All posts filed under: Noko søtt

Dessert: Marsipanterte

Dette er bortimot den enklaste kakeoppskrifta eg veit om, fire ingrediensar er alt som skal til. Det er ei marengskake som er bakt med marsipan, eg serverer den med brinebær og piska krem til. Pynt og tilbehør kan varierast etter smak og behag. Slik gjer du det: Marsipanterte 90 g marsipan 3 eggekviter 1,5 dl sukker Ei klype salt Set omnen på 175 grader. Riv marsipanen fint. Ha eggekvitene med saltet i ein bolle, og pisk den ganske stiv. Ha i sukkeret litt etter litt, og pisk til det blir ein stiv masse. Vend marsipanen inn i marengsmassen. Legg bakepapir i botnen av ei springform, eg brukte 24 cm. smør kanten inne i forma 2-3 cm opp. Fyll i massen, og bak kaka på 175 grader i 12 minutt. Den hevar seg, men skal synke saman. La den kolne i forma. Skjer rundt kanten før den er heilt kald. Ta botnen ut av forma, og dra forsiktig av bakepapiret. Legg botnen på eit fat, og pynt med bringebær. Pisk 2 dl kremfløte med 1 ts …

Te og sjokolade

I julegåve fekk eg eit te- og sjokoladekurs i regi av Palais de Thés. Eg har vore innom der og handla te tidlegare, men det var veldig spennande å få ein nærare introduksjon til teane dei har i butikken. Vi fekk smake på 13 ulike tear i løpet av kvelden, av svært forskjellig karakter. Wong, som leia te-delen av kurset er utruleg kunnskapsrik, og sprudla over med te-inspirasjon. Vi smakte oss igjennom fem menyar med to ulike tesortar til ein sort sjokolade, frå kvit sjokolade til sjokolade med 100% kakaoinnhald. Heftig og deilig. Ikkje minst var det artig å treffe Sebastien frå Sebastien Bruno, som driv sjokoladebutikk i Skovveien. Han har mellom anna laga konfektar inspirert av teane til Palais de Thés. Det var ei heilt ny oppleving! Sjekk ut nettsidene til Palais de Thés, dei har slike kurs kvar månad. No på søndag har dei te-fest i butikken på Olaf Ryes plass, med te, makronar og aktivitetar for heile familien frå kl. 13 til kl. 17. Stikk ein tur innom om du er i …

Blodappelsingelé i kjærleikens teikn

Eg hadde ulike idéar eg drodla med då eg planla den store bryllupskaka, ein av dei var å stikke ut hjarte av melonskiver, og legge i geléen. Eg lagde nemleg for mange år sidan ei bryllupskake der eg hadde veldig dårleg tid, og då brukte eg marsipanlok med utstansa marsipanhjarte på. Det vart kjempefint. Så eg kjøpte ein stor melon, og fann fram mandolinen. Ein mandolin er ein kuttemaskin, det er ein slik du ofte får demonstrert på messer og på tv-shop midt på natta. Eg skar melonen i skiver med eit 7 mm tjukt kuttejern, og stakk ut hjarte. Det fungerte berre sånn passe som kakepynt, så eg droppa den idéen og gjekk for bær i staden. Men eg hadde fleire hjarte klare, så då lagde eg ein ekstra porsjon med blodappelsingelé, og brukte hjarta i den. Slik gjorde eg det: Blodappelsingelé Saft av fem blodappelsiner 4 dl vatn 250 g sukker 10 plater gelatin Ha appelsinsafta i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke i nokre minutt, og skum …

Den store bryllupskaka

Her er den, fire etasjar med ostekake, med gelélok av blodappelsin og pynta med naturstridig mykje bær til å vere i februar. Stativet har eg kjøpt hos Gulbrandsens Glassmagasin/Culina i Torggata, det er eigentleg med fem etasjar, men eg brukte dei fire øverste. Stativet er langt meir solid og stabilt enn det eg har brukt før, som du til dømes ser her. Kaka er altså ei klassisk ostekake, stivna med sitrongelé og pynta med bær. Eg lagde tre ladningar av oppskrifta nedanfor. To ladningar gjekk i dei to største formene, og ei gjekk i dei to øverste. Storleiken på formene er 30, 26, 22 og 18 cm. Slik gjorde eg det: Ostekake 400 g digestivekjeks 150 g meierismør 500 g kremost 600 g (to beger) crème fraïche 3 dl kremfløyte 2 pakkar sitrongelé 200 g melis Skal og saft av ein sitron Frukt og bær til pynt Ta fram det fatet som kaka til slutt skal stå på.  Legg kakeringen på fatet utan botn, og sjekk at det passar. Lukk forma, og teip kakeringen i …

Prosjektet mitt

OK, her kjem første bilde. Dette skal altså bli ei fire etasjers bryllupskake. Eg har blitt fortalt at ein ikkje skal vise fram slikt før den blir servert, så difor får dokke sjå den utan pynt. Oppskrift og bilde av ferdig pynta kake kjem i morgon. Eg lovar. (Og til dei som kjenner meg, og lurer på kven som giftar seg: Fetteren til kjære.)

