Latest Posts

Saftig sjokoladekake med appelsin

Denne kaka vart utruleg god, så god at den vart borte før eg kom på at eg burde teke eit bilde av den. Men ta mitt ord for det, du burde prøve denne oppskrifta!

Sjokoladekake med appelsin
150 g smør

300 g sukker

3 store egg

2,5 dl appelsinjuice

100 g kokesjokolade

250 g kveitemjøl

3 ts bakepulver

Rive skal av ein appelsin

Til dynking

0,5 dl appelsinjuice

Sjokoladekrem:

1 ts pulverkaffe

2 ss kokande vann

100 g kokesjokolade

250 g melis

50 g smør

1 egg

Pisk mjukt smør og sukker til smørkrem. Pisk inn egga, eitt om gongen. Varm opp appelsinjuicen,  og smelt sjokoladen i den varme juicen. Avkjøl litt og rør deretter inn i smørkremen saman med skalet. Sikt mjøl og bakepulver saman og vend inn i deigen til slutt.

Ha deigen i ei rund form (26 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka midt i ovnen ved 180°C i ca 45 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne at kaka er gjennomsteikt. Pinnen skal vere tørr når du tek den ut av kaka. Avkjøl kaka i forma. Så langt kan du med hell førebu kaka dagen før.

Ta kaka ut av forma og fjern bakepapiret. Del den i to botnar og dynk dei med litt appelsinjuice.

Til sjokoladekremen løyser du først kaffepulver opp i kokande vann. Smelt sjokoladen saman med kaffen i ei lita gryte på låg varme. Pisk mjukt smør saman med melis og egget. Rør inn den smelta sjokoladen. Smør eit lag sjokoladekrem på botnen, legg på toppen og dekk kaka med sjokoladekrem. Pynt med det du syns passar, vi lagde marsipanroser, men du kan gjerne bruke strøssel, riven kvit sjokolade eller mokkabønner.

Det mørke i hagen

Ingen skal skulde meg for å ha ein medviten plan for det eg plantar i hagen min.

Eg kjenner mange flotte hagemenneske, og når vi møtest så byttar vi plantar, eller delar av overskotet i hagen. På ein eller annan måte har eg fått hendene i denne svarte akeleia.

Å seie at den lyser opp i bedet ville vere å overdrive, men eg syns den er utruleg stilig, der den står rank, rett og mørk.

Desse svarte tulipanae kjøpte eg nok sannsynlegvis i Oxford i fjor sommar. Heldigvis kom dei i jorda før nyttår, så no står dei og struttar i hagen min. Eg likar dei flukrete (er det eit ord?) kronblada og den lekre mørke fargen. Har du mørke fargar i hagen din?

 

Den fine trappa

Eg har vist fram denne trappa før, den ligg rett på andre sida av plenen, og inkluderer eit lavterskeltilbod av sosial type. Perfekt for oss travle kvardagsmenneske.

I dag var eg innom igjen, og den er om mogeleg endå vakrare om sommaren. Vertinna har fingerspitzgefühl, og veit korleis lys og blomar bør velgast ut og plasserast.

Sjå nøye på bildet. Ok, du skal få eit til. Ser du kva ho brukar for å halde døra open? Ei gamal japansk tekanne, som dessverre har rusta innvendig. Tung og fin, perfekt for å halde døra på plass.

I tillegg har ho dei vakraste peonane i verda. Dette er ein trepeon, og blomane er som middagstallerknar. Nydeleg!

Fenalårsuppe med tomat og chorizo

Denne suppa vart til fordi min kjære trengte litt sikringskost.

Magen hadde vore ustabil nokre dagar, og matlysta var så som så. Utfordringa vart å finne noko som var næringsrikt, smakfullt og fristande på ein gong.

