All posts filed under: Mat

En foreldrekategori for all mat.

Meir italiensk – capunata

Har du hatt den kjensla nokon gong at du tenker tilbake på noko du spiste dagen før, og angra på at du ikkje spiste litt til av det, for det var så godt? Slik hadde eg det første gongen eg smakte capunata, den sisilianske grønsaksrøra som har noko til felles med den franske ratatouillen, bortsett frå at den er mykje betre.  Eg spiste det på den fine italienske restauranten Trattoria Al’Muntagnolia i Fuggerstrasse i Berlin, stamrestauranten for musikarane i Berlinfilharmonien tidleg på 2000-talet. Capunata eller caponata er eit døme på dei magiske smakseigenskapane til aubergine, ei grønsak som smakar bittert og rart på eiga hand, men som saman med andre grønsaker, urter og krydder verkeleg gjev ein rett eit løft. Capunata er ein sursøt grønsakssalat som vert servert kald, men som vert varma opp under tillaginga. Som med all slik mat finst det like mange oppskrifter som det finst husmødre. Slik gjorde eg det: Capunata 2 auberginar Salt 2 løk 2 raude paprika 4 stilkar stangselleri 2 dl olivenolje 1 ss sukker Ein neve kalamataoliven …

Italiensk «ballj»

I dag har eg lagd det som i det italienske kjøkkenet kjem nærast opptil den sunnmørske ballen; gnocchi. Så vidt eg har klart å bringe på det reine uttalar ein dette ordet njåkki. Eg lærte på den harde måten at ein ikkje uttalar det njokkji. Då eg sa det til ein italiensk kelner som kom med steikt fisk til meg, han kom med endå ein porsjon med steikt fisk… Gnocchi er eit tilbehør som kan brukast ved sidan av kjøttrettar, ein tradisjonell bolognesesaus eller pesto. Den vert laga av ei blanding av kokte, moste poteter og ei overraskande stor mengde mjøl. Eg salta litt (ikkje alle oppskrifter har med salt i sjølve deigen) og litt parmesanost. Dette er ein stor porsjon, men gnocchi er billig å lage, og når du først gjer det kan du like gjerne lage ein stor porsjon og fryse ned halvparten. Som med ballj er gnocchi best med gamlepoteter. Dei har mykje tørrstoff, og bitt saman desse potetdingsane på ein god måte. Nypoteter har for mykje væte i seg, og vert …

Deilig nykål

No har nykålen komt! Saftig, sprø og fin ligg den i grønsaksdisken og ventar på å få bli med heim. Den passar til det meste, men alle tradisjonelle rettar med kokte poteter med saus vert betre med fersk nykål som så vidt har hatt ein liten tur i kokande saltvatn. Eg skar kålhaudet (ja, eg veit det heiter hovudet, men vi seier ikkje det…) i fire, og dampa det i to-tre minutt i godt salta vatn. To barneskeier salt til 7-8 dl vatn blir passe syns eg. Ein sprut sitronsaft i vatnet gir god smak.  La kålhaudet renne godt av, det er utruleg kor mykje vatn som gøymer seg inne i ein slik skalle. Så lagde eg ein deilig sommarsaus, og serverte med noko så enkelt som steikte fiskekaker og nypoteter frå syden.  Dette er sommarsmak for meg, sjølv om eg måtte ta på meg sokkar i ettermiddag, så kaldt var det. No må det bli sommar snart, ikkje berre kalendersommar!  