Fritidsproblem?

Har du for lite å fylle tida med? Og er glad i søtsaker? Då må du bestille dette søte settet for å bygge sushi med godterismak. Som ei slags visuell tilvenning til sushi, kanskje? Settet får du kjøpt her.

Å sylte i januar

At ein syltar i juli, august og september er nok det mest vanlege, men eg syltar også i januar. Som eg skreiv om her så fekk vi mykje frukt i huset rundt juletider. Nokre av desse epla vart faktisk liggande heilt til no. Skrukkete og slitne var dei, sjølv om dei hadde blitt utsett for gjenopplivingsforsøk med netter i kaldt vatn i kjøleskapet. (Ingen skal seie at eg hiv mat utan at eg må.) Har du ikkje eple liggande, men får lyst på litt frisk eplemos kan du bruke dei billige elstar-epla som du får kjøpt i posar på to kilo. Dei er søte og gode i smaken, og passar godt til mos. Eplemos kan ein alltid lage. Eg hadde seks eple, og enda opp med to glas med deilig eplemos. Epla var ikkje av den syrlege sorten, og ein månads lagring i kjøkkenet mitt gjorde at dei ikkje var spesielt saftige heller. Difor måtte eg tilsette litt væte for at dei ikkje skulle brenne seg i gryta. Det brukar eg vanlegvis ikkje gjere når …

Marsipanfylte eple

Eg kjøper alltid inn frukt til jul, i von om at vi skal vere litt sunne innimellom alt snopet. Men det slår ikkje feil, det ligg eple att på fatet når jula er over. Eg fann ein halveten marsipangris i eit skap, då vert det deilige marsipanfylte eple til dessert. Denne oppskrifta er til seks personar. Slik gjer eg det: Marsipanfylte eple Seks eple 125 g marsipan to eggekviter Ei klype salt Litt smør ½ ts kanel Set omnen på 180 grader. Skrell epla og stikk ut kjernehuset. Stikk gjerne ut litt raust av epla, då blir det plass til meir marsipanmasse. Legg dei i eit smurt eldfast fat. Smør epla inn med eit tynt lag smør. Riv marsipanen på eit rivjern. Pisk to eggekviter stive med litt salt. Vend inn den rivne marsipanen og kanel. Då vert massen flat, men det gjer ingenting. Den hevar seg i omnen likevel. Fyll marsipanmassen i epla. Steik epla på 180 grader i 30 minutt. Server med piska krem og litt karamellsaus om du er i det rampete …

Glutenfrie eggeplommekaker

Slit du og med at du får for mange eggeplommer? Kvart år lagar eg plettar, og då står eg der med sju eggeplommer som eg slit med å bruke opp. Eg lagar juleaioli til kjære, i år fekk ho til og med to sortar, der gjekk det tre. Av og til lagar vi spagetti carbonara til middag desse dagane, men denne gongen passa ikkje det. Men eg har funne ei oppskrift som er genial for å få brukt opp eggeplommer. Eigentleg er det ein slags omvendt marengs, med eggeplomme i staden for eggekvite. Skilnaden er at eggeplommekakedeigen vert fast og fin, og så bles kakene seg opp, nesten som popcorn. Gøy! Desse kakene er også fine fordi dei er gluten- og mjølkefrie. Er du i det rampete hjørnet kan du smelte litt sjokolade og dyppe dei i, pass på at det er mjølkefri sjokolade viss du gir kakene til allergikarar. Kakene kan også smaksettast på ulike måtar. Eg gjorde det enkelt, med vaniljesukker, ørlite salt og litt sitronsaft, men her er det uante muligheiter. Slik …

