Yves Saint Laurent lanserte Cinema i 2004, som ein hyllest til filmstjerner og film generelt. Den har ikkje blitt ein kioskveltar, men sel godt nok til å ha fått ei lang rekke flankerar, altså variantar over sitt eige tema. Dei siste sommarane har det stort sett kome ein «limited edition» kvart år, og mange av dei er også sniffeverdige. Cinema er ein «floriental», ein av mine favorittgrupper innan parfymer. Den kombinerer altså orientalske notar, som amber og mandel med blomar som jasmin, klementin-blomst og peon. Det gir den eit søtleg, men ikkje emment preg. Eg meiner også å kjenne eit hint av tobakk her, men det er ikkje lista blant duftnotane. For meg er Cinema ein parfyme med klasse, samstundes som den er varm og omfamnande. Den har eit vaksent preg, Cinema er ikkje ein ungjenteparfyme. Den opnar friskt med dei florale notane, men roar seg snart ned til dette varme, vennlege sløret av vanilje, mandel og musk. Samtidig gir den eit sensuelt inntrykk, sniffe meir-kjensla slår inn. Familien min kommenterer alltid parfymen min positivt …