Terter på 1-2-3

I dag har Heidi lagd lekre små terter, som ein kan lage på førehand og ta fram om ein skulle få gjestar. Dei er også fine små porsjonsdessertar når du har sommarselskap.  Alt godt Dette er godsaker ein sommardag til ein kopp kaffi eller te. Du fyller terta av det du måtte ha av vekstar rundt deg. Bær, frukt eller noko hermetikk frå skapet, eller kanskje ein kombinasjon. Frukta kan leggjast på ei seng av vaniljekrem – viss det er til fint. Du kan lage desse så kunstferdige du vil og du kan gjerne pensle dei med litt halvstiv sitrongele til slutt. Tertene kan du lage i god tid i førvegen, oppbevare dei i ein boks og ta dei fram etter behov. Deigen kan og oppbevarast i kjøleskåpet over lengre tid. Det var vanleg før i tida å lage tørre kaker til sommaren. Kvinnfolka hadde då ofte lite tid på kjøkenet, for det var mykje utearbeid som måtte gjerast. Dei bakte opp tørrkaker i god tid før slåttonna byrja, og dei fylte gjerne ei heil …

-Og så: Bryllupskake!

Bryllupet er dagen då alt skal klaffe, perfeksjonismen får fritt spelerom og alle draumar vert verkeleggjorte. Dei geografiske og kulturelle skilja er interessante. Eit sunnmørsk kakebord er ein eigen kategori, på austlandet er fire kaker til 50 gjestar heilt OK. På Sunnmøre ville det ha vore ei stor skam. Kjem du med «skuffekake» til eit sunnmørsbryllup rynker tantene på nasa, det skal vere runde, lekre kaker med forseggjort pynt. When in Rome, do as the Romans, ser du at det er snaut med kaker så er det berre å forsyne seg med konduite. På Sunnmøre er det berre å legge innpå, og smake på nye sortar utan å vere flau. Hovudkaka skal tradisjonelt vere eit stort flak, eller tre kaker av ulik storleik montert saman i trekant eller i tårn. No er det enkelt å få tak i flotte kakestativ, slik at ein kan montere tre kaker oppå kvarandre. Nokre huskereglar må ein likevel notere seg: Det løner seg å montere kaka (altså ”bygge” stativet”) på kakebordet. Det er så og seie uråd å frakte …

Dagens muffins

Av og til er det enklaste det beste. Iallfall for bakaren. Det smakte ikkje så verst heller, for trettenåringen og eg delte ein som det dessverre ikkje var glasur att til. Dette er altså muffins lagd med TOROs gulrotkakelangpanne, med bremykt som bakefeitt og melisglasur. På toppen: Eit av dei 24 finaste morellene eg fann i hundrekronersposen frå Singh. Og det mest fantastiske er at desse kan du få kjøpe – viss du er i Oslo! Bydelsdagen på St.Hanshaugen byrjar klokka 13, og då skal desse stå på bordet viss mor klarer å rote seg ned dit i tide. Ti kroner stykket, gemalen meinte dei burde koste minst 30,-, og når eg tek omsyn til prisen på morellene er det sikkert rett. Støtt Ila Skoles Musikkorps, du kan til og med få høyre dei, og kjøp ein muffins. Eller ein vaffel. Ha ein fin dag, i morgon kjem bilda av bryllupskaka!

Heimelaga fiskepudding

Fiskefarse er utruleg lett å lage, iallfall viss du har ein hurtigmiksar eller ei matmølle av eit eller anna slag. Har du ein stavmiksar med stor hakkebolle kan du lage farse i den. Fiskemat blir best med kvit fisk syns eg, men du kan også bruke laks eller ørret. Eg vaks opp med bestemora mi som lagde fiskemat av hyse og lyr, hyse lagde ho fine, store fiskebollar av som ho kokte i kraft. Den er kvit og fin i fisken, og gir god smak. No har vi nye fiskesortar i butikken, pangasiusfilet går til dømes fint å lage fiskemat av. Er du så heldig at nokon fiskar for deg, så er lykka gjort. Sjekk filetane godt for bein, det er ikkje så kjekt å treffe på i fiskekaker eller pudding. Fiskefarse kan lagast i former, individuelle eller ei lang brødform, den kan steikast til fiskekaker eller kokast til bollar slik mi bestemor gjorde. Farsen kan lagast litt grovare, slik at fiskekakene blir meir som karbonader. Gode er dei uansett. Når du lagar fiskefarse er …