Julekaker dei fleste kan spise

Dei som er allergiske kan slite no i jula med å finne gode kaker som ikkje utløyser allergiske reaksjonar. Eg lagar havrecookies til mi venninne som verken toler gluten eller mjølk, dei er faktisk også eggefrie. Enkle og raske å lage er dei og. I denne oppskrifta brukar eg Euroshopper flytende margarin, som er mjølkefri. Dersom du brukar melange mjølkefri margarin må du ha i ei klype salt, for den er saltfri, og smaken vert gørrkjedeleg utan salt. Du kan variere smaken til dømes ved å ha i pinjekjerner eller grovt hakka 70% mjølkefri sjokolade. Du kan også bruke ulike typer krydder, eg har laga ein variant med ingefær og kardemomme i tillegg til kanel, dei vart veldig gode. Slik gjer du det: Havrecookies 2 dl mjølkefri margarin 2 dl demerarasjukker 2 dl vanleg sukker 7 dl glutenfrie havregryn 1 dl havremjøl 2 små ts bakepulver 2 små ts natron 2 ts vaniljesukker 0,8 dl kokande vatn 1 ts kanel 2 dl rosiner Set omnen på 180 grader. Bland saman alle ingrediensane i ein bolle, …

Sverre Sætre: Den store kakeboka

Den store kakeboka er akkurat det tittelen seier, verken meir eller mindre. Eg har vel aldri sett ei så omfattande kakebok, som famnar både norske tradisjonelle oppskrifter, franske spesialitetar og basisoppskrifter for alle typer deigar, kremar og pynt. Sverre Sætre har verkeleg gjort ein kjempejobb med å samle, prøve ut og å presentere eit fantastisk utval av kaker. Du finn alt frå Kvæfjordkake til suksessterte, frå fruktterter til julebakst, frå eclaires til vørterbrød. Skilnaden på muffins og cupcakes får du også lære. Oppskriftene er nøye nok til at alle kan klare å bake etter dei, og likevel enkle nok til at det ser overkomeleg ut. Dette er ei bok både for røynde bakarar og for nybegynnarar. Det er svært lite å sette fingeren på i boka. Etter ei nøye gjennomlesing så kan eg konstatere at han lagar gulrotkake med olje utan salt, det ville ikkje eg gjort. Langpannesjokoladekaka hans blir nok litt tynn, iallfall med standard langpanner. I ei lita langpanne blir den fin. Bortsett frå slike petitesser så er eg veldig imponert over denne …

Cardamom baked oranges – translated

Some of my foreign friends wanted to test my recipe for cardamom baked oranges, so I have translated the recipe. I have been experimenting with a dessert with spicy oranges for a while, and I have tested different ways to make it and present it. This version is served with a sour cream sauce, honey roasted nuts (store bought) and rum-drenched raisins. I always put raisins in rum early in November. They are useful for a lot of things, I put them in the Norwegian «gløgg», a sort of mulled wine, I put them in my christmas fruit cake and in chocolate truffles. And now in these succulent baked oranges. This recipe makes four servings. Cardamom baked oranges Four oranges 4 ts light syrup or honey 1/2 ts ground cardamom 1 ts vanilla extract 2 ts powdered sugar 50 g raisins 1 dl rum 50 g sweet nuts, I used a store bought honey roasted nut mix Heat the oven to 120 degrees celcius. Cut all the peel of the oranges, including all the white …

Ein himmelsk appelsindessert

Eg har drive og eksperimentert litt med appelsiner i det siste, for å finne den perfekte desserten basert på denne saftige vinterfrukta. Tradisjonen er å ete appelsin naturell, til nød med ein sukkerbit dytta inn i eit lite hol ein kan syge safta ut gjennom. Dei appelsinene du finn i butikken no er så store, søte og fine at dei inspirerer iallfall meg til å prøve ut nye måtar å servere dei på. Den beste varianten eg har servert er kardemommebakte appelsiner med romrosiner og hakka nøtter på. Dei hakka nøttene bør vere søte. Eg har brukt brente mandlar, men den beste varianten var ein ny type honningrista blanda nøtter frå Meny sitt Jacobs-utvalg. Dei er litt salte og litt søte, og det passar perfekt her. Romrosinene bør leggast på glas tidleg. Eg brukar å lage til eit stort glas tidleg i november, så har eg rosiner til fruktkaker, gløgg, trøflar og til anna moro. Eg har også erfart at appelsin bør ikkje bake på høg temperatur. Då vert den tørr og trist. Det perfekte …

Før frukost

I helgane vert frukosten ofte sein (og lang) her i huset. Då er det godt med noko før frukost. I dag hadde eg liggande ein mango som var på veg til å bli overmoden, eitt par brune bananar og to appelsiner. Då lagde eg ei gul vitaminbombe som vart servert medan teen trakk og ferske rundstykke sto i omnen. Slik gjorde eg det: Gul smoothie 1 mango 2 appelsiner 2 bananar 6 dl kefir 2 ss honning Rens all frukta, og ha den i blender. Køyr den glatt medan du «sper» med kefir. Smak til med honning til slutt. Server i fine glas med sugerør.

