Skokkar og kvann att!
Eg har framleis skokkar og kvann att. Så send meg ein mail viss du tenkte at du skulle sende ein på tirsdag, men ikkje gjorde det.
Eg har framleis skokkar og kvann att. Så send meg ein mail viss du tenkte at du skulle sende ein på tirsdag, men ikkje gjorde det.
Eg har fått ei korg med jordskokkar. Den har eg brukt det meste av, men i botnen ligg det nokre fine skokkar som eg tenkte blogglesarane mine kunne få glede av. I tillegg har eg mengder av nyspira kvann, no er dei blitt så store at dei er robuste og toler flytting. Men eg er dårleg på utsending. Det er eit styr med pakking og posting, så jordskokkane og kvannen må hentast her sentralt i Oslo. Vil du ha? Send meg mail på altgodtblogg@gmail.com, og så får du adresse og det du treng på mail. Kast deg på!
Kan eg få minne om at no er tida for å gå ut i hagen (og langs vegkantar og liknande) og plukke brennesle til suppe? Du treng ikkje lage suppa akkurat no, du kan forvelle nesleblada og fryse dei ned til du får lyst på suppe. Så no er det på med hanskar, ta med ei korg eller ei bøtte, og ei god saks. Kos deg med ugraset!
Det spanske kjøkkenet har hamna i skuggen av det franske og italienske. Likevel finn du mange gode smakar der. Denne suppa har sommarsmak i seg, og den mettar godt. Kjapp å lage er den også. Spansk kikertsuppe Ein boks kikerter Ein boks hermetiske tomatar Ein gul løk Ei reven gulrot To stilkar stangselleri 1 ts spisskummen 2 fedd kvitløk 1 ts tørka basilikum 1 ts tørka persille om du har Chili etter smak 5 dl vatn Olivenolje 2 ss tomatpuré 2 ss sitronsaft Sukker, salt og peppar Finhakk løk og kvitløk. Fres løken med spisskummen, chili og tomatpuré i olivenolje i ei vid gryte til løken er blank og aromaen i tomatpuréen og spisskummin får kome fram. La kikertene renne av. Ha halvparten av dei i gryta saman med tomatane og vatnet. La det heile koke opp før du køyrer det glatt med ein stavmiksar. Ha i resten av ertene saman med dei siste grønsakene, sitronsaft, basilikum og persille. La det koke i ti minutt. Smak til med sukker, salt og peppar. Server med brød …
Eg hadde ein maimeny i Sunnmørsposten på laurdag, der presenterte eg oppskrift på kylling med saltbakte poteter og nudelsalat, og rabarbrarull til dessert. Forretten til maimenyen er ei grøn og frisk ertesuppe. Den er ganske langt frå den gule som du kan få til pannekakene. Denne er rask å lage, og den blir også best om den vert lagd rett før servering. Eg garnerer den med reker, men den kan også pyntast med krutongar, ein rømmeklatt eller med litt sprøsteikt bacon. Denne suppa er gluten- og mjølkefri, og med grønsaksbuljong er den også eit godt vegetarisk alternativ på bufféen. Slik lagar eg den: Grønn ertesuppe 100 g løk, vårløk eller purre 2 ss olivenolje Ein liten skalk sellerirot eller to selleristilkar 1 liter vatn Ein buljongterning eller 1 ss flytande buljong 500 g grøne erter Fire mynteblad viss du har Salt og peppar Varm opp oljen i ei gryte. Hakk løken fint. Skrell og hakk sellerirota i små terningar. Surr grønsakene til løken er blank og fin, og slå over vatnet. Ha i buljong, og …
-Og det vart ein kjempefin dag. Alle bidrog kvar på sin måte. Min kjære lagde for eksempel desse fantastiske pikekyssa med flaggfargar. Flotte vart dei! (Og etter å ha ete ein blå vart tunga knallblå. Stilig!)
Til dessert på maifestbordet mitt serverer eg rabarbrarull. Rabarbraen sprutar ut i hagen min, og eg brukar den så mykje eg kan. Dette er ein ny kakevariant, som vart ganske god, om eg skal seie det sjølv. Slik gjer du det: Rabarbrarull 275 g kveitemjøl 5 ss sukker 1 ts bakepulver ½ ts salt 75 g smør 1 egg ½ dl mjølk Fyll: 350 g rabarbra 6 ss sukker 1 ts finreve sitronskal 1/2 ts kardemomme Pynt: 1 egg litt perlesukker Sett steikeovnen på 220 grader. Bland dei tørre ingrediensane og smuldre i kaldt smør. Pisk egg og mjølk og rør inn i deigen. La deigen kvile ein halvtime i kjøleskap. Kjevle deigen til et rektangel (ca. 25×30 cm). Eg gjer dette rett på eit bakepapir av silikon, då vert deigen enklare å handtere. Bland rabarbra, sukker, sitronskal og kardemomme, og fordel det over deigen. La det stå igjen 1 cm langs kanten. Pensle deigkantane med samanpiska egg. Brett inn deig-endane og rull sammen kaka som ei rullekake. Legg den på steikebrett med skjøten ned. …
I går lagde eg pizzasnurrar til min kjære og meg sjølv. Det er vel eigentleg på kanten til barnemat, men vi er litt barnslege. Slik gjorde eg det: Pizzasnurrar (18 stk) 4 dl lunka vatn 4 ss olivenolje 2 ts tørka basilikum 1 ts tørrgjær 1 ts salt Mjøl til passe deig 200 g kjøtdeig 1 ts tørka basilikum 2 fedd kvitløk 1 ss tomatpuré 0,5 dl vatn 150 g raud pesto 10 cm purre 200 g riven ost Ha vatnet, oljen, salt og basilikum i bakebollen. Elt inn mjøl med tørrgjæra innblanda til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 30 minutt. Elt deigen saman att, og kjevl den ut til eit stort rektangel. Steik kjøtdeigen på relativt høg varme i ei steikepanne. Press i kvitløken, og ha i basilikum og tomatpuré. Slå på vatn, og la det heile koke inn til kjøtdeigen er gjennomsteikt. Smør på raud pesto, og og strø over kjøtdeig, finsnitta purre og mesteparten av osten. …
Dette innlegget skriv eg eigentleg mest for min eigen del. Men det kan hende at du har nytte av det og. Å søke på aioli i bloggen min er håplaust, for eg nemner det så ofte. Men i dette innlegget får du ganske enkelt oppskrifta, og ikkje noko anna. Aioli er i praksis ein majones med kvitløk i, og den er ikkje vanskeleg å lage trass sitt rykte. Slik gjer du det: Aioli 2 eggeplommer (frys kvitene, eller lag marengs med dei) 2 fedd kvitløk 1 ts dijonsennep 2 ss sitronsaft 1 lita ts salt Litt sukker eller honning ½ dl jomfruolivenolje 3 dl nøytral olje Press kvitløken, og bland alt som står over saman i ein bolle. Ta fram den gode, gamle miksaren som mor di brukte til vaffelrøre. Miks ingrediensane over med nokre få dropar olivenolje. Du kan byrje med ein god, kaldpressa jomfruolivenolje, ca. 1/2 dl. Så tek du ein mildare olje, enten ein mild olivenolje eller ein annan smaksnøytral olje, til dømes raps eller soya, til saman 2 dl. Brukar du …
Ein annan rett som Ursula alltid lagar til oss er gulrotsuppe med ingefær. Den er smakfull og likevel enkel å lage. Ingefær gjev den varme, og med masse grønsaker er dette både ei billig og næringsrik suppe. Ho brukar den ofte til forrett før ein fin middag, men den kan like gjerne serverast som ein kvardagsmiddag eller til kvelds. Slik gjer du det: Gulrotsuppe 750 g gulrøtter To poteter Ein stor eller to små løk Tre fedd kvitløk Olivenolje 1 liter vatn 3 dl appelsinjuice 1 ss fond eller ein buljongterning 1-2 ss reven, frisk ingefær Sukker, salt og peppar Rens grønsakene, og riv dei grovt. Med matmølle går dette veldig fort. Varm opp olivenolje i ei romsleg gryte. Ha i løk, kvitløk og halvparten av ingefæren, og la det frese til løken er blank. Ha i resten av grønsakene, og la dei frese litt. Slå på vatn og appelsinjuice, du kan også bruke eplejuice viss du ikkje har appelsinjuice. Ha i fond eller buljong, og la suppa koke til grønsakene er møre, ca. 15 …
Appelsinsorbet er ein perfekt dessert til påskelammet, og dessutan er appelsinane på sitt aller søtaste no. Du kan lage denne desserten med juice og, men velg i så fall ein søtare juicetype. Dei billigaste juicane vert beiske og for sure til denne desserten. Eg har ein ismaskin, det gjer det til ein leik å lage slike sorbetar. Har du ikkje det, er ein stålbolle tingen, då må du innom frysaren og røre ein gang i blant, slik at sorbeten vert glatt og mjuk, og ikkje nålete og hard. Appelsinsorbet Saft av 7-8 appelsinar, til saman 7 dl appelsinsaft Filetar av ein appelsin, finhakka 50 g sukker Press appelsinane, og mål opp juicen. Kok den opp i ei gryte saman med sukkeret. Skum av det gule skummet som samlar seg på toppen. Ha i appelsinkjøtet. Set gryta kaldt. Slå blandinga i ismaskin, eller i ein stålbolle, og set den i frysaren. Rør i isen med ein gaffel ein gong i halvtimen, til den er ferdig. Server i pene glas med pynt av sitronmelisse.
Eg held meg rundt middelhavet for tida, og i dag tek eg deg med til Marokko. I Marokko er lam mykje brukt i gryter og supper. Denne helga lagde eg lammelåret som skal få pryde Sunnmørsposten på laurdag, og sidan vi var berre fire til bords vart det mykje lam til overs. Denne gryta er ein fin måte å få brukt opp slike lammerestar på. Ofte får ein for mykje kjøt, men ikkje nok til ein full middag til. Men i ei gryte er det nok til mange. I Marokko vert gryterettane stort sett lagde i ein tagine, ei leirgryte med eit høgt, spisst lok med opning for dampen øverst. Desse grytene står på eit stativ i bålet i dei tradisjonelle beduinleirane. Eg har ikkje ei slik gryte, og har ikkje funne ei heller som fungerer på vanleg komfyr, så eg brukar ei låg, vid stålgryte eller jerngryte. Det marokkanske kjøkkenet har enkelte særtrekk. Det vert brukt mange varme krydder, ofte krydder vi forbitt med søt mat, som kardemomme, kanel og koriander. I tillegg er …
Denne kjøtpuddingen er både smakfull og saftig, og ganske kjapp å lage til ein kvardagsmiddag. Eg har også lagd den med oliven i, men to av dei rundt bordet «liker ikke oliven», så olivenane vart uteletne denne gongen. Det er ganske mykje urter i denne oppskrifta, eg brukte basilikum, persille, timian og litt sitronmelisse. Har du ikkje friske urter kan du godt bytte dei ut med 1 ts tørka timian og 1 ts tørka basilikum. Slik gjorde eg det: Gresk kjøtpudding 400 g kjøtdeig 1 egg To brødskiver utan skorpe 1 dl mjølk 4 ss hakka, friske urter av ulikt slag 5-6 avrente, grovhakka soltørka tomatar 1 ts salt peppar Set steikeomnen på 180 grader. Kutt brødskivene i terningar, og slå på mjølka. Dette kan du gjere rett i bollen der du sper kjøtdeigen. Ha i kjøtdeigen, saltet og egget, og elt det heile godt. Eg brukar K-kroken til kenwooden min, men ei anna kjøkkenmaskin eller hendene gjer same nytta. Ha i urtene. pepparen og dei soltørka tomatane, og elt det inn. Smør ei form …
Kva er eit godt brød? Det har eg lurt på lenge. Det vil seie, eg veit kva det er når eg smakar det. Eg har ofte fått servert uhorveleg godt brød. Utfordringa har vore å få til å bake det gode brødet sjølv. Men lukka står den kjekke bi, her om dagen fekk eg lov til å vere med på eit bakekurs med Martin Johansson, svensken som har blitt berømt i Norden med bloggen Pain de Martin. Han har gjeve ut to bakebøker, og no har den siste, Enklare brød, kome ut på norsk. Då eg gjekk derifrå var eg nok framleis forvirra, men på eit høgare nivå. Eg lærte veldig mange smarte triks for å bake gode brød, og eg lærte også at mykje av det eg har gjort tidlegare har gjort at brøda mine har blitt kompakte og lite interessante. Så kva er trikset for å få til eit godt brød? Tid, seier Martin. Han set deigen om kvelden, og let den heve over natta på kjøkkenbenken slik at brødet kan steikast morgonen …
Ja, no er det unntakstilstand på kjøkkenet mitt. I dag har vi lagd, styla og fotografert tolv rettar, og fotografen «min», Tove Breistein, seier at det er bra. Ho meiner å ha vore på langt meir kaotiske «førstedagar» enn denne, og det er vel ein kompliment? I kveld har eg og min kjære laga nokre til, slik at vi har noko å byrje med i morgon tidleg. Eg driv altså først og fremst og lagar maten til, Tove gjer styling og tek seg av det fotografiske. Innimellom får eg teke nokre få bilde av det eg held på med, som denne deilige paien som vi har kosa oss med i heile ettermiddag, etter at den vart steikt og fotografert, altså. Og du, er du i byen i kveld, har ingenting å gjere på og er svolten, så stikk innom. Vi har alt for mykje mat, så vi treng spisehjelp. Eg har ikkje hjarte til å kaste noko. Det kan hende du vert sett til å vaske opp litt, men det klarer du sikkert. Vi deler …
Denne helga er det fastelavenssøndag, og då serverer eg fastelavensbollar til alle som vil ha. Bollar og eg har eigentleg aldri vore heilt gode vener. Mor mi er ikkje så lidenskapeleg oppteken av å lage mat, men bollar og ball har vore hennar spesialitetar. Dermed har eg overlete det til henne, og ikkje perfeksjonert mi eiga bollebaking. Men eg har bestemt meg for at slik kan det ikkje fortsette. Å lage gode og luftige bollar med god smak utan å ty til skitne triks som posemiks og tilsetjingsstoff bør eg klare. Så no er det ofte bollar her i heimen. Ein brutalt ærleg venn av huset smakte på bollane mine og sa: Det er noko som manglar. Han tenkte seg lenge om før han sa: Salt. Og han har heilt rett. Mi gamle oppskrift har vore for tam i smaken, trass i kardemomme og meir enn nok sukker. Salt i deigen framhevar dei andre smakane, akkurat som med sjokolademousse, der eg alltid har i ei klype salt. Så no har eg revidert bolleoppskrifta mi. Denne …
Eg er imponert over folk si evne til å vere proaktive. Ein er ute i god tid når ein allereie no har byrja å planlegge fastelaven. Tru det eller ei, dei siste dagane har ordet fastelaven gått i taket som vanlegaste søkeord som gjev treff her i bloggen. Men til alle dokke som søker på fastelaven og kjem hit til meg: Fastelaven 2011 er søndag 6. mars. Då er eg tilbake med fine fastelavenoppskrifter. Viss du har fastelavenabstinens kan du sjekke ut denne.
Vegen blir til medan ein går, og slik er det ofte med mat og. Denne suppa byrja med at eg hadde eit stykke røykt juleskinke liggande i kjøleskapet saman med eit raudkålhovud. Eg hadde ein del grønsaker og, når alt hadde kome ut av skuffene og opp på benken såg eg at eg hadde tilfang til ei god suppe. Har du andre grønsaker enn meg, så er denne oppskrifta perfekt til å variere. Bruk ditt beste skjønn, og nytt høvet til å få rydda i grønsaksskuffa. Slik gjorde eg det: Mørk kjøttsuppe 300 g røykt kjøt, i terningar Eit lite raudkålhovud 4 gulrøter 3 poteter 2 raude laukar Ei persillerot Ein purre 2 l kjøttkraft, eg brukte vatn og fond 1 ss tomatpuré 3 ss olivenolje til steiking Timian, salt og peppar Rens alle grønsakene, og kutt dei i cm-store bitar. Fres løken i olivenolje, dryss på timian og la det surre til løken er mjuk. Ha i tomatpuréen, og la det frese litt før du har i resten av grønsakene. Slå på kraft og …
Sjølv om det kan ha noko negative konsekvensar for innemiljøet er eg veldig glad i belgfrukter. I går lagde eg ei deilig linsegryte, den vart veldig god, om eg skal seie det sjølv. Eg lagde den med kyllingkjøttdeig, dette utskjelte produktet som heile tida er på tilbod. Grønsakene kan varierast, dette er det eg hadde i kjøleskapet då eg lagde den. Har du squash er det kjempegodt i. Finsnitta kål kan du og ha, om du har eit hovud liggande. Du kan bruke alle typar og fargar linser i denne gryta. Slik gjorde eg det: Linsegryte 200 g linser 400 g kyllingkjøttdeig Ein boks tomatar Tre fedd kvitløk To gule løkar Tre gulrøtter Ein halv purre Tre stilkar stangselleri 5 dl vatn 1 ss fond, buljongpulver eller 2 terningar Spisskummen 1 ts tørka timian Smør og/eller olje til steiking Sitronsaft, salt og peppar Set linsene i blaut i rikeleg med vatn. Finhakk løk, kvitløk og gulrøtter. Surr det i ei gryte på middels varme. Dra det til side i gryta, og steik kyllingkjøtdeigen ved sidan …
At ein syltar i juli, august og september er nok det mest vanlege, men eg syltar også i januar. Som eg skreiv om her så fekk vi mykje frukt i huset rundt juletider. Nokre av desse epla vart faktisk liggande heilt til no. Skrukkete og slitne var dei, sjølv om dei hadde blitt utsett for gjenopplivingsforsøk med netter i kaldt vatn i kjøleskapet. (Ingen