …

Sukkerbrød forgår ikkje

Har du ei bankers oppskrift på noko så enkelt som sukkerbrød, spurde bror min. Sukkerbrød får du ferdigbakt, men dei er verkeleg ikkje gode, fulle av konserveringsmiddel som dei er. Er det krise skal ikkje eg sette meg til doms over nokon, men eg unngår i det lengste å bruke butikksukkerbrød. Eg huskar ein gong eg vann på eit kakelotteri, eg vinn så sjeldan så eg var over meg av lykke. Dette var medan eg studerte, og eg inviterte masse vennar til å dele kaka med meg i lunchen. Så kom ei anna venninne av meg forbi, og eg såg kor ho rødma frå genseren og opp. Det var ho som hadde levert kaka, og ho hadde teke eit kjøpesukkerbrød og smurte eit glas med hapå på som glasur. Ganske triste greier altså, ikkje stort å dele. Sukkerbrød er eigentleg ganske enkelt å lage, men du må bruke ein ordentleg miksar. Eggedosisen må vere stiv og fin, det er hovudsakeleg den som hevar kaka. Bakepulveret er berre med som ein slags støttehjul. Ikkje er det …

Pikekyss og det som verre er

I går lagde eg to porsjonar aioli, ein vanleg og ein med smak av soltørka tomatar. Alle vart glade, og eg sto att med fire eggekviter. Difor bestemte eg og prinsessa oss for å lage marengs til dessert. Porsjonen vart stor, så vi delte den i to, og eksperimenterte litt. Ladning nummer to vart nemleg eplepikekyss. Deilig! Marengs er veldig enkelt å lage, men du må ha ein eller annan form for miksar. Å gjere dette med handemakt er iallfall for mykje for meg. Så er det også viktig å piske eggekvitene stive før du byrjar å ha i sukkeret. Når eg lagar marengs brukar eg engelsk Tate&Lyle sukker. Det er ekstra finkorna, og er best til marengsar, sukkerbrød, eggedosis og andre rettar der sukker skal piskast inn i egg, og ein vil unngå sukkerkorn. Eg huskar bestemor mi sende bestefar min til Ulsteinvik for å kjøpe Tate&Lyle sukker, og han kom heim med ein sekk om gongen, storkar som han kunne vere. Får du ikkje tak i det kan du bruke vanleg sukker og, …

Den perfekte svela

Denne bloggen er basert på ei matspalte eg har hatt i Sunnmørsposten i mange år. For å følge opp takkekatastrofa mi med Jif og alt det der utlyste eg ein sveleoppskriftskonkurranse. Her er resultatet. Leitinga etter den perfekte svela er over, og dei ulike oppskriftene eg har fått tilsendt er testa etter alle kunstens reglar. Vi har kåra ein vinnar, og to andreplassar. Premiar har eg ikkje budsjett til, men heider og ære kan vere vel så verdifullt som jordisk gods, kan det ikkje? Vi inviterte utflytta sunnmøringar med familie til sveletesting, og det var ingen lett jobb. Men den var desto meir gledefylt, og heimlengten låg over stova den dagen. Dei to andreplassane går til Målfrid Stølen og Mari Irene Tvergrov. Målfrid sender oppskrifta som vart brukt på sveletreff i kyrkjekjellaren på Valderøya, og Mari Irene, som bur i Volda, har sendt ei oppskrift som er ganske lik. Alle dei tre premierte er einige om at til fire egg treng du ein liter surmjølk, men sukkermengda varierer saman med mengda hevingsmiddel. Mari Irene gjer …

Fleire kaker å dele: Mor Monsen

Eg held fram med gode kaker til å ta ut av huset, til loppemarknad, dugnad eller kakebasar. Røra eg brukar er den same som i går, men dobbel porsjon, slik at den passar i ei stor langpanne. Mor Monsen er ei festkake som ofte vart laga til jul før i tida. Eg syns den smakar så godt at den passar når som helst. Mange oppskrifter med denne kaka er laga med ei tung røre med like delar smør, sukker og mjøl, men eg syns den vert i feitaste laget. Kaka vert litt lettare med rømme eller kesam i, og den held seg godt nokre dagar i ein tett boks. Viss ingen slynglar finn boksen då… Slik gjer du det:   Mor Monsen 6 egg 6 dl sukker 2 dl rømme eller kesam 1 dl mjølk 9 dl kveitemjøl 4 ts bakepulver 250 g smelta smør Skalet og safta av ein halv sitron 50 g korintar 50 g mandlar 50 g perlesukker (du kan og bruke vanleg sukker.) Sett omnen på 180 grader, og smør og …