Torta della Nonna

I dag serverer eg ei klassisk italiensk kake, Torta della Nonna. Torta della Nonna betyr Bestemors kake, og dette er ei kake som det finst like mange oppskrifter på som det finst italienske bestemødre. Den er eigentleg ein pai med søt paideig, som er fylt med ein vaniljekrem. Vaniljekremen kan smaksettast på ulikt vis, og det kan faktisk også deigen. Mange har sitrusskal i deigen, i dag droppa eg det. Derimot hadde eg litt sitronskal i fyllet, men det kan du droppe viss du ikkje likar det. Husk at du ikkje skal ha kjensla av å spise sitronkrem, vanilje og ost skal vere hovudsmaken. Eg har eksperimentert med å ha smelta sjokolade i fyllet, og det kan eg love deg smakar fantastisk. Kremen kan også smaksettast med Cointreau eller annan sitruslikør, viss du har i skapet. Denne vaniljekremoppskrifta er så enkel og ”safe” at  du gjerne kan bruke den i andre samanhengar der du skal ha vaniljekrem. Husk å bruke ekte vaniljesukker når du lagar denne kaka. Det grønstripete frå Tørsleff som dei har på …

Heilt alminneleg kvardagsmat

Har du det slik at det er enkelte matsortar du berre får ete åleine? Slik har eg det med blodpølse. Ingen av dei eg bur saman med syns noko om det. Difor et eg det når eg er heime åleine. Men på torsdag var det litt kaotisk middag her. Tolvåringen hadde steikt seg karbonader relativt tidleg på dag. Fjortenåringen kom heim frå trening, og det einaste ho ville ha var steikt ris. Det var nok kokt ris att til ein person, så det fekk ho. Så kva skulle mor ete? Vi hadde fine, syrlege norske eple på fruktfatet, og i kjøleskapet låg det ei svart pølse og venta. Då var ikkje valet så vanskeleg. Det er så enkelt at det er nesten ikkje som ei oppskrift å rekne, men likevel: Slik gjorde eg det: Mammamat 200 g blodpølse per person Eit eple per person 1 ts sirup per person Smør til steiking Skjer blodpølsa i skiver, og steik dei i smøret i varm steikepanne. Legg over på tallerken. Skrell epla, del dei i to og fjern …

Marengskake med sjokolademousse

No i helga laga eg ei kake som vart borte som dogg for sol, så god vart den. Den må påbyrjast dagen før, men huskar du på det er det ikkje mykje arbeid å lage den. Botnen og sjokolademoussen må lagast på førehand, og så monterer du den dagen etter. Ei slankekake er den ikkje, men den er glutenfri. Det er vel bra? Marengsmassen er piska opp med litt salt og eddik. Opprinneleg hadde saltet og eddiken som funksjon at marengsmassen skulle heve seg betre. Eg syns dei gir god smak og, tradisjonell marengs med berre sukker og eggekvite smakar ikkje så spennande. Slik lagar du den: Marengskake med sjokolademousse 2 eggekviter 130 g sukker Ei klype salt 1 ts balsamicoeddik 150 g mørk sjokolade 3 dl fløte 1 ts instant kaffepulver 1 dl fløte og skiva mandlar til pynt Ha eggekvitene i ein bolle saman med salt og eddik. Pisk eggekvitene luftige. Ha i sukkeret skei for skei til du har ein fast, glatt marengsmasse. Klipp ut ein runding av matpapir. Legg den under …

Amerikansk frukost

Å spise pannekaker til frukost gjev meg ein deilig, rampete følelse. Det har noko litt uvørent og vågalt ved seg, no i desse lågkarbo-tider. Alt skal vere så proteinrikt, sunt og helsebringande. Pannekaker med kvitt mjøl og steikt i smør er nesten på linje med eit lovbrot. Men her i huset har vi det ofte, både dei tjukke amerikanske og dei norske, tynne. Enkelte meiner dei er franske, det må dei gjerne. Med blåbær frå målselvskogane er dei norske nok for meg. Eg elskar amerikanske pannekaker, men eg har ikkje fått dei til, syns eg. Men no har eg funne ut kva som skal til: obskøne mengder bakepulver. Prøv denne oppskrifta, du kjem ikkje til å angre. Eg lagar dei i stor steikepanne, då får eg plass til fire pannekaker i kvar steikerunde. Har du takke kan du godt lage dei på den. Slik gjer du det: Amerikanske pannekaker Vel 3 dl mjøl (ca. 180 g) 1 egg 2 ss sukker ½ ts salt 1 ss bakepulver 3 ss smør 3 dl mjølk Bland alt …

