Eg må berre…
dele nokre få detaljar frå snifferunden eg hadde i dag saman med ei som er minst like lidenskapeleg oppteken av parfyme som meg. Første besøk var på Gimle Parfymeri, som alltid ei blanda oppleving. Er det ikkje litt stressande med parfymeri der du som kunde alltid føler du er i vegen? Men dei har fantastiske greier, Creed, Penthalion, Acqua di Parma, Profumum og andre skattar. Så får ein heller halde ut kjensla av å trenge seg på. Heaven scent er ei heilt anna oppleving. Alltid førsteklasses service, og flotte, spennande, nyskapande produkt. På vegen stakk vi innom Bogstadveien parfymeri, og damene der også veldig positive og vennlege. Dei syns det er gøy å diskutere parfyme, og sjølv om dei ikkje har det største utvalet så er det eit bra parfymeri. Vi avslutta butikkdelen av sniffinga på Stein og Straum, nærare bestemt Hermès. O lykke, dei har fått inn Vanille Galante! Ei heilt uventa erfaring, ikkje den klassiske vaniljedufta men tiltalande og elegant, som dei fleste av Hermès-duftene. Eg kjem nok tilbake med ein grundigare omtale …