Heilsteikt kylling

Heilsteikt kylling er ein favoritt her i huset. Den lagar seg sjølv meir eller mindre, og alle likar det lyse, saftige kyllingkjøtet. Eg brukar å kjøpe store gourmetkyllingar til denne retten, dei gir meir mat, og meir smak. Kyllingen har godt av å bli gnidd inn med ting som gir smak, og du kan også putte gode ting inni for å gje smak. Denne har fått sitron og urter inni seg, og er gnidd inn med gode greier for å gje god smak til både skinnet og kjøtet. Til kyllingen serverte vi ferske asparges og risotto. Ein kan godt blande aspargesen i risottoen, men sidan ungane ikkje er så glade i asparges (da blir det mer på oss, mel. Knutsen og Ludvigsen) har vi dei ved sidan av. Risotto lagar eg med italiensk arborioris. Eg har høyrt at enkelte lagar risotto med grautris, men det har eg ikkje prøvd. Arborioris er ein rundkorna ristype som beheld form og fastheit gjennom kokeprosessen, og som er ein del større i kornet enn vanleg basmati eller jasminris. Det …

Sommarfest med rømmegraut

Her om dagen fekk eg ånda over meg, og lagde rømmegraut. Då vi sat der og åt grauten med tørr brudevoldmår og flatbrød var vi veldig einige om at det er utruleg godt. Vi burde eigentleg ete det oftare. For linjene ville nok ikkje det vere optimalt, men gudbedre meg for ein fantastisk smak med enkle og billige middel. Rømmegraut er strålande festmat og, inga sak å lage til mange, og alle blir glade. Med litt fenalår, litt mårpølse og spekeskinke til blir dei fleste mette. Eg ser for meg bunader på rad og rekke, og ei barmfager grautkokke på kjøkenet. Grauten er også ein naturleg del av jonsokfeiringa, eller St.Hans. Heime på Sunnmøre vert det alltid servert graut, enten på skulen eller på Kjeldsund. Denne oppskrifta er til to vaksne og to barn, eller tre vaksne. Slik gjer du det: Rømmegraut 2 beger (600 g) seterrømme 2,5 dl mjøl 7,5 dl mjølk 1 ts salt Kok opp rømmen i ei tjukkbotna gryte medan du rører flittig. La den koke i fem minutt. Ha på …

Dei enklaste kjeksa – engelske Shortbread

Tiåringen skulle gjere engelsklekse, og kva er vel meir på sin plass enn å bake shortbread? Han kom heim med oppskrift på engelsk frå engelsklæraren, og gjekk i gang med friskt mot. Sjølv om handmiksaren var det morsomaste, og den fekk køyre litt i fri, så vart det faktisk kjeks av det. Den klassiske oppskrifta på shortbread, som er skottane sitt nasjonale tebrød, er ein del sukker, to delar smør og tre delar mjøl. I gamle dagar vart det vanlegvis laga med grovmjøl, men i dei seinare åra har det blitt mest vanleg å lage med fint mjøl. Shortcake er ein slektning, det er shortbread med hevemiddel og gjerne ei smakstilsetjing i form av frukt eller krydder. Tiåringen og eg vart samde om at vanilje sikkert ville heve shortbreada til nye høgder, og i tillegg grov ho mor i skuffene og fann fram perlesukker. Det byrjar nok å dra på åra, dette perlesukkeret, men det kan ikkje gå ut på dato, kan det vel? Eg vart reint imponert over guten min, det var ikkje mykje …

Urtesalt frå hagen

Kva skal ein bruke alle desse urtene til? Enkelte av dei kan vekse seg høge på kort tid, og allereie no treng nokre av mine å bli tukta ein smule. Som eg sa i går, dess meir ein brukar, dess meir avling får ein seinare i sesongen. Eg brukar å lage urtesalt av mine urter. Det går med mykje urter til ein slik prosess, så når eg kappar ned løpstikke og persille som blomstrar blir eg kvitt ein heil del. Dette er ei stor oppskrift, men kor mykje det blir til slutt er eg ikkje sikker på. Urtesaltet står framleis i omnen til tørk! 😀 Her er det eg byrja med: Ein bunt sitronmelisse, eit knippe grasløk, masse løpstikke, masse bladpersille, litt kruspersille og nokre salvieblad. Salvien skal blomstre, og då er den så vakker at eg får lage urtesalt av den seinare når den er avblomstra. Den er som hortensia, og blomstrar på fjorårsgrein. Fordelen med å lage sitt eige urtesalt, utover det faktum at du får brukt opp urtene, og det er rasande …

