All posts filed under: Noko søtt

Fløtekarameller med maldonsalt og utan sirup

Etter pepperkakehusliminga på tirsdag sto eg der som vanleg med ei steikepanne full av smelta sukker. Kva gjer ein då? Jau, ein lagar fløtekarameller! Eg hadde berre laktosefri fløte i kjøleskapet, men det gjekk veldig fint, karamellene vart kjempegode. Problemet er å skrive ei nøyaktig oppskrift. Sjeldan har eg lagd mat på slump som når eg lagde desse karamellene. Men eg skal prøve å gje eit anslag, og ein beskrivelse av det eg gjorde, så får du teste det ut og sjå om du får det til å fungere. Dei er verd å lage, og dei er lettetne. Slik gjorde eg det: Fløtekarameller med maldonsalt 2 dl sukker 2 dl fløte, gjerne laktosefri Maldonsalt Litt matolje Små former Ha sukkeret i ei steikepanne, og set den på middels sterk varme. La den stå til sukkeret smeltar. Dette er risikosport, nokre har i vatn, og let det koke til vatnet er borte, men eg syns det er enklast å berre gå rett på. Eg flyttar steikapanna rundt på plata for at det som er i midten …

Meir snop: Nougattrøflar med rom

Kva gir ein til den som har alt? Noko å ha det i, var svaret før. Men det er vel grenser for kor mange vesker, koffertar og sekkar ein kan ha? Eg likar å gi bort gåver som ein kan spise opp. Skuffer og skap er fulle av ting vi ikkje brukar, då er det betre med gåver som ein kan nyte. I dag serverer eg ei spiseleg julegåve; nougattrøflar. Dei lagar eg med marsipan, valnøtter og nougat som du får kjøpt ferdig på velassorterte matbutikkar som Meny og Ica. Valnøttene kan du droppe viss du skal gi trøflane til nokon som er allergiske. Eg brukar også rom i trøflane. Viss du skal gje dei til fråhaldsfolk eller barnefamiliar kan du bytte ut romen med litt essens. Halve moroa med spiselege gåver er å pakke dei pent inn. Nougattrøflane kan du legge på ei skål som du pakkar inn i cellofan, eller du kan ha dei i ein cellofanpose. Dei kan du få kjøpt på nettet, men eg forhandla meg til å få kjøpe nokre slike i …

Krydra plommechutney

Då eg skreiv om moderne vilt her for ei stund sidan  foreslo eg at du skulle servere gryta med ein god plommechutney til. I går såg eg korger med plommer i butikken, så kvifor ikkje lage ein deilig plommechutney no på førvinteren? Denne chutneyen kan du til dømes gi bort i julegåve. Den bør stå i fire veker før du byrjar å bruke den, så det passar heilt perfekt å lage chutney no i november. Chutney varierer med kor søte dei er og kor krydra dei er. Denne er ganske syrleg og ganske krydra, og passar best til kraftige kjøtrettar. Den er mellom anna perfekt til juleribba. Legg ei skive kald ribbe i ei lefse, og smør på eit lag syrleg plommechutney før du rullar den saman og kosar deg med den. Mmmm! Som vegetartilbehør kan du bruke chutneyen til ei god linsegryte, til dømes Dal bath. Har du ikkje konjakk i huset, så vert chutneyen god sjølv om du droppar den. Slik gjorde eg det: Plommechutney 1.5 kg modne plommer 1/2 kg ferdig rensa eple, …

Verdas beste trøffelkake

Vi må ha trøffelkake! sa kjæresten min då vi drodla om kva kaker vi skulle lage til familieselskapet på søndag. Eg byrja å leite etter oppskrifter, og fann mange, mange variantar. Trøffelkake kan lagast med mandelbotn eller med vanleg sjokoladekakebotn. Dei villaste lagar til og med italiensk marengs som dei har på toppen, og brunar den med brulée-brennar. Eg gjekk for den moderate varianten, med sjokoladekakebotn. Men det er kremen som gjer susen her, ein fyldig, fin smørbasert krem med eit hint av rom. Du kan velge om du vil bruke lys eller mørk sjokolade i denne kaka, alt etter kva du syns er best. Skal kaka serverast til vaksne vert det nok best med nokre dropar ekte vare. Men i dette selskapet skulle det naturleg nok vere barn til stades, og sjølv om eg brukar å kome unna med å seie at den kaka er for vaksne og ikkje noko god for barn, så brukte eg essens denne gongen. Det hender nemleg at dei ikkje går på slikt lureri. Slik gjorde eg det: Trøffelkake …