Kaker å dele

No er vi snart inne i ein stim med dugnadar, loppemarknader og kakebasarar. For min del inneber det baking av gode kaker som er lette å dele, og som attpåtil kan sjå så fine ut at dei let seg lodde ut utan skam. For i det frivillige kakebakingsfaget er det kaker av ulik klasse, må vite. Dei kakene som skal loddast ut skal vere fine, gjerne runde og forseggjorte i fin eske, eller på tilskoren papplate med cellofan og sløyfe. Til nød kan skuffekaker delast i fire og loddast ut, men då må dei vere av høg klasse, både når det gjeld smak og utsjånad. Får du ikkje tak i cellofan? Prøv i ein blomsterbutikk, eller kjøp ein pakke steikeposar. Dei store kalkunposane er perfekte til å pakke fine kaker i. Dei som skal seljast i kakedisken kan gjerne vere vanlege sjokoladekaker og andre typar skuffekaker. Muffins og bollar er også etterspurde der, spesielt kanelbollar. Som den rutinerte loppemarknadkafevertinna eg er har eg alltid ei sikt med melis klar, eit dryss med den gjer dei …

Stor fest!

Tre rettar til mange – det går fint med litt planlegging. Vi har hatt bursdag i heimen, tolvåringen har blitt tenåring. Når ein har bursdag er eit av privilegia å få fastsette menyen, og tenåringen ynskte seg tre rettar, kjøt med saus og brownie til dessert. Då får mor berre innrette seg, og legge gamle vanar med store suppegryter og bufféar til side. Forretten gjer eg veldig lettvint. Det gjeld å spare på kreftene når ein skal servere til mange, og samstundes kose seg sjølv. Eg har kjøpt boksar med andepaté, og den piska eg luftig med litt fløte. Så serverte eg den på rista loffskiver med ein god marmelade på. Har du rognebærgelé eller tomatmarmelade i kjøleskapet, er dette tidspunktet for å ta den fram. Patéen kan også serverast med fikenmarmelade, tyttebærsyltetøy eller granskuddgelé, som er mitt siste tilskot til matlageret, ei julegåve frå svigermor. Min paté fekk kvedemarmelade på seg, eg trur den er frå Specialkøbmanden i København. Slikt tek nemleg eg med meg heim frå reiser. Så lenge du ikkje tek den …

Kjært barn har mange namn – potetkaker – lomper

Eg huskar mi bestemor hadde ein stor runding utklipt av ein mjølsekk, som ho brukte når ho skulle kjevle ut lefser og potetkaker. Kom vi ned når ho hadde bakt fekk vi lunka potetkaker med smør og sirup på. Lykke! Mange har varme kjensler knytte til slik takkebakst. Ein dag eg kjedar meg skal eg ta fram takka mi og steike potetkaker til ungane mine, vande til kjøpelomper som dei er. Her kjem ei Heidi-oppskrift til, denne gongen på potetkaker, som er vårt namn på dei austlandske lompene. Alt godt   Er det lenge sidan du smakte potetkaker? Det er berre heilt topp mat. Her kjem to oppskrifter. Dei utan smør er den lettaste å lage. Er det ikkje utruleg at poteter kan gi ein slik fin deig å bake med? Kunsten når du lagar potetkaker er å bruke nok utbakingsmjøl. Så noko rot vert det på kjøkkenet. Dei færraste har eit eige baksterom i kjellaren slik naboen min hadde då eg vaks opp. Men så var ho frå Skjåk, og poteter var det gjevaste …

Noko muffins

Er det noko muffins her?  Muffins er blant mine favorittkaker, mettande, lette å variere og å pynte. Hos oss er det aldri bursdag utan muffins. Du kan putte ei heilt vanleg formkakerøre i muffinsformer, pynte dei med glasur og strøssel, og så er det fest med ein gong. Eg er den einaste eg veit om som kjem heim frå utlandet med kakestrøssel i staden for taxfreekvote. I København har eg min favorittbutikk, Specialkøbmanden, som ligg ved Kongens Nytorv og har eit heilt rom fullt av ulike variantar av kakepynt, konditorfarge i pipetteflasker og ekte bladgull til å ha på kakene. Bladgullet er alltid ein vinnar når eg bakar muffins til loppemarknaden på Ila, eg kan nesten ta kva eg vil for muffins som er pynta med bladgull. Specialkøbmanden har eigen nettbutikk, og sender gjerne til Noreg, så du treng ikkje sette deg på flyet. Det finst også ein norsk nettbutikk som har spesialisert seg på kakepynt, http://www.cacas.no. Dei har alt du kan tenke deg av kakeformer og utstyr, og i tillegg nokre typar strøssel som du …

Vafler i kveld?

For eksempel? Vafler er alltid godt, og når lukta breier seg i huset breier lykka seg i lag med, iallfall her hos oss. Slik gjer du det: Vafler 3 egg 0,75 dl sukker 1/2 liter mjølk 110 g smør 350 g mjøl (litt meir enn ein halv liter) 1 ts bakepulver Smelt smøret, og la det kolne. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland saman mjøl og bakepulver i ein bolle eller eit litermål. Rør vekselsvis smør, mjølk og mjølblanding inn i eggedosisen til du får ei fin røre. Denne oppskrifta gir ca. 12 vafler med mitt jern. Etter at røra er rørt glatt, fyller eg den på ei tom og rein brusflaske med trakt. Då er det lett å dosere oppi jernet utan søl. Sett flaska på ein asjett mellom steikingane. Til masseproduksjon (som f.eks. på loppemarknad) er formfeitt på sprayflaske det mest effektive. Eg har ikkje det heime, så eg smører jernet med litt smør viss det trengst. Server vaflene med syltetøy, eller sukker og rømme viss du har.

