Franske pepparkaker
I kveld bakar eg dei franske pepparkakene. Det luktar heilt rett i huset, og førjulsstria kjennest ikkje så stri lenger. Dei har eg laga heilt sidan eg var rundt tjue, trur eg, og mi kjære venninne Unn og eg regjerte på kjøkkenet på Leikong rett før jul. Etter å ha smakt desse deilige vaksenpepparkakene er det ingen veg tilbake til dei vanlege. Eg kan til nød sette mine tenner i ein sirupssnipp, elles er det desse som gjeld. Dei skal verken ha non-stop eller glasur på seg, dei skal nytast som dei er til ein rykande kopp darjeeling eller fransk earl grey. Franske pepparkaker Første del: 250 g smør 125 g lys sirup 1 dl kremfløyte 250 gram melis Andre del: 100 g skålda og hakka mandlar 400 g kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts kardemomme 1 ts kanel 2 ts nellik Bland alt i første del i ei gryte, og la det koke opp medan du rører. Set gryta i kaldt vatn og rør innimellom til massen er lunken. Bland alt det turre, ha …