Som så mange gongar før byrja eg med å sjå kva eg hadde i kjøleskapet. Eg hadde ein pakke ferske chorizo-pølser og fenalårrestar frå bursdagen min, i tillegg til masse gode grønsaker. Så då lagde eg ei suppe på det eg hadde. Slik gjorde eg det:

Fenalårsuppe med tomat og chorizo

200 g fenalår i tynne skiver

Ei chorizo-pølse, fersk

Ein liten gul løk

5 cm purre

100 g raudkål, finstrimla

Ein liten pastinakk

Ein vårløkstilk (eller toppløk)

Masse hakka persille

1/2 boks finhakka hermetiske tomatar

2 ss fond

1 liter vatn

Olje til steiking

Finhakk fenalårskivene og fres dei i olje i ei romsleg gryte. Ha i finhakka gul løk, rensa og finhakka pastinakk, tomat og raudkål, og la det frese til det er blankt og fint. Slå på vatnet og fond, og la det heile putre i 10-15 minutt. Kutt opp purre og vårløk, og ha det i til slutt saman med finhakka persille og chorizopølsa i skiver.

Smak til med salt og peppar, og evnt. litt sukker eller honning om du syns suppa vert for syrleg av tomatane. Server suppa med godt brød, vi hadde ein foccacia med oliven.

Dei fattige blant oss

Dette engasjerer meg.

 Vi har fattige rundt oss, folk som ikkje har klart å kome seg på den grønne gren, slik vi som eig vår eigen bustad saman med ein partner har klart. For det er faktisk det som statistisk sett er den største skilnaden mellom dei som har ein trygg økonomi og dei som ikkje har det. Er du einsleg, med eller utan barn, og leiger bustad så er økonomien trangare, og sjansane til å følge med i veksten i samfunnet minimale.

Mykje som skal gjerast må utrettast på politisk og strukturelt nivå, med skattesatsar, støtteordningar og andre fordelingspolitiske tiltak. Men kan ein også gjere noko i sitt nærmiljø, overfor dei som ein sjølv kjenner som har det vanskeleg? Eg prøver å gjere det, og eg har gjort det sjølv gjennom mine eigne magre tider.

Boka Smalhans var eit utslag av dette, eg gjorde meg nokre erfaringar når eg sjølv var gjennom økonomiske nedturar som eg lærte noko av.

Men det er også mykje ein kan gjere for dei ein kjenner som har det trangt. I dag skal eg gi bort to sengesett, ei dyne og ei pute. Ei kvinne som ein bekjent av meg har møtt har klart å flytte frå ein mann ho ikkje hadde det godt med. Ho har ingenting. Vi har for mykje. Seinast på laurdag konstaterte eg at vi har sju varme dyner til fire menneske. Pluss sommardyner. Då eg vart klar over at ho trengte ei dyne var det lett å tilby ei av våre som ei gåve.

Kva anna kan ein gjere?

* Viss du får tips om ein småjobb som skal utførast eller eit oppdrag som skal gjerast på kort varsel; tips ein du kjenner som er på jobbjakt.

* Når du ryddar i kjellaren og finn ut at du hadde ei ekstra sykkelpumpe du ikkje trengte; gi dei bort til nokon du trur vil trenge det.

* Når du skaffar deg nye glas eller nytt servise, og ikkje vil ta vare på det gamle, gi det til ein ungdom som skal flytte på hybel, eller ein pappa som plutseleg har blitt åleinepappa.

* Viss jobben din utrangerer skrivebord, hyller og stolar, gi dei til ein frivillig organisasjon eller ein gjeng nerdar som skal starte for seg sjølv med datahjelp.

* Kjenner du ei lita jente som ikkje kan gå i barnebursdagar fordi ho ikkje har noko å gi i gåve; Inviter henne på hobbyverkstad, og dekorer fine esker saman med henne som ho kan gi bort.

Kjenner du ingen som treng hjelp? Ta kontakt med din lokale frivilligsentral, og knytt nye kontakter og vennskap. Livet er for kort til å berre omgås dei vellykka og dei rike. Tenk deg om ein gong til. Kanskje har du nokon i din krins som slit utan at du har lagt merke til det.

