All posts filed under: Jul

Førjulstid og førjulskos

Eg driv og planlegg dei tinga eg har lyst å lage og å gjere no i førjulstida, og det blir ei ganske koseleg liste. No til helga har vi invitert til papirverkstad her hos oss, då blir det julekort, pakkelappar og papirpynt i alle fasongar og variantar. Det er ikkje alt som er heimelaga hos meg, men pakkelappane og julekorta er alltid det. Eg lagar alltid fruktkaker, dei blir både servert til kaffen i jula og gitt bort i gåve. Dei franske pepparkakene høyrer med, det same gjer dei fine korintplettane, som eg alltid lagar til Ovedia og mannen hennar i julegåve. Dei får også alltid eit glas med whiskyappelsinmarmelade. I år driv eg og eksperimenterer med nokre fleire oppskrifter, eg skal lage nokre ostekjeks og ein ny type konfekt. Oppskriftene kjem etter kvart som eg har fått eksperimentert ferdig, det må av og til nokre feilslag til før den er akkurat slik den skal vere. Kva planlegg du å lage, og har du lenke til dine oppskrifter?

Juleevangeliet

Her har du den moderne versjonen.

Vinter på vestlandet

Slik ser det ut viss du står i stova til foreldra mine, og ser ut over havet i retning Volda. Er det ikkje vakkert? Og når vi set oss i bilen og reiser dit min kjære kjem frå møter vi denne utsikta omtrent midtvegs. Kjem du der grytidleg om morgonen kan du sjå hurtigruta passere.

God jul!

No luktar det fantastisk av fåreribbe i huset, rabbene (kålrabi på sunnmørsk) kokar og det er ikkje så lenge til vi skal sette oss til bords. Eg ynskjer alle mine lesarar ei god jul, ta vare på dine og tell til ti når gamleonkel seier dumme ting, slik at verdskrigen bryt ut ein annan gong enn rundt julebordet. Har du bestilt julenisse vonar eg han er betre til beins enn han her.

Kvelden før kvelden

Freden har senka seg. No står karamellpuddingen i omnen, fåreribba ligg i vatn og vi er på veg til eit seint førjulsselskap. Viss du gjekk glipp av grevinna og hovmesteren så finn du den her, så kan du sjå den når du vil. Fredeleg jul!

Heim til jul

Maria Mena syng det også fint, men for meg har gode, gamle Chris Rea laga min ultimate heim til jul-song. No køyrer vi frå Oslo og vestover, og det blir jul i heilt nye omgjevnader, heime hos familien til min kjære. Barna er saman med pappaen sin heime hos hans foreldre på Finnskogen, og har det kjempefint der. Vi hadde julaftan her på søndag, og vi traff med gåvene, virkar det som. Estée Lauder og Lego fall i smak. Vi vender nasa nedover att om kvelden andre juledag, og så kjem barna hit tredje juledag og blir her over nyttår. Eg kjem til å blogge gjennom jula, men i kveld, når vi køyrer avgarde, passar det å ynskje alle lesarane mine ei fredeleg og fin jul. Fortell dei du er glad i at du er det, og nyt alt det gode rundt deg, lys, mat, drikke og fine menneske.

Glutenfrie eggeplommekaker

Slit du og med at du får for mange eggeplommer? Kvart år lagar eg plettar, og då står eg der med sju eggeplommer som eg slit med å bruke opp. Eg lagar juleaioli til kjære, i år fekk ho til og med to sortar, der gjekk det tre. Av og til lagar vi spagetti carbonara til middag desse dagane, men denne gongen passa ikkje det. Men eg har funne ei oppskrift som er genial for å få brukt opp eggeplommer. Eigentleg er det ein slags omvendt marengs, med eggeplomme i staden for eggekvite. Skilnaden er at eggeplommekakedeigen vert fast og fin, og så bles kakene seg opp, nesten som popcorn. Gøy! Desse kakene er også fine fordi dei er gluten- og mjølkefrie. Er du i det rampete hjørnet kan du smelte litt sjokolade og dyppe dei i, pass på at det er mjølkefri sjokolade viss du gir kakene til allergikarar. Kakene kan også smaksettast på ulike måtar. Eg gjorde det enkelt, med vaniljesukker, ørlite salt og litt sitronsaft, men her er det uante muligheiter. Slik …

