Marokkansk lammegryte
Eg held meg rundt middelhavet for tida, og i dag tek eg deg med til Marokko. I Marokko er lam mykje brukt i gryter og supper. Denne helga lagde eg lammelåret som skal få pryde Sunnmørsposten på laurdag, og sidan vi var berre fire til bords vart det mykje lam til overs. Denne gryta er ein fin måte å få brukt opp slike lammerestar på. Ofte får ein for mykje kjøt, men ikkje nok til ein full middag til. Men i ei gryte er det nok til mange. I Marokko vert gryterettane stort sett lagde i ein tagine, ei leirgryte med eit høgt, spisst lok med opning for dampen øverst. Desse grytene står på eit stativ i bålet i dei tradisjonelle beduinleirane. Eg har ikkje ei slik gryte, og har ikkje funne ei heller som fungerer på vanleg komfyr, så eg brukar ei låg, vid stålgryte eller jerngryte. Det marokkanske kjøkkenet har enkelte særtrekk. Det vert brukt mange varme krydder, ofte krydder vi forbitt med søt mat, som kardemomme, kanel og koriander. I tillegg er …