På vikingevis

I dag skal vi gå drastisk til verks, vi skal lage mat slik vikingane gjorde det. Mat ute smakar best, men det treng ikkje alltid vere matpakke eller grilling når ein skal lage til eit godt måltid ute. Eg fekk vere med på å koke kjøt og fisk i kokegrop, og det er ein spennande og annleis måte å lage mat på. Du kan variere på mange måtar, og sjølv om det tek litt tid så er det spennande når alle som er med på tur gjer sitt til at måltidet vert ferdig. Å lage ei kokegrop er ikkje så komplisert, men du treng litt utstyr. Du treng ein stikkspade, ei greip og/eller ei hakke, eit par kraftige hanskar, ein sekk ved og 25-30 steinar på storleik med eitt par knytnevar kvar. Sjekk ut reglane for bålbrenning før du går i gang, det kan hende at du treng løyve. Finn ein stad der jorda er fuktig, steinfri og fin, med eit solid lag med gras på toppen. Myrjord fungerer kjempefint til å lage kokegrop i. Bruk …

Dagens enkle

I går trengte eg ein kjapp middag, og heldigvis hadde Singh, vår lokale landhandlar (viss ein kan kalle han det når han driv butikk innanfor ring 2…) ope. Eg fekk tak i fiskekaker, tomatar og hamburgerbrød. Resten hadde vi i kjøleskapet og i hagen.  Eg steikte fiskekakene i steikepanna, og rista brøda i brødristaren. Så lagde eg denne dressingen: Hamburgerdressing 2 ss majones 1 ss remulade 2 ss oppklipt graslauk 2 ss kesam 1/2 ts honning Salt og peppar Bland alt, og smak til. Ha litt dressing på nedre del av hamburgerbollen, og legg på salatblad og tomatskiver. Legg på fiskekaker, og ha på litt dressing til. Likar du ketchup i slike installasjonar så pøs på. Litt sylteagurk eller kapers er også godt. Mmmm!    

Afternoon tea

Ei av gårsdagens gleder var afternoon tea i tesalongen til Perch’s thehandel. Afternoon tea er ei anretning som vart lagd for å fylle gapet mellom lunch og middag hos det engelske aristokratiet. Anna Maria Stanhope, hertuginne av Bedford, var hoffdame for og venninne av Dronning Viktoria, og ho seiest å vere oppfinnaren av dette velkomponerte måltidet. Hos Perch’s fekk vi servert ein tradisjonell «tea tier» med tre etasjar. Vi fekk tre typar sandwichar, agurk med kremost, laks med matchate og rekemousse. Så fekk vi dei mest fantastisk saftige og smakfulle scones med piska krem, lemon curd og skogsbærsyltetøy. Eg må heim og prøvebake mi eiga sconesoppskrift på nytt, og finne ut kva eg må gjere for å få den til å likne meir på Perch’s si. Til slutt, då vi eigentleg ikkje hadde plass til meir, sto kakene att, ein liten bakt marsipanhatt med sjokolade og ei sjokolademousse-kake med lime. Teane vi drakk til var ein kvit yunnan og ein assam med krydder. Ja, og så eit glas Cremant til, sjølvsagt. Mmmm!

Laks, brennesle og eple – sommarmenyen er klar!