Klart du kan!

Mange eg pratar med påstår at dei ikkje kan bake kaker. Eg har bakt med gutar i 5. klasse, så eg veit at alle kan bake med ei god oppskrift og litt motivasjon. Når eg får tid skal eg lage ei kokebok med dei aller enklaste kakeoppskriftene, for dei er det mange av. Det er viktig å finne oppskrifter som passar eins eige nivå når det gjeld erfaring og teknikk. Det er stor skilnad på å køyre ein trehjulsykkel og ein racerbil, og på same måte er det skilnad på å bake ein smuldrepai og å bake ei sachertorte. Her får du ei lettvint og velsmakande oppskrift som passar godt når ein skal lære seg å bake. Smuldrepai er ein velsigna enkel måte å lage ei kake på som kan varierast etter sesong og tilgjengelege råvarer. For oss meir erfarne er det ei enkel kake å sveive i hop idet uventa gjestar går inn døra, eller medan hovudretten vert spist. Og så kan vi dele ut oppskrifta med raus hand, til glede for nye bakarar. …

Fastelaven

Denne artikkelen om fastelaven er skriven av mi kjære venninne Heidi. Den er lagt ut med hennar samtykke. Enjoy! Alt godt I Norge var det i Gulatingslova forbode å ete kjøt på fastedagane og åt ein kjøt kunne ein verte bøtlagt. Fastelaven kjem av det tyske ordet Fastel-abend, og tyder kvelden før fasta. Fastelaven vart markert med rikeleg, feit mat før ei tid med ransaking og ettertanke fram mot  høgtida. Mange av dei religiøse skikkane våre er ihopblanda med folketru. Det gjer at dei varierer etter kvar i landet dei oppsto og kva tid dei vart gjort til ein tradisjon. Fastelavensbollar er truleg eit tysk påfunn (slik mange av tradisjonane våre er) og dei vart baka i Bergen av hanseatane. Tysk baketradisjon stod sterkt i Bergen, og heitevegger, (heissewecke) var truleg dei første fastelavensbollane som vart baka. Dei skar toppen av bollen, laga eit hol og fylte kokt kremfløyte nedi og la toppen tilbake på bollen. Desse måtte sikkert etast med skei, sidan dei var oppbløytte.  Blåmåndag skulle ein ha skrinn mat slik at ein vart skikkeleg …

Sikringskost

Influensaen, magesjuka og heilt alminnelege forkjølelsar plagar oss alle, og kostar staten milliardar, fortel avisene. Vi kjempar for å halde oss på beina, og mange har tilbrakt vinterferien i senga i staden for på fjellet. Når ein er sjuk blir matlysta borte, og matstellet kan bli så som så når heile familien hanglar. Det er viktig å ha noko som smakar når ein er sjuk, men det må ikkje vere for sterkt. Enkelte typar mat som eg elles likar byr meg imot når eg er sjuk. Når ungane frisknar til etter å ha vore sjuke nokre dagar er dei ofte holsvoltne, og er heilt ustoppelege. Då gjeld det å ha noko godt klart slik at dei får metta si. Her får du oppskrifter på det eg serverer familien når dei held senga. Amerikanarane har klokkartru på ”chicken soup”, og eg lagar ein variant av denne. Suppa gir væske, salt som er viktig for å binde væska i kroppen, proteinar og vitaminar. Så dette er helsekost både for dei sjuke og dei tilfrisknande. Eg lagar små …

Søtt og magisk

”Vil du ha honning?”, sa mor mi på telefonen, ho ringde medan ho heldt på å pakke snippeska til far min som skulle til Oslo. ”Eg har honning frå nå Vidar Kalland her, vil du ha sommarhonning eller lynghonning?” ”Ja takk, begge delar” er det sjølvsagte svaret på tilbod om honning, det har eg lært. Så no er eg to store honningglas rikare, og heile huset gler seg over det. Honning har noko magisk ved seg. Biene samlar nektar, og blandar den med sine eigne sekret til dette nydelege søtstoffet som er søtare enn sukker. Kroppen tek opp energien frå honning betre enn energien frå sukker, fordi sukkerstoffa allereie er delvis nedbrotne av biene. Dermed går energien rett i blodet, og gjev oss styrke og hjelper oss å halde ut når vi er slitne. Honning er også rik på mineralar og sporstoff, og eit tynt lag med honning på eit sår gjer at det gror fortare. Dei einaste som ikkje skal ha honning er babyar, i uoppvarma honning finst det ørsmå mengder botulinbakteriar. Så små …