Og ein ting til: Ein bør ikkje presse sine gode gjerningar på dei som kanskje treng det. Spør om det er greitt først. Nokre slit med å ta imot, nokre føler då at dei er skuldige deg noko. Er det slik, så be gjerne om ei teneste tilbake, men godta også eit neitakk utan å føle deg avvist. Det er faktisk lettare å gi enn å ta imot for mange.

Her er det noko som pågår…

Det må vere ei sylteboklansering, trur eg.

Alt dette og mykje meir skal omdannast til smaksprøver til når eg skal ut i bokhandlar og i andre samanhengar og presentere sylting og safting. Mykje jobb og mykje moro! 😀

Ei rabarbrautfordring!

Eg er med på matbloggsentralen si rabarbrautfordring denne veka, og det er knallhard konkurranse mellom mange, mange gode bidrag.

Mi ostekake med rabarbrakompott er med, og er bidrag nr. 34 i konkurransen. Syns du den er det beste bidraget, så stem gjerne på meg, då blir eg utruleg glad. Ha en fin laurdag!

No er den her!

Den nye boka som GundaM og eg har laga, Sylting og safting heile året er i butikkane as I type!

Men du er spesielt heldig, for du kan få ei signert utgåve i posten. Send ein mail til Maren Ingeborg Hvamstad i Samlaget, adressa er M.Hvamstad@samlaget.no. Boka kostar 369,-, og Samlaget dekker porto.

Kast deg rundt, og send mail til Maren om du vil ha bøker signert av meg!

Kylling med coleslaw

Coleslaw er ein av mine tilbehørsfavorittar. «Det er berre italiensk salat», var det ein som sarkastisk sa til meg, men eg syns coleslaw er mykje betre.

Her har eg servert coleslaw med ein veldig enkel kyllingvariant, med krydra filetar som får kose seg i ein fløtesaus. Mange kjøper saus på pose, men det er utruleg mykje betre å kjøpe ein pakke kremfløte, og lage sausen frå botnen av. Det tek ikkje lenger tid heller, og smaken er utruleg mykje betre.

Denne coleslawutgåva er veldig enkel, med berre kål i. Du kan variere med å ha i strimla gulrøtter, rive eple eller grasløk. Denne porsjonen er til fire svoltne personar. Slik gjer du det:

Coleslaw

300 g kvitkål, eg brukte nykål som har tynne, fine blad

300 g raudkål

Litt sitronsaft

3 ss majones

3 ss kesam

1 ts honning

Salt og peppar

Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke, eller ein sylskarp kniv. Legg dei to ulike kålsortane lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering.

Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing og snitta kål, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, litt salt. Sett til side.

Kylling i fløtesaus

6 kyllingfiletar

1 løk

Salt, peppar og timian

smør til steiking

2 dl vatn eller eplejuice

2 ts flytande buljong

3 dl kremfløte

2 skiver brunost

2 ts tomatpuré

Salt og peppar

Salte og pepre kyllingen godt, og dryss også på timian. Varm opp 2 ss smør i ei steikepanne, og legg i kyllingfiletane. La dei steike til dei er pent brune, snu dei og steik dei ferdige på andre sida, ca. 3 minutt på kvar side. Ta dei ut av panna og legg dei på ein varm tallerken.

Slå vatnet eller eplejuicen i panna, og bruk ein trespade for å grave ut alt som har lagt seg i botnen på panna. Slå på buljong og ha i fløten. La det koke opp, og ha i brunost og tomatpuré. Legg i kyllingfiletane og smak til med salt og peppar. Server med kokte nypoteter.

Party!

Neida, det er ikkje min fest. 🙂 (Og det mest utrulege: Det er i euro!)