No nærmar sommaren seg med stormsteg, og sokkar i skoa har eg forlengst slutta med. Sola skin, og vi er klare for sommarmat. Heidi har som eg vore ute og plukka brennesle, og laga suppe. I tillegg har ho lagd nokre smarte foliepakkar med laks, og ei saftig tysk eplekake. I morgon bloggar eg frå København, det blir spennande å sjå kva byen viser oss denne gongen! Alt godt I barndommen brende vi oss ofte på brennesle som stod bak utedoen, fjøset og langs vegkantane og ikkje minst på setra. No når det er mindre dyr både på innmark og utmark og planta har vorte sjeldnare. Dette er truleg fordi all dyremøkka er vekk, og brennesle vil gjerne ha nitrogenhaldig jord. Likevel det er liten tvil om at planta er verdifull, ho kurerer vårslappheit og har vore mykje brukt i folkemedisinen. Brennesle har høgt innhald av c-vitamin og jern og ho har endåtil blodrensande effekt. Kva meir kan vi ønskje oss! For bønder og andre som har rikeleg tilgang på planta er det eit nisjeprodukt. …

Bruke opp skinke-prosjektet

Sa eg at vi hadde for mykje skinke? Først ein svensketur og så ein til gjer at det hopar seg opp. Det er billig å kjøpe, men dyrt å kaste, så her går mor i gang igjen.  Denne gongen kombinerer eg skinka med brokkoli, og gratinerer dampa brokkoli med kvit saus tjukk av skinke. Dette er enkel og billig mat, alle likar den, og den er lett å variere. Eg har lagd denne med bacon, med reker og med pølsebitar. Du kan og ha røykt raud fisk i sausen, som laks eller ørret. Brokkoli kan byttast ut med blomkål eller purre, og eg har også gratinert dampa jordskokkar på denne måten. Droppar du skinke eller tilsvarande, er dette ein fin vegetarrett. Slik gjorde eg det: Skinkegratinert brokkoli  800 g (to «hovud») brokkoli 100 g ost 8 dl mjølk 2 ss smør 2 ss kveitemjøl Salt, peppar og muskat Set omnen på 200 grader. Skjer dei grovaste stilkane av brokkolien, og del opp bukettane til passe storleik. Kok opp godt salta vatn i ei gryte, og …

Festbord i mai

Mai og desember er dei to store festmånadane for meg. Vi har mange bursdagar i mai, og dei mange fridagane er fine høve til å invitere huset fullt. Men det er ikkje alltid ein har lyst til å invitere til sitt ned-middag. Av og til er det deilig å berre mingle, danse, drikke sjampanje eller liknande og kose seg på ein meir uformell måte. Dei siste åra har ei tapas-bølge ridd landet. Uansett kvar du skal får du servert tapas, og det er langt frå den spanske tapasen, som berre er eit lite tiltygg til eit glas sherry. I dag prøver eg å fjerne meg frå tapas-bølga, men eg serverer likevel fingermat. Menyen du får her er utan kjøttbollar og aioli. Dette er ekte fingermat, som ein kan spise utan å sitte ned. Det kan vere vanskeleg å berekne kor mange bitar ein skal planlegge per person. Dersom ein serverer berre fingermat, bør ein ha sju bitar per person, og så noko søtt til slutt. Dersom ein har dette til ein drink før maten, er …

Bakte jordskokkar

Eg eksperimenterer vidare med jordskokk, etter suksessen med jordskokksuppe her for ei stund sidan. Av dei erfaringane eg har gjort meg er at koketida varierer frå skokk til skokk, så og seie. Eg kan ha to jordskokkar av same storleik og plukka på same stad, den eine er mør etter 20 minutts koking, den andre er framleis hard etter 35.  Den beste løysinga på dette problemet er etter mitt syn å bake jordskokkane i staden for å koke dei. Eg handterer dei omtrent som båtpoteter, men delar dei litt grovare og mindre systematisk opp, mest fordi skokkane varierer slik i form og storleik. Jordskokkane vart vende i krydder og olje, og lagt i ei langpanne med bakepapir under. Dette bakepapiret sparer mykje vasking. Slike langpanner vert alltid ståande til godt etter middag, og reingjeringa er mykje enklare med bakepapir i botnen enn utan. Krydder-samansetjinga kan du variere etter smak og behag, det eg gjer her er berre eit forslag. Likevel er det nokre råd eg kan gje. Estragon passar ikkje så godt til jordskokk, den …

