Møsbrømlefse
På vår ferd rundt om i Salten fekk vi smake denne lokale spesialiteten som det går gjetord om. Lefsa har til og med eiga støttegruppe på Facebook. Møsbrøm er fyllet i ei nøytral lefse. Fyllet er søtleg, basert på brunost og mjølk, og heile greia skal spisast varmt. Dei lokale gjer det ofte med fingrane, det ser ikkje så stilig ut, men dei får gjere som dei syns er best. Vi tilreisande tyr til kniv og gaffel for å halde på stilen. Vi vart altså invitert på møsbrømlefse på sjølvaste jonsok, og som jonsokmat passa det bra. Denne lefsa er like mektig og søt som rømmegraut, og sit i magen like lenge. Eg har funne ei oppskrift, men den må takast med ei klype salt. Dette er mat som vert lagd på slump, og kvar møsbrømlefsekokk har sin eigen variant. Men du kan prøve denne: Deigen til lefsene: ½ l heilmjølk ½ l kulturmjølk 2 ts hornsalt ca. 1 kg kveitemjøl Rør saman alle ingrediensane til ein smidig deig. La den kvile litt før du …