Rabarbrapai

Du får to rabarbrakaker på rappen denne helga, denne er ein klassisk pai, som eg aldri blir lei av. Den er også krydra, i dag har eg brukt kardemomme. Slik lagar du den:

Rabarbrapai med kardemomme

Paideig:

150 g mjøl

75 g smør

30 g sukker

½ dl vatn

Topping:

1,5 dl havregryn, lettkokte

3 ss sukker

50 g smør

1 ts kardemomme

Fyll:

700 g rabarbra

100 g sukker

½ ts kardemomme

Set steikeomnen på 200 grader.

Ha mjøl, sukker og smør i ei matmølle, og køyr det til ein smulete deig. Ha i vatnet, og la matmølla gå litt til, slik at deigen samlar seg om kniven. Form deigen til ein diskos, og legg den i kjøleskapet ein halvtimes tid.

Ha ingrediensane til toppingen i matmølla, og køyr dei til ein grynete masse. Ha den over i ei skål og set den i kjøleskapet.

Kjevle ut paideigen, og dekk ei 25 cm paiform med den. Kutt av det overflødige som heng ut over kantane, prikk botnen og legg nokre erter eller glassteinar i forma for å halde botnen nede. Forsteik paiskalet lågt i omnen på 200 grader i 10 minutt.

Ha den oppkutta rabarbraen i forma, og dryss over sukker og kardemomme. Smuldre toppingen med fingrane, og fordel den over forma. Steik paien på 200 grader i 30 minutt. Server med piska krem eller vaniljeis.

Ostekake med rabarbrakompott

Få ting varslar våren som feite, fine rabarbraknoppar som sprenger seg opp av jorda.

Og no står den i si fulle prakt, hos meg har den til og med gjort seg klar til bløming. Det set eg ein stoppar for, eg kuttar vekk blomestenglane så snart eg ser dei. Eg vil ha flottast mogelege stilkar, eg vil ikkje at rabarbraen skal bruke krefter på å bløme.

Rabarbra kan saftast, syltast eller brukast i chutney, men i dag skal du få oppskrift på ei ostekake som eg dekker med eit lok av rabarbrakompott.

Rabarbra har ein tydeleg, syrleg smak. Det betyr at den kan godt kombinerast med feitare smakar som rømme, kremost eller smør. Den må sukrast godt, elles vert den utoleleg sur. Men den toler og godt å spele på lag med ulike krydder med varme smakar. I dag har eg kombinert rabarbraen med vanilje og kanel, begge passar godt til den syrlegfriske rabarbrasmaken.

Når eg skal lage fine kaker med rabarbra brukar eg å plukke dei raudaste stilkane. Dei gir penast farge, og når fargen skal syns, som på ostekaka, likar eg best at den er raud. Men det går sjølvsagt fint å lage denne med vanleg rabarbra og. Ostekaka bør lagast dagen før, slik at ostemassen får sette seg ordentleg.

Ostekake med rabarbralok

200 g grove kjeks, eg brukte kornmo

75 g smør

2 ss brunt sukker

1 ts kanel

Til fyllet:

400 g kremost

1 dl seterrømme eller creme fraiche

3 egg

100 g sukker

1 ts vaniljesukker

Til toppen:

2 dl seterrømme eller creme fraiche

2 ss sukker

1 ts vaniljesukker

Til rabarbrakompott:

500 g rabarbra, skylt og kutta i tynne skiver

75 g sukker

1 ts kanel

1 dl vatn

1 ss maisennamjøl

Set steikeomnen på 180 grader.

Smelt smøret. Ha kjeks, sukker og kanel i ei matmølle, og køyr det glatt. Bland saman kjeksblandinga og smøret. Legg matpapir mellom ringen og botnen på ei 24 cm springform og trykk blandinga av kjeks og smør ut i ringen. Ver nøye langs kanten, så ostemassen ikkje lek ut. Set forma i kjøleskapet slik at den kan kolne medan du lagar fyllet.