Kjøleskapslogistikkutfordringar

Av og til skjer det seg med innkjøpa til familien, vi endar opp med for mykje, slik at ting står i fare for å gå ut på dato. Frysaren er fin å ha, men det er grenser for kor lenge ting held seg der og. Dessutan er det ikkje bra å fryse mat som held på å bli dårleg, frysemat skal vere av god kvalitet.  I går kunne eg konstatere at eg sto der med ein pakke skinke som går ut på dato i kvart øyeblikk. Då gjeld det å hive seg rundt, og vere kreativ. Eg kjøpte ein boks crème fraïche, plukka asparges i hagen og fann ein liten purreslask i kjøleskapet. I tillegg hadde gubben spretta ein boks svenskesider, som eg tok ein raus klunk av. Ut av det fekk vi ein deilig middag. 5 svoltne vart mette av denne ladninga. Slik gjorde eg det: Tagliatelle med skinke og asparges 500 g tagliatelle 200 g kokt skinke 1 beger crème fraïche 1 dl eplecier eller eplejuice 15 cm purre Ein bunt asparges  Salt …

Kaketips for 17. maifest

På vår skule er det kvart år fjerdeklasseforeldra som lagar 17. mai-fest for skulen og nabolaget. Foreldregruppa vert delt inn i ei teknisk gruppe som riggar og fiksar, ei leikegruppe (enklaste jobben…) som organiserer sekkeløp og limbodansing, lotterigruppa som fiksar gevinstar og lodd, og matgruppa. I tillegg skal alle levere minst ei langpannekake til salg, eller ei tilsvarande mengde muffins eller bollar. Då eg var i komitéen for første gong i 2006, vart eg spurt om eg kunne sende ut nokre kakeoppskrifter på mail og i ranselpost slik at folk hadde noko å gå ut frå når dei skulle lage sitt bidrag. Det som står nedanfor her er den mailen som eg sende ut. Oppskriftene på kaker å dele tidlegare i bloggen er alle henta frå denne mailen, så eg lenkar til dei lenger nede.  Nokre syns vel at det å få noko slikt på mail eller i sekken kan vere litt kakepolitiaktig. Det kan vel hende, men dei fleste som fekk det var kjempefornøgde, og for ein gongs skuld fekk vi kakene levert slik …

Allergivennleg festbord

For dei som er allergiske er alle dei flotte festborda i mai eit trist syn. Ofte er det ikkje teke omsyn til at enkelte ikkje toler mjølk, mjøl eller nøtter. Eg syns det er god skikk å alltid spørje om det er allergikarar blant gjestane mine. Eg er heller ikkje fan av så voldsom merking av allergivennlege produkt på eit festbord, i allfall ikkje i mindre private selskap der vertskapet kjenner alle gjestane. Gje heller allergikarane eit vennleg hint om kva kaker som er lagde med tanke på dei, og så kan alle forsyne seg fritt. Står det ”allergimat” på ei kake så styrer alle andre unna, heilt utan grunn. Kaker som er allergitilpassa smakar ikkje så veldig annleis enn andre, og ingen allergikarar klarer å setje til livs ei heil kake åleine. Som vertinne er det målet mitt at allergikarane skal kunne spise det aller meste av det som er på bordet. Det er enklast både for dei og for meg. Blåbærpai 4,5 dl glutenfri fin mjølmix 3 ss sukker 150 g mjølkefri margarin …