Blåbærpannekake

Denne lagde eg ikkje sjølv, eg fekk den servert på andre sida av plenen. Men ikkje desto mindre, den er så god at eg må berre dele den med dokke. Unnskyld for den elendige fotokvaliteten, iphone… Slik gjer du det: Blåbærpannekake 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt 2 ss sukker 4 dl blåbær, frå skogen eller frysedisken Kok blåbæra opp med sukkeret, og set til side. Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake. Legg dei oppå kvarandre med blåbærsaus eller syltetøy mellom kvart lag. Skjer i snippar og server. Leppene vert goth-farga, men det er …

Meir dessert…

Denne helga har søstra mi førtiårsbursdag, gratulerer, kjære du! 🙂 Eg lagar dessertar til eit selskap til sytti, og vertinna vil gjerne at folk skal få velge mellom forskjellige dessertar. Difor har eg laga 35 glass med appelsinsjokolademousse, 35 glas med mokkasjokolademousse, 40 porsjonar med pannacotta, denne gongen med multesaus, og sikkert nærare femti glas med god, gammaldags trollkrem. Trollkrem er ein kjempefin allergikardessert, gluten- og mjølkefri. Trollkremen lagde eg slik: 1,3 liter tyttebær 4 dl sukker 3 eggekviter Pisk alt i ein diger kenwood på full fart til det blir ein fluffy krem. Denne oppskrifta fyller den største kenwooden fullstendig. Del opp porsjonen viss du skal ha færre enn sytti gjestar. 😉 Have fun!

Den aller beste plommekaka

I går lagde eg ei enkel og veldig god plommekake. Eg trur ikkje eg lyg når eg seier at det er den beste plommekaka eg har smakt. Og sjølvskryt skal ein høyre på, for det kjem frå hjarta. Den er så god at eg åt berre ei fiskekake til middag i dag for å kunne ta eit flak av denne magiske plommekaka til dessert. Trikset her er at smøret som eg har i kaka vert bruna først. Det brune smøret gjev kaka ein nydeleg, nøtteaktig smak. På toppen av det heile, bokstaveleg tala, karamelliserer eg kaka dei siste minutta i omnen. Enkle grep som gjer at denne kaka smakar betre enn andre plommekaker eg har lagd. Denne er eggefri, så har du eggeallergikarar i nærleiken er denne perfekt for dei. Det som tek tid med denne kaka er at den skal lagast med bruna smør. Her er det smør som gjeld, ikkje margarin. Dette er ein ganske liten porsjon, eg har ei form som er 20×20 cm som eg brukar til denne oppskrifta. Den passar …

Kaker for ein regnversdag

Uansett kor ein vrir og vender på det, det kjem alltid regnversdagar i ferien. Då passar det fint å lage regnverskaker. Desse kakene vart til på ein slik dag, og dei vart også til ved at vi kikka oss rundt og såg kva vi hadde i huset. Vi hadde ein rest havregrynsgraut, vi hadde overmodne bananar og vi hadde peanøttsmør. Då var det berre å gå i gang med eksperimenteringa. På toppen av det heile visste eg at ho som skulle kome på besøk ikkje toler mjølk. Då var det eit mål å ikkje stappe kakene fulle med smør eller kesam. Dette er altså mjølkefrie småkaker, eller ”cookies”, som det heiter på nynorsk. Sidan dei er smørfrie blir dei ikkje så sprø som vanlege kjeks, men dei smakar likevel veldig godt med eit glas mjølk eller ein god kopp te til. Brune bananar er det ingen som vil spise hos oss, dei må vere nesten grøne for at barna skal like dei. Det er synd, for bananar er på sitt beste og sunnaste når dei …

Ein fin frukost

Ta hurtigmiksaren din (det er vel det den heiter?) og finn fram alt du har av frukt. Eg fann fram ein honningmelon som var på veg over the top, to bananar, tre nektarinar og tre store skeier av mors blåbærsyltetøy frå Målselv. Rens all frukta for skal og frø, og ha den i hurtigmiksaren. Slå på så mykje yoghurt som du får plass til. Skru godt til loket (veeeldig viktig) og køyr det heile til ein glatt puré. Dette kan ta lengre tid enn du trur, spesielt med heile blåbær i syltetøyet. Server i store glas med sugerør frå Søstrene Grene. Dette kan med hell serverast på senga, kunsten er å ikkje søle. Den kan godt stå i kjøleskapet over natta. Kos dokke. 🙂

Kan eg få minne om…

at det er tid for å gå ut og plukke hylleblomar? Lukt på dei slik at du er sikker på at det er hyll du plukkar. Her er oppskriftene du treng.