Gjenbruk på kjøkkenet

Eg er ganske flink til å bruke restar, men enkelte restar er vanskelege å bruke opp. Då hamnar dei lett i søpla, men eg mislikar sterkt å kaste mat, så eg prøver så godt eg kan å få brukt dei på ein fornuftig måte. Når ein lagar pai er det ganske vanskeleg å ikkje site att med litt paideig. Du kjevlar den ut, og så skjer du rundt kanten , og så sit du der med ein liten neve deig. Her om dagen fann eg ein fin måte å bruke opp paideigen på: Bland den med havregryn og litt sukker, og lag ein smuldredeig til ei epleform! Slik gjorde eg det: Epleform Ein neve paiskalrestar 75 g havregryn 50 g sukker 4 store eller åtte små syrlege hageeple Sukker og kanel til strøing Ha paiskalrestane i ein bolle. Ha i havregryn og sukker, og smuldre det heile saman med fingrane til det er ein grynete masse. Skrell epla, del dei i to og fjern kjernehuset. Skjer dei i tynne skiver. Legg skivene utover i ei …

Eg berre minner om…

at det er tid for å lage syltetøy av grøne tomatar. Iallfall viss du har tomatplantar. Dette syltetøyet er så vilt godt at det er galskap å la tomatane gå på komposten. Eg har eit glas i kjøleskapet, og voktar det med livet mitt.

Ei plommeoppskrift til?

Ein får vel eigentleg aldri nok plommeoppskrifter, og særleg ikkje viss ein har stor plommeavling i hagen. Dagens kake er ei plommekake som du kan lage opp ned. Den er ikkje så ekstremt søt, men veldig frisk og god, med ein nærmast mørdeigaktig deig. Har du ikkje plommetre kan du kjøpe ei korg i butikken. Denne kaka kan også lagast med eple og pærer, til dømes. Slik gjorde eg det: Opp-ned plommekake 1,5 dl brunt sukker 3 ss smør 10-12 plommer Deig: 200 g mjøl 2 ts bakepulver ¼ ts natron 3 ss sukker 100 g smør, iskaldt 2 dl surmjølk Rømmekrem 100 g rømme 2 ss melis 1 ts vaniljesukker Sett omnen på 200 grader. Smelt 3 ss smør i ei steikepanne, og slå i det brune sukkeret. La det surre til sukkeret blir karamellisert. Slå det i ei 20 cm form. Del plommene i båtar, og legg dei i karamellen. Ha mjøl, smør, sukker, natron og bakepulver i ei matmølle, og køyr det til det er ein grynete masse. Slå i surmjølka, slik at …

Saftige eplemuffins

Dagens kaffimat er nokre gode eplemuffins, no når hagane bugnar av eple. Eg har faktisk tenkt meg opp til Ullevål hageby på epleslang, der står epletrea tunge, og det ser ikkje ut til at dei får ete dei opp. Er dette muffins eller cupcakes? Eg veit ikkje, eg har vel eigentleg ikkje forstått skilnaden. Det viktigaste er at dei blir gode, ikkje kva ein kallar dei, spør du meg.  Eplemuffins 250 g mjukt smør 250 g sukker 250 g kveitemjøl 4 egg 2 ts bakepulver 3/4 dl mjølk 3 eple 2 ss sukker 1 ts kanel  Glasur: 100 g kremost, ikkje light 50 g smør 1 ts sitronsaft  Sett omnen på 200 grader.  Ha bakepulveret i mjølet, og bland det godt. Ha alle ingrediensane i ein bolle, og køyr røra glatt med ein handmiksar. Ha i mjølka til slutt. Er smøret ditt hardt, kan du smelte det, la det kolne litt og helle det i røra medan du miksar. Du kan også bruke flytande margarin/Bremykt på flaske. Bruk store muffinsformer, og legg ei toppa spiseskei …