Solsnu og snart jul

I kveld er det solsnu, og eigentleg burde vi ete solsnugraut eller noko slikt. Det står ikkje på mi to do-liste, eg skal lage marmelade, to slag kaker og så skal vi over plenen med julegåve til kjære og familien hennar. Viss alt klaffar klarer eg til og med å steike to biffar til middag/kveldsmat. I mellomtida kan du kose deg med denne fine sangen frå Amalies jul. Den gjekk første gong som adventsbarne-tv i 1995, men gjekk i reprise i 1997 og 2000. I 2000 hadde vi akkurat flytta hit vi bur no, vi hadde det relativt kaotisk, med oppussing som medførte at vi i periodar mangla både tak i stova og vegg mellom stova og soverommet. Fjortenåringen var då naturleg nok fire år, og NRK sin adventsserie gjorde stort inntrykk. Denne sangen song eg til henne og veslebroren når dei skulle legge seg i lang tid etter jul. Er den ikkje fin?  

Juleselskap hos fine kusine

Kvart år får vi ein veldig hyggeleg invitasjon. Ei av mine fine kusiner inviterer til førjulsselskap. Der serverer ho gløgg, pølser til barna og ei fyldig kyllingsuppe til dei vaksne. Så leikar vi, spelar spel, gaular til singstar og byttar julegåver. Vi dreg dit med fire posar til fire familiar, og kjem heim med fire posar frå fire familiar. Det er eit avslappande og fint selskap der alle kjem som dei er, og der alle vert tekne imot med opne armar. Serveringa er ukomplisert, men akkurat det vi treng. Høgdepunktet for barna er å få pynte juletreet til fine kusine. Når vi kjem er det tomt, og når vi dreg igjen er det ferdig pynta med glitter, kuler og lys. Fine kusine har gitt meg lov til å blogge oppskrifta på suppa. Det er ei slags moderne, krema mulligatawny-suppe, enkel og god. Dette er nok til suppe til åtte personar. Slik lagar du den: Fine kusines kyllingsuppe 4 kyllingfiletar 2 eple 2 løkar 1 ss karri 4 boksar finhakka tomatar 1/2 liter vatn 6 dl …

Julekaker dei fleste kan spise

Dei som er allergiske kan slite no i jula med å finne gode kaker som ikkje utløyser allergiske reaksjonar. Eg lagar havrecookies til mi venninne som verken toler gluten eller mjølk, dei er faktisk også eggefrie. Enkle og raske å lage er dei og. I denne oppskrifta brukar eg Euroshopper flytende margarin, som er mjølkefri. Dersom du brukar melange mjølkefri margarin må du ha i ei klype salt, for den er saltfri, og smaken vert gørrkjedeleg utan salt. Du kan variere smaken til dømes ved å ha i pinjekjerner eller grovt hakka 70% mjølkefri sjokolade. Du kan også bruke ulike typer krydder, eg har laga ein variant med ingefær og kardemomme i tillegg til kanel, dei vart veldig gode. Slik gjer du det: Havrecookies 2 dl mjølkefri margarin 2 dl demerarasjukker 2 dl vanleg sukker 7 dl glutenfrie havregryn 1 dl havremjøl 2 små ts bakepulver 2 små ts natron 2 ts vaniljesukker 0,8 dl kokande vatn 1 ts kanel 2 dl rosiner Set omnen på 180 grader. Bland saman alle ingrediensane i ein bolle, …

I går…

var vi og høyrde desse damene synge jula inn. Fyttikatta, dei er flinke. Give it up for Pitsj!

Lei av julemusikk?

Sjå denne, så får du tårene tilbake i augene, og kjenner energien som musikk kan gje.

Nytt hus!

Ja, vi bakar altså nytt pepparkakehus kvart år, og så knuser vi det på nyttårsaftan. Årets modell er pynta av to fjortisjenter, stor innsats, litt rennande glasur og nytt godteriutval. Jellybeans og Lovehearts var årets pynt, som seg hør og bør. No skal det få stå på hylla i spisestova og vere med på dei juleselskapa som måtte kome her i huset. Når det skal vere skikkeleg fest her legg vi inni ei batteridriven lyskjede, slik at det ser ut som det bur folk i huset. Her ser du korleis vi lagar dei fine vindauga. Kanskje du kan lenke til bilde av ditt pepparkakehus, viss du har eit?

Fleire gåvetips!