Ha rabarbraen i ei gryte med kanel og sukker og halvparten av vatnet. La det koke opp, og koke på middels varme i to-tre minutt til rabarbraen er heilt mør. Løys opp maisennamjølet i resten av vatnet, og rør det i kompotten. La den koke opp igjen, og putre i to minutt. Sjekk at den er passe tjukk. Set den til side.

Ha kremost, 1 dl rømme, egg, 100 g sukker og 1 ts vaniljesukker i ein bolle, og pisk det glatt med ein handmiksar. Slå det i forma, og steik kaka på 180 grader i 35-40 minutt. Rør saman 2 dl rømme, 2 ss sukker og 1 ts vaniljesukker, og slå det over kaka. Set forma inn igjen, og la den stå 5 minutt til. La kaka kolne på benken, og set den i kjøleskap i forma natta over. Dette er viktig både fordi den då blir lettare å handtere, og fordi den smakar betre dagen etter.

Skjer rundt kanten på springforma, og la kaka forsiktig gli over på ei skjerefjøl som er brei nok. Ha fatet ved sidan av, og bruk botnen på forma til å føre kaka over på fatet. Slå rabarbrakompotten over kaka før servering.

Varm om hjarta

Når ein stiller seg lageleg til for hogg slik eg gjer kan ein ofte bli usikker på om det er noko poeng, dette ein held på med. Eg har hatt mine tankar om stormannsgalskapen det er å gi ut bøker og faktisk tru at nokon vil lese dei, eller at akkurat mi bok skal gjere ein skilnad.

Men av og til får eg tilbakemeldingar som verkeleg varmar, og som gjer at eg tenker at det faktisk er eit poeng med dette eg driv med. I går fekk eg ein mail frå ein lesar, som eg har fått lov til å attgje her i bloggen. Den gjorde meg så utruleg glad og stolt. Takk, Ingrid!

Hei! 

Til jul fikk vi boka «Smalhans» av svigermor – og far, siden vi da akkurat hadde gjort vårt største kjøp noensinne, en enebolig. Dette medførte en ganske så annen økonomi, og dèt i tillegg til å gå i barselpermisjon i januar med 80% dekningsgrad, sier det seg selv at det ble smale tider. Det er det forsåvidt enda. Slik er det vel for de fleste antar jeg, og vet at det blir bedre. Vi er nygifte, er akkurat ferdige studenter, har ei jente på 8 år og ei på 4 mnd. En ganske vanlig situasjon, men jammen om vi har det bra sammen :o)
 
Grunnen til at jeg skriver til deg, er fordi jeg ønsker å takke deg for utrolig mange gode oppskrifter og tips til ny tankegang når det gjelder mat og budsjett. Nå tar jeg dette som en utfordring og lager planer, kjøper mat på tilbud og kvantitet (snarere fremfor kvalitet).  Jeg har begynt å se gevinsten i å bake hverdagsbrød selv, og utnytte rester på best mulig måte. Når det er trange tider er man så utrolig kreativ, og med gode tips fra boken din som er fremme mange ganger i uken – greier jeg å lage middager og andre retter uten den unødvendige ekstra turen på butikken. 
 
Nå skal det også sies at jeg ser litt frem til hver lønningsdag – da er det liksom «lov» å skeie ut med luksuspålegg, og andre goder. Men mellom disse få dagene, lager jeg mat på veldig lavt budsjett. Jeg er veldig glad jeg fikk boka til jul, den har vært til god hjelp!!
 
Mvh 
 
Ingrid

Ein treng ikkje forstå tysk…

…for å forstå denne! Eg måtte ta meg ein høg ein, som dei seier heime på Sunnmøre.

Den enklaste desserten

Her er gårsdagens enkle dessert: Kjøp ein pakke bringebær, ein pakke blåbær og ein pakke jordbær. Rens bæra, og fordel dei i skålene til dei som sit til bords.

Ha mjølk i ei mugge og sukker i ei skål, slik at kvar enkelt kan ha på det dei vil ha, eller spise bæra naturell. Spis og kos deg. Ha ein fin dag i sola!