Sjokolademousse

Eg har skrive om sjokolademousse tidlegare, men då har eg laga ein mjølkefri variant. Denne gongen var selskapet utan mjølkeallergikarar, og då kunne eg slå meg laus med ein sjokolademousse basert på kremfløte. Denne er også parfymert med appelsin, men det kan du utelate, eller bytte ut med andre smakar. Porsjonen i denne oppskrifta vart til 18 porsjonar, ikkje så veldig store. Eg brukar telysestakane frå IKEA som serveringsskåler. Det vert to andre dessertar og på bordet, så gjestane skal få fylt søttanna, trur eg. Slik gjorde eg det: Sjokolademousse 300 g mørk sjokolade 1 pk/ 1/3 liter kremfløte 1 dl appelsinjuice Tre små eller to store egg 3 ss sukker 2 ts kvitvinseddik 1 klype salt Del egga, og piske eggekvitene stive med litt eddik og salt. Pisk eggeplommene luftige og fine med sukkeret. Pisk kremen stiv. Kok inn appelsinjuicen til halve mengda. Set ei vid skål oppå ei gryte med kokande vatn i. Hakk sjokoladen, og ha den oppi skåla. Slå over den innkokte appelsinjuicen, og la det heile smelte til det blir …

Det er i utide trolla skal drepast

Det sa mora til ei venninne av meg når venninna mi og eg gjekk i gang med vidløftige prosjekt seint på kvelden. Av ein eller annan grunn var det då arbeidslysta kom over oss. Eg har det slik framleis. I går kveld, då eg gjekk over plenen heim, sto det ei kasse flotte, mørkeblå plommer og venta på meg. Kven som hadde plassert dei der veit eg ikkje, men eg tilbrakte iallfall eitt par timar med å rense plommer medan eg såg på ein eller annan dameserie. Eg enda opp med ganske nøyaktig 2,5 kg plommer, og fann fram ein kilo sukker og ein og ein halv pose syltepulver. Frå krydderhylla fann eg fram nokre stjerneanis. Min kjære vart sendt i kjellaren etter tomglas, og eg gjekk i gang med syltinga. I strid med alle oppskrifter hadde eg mesteparten av sukkeret i gryta saman med plommene og stjerneanisen, og lot det putre på svak varme medan eg gjorde klar glasa. Eg kokte opp ei stor gryte med vatn, og hadde i pastaglas, sildeglas, tacosausglas og …

Åtte slag

Kva gjer ein når ein har laga åtte slag syltetøy (vel, eigentleg elleve, men tre kom ikkje på bordet) og vil nyte det heile mest mogeleg? Ein lagar vafler, sjølvsagt. Vafler med åtte slag syltetøy, det er god helgamat!

It’s coming together, baby…

Det tek tid å lage ei bryllupskake. Alle variantar sjølvsagt, men den varianten eg svergar til, ostekake med gelélok, tek minst tre, helst fire dagar å lage. Iallfall viss du ikkje skal ta fri ein heil dag frå jobb. Bryllup brukar jo ofte å vere på laurdagar. Dag 1 finn eg fram formene, stativet og planlegg oppskrifta. Den varierer med kor mange etasjar eg skal ha, og kor store kvar form i kvar etasje skal vere. Når eg har bestemt meg for storleik og antall etasjar, lagar eg massen til botnane, altså kjeks og smør som vert trykt saman. Men før eg legg massen i botnane er det mykje som må planleggast. Viss eg brukar springformer må formene teipast. Viss ikkje renn geléen ut, det har eg lært av bitter erfaring. Ingenting er så ukontrollerbart som gelé som finn ein veg ut. Teipen er ståande, slik at den lukker den vertikale sprekka i springforma der den vil opne seg. Dette er litt krøkkete når formene skal av, men då kan teipen kuttast igjen med ein …

I gang igjen…

Jepp, det er bryllupskaketid igjen. I helga giftar mi fine kusine seg, og eg gjev dei ei bryllupskake i gåve. Den kjem til å likne på den du ser her til høgre, men den skal stå på eit sunnmørsk kakebord som mor og tanter har bakt til i over ei veke, så denne vert berre i tre etasjar. Oppskrifta til kaka finn du her, Eg lagde litt meir enn to porsjonar for å fylle former på 18, 24 og 32 cm. Og for de av dykk som er bekymra for forkjølinga mi, det er ingen grunn til å bli uroa. Eg har hatt assistent til alt arbeid med den så langt, så kaka har ikkje blitt hosta på. Takk til Maria for assistanse! Så til helga skal vidunderet fraktast til Lysebu, og bli fortært av ei strålande fin forsamling. Gratulerer på førehand, kjære brudepar!