Vi har alt vi treng. Oppdagar vi at vi treng noko, går vi og kjøper det. Det gjer det til ei håplaus oppgåve å kjøpe gåver. Det er grenser for kor mange lysestakar, krydderblandarar og aspargeskjelar vi treng. Raudekrossen var først ute med tilbod om å kjøpe ei geit som vart donert til ei familie i Afrika. No har fleire gitt seg ut i same marknaden. Eg syns det er fint. Kvar gong eg opnar eit julekort og ser at avsendaren har gitt ei gåve til eit godt formål i staden for ei julestjerne til meg kjenner eg det som om verda tek eit steg i rett retning. I dag vil eg reklamere for eit godt formål som ikkje er som kjent, men som ikkje er mindre viktig for det. Prosjekt Haiti er ei gruppe idealistar som har arbeidd for å skape eit betre liv for barn og vaksne i slummen i Haiti i over ti år. Etter jordskjelvet i januar mobiliserte dei enormt, og sendte kontainarar med utstyr og naudhjelp over til Haiti. Men …

Alltid i billigkroken!

Det har eg lært barna mine. Når vi er på IKEA må vi alltid gå i billigkroken. Du kan ikkje vere sikker, det kan hende sofaen eller madrassen du har på vogna di står i billigkroken med oppriven emballasje, men like fin til halv pris. Slik er det også med bøker. I år har Aschehoug laga sin eigen billigkrok, med eit vell av aktuelle julegåveidéar til store og små. Eg syns dette er sympatisk. Dei store forlaga har hatt bakgårdssal og andre liknande festdagar for oss som har for få bøker og som har ambisjonar om å trakke endå meir inn i bokhyllene. På denne måten får også dei som bur lenger unna få ta del i moroa. (Eg er ikkje sponsa, og har ikkje kontrakt med Aschehoug, eg syns berre salg FØR jul er genialt, innkjøpar som eg er.) God julebokshopping!

Duftande ønskelister?

Det er tida for ønskelister, og eg er spesielt interessert i dei duftande listene. Eg veit at mange av mine parfymevennar har lister over parfymar dei planlegg å kjøpe, og dei som ikkje har komt i hus til i desember bør vel stå på ei slik liste. På mi ønskeliste står det også nokre dufter, nokre er å få tak i i Norge, andre må ein utanlands for å finne. Den første på mi liste er Belle d’Opium. Den originale opium-dufta blir for voldsom for meg, eg har brukt den frå ei lita krukke med bodycream som eg har, men bortsett frå det blir den for dominerande. Belle d’Opium, derimot, er atskillig lettare å gå med, og er ein moderne, varm og tiltalande floriental med fruktnotar og kvit peppar for å balansere. Den andre på mi personlege liste er Kenzo Femme. Vanlegvis slår Kenzo på stortromma når dei lanserer ting i Norge, men ikkje denne gongen. Kenzo Femme har meir eller mindre blitt lirka inn bakvegen i norske parfymeri. Det er synd, for det er ei …

Nye pepparkakehusmetodar?

I alle år har eg bakt pepparkakehus etter same teknikk, Deigen har blitt kjevla ut på dropsmatter, og huset har blitt stansa ut med ei stor, rektangulær form, og det heile har blitt limt ihop med smelta sukker. No har eg sett ein ny patent på marknaden, med plater som låser seg i kvarandre. Kan det fungere? Eg ser for meg at ein føresetnad må vere at huset ikkje vert flytta frå eit bakebord til steikeplata før steiking. For då vil det misse fasong. Deigen må kjevlast ut på matta den skal steikast på, då kan det til nød gå. I tillegg går eg ut frå at ein må passe godt på tjukkleiken til deigen. Peppakakedeig hevar seg, og då kan eg ikkje forstå anna enn at det må vere ein presisjonsjobb og ei utfordring å få dei ulike delane til å passe saman. Men eg tek imot alle fungerande nyvinningar med takk og ære. Så difor lurer eg på; har nokon av blogglesarane mine testa ut dette, og funkar det?

Unnskyld.

Eg ga opp. Eller for å vere heilt presis, eg prøvde ikkje, ein gong. Kjære barna mine, i år blir det sjokoladekalender.  