Ungarsk grateng

Lagar ungararane grateng? Eg veit ikkje. Men denne gratengen som eg lagde i går vart iallfall smakande ungarsk, så vidt eg kan forstå.

Ikkje det at eg kjenner ungarsk mat så veldig godt, men litt har eg fått med meg. Paprika, tomat og løk er hovudingrediensane i mange ungarske matrettar, og tørka paprika er eit viktig krydder saman med kvitløk, chili og timian.

Utgangspunktet for gårsdagens mateksperiment var at vi hadde ungarske pølser i kjøleskapet. Ikkje noko fancy, berre dei pakkane med tre pølser som ein tek med i grillselskap. Eg brukte pølsene i ein grateng, som eg vanlegvis brukar å lage med spinat. Med ungarsk krydder fekk gratengen ein heilt annan vri som dei som fekk maten servert sette stor pris på. Slik gjorde eg det:

Ungarsk grateng

3 ungarske pølser

3 ss smør

2 ss mjøl

8 dl mjølk

1 ss søt paprika

1 klype chilipulver

1 ts timian

2 ss ajvar/paprikapuré

200 g makaroni

Ein raud paprika

1 pose lapskausblanding

1/2 purre

2 egg

Salt og peppar

Strøkavring

Set steikeomnen på 210 grader. Smelt smøret i ei gryte på middels varme. Ha i paprika, chili og timian. La det surre litt, og strø på mjølet. Slå i mjølka, og la det koke opp medan du rører. La det småkoke i ca. 5 minutt. Smak til med salt og peppar.

Kok makaronien slik det står beskreve på pakken.

Steik pølsene på middels varme i litt smør til dei blir gylne. Vend dei inn i sausen saman med ajvar. Har du ikkje ajvar kan du bruke litt ekstra tomatpuré. Rens og finhakk paprika og purre, og vend inn saman med lapskausblandinga. Dra gryta av varmen og rør inn egga eitt og eitt.

Hell smeten i ei eldfast form, og dryss på strøkavring. Steik forma på 210 grader i ca. 40 minutt, til den er gyllen og fin på toppen. Server med ein salat.

Korleis gjere ein sekstenåring lykkeleg

1. Planlegg tur til Paris.

2. Sjekk ut om sekstenåringen kan vere med.

3. Bestill billettar til Paris sjølv om sekstenåringen ikkje kan bli med.

4. Dra til Paris.

5. Stikk innom Ladurée, og kjøp med ei eske med makronar til sekstenåringen.

6. Sett makroneska på ei hylle i stova, og vent til sekstenåringen oppdagar den.

7. Sjå sekstenåringen hoppe opp og ned av glede når ho oppdagar verdas søtaste eske frå Ladurée.

Eit nytt bekjentskap

På mi reise mellom tebutikkar i Paris gjorde eg eit nytt bekjentskap etter tips frå ei god venninne: Eg leitte opp Dammann Frères.

Dammann Frères ligg på Place de Vosges, eit lite stykke aust for sentrum. Det er eit vakkert område, spesielt om du drar austover i dei gatene som går parallelt med Rue Rivoli på nordsida. Der finn du koselege butikkar, kaféar og restaurantar, og du er utanfor det verste turiststresset.

Eg har tidlegare skrytt av Mariage Frères, og dei har mange fortrinn. Earl greyen deira er betre, dei har tesalong med førsteklasses mat og dei har ein sjarmerande  og gamaldags stil. Dammann Frères er meir moderne, lokala er heilt fantastiske og dei har hundrevis av tesortar å sniffe seg igjennom.

Og kva bør ein velge? Eg seier som Ole Brumm; Ja takk, begge delar. Så har du tid når du er i Paris, dra begge plassar. Ha ein fin søndag!

Im wunderschönen monat Mai

Dietrich Fischer-Dieskau vart fødd 28. mai 1925, i går gjekk han bort, gamal og mett av dagar.

Han hadde ei fantastisk karriere som sangar og pedagog. Spesielt dei tyske lieder var hans spesialområde, og her får du ein av dei finaste: Im wunderschönen monat Mai. Opptaket er frå debutsolokonserten hans i Salzburg under festspela i august 1956. Kvil i fred, gullstrupe.

Ja, vi elskar!

Ja vi gjer faktisk det. No meir enn nokon gong. 🙂 Ha ein fin syttandemai!

Lekker ostepai

Denne ostepaien er perfekt til ein maibuffé, som vegetaralternativ på 17. mai eller som smårett når venninnene møtest for å dele ei flaske vin. Det er lett å variere smaken etter kor smaksrik ost du brukar. Eg blanda litt fetaost og ein edamer som eg har gøymt unna sidan jul, den paien fekk skikkeleg punch. Viss du brukar mildare ostar kan du garnere paien med salte smakar som spekeskinke eller lodderogn og rømme. I så fall kan du lage paien med naturell kremost, til dømes.

Versjonen eg lagde i dag står heilt på eigne bein, du treng berre eit godt glas kvitvin ved sidan av. Paien får ein luftig og lekker konsistens på grunn av egga og den piska fløten. Denne porsjonen passar akkurat til mi paiform, som er 25 cm i diameter. Slik gjorde eg det:

Ostepai

Paiskal:

80 g smør, kaldt og i terningar

160 g kveitemjøl

2-3 ss kaldt vatn

Fyll:

250 g riven/smuldra ost

1,5 dl kremfløte, ”naturell”

1,5 dl kremfløte, piska

3 egg

¼ ts kayennepeppar

Sett omnen på 200 grader.

Ha smøret og mjølet i ei matmølle. Køyr den til alt smøret er smuldra. Ha i vatnet litt og litt, og køyr matmølla til deigen har samla seg som ein klump rundt midtstolpen. Form den som ein diskos, pakk den i plast og legg den i kjøleskapet på ein kalender.

Ha osten i ein bolle, og slå på den upiska fløten. Bland inn egga og kayennepeppar.

Kjevle ut paiskalet og legg det i forma. Trykk det ut og over kanten slik at det akkurat dekker forma. Prikk botnen, legg erter eller glassteinar i paiskalet så det ikkje blæs seg opp, og forsteik det i 10 minutt.

Pisk 1,5 dl fløte, og vend den forsiktig inn i ostemassen. Ha ostemassen over i det forsteikte paiskalet og steik paien i ca. 30 minutt, til ostemassen har smelta og stivna igjen. Server med det garnityret du har lyst på, grøn salat og eit godt brød.

Fletteloff

Eit godt brød må alltid vere med på ein buffé, og viss du supplerer med litt god skinke, nokre marinerte reker og godt drikke har du festen klar. Har du dårleg råd, og blir beden om å ta med noko til ein buffé, så tilby deg å bake loff. Det er alltid populært, og kostar nesten ingen pengar.

Fletteloff er nostalgi for meg, ei av tantene mine brukte å lage det, så den minner meg om henne. Ein fletteloff ser flott ut på bordet, og er enkel å lage. Slik gjer du det:

Fletteloff

4 dl lunka vatn

1 ts salt

1 ss maltekstrakt

2 ss olivenolje

9 dl kveitemjøl

1 ts tørrgjær

Sett steikeomnen på 220 grader.

Ha vatnet i bakebollen. Ha i salt, maltekstrakt og olje. Maltekstrakten kan sløyfast, men gir god smak og fin farge, pluss at den inneheld b-vitaminar.

Elt inn mjølet litt og litt, saman med tørrgjæra. Kna det heile til det er ein glatt og spenstig deig som ikkje er for blaut, men heller ikkje for fast. La deigen heve ein halvtime.

Del deigen i tre, og trill tre lange pølser. Flett pølsene til ei flette som går på skrå over bakebrettet ditt. Legg fletta på bakepapir på bakebrettet, og la den heve i 45 minutt. Steik den i 20-25 minutt til den er gyllen og fin, og la den kolne på rist.

Vaniljepudding med krydra topping

Desserten du får oppskrift på i dag er veldig enkel, og veldig god. Det er ein pudding med vaniljesmak, som eg serverer med ein krydra sprø topping på toppen og litt jordbær.

Puddingen kan sjølvsagt også smaksettast på mange vis, men når toppingen er krydra er det fint med ein mild ”base”. Denne porsjonen gir vaniljepudding til ca. 8 små former. Slik gjer eg det:

Krydra topping

3 ss lettkokte havregryn

2 ss sukker

2 ss smør

½ ts malt kardemomme

½ ts kanel

Sett omnen på 220 grader.

Smuldre alt saman i ein bolle. Legg eit bakepapir i langpanna. Fordel smulane utover i forma. Bak det heile på 220 grader til det har fått ein fin brunfarge. Dette går fort, så pass på. Sett ringeklokka på ti minutt først, og så passar du på til fargen er der.

Når du tek det heile ut av omnen har det sannsynlegvis flytt saman. Bruk ein bordkniv, og fordel det utover bakepapiret medan det er mjukt. La det kolne. Smuldre det mellom fingrane når det har blitt kaldt og hardt. Sett  til side.

Vaniljepudding

1 beger vaniljekesam

1 beger crème fraïche

4 ss sukker

1 ts vaniljesukker

4 egg

Sett steikeomnen på 200 grader.

Bland alt saman i ein bolle. Fordel det i formene. Bak formene i omnen i ca. 12-15 minutt. Dei blæs seg litt opp, det gjer ingenting. Puddingen fell saman når den kolnar.

Så langt kan du førebu desserten dagen før. Den toler godt å stå i kjøleskapet over natta, og toppingen kan også godt lagast på førehand. Når du skal servere strør du på topping, og legg på ei skei rørte jordbær.

Butterdeigpai med squash

I mai kjem festdagane som perler på ei snor. I dagane framover får du nokre gode og enkle mattips, slik at du kan invitere gjestar utan å sveitte over grytene i dagevis.

Den enklaste paien lagar du av smørdeig. Den kjøper du i butikken, til og med Jamie Oliver gjer det. Den ligg i frysedisken og ser ut som ei kjedeleg veggpryd, men den kan varierast i det uendelege. Eg har lagd ein enkel liten squashpai med den, som er perfekt som fingermat. Juster storleiken etter om du skal ha tallerknar eller om folk berre skal forsyne seg på servietten.

Til ein fingermatbuffé kan du skjere rutene slik at det akkurat er plass til ei squashskive på dei. Osten kan varierast. Her brukte eg cheddar, den er salt og god. Du kan også bruke pecorino eller mozarella, jarlsberg er også godt. Slik gjorde eg det:

Squashpai

5 plater smørdeig

Ein squash

1 dl crème fraïche

1 ts urtesalt

1 ts honning

100 g ost

Litt olivenolje

Ruccola til pynt

Eit samanpiska egg

Sett omnen på 200 grader. La smørdeigplatene tine på benken.

Strø bakebordet ditt med mjøl. Kjevle ut smørdeigplatene til tredobbel storleik. Pass på at deigen ikkje festar seg til bakebordet. Del opp deigen i passe store bitar. Fordel dei på eit bakebrett dekt med bakepapir. Prikk dei litt midt på med ein gaffel. Dei hevar seg i høgda, ikkje særleg mykje i breidda. Pensle kantane med samanpiska egg.

Bland saman crème fraïche, urtesalt og honning i ei skål. Fordel denne blandinga på smørdeigfirkantane. Skjer squashen i skiver, og vend dei i olje. Legg dei på smørdeigfirkantane, og fordel osten over. Bak dei på 200 grader i 12-15 minutt midt i omnen til dei er pent gylne. La dei kolne på rist før du legg dei over på fat. Pynt med litt ruccola.