I morgen er det sommer

”I morgen er det sommer”, fortalde den austlandsfostra sonen min meg, han hadde sett ei sol på vermeldinga. Så feil kan ein ta, ute er det så vidt temperaturen kryp over 12 grader av og til, og regnet silar ned rett som det er. Men inkje er så gale at det ikkje er godt for noko. Hagen min er fin og grøn, det har til og med kome gras på nokre flekkar der det før berre var grus og groblad. Plenfrøa trivest tydelegvis med 12 grader pluss og lett regn. Rabarbraen kjem og trufast, trass i at den brutalt vart greven opp i vinter av UPC som kom for å legge inn breiband i huset vårt. Og breitt var det, vi har fått eit nytt bed som kallast UPC-bedet, ei meterbrei stripe som før var plen, men som no er fylt med fiolar, tusenfryd og alperips. Litt sitrontimian har vi og funne plass til. Graslauken syns og at veret har vore greitt, han står så strunk og fin med masse lilla blomster. Svigermor mi har …

Fire svoltne og tre biffar

-Kva gjer ein då? Betre vitlaus enn rådlaus er slagordet her i heimen, så det vart middag, og alle vart mette. Eit stykke biff, i dette tilfellet entrecote, er ofte ganske stort. Mine kjøtstykke var nok i overkant av 200 gram, og med tre slike har ein meir enn nok til ein middag til fire viss ein berre er om seg og for seg. Eg skar entrecotestykka reine, altså tok bort feittauga (ja, eg veit at kokkane meiner det er det beste, men i gryte? Vel…) og andre seige ting, du veit desse perlemorsfarga banda som ligg der kjøtet deler seg. Så delte eg kjøtet i strimlar. Pass på at du skjer på tvers av kjøtfibra, elles vert kjøtet seigt same kor flott kvalitet det har frå før.  Så fresa eg kjøtet brunt i små porsjonar i varm gryte med litt smør og litt olivenolje. Eg skuldar å nemne at eg hadde ein slant raudvinsaus ståande frå den opprinnelege biffmiddagen. Jada, posesaus, det skjer her i huset iblant. Avkoket frå gryta hadde eg oppi sausen …

Shish kebab

 Sjølv om det ikkje er lenge sidan snødrevet sto om øyrene på oss er det freistande å byrje tenke på å ta fram grillen frå garasjen. Ut med gammalt kol, rista må i salmiakkvatn og skrubbast med stålbørste, og så er vi klare til ny grilldyst med nye oppskrifter. Først må vi ta med nokre grunnprinsipp for grilling: Brukar du grillkol, så tenn grillen i god tid før maten skal lagast, minst ein halvtime før du skal byrje å grille. Legg kolet i ein haug på midten utan rista på når du tenner opp. Når kola er blitt kvite av oske lønner det seg å legge hovudmengda av grillkolet på eine sida av grillen. Då kan du flytte maten bort frå den mest intense varmen når kjøtet står i fare for å bli svidd, og bruke meir indirekte varme. Ha alltid ei bøtte og ei spruteflaske med vatn i beredskap, og hald ungane unna. Eg har fått meir og meir sansen for å grille lammekjøt. Det er mildt og godt på smak, og tek til …

Godt brød er halve føda

Eg får ofte spørsmål om kva eg meiner med godt brød. Ein har så lett for å seie «server med ein salat og godt brød til» når ein skriv oppskrifter. Det beste brødet er nybakt, men mange typar brød toler godt lagring. Dei Heidi bakar her toler å ligge eitt par dagar utan at dei vert kjedelege av den grunn. Server dei med brunost, brie eller til ei god suppe. Alt godt Vår norske kosthald er basert på brød, brød og atter brød. Brød til frukost, kvelds og midt på dag. Dette er nedarva gjennom generasjonar. Men vi må ikkje klage. Før i tida hadde dei graut minst to gongar for dag. Graut til frukost og oppattvarma til kvelds. Og det var ikkje fløyelsmjuk graut dei åt, oftast var den kokt på sammalt grovt mjøl. Korleis det var å ete graut på 1800 talet har Olav Aasmundson Vinje fortalt i ”Ferdaminne” då han åt graut på garden Grut. ”Dette var havregraut av det rette slaget. Sådene stod med piggar nett som busti på ein grisrygg, …