Remedie nr. 3

Ok, no har eg prøvd smoothie proppa med vitaminar, og eg har prøvd ”décoction anti-infectieuse”. I dag tenkte eg å prøve noko som var basert på ei oppsummering av alle dei gode råda i går. Eg fekk mange råd, med stor variasjon, frå kvitløk og ingefær til hot whiskey og raudvin. Så då vart det eit kompromiss av alle desse råda. Eg hadde ståande ei halv flaske raudvin frå festen som var her på fredag. Den var rett nok alkoholfri, sidan den var medbrakt av ein gravid gjest, men det fekk meg eigentleg berre til å føle meg litt skikkeleg og snill, som ein skal når ein er sjukmeldt. Raudvinen vart varma opp i ei gryte, og oppi vinen hadde eg fire kardemommekjerner, fire nellikspiker, fire skiver fersk ingefær, ei kanelstang og safta av ei raus skive sitron. Dette fekk stå og trekke i 20-25 minutt. Då det hadde trekt ferdig, hadde eg i ei skei med honning, og så kom eg på at eg hadde litt rom ståande. Det var berre ein liten slant som …

Kva skal vondt fordrive?

No har eg prøvd med forkjølelsessmoothie, det hadde ingen særleg effekt. I går kveld prøvde eg mi franske venninne sin «décoction anti-infectieuse». Då kokte eg opp 0,5 l vann med sitronskall, kanelstang og 3-4 nellikspiker. Eg lot det trekke litt, før eg pressa oppi sitronsafta av ein halv sitron og raust med honning. Dette heng på greip, sitron har eteriske oljar i seg som løyser opp slim, og nellik og honning er bakteriedrepande. Mor mi tyr alltid til honning. Av og til sit ho ganske enkelt med ei skei i munnen, og let honningen smelte sakte men sikkert. Eg har også fått forslag om kamillete med honning, og timiante. Kva råd har du å by på? Kva tyr du til når sommar- (eller vinter-)forkjølelsen slår til for fullt? Eg tek gjerne imot tips og oppskrifter i kommentarfeltet. Prosit!

Pick-me-up

Ja, eg veit ikkje om dette fungerer, men ei vitaminbombe til frukost må vel kunne bidra til å kurere ein sjukling? Eg har sutra over forkjølelsen min tidlegare, og den er framleis ikkje gått over. Dette blir frukosten min i dag, og så krysser eg fingrane for at kombinasjonen væske og vitaminar gjer susen. Væska gjenopprettar balansen i kroppen, og vitaminane styrkar immunforsvaret. Det er iallfall teorien min. Slik lagar eg min forkjølelsessmoothie: Forkjølelsessmoothie 2 nektarinar To nevar steinfrie, raude druer 1 dl mana-juice 1 dl melonyoghurt Rens frukta, og del den opp grovt. Putt alt i ein blender. Køyr det glatt. Drikk det frå eit romsleg glas med sugerør medan du ligg på sofaen med dyne på.

Kveldskos med rabarbra

No er rababraen på sitt beste, om ikkje så lenge bør den få stå i fred. Blomstrar rababraen din, så fjern blomane. Bruk dei grovaste stilkane no, så stimulerer du til ny vekst. Dei nye stilkane kan du ete ei stund utover sommaren, det er dei gamle stilkane som har mest oksalsyre, og som bør få stå i fred når vi har passert jonsok. Uansett er no tida for å bruke rabarbraen, gjerne i kombinasjon med jordbær, kvann eller pære. I går kveld lagde eg ein liten porsjon rabarbragraut til tre av oss. For meg er det eit barndomsminne, syrleg og søt graut med mjølk på. Vi hadde berre ekstra lett mjølk, og det er berre sånn passe godt til rabarbragrauten. Men eg tok litt vaniljeyoghurt på, og det vart veldig godt. Du kan godt bruke vaniljekesam og. Det viktigaste er at du et litt av noko mjølkeprodukt når du et rabarbra, så vert oksalsyra nøytralisert i kroppen. Slik lagde eg rabarbragrauten: Rabarbragraut 1/2 l rabarbra, rensa og kutta i bitar 3 dl vatn sukker …

Karamellbrødhapåpudding

Dei som har lest oppskriftene mine ei stund veit at eg av og til finn på ganske vanvittige ting. I dag er «greia» ein brødpudding med karamellsmak. Brødpudding er ein klassisk måte å få brukt opp gamalt brød på, men i dag hadde eg nokre tørre bollar eg ville bli kvitt. Dei fekk gå ut av verda på det stiligaste vis, i denne karamellbrødpuddingen. Du kan godt lage den med loff eller kneippbrød og, då bør du kanskje ha i litt meir sukker.  Hapåen eg smører på bolleskivene gjev ein nydeleg karamellsmak på det heile, og særleg skorpa på toppen er utruleg god, smurt med ripsgelé som den er. Ripsgeléen kan sløyfast, men gjev ei flott, blank overflate, og ikkje minst litt syrleg smak, som balanserer alt det søte. Du kan også bytte den ut med eplegelé. Slik gjorde eg det:  Karamellbrødpudding  5 dl mjølk 3 dl fløte 3 egg 6-8 kveitebollar 50 g brunt sukker 50 g smør Eit glas Hapå Rosiner 1 dl ripsgelé eller eplegelé  Set omnen på 180 grader. Smør forma …

Yr tok feil

-Og det vart ein kjempefin dag. Alle bidrog kvar på sin måte. Min kjære lagde for eksempel desse fantastiske pikekyssa med flaggfargar. Flotte vart dei! (Og etter å ha ete ein blå vart tunga knallblå. Stilig!)

Maikaker

No er det like før det smell, men gode råd treng slett ikkje alltid vere dyre. Her finn du mine kaketips for 17. maifesten, Den er gull verd for dei som er i komitéen for det heile. I tillegg har eg lista opp masse gode oppskrifter under her, som eg vonar kan inspirere til baking i seine kveldstimar. Ha ein fin 17. mai! Lys langpannekake – grunnoppskrift Kanelbollar Gulrotkake Brownie Mor Monsen Sjokoladekake Kvæfjordkake Appelsinkake med firkløverglasur Appelsinkake med melisglasur Marengskake med sjokolademousse  Cheesecake brownie  Rabarbrapai  Suksessterte Bedehuskake med korintar  Ostekake Blåbærpai og skogsbærfromasjkake for allergikarar Festkake med rabarbra  Ananaskake Fransk mokkakake

Rabarbrarull til maifest

Til dessert på maifestbordet mitt serverer eg rabarbrarull. Rabarbraen sprutar ut i hagen min, og eg brukar den så mykje eg kan. Dette er ein ny kakevariant, som vart ganske god, om eg skal seie det sjølv. Slik gjer du det: Rabarbrarull 275 g kveitemjøl 5 ss sukker 1 ts bakepulver ½ ts salt 75 g smør 1 egg ½ dl mjølk Fyll: 350 g rabarbra 6 ss sukker 1 ts finreve sitronskal 1/2 ts kardemomme Pynt: 1 egg litt perlesukker Sett steikeovnen på 220 grader. Bland dei tørre ingrediensane og smuldre i kaldt smør. Pisk egg og mjølk og rør inn i deigen. La deigen kvile ein halvtime i kjøleskap. Kjevle deigen til et rektangel (ca. 25×30 cm). Eg gjer dette rett på eit bakepapir av silikon, då vert deigen enklare å handtere. Bland rabarbra, sukker, sitronskal og kardemomme, og fordel det over deigen. La det stå igjen 1 cm langs kanten. Pensle deigkantane med samanpiska egg. Brett inn deig-endane og rull sammen kaka som ei rullekake. Legg den på steikebrett med skjøten ned. …

Alt godt på radio!

Berre i NRK Møre og Romsdal, men likevel; i dag mellom elleve og tolv skal eg snakke om mai-kaker. Oppskrifta eg kjem til å presentere er denne oppskrifta på frosen ostekake som eg har fått av Heidi: Har du laga denne kirsebærkaka ein gong vert det neppe siste. Ho er aldeles nydeleg og du slepp at ho dett ned, brenn seg eller blir mislykka. Eg er overbevist at dette vert far sin klassikar i alle gebursdagar og konfirmasjonar frametter våren. Du kan godt bruke ein pakke ferdig kirsebærkompott, men eg har steinfrie kirsebær i frysaren. Kvar haust kjem det ein bil frå Austlandet til Volda som sel frosne bær, og i haust selde denne bærmannen steinfrie kirsebær. For oss som ikkje likar å spytte kirsebærstein er dette ein fulltreffar. Eg lurer på kva maskineri som gjer bæra steinfri, men sidan ho kjem frå Sverige er vel det mogeleg, eg er i alle fall imponert! Kirsebæriskake 15 kornmokjeks Fyll: 3 egg 2 dl sukker 1 pakke kremfløyte (3 dl) I pakke philadelphiaost (naturell) Knus kjeksa godt …

Syrleg appelsinsorbet

Appelsinsorbet er ein perfekt dessert til påskelammet, og dessutan er appelsinane på sitt aller søtaste no. Du kan lage denne desserten med juice og, men velg i så fall ein søtare juicetype. Dei billigaste juicane vert beiske og for sure til denne desserten. Eg har ein ismaskin, det gjer det til ein leik å lage slike sorbetar. Har du ikkje det, er ein stålbolle tingen, då må du innom frysaren og røre ein gang i blant, slik at sorbeten vert glatt og mjuk, og ikkje nålete og hard. Appelsinsorbet Saft av 7-8 appelsinar, til saman 7 dl appelsinsaft Filetar av ein appelsin, finhakka 50 g sukker Press appelsinane, og mål opp juicen. Kok den opp i ei gryte saman med sukkeret. Skum av det gule skummet som samlar seg på toppen. Ha i appelsinkjøtet. Set gryta kaldt.  Slå blandinga i ismaskin, eller i ein stålbolle, og set den i frysaren. Rør i isen med ein gaffel ein gong i halvtimen, til den er ferdig. Server i pene glas med pynt av sitronmelisse.

Appelsinmuffins

Her om dagen lagde eg nokre saftige dessertmuffins. Dei fekk trekke til seg ein lake av brunt sukker og blodappelsinsaft så dei vart soggy og fine. Desse muffinsa er ikkje noko å gøyme på, dei er best når du serverer dei lunkne. Eg satte dei i omnen når gjestane kom, tok dei ut og dynka dei like før  vi sette oss til bords, så dei var perfekt lunkne til desserttid. Dynkinga gjer at dei blir intenst søte og appelsinsmakfylte, og dermed egnar seg perfekt til dessert. Slik gjorde eg det: Appelsinmuffins 220 g mjukt smør 2 dl sukker 2 egg 4 dl mjøl 1 ts bakepulver 2 dl surmjølk Skal av 2 appelsiner ”glasur”: 1 dl brunt sukker 1/2 dl appelsinsaft av den appelsinen du tok skalet frå Set omnen på 200 grader. Vask appelsinene godt, og riv skalet av dei. Ha smør og sukker i ein bolle, og pisk det med handmiksar til det er lyst og luftig. Pisk inn egga eitt og eitt. Bland saman mjøl, appelsinskal og bakepulver i ei anna skål, …

Søt og salt fastelaven

Denne helga er det fastelavenssøndag, og då serverer eg fastelavensbollar til alle som vil ha. Bollar og eg har eigentleg aldri vore heilt gode vener. Mor mi er ikkje så lidenskapeleg oppteken av å lage mat, men bollar og ball har vore hennar spesialitetar. Dermed har eg overlete det til henne, og ikkje perfeksjonert mi eiga bollebaking. Men eg har bestemt meg for at slik kan det ikkje fortsette. Å lage gode og luftige bollar med god smak utan å ty til skitne triks som posemiks og tilsetjingsstoff bør eg klare. Så no er det ofte bollar her i heimen. Ein brutalt ærleg venn av huset smakte på bollane mine og sa: Det er noko som manglar. Han tenkte seg lenge om før han sa: Salt. Og han har heilt rett. Mi gamle oppskrift har vore for tam i smaken, trass i kardemomme og meir enn nok sukker. Salt i deigen framhevar dei andre smakane, akkurat som med sjokolademousse, der eg alltid har i ei klype salt. Så no har eg revidert bolleoppskrifta mi. Denne …