Gåveidéar

Eg fekk ei oppfordring om å samle gåveidéane eg har hatt i bloggen min på ei side. Det gjer eg gjerne. Her er nokre tips: Her er oppskrift på mine kjempegode rom-rosin-trøflar, og det praktiske urtesaltet. No får du kjøpt urter i butikken heile året, så det kan du også lage til jul. Kvart år lagar eg gløggekstrakt og whiskyappelsinmarmelade, dei oppskriftene finn du her. Ei anna gåve som ofte vert sett pris på er urteeddik og plommeeddik. Har du plommer (kjøp gjerne i butikken!) så kan du også lage denne krydra plommechutneyen. Å lage ein frisk limoncello med italiensk inspirasjon er mindre krevjande enn ein trur, og eg har også oppskrift på fleire andre typar gode likørar som passar fint å gi bort. Julemat til fuglane er ei fin gåve viss dei du skal gi til bur slik til at dei har hage eller balkong. Til dei som har peis eller kamin kan opptenningsrullar vere ei smart gåve, og så er det så og seie heilt gratis å lage dei. Vi må ikkje gløyme dei saltsylta sitronane! …

Søte restar

Det er vel lov med dessert ein trist januardag? Nærbutikken min hadde tilbod på kremfløyte som gjekk ut på dato i dag, og då vart det tilslørte julejenter til dessert heime hos oss. Julekakene er dessverre enno ikkje oppetne her hos oss, og slik er det vel vanleg å ha det på denne tida. Eg lagde denne deilige desserten med knuste julekaker, og den vekte stor åtgaum rundt bordet. Mine julekaker er så fulle av smør og sukker at eg droppa den tradisjonelle runden med å steike det sprø mellomlaget i smør og sukker. Eg brukte karamellkaker og nokre pepparkaker, og tyttebærsylta som var att etter reinsdyrsmiddagen i romjula. Syltetøyet kan du variere, og det same med julekakene. Krasja krumkaker er sikkert veldig godt til denne desserten, for ikkje å snakke om kokosmakronar. Slik gjer du det: Tilslørte julejenter 5-6 julekaker av ulikt slag 2 dl kremfløyte 2 ss syltetøy per dessertglas Knus julekakene grovt. Pisk fløyten til passe stiv krem. Legg kaker, krem og syltetøy lagvis i pene glas. Server med ein gong, slik at …

Litt vemodig…

No er juletreet vårt historie. Eg har ein fast tradisjon kvart år, eg brenn opp juletreet. Først tek eg pynten av forsiktig, forsiktig, og sorterar den i eskene sine. Store runde kuler for seg, bast og tre for seg og dei søte små papirkorgene for seg. Lysa fjernar eg forsiktig, men likevel ligg mesteparten av nålene att på teppet når eg har fjerna alt. Og så går eg i gang med brenninga. Det er eit skikkeleg bask, og gode hanskar og rosesaks må til, men eg klipper altså av greinene ei for ei, brettar den saman og stappar den i kaminen. Det brenn som berre juling, og gjev meg ei slags stille, indre glede. Eg føler at eg gjer bot for det faktum at eg er så forfengeleg at eg må ha det finaste juletreet som kostar minst seks hundre kroner. Det passa fint å gjere det i kveld, når temperaturen ligg og vakar rundt 16 kalde grader. Det blir intenst varmt i huset av denne brenninga, og eg blir litt sveitt sjølv og. Gjer …

Vi er klare!

I ettermiddag kjem slekta, og fåreribba (som enkelte kallar pinnekjøt) ligg i vatn for å bli klar i tide. Seks digre kålrabiar skal bli til stappe, og fem kilo mandelpoteter er klare til koking. I vasken ved sidan av ligg fire ringar med brudevollmår til tining. Det er alt for lite, but what can one do. Vi får late som om den ikkje finst, og gje ungane pølser. Eg brukar å la måren ligge oppå fåreribbene den siste timen, då er den dampa ferdig til kjøtet er klart. Når den ikkje ligg direkte i vatnet treng den litt lenger tid, men den misser ikkje så mykje smak når den får ligge slik i fåreribbedampen. Desserten står på loftet, det er ein deilig karamellpudding som eg lagde på veslejulaftan med eggeplommene som vart til overs etter at eg lagde plettar til naboen (og litt til oss sjølve. ;-)) Det er fint å ha eit stort kaldloft som eit ekstra kjølelager no i jula, der kan vi ha brus, farris, grønsaker og andre ting som ikkje må …

God jul!

No sig julefreden ned over huset her midt i byen. Det som skulle gjerast er gjort, og no skal vi nyte jula i fred og ro. Nedanfor ser du julevindauget mitt, med hjartet frå serenidipitycat midt på vrihasseltreet. Tusen takk! (Og vindauget speglar ei scene frå Love actually. Mmmm…) Eg ynskjer alle blogglesarar ei fredeleg jul og eit godt nytt år, takk for at de har vore innom, lagt att kommentarar og inspirert meg til å halde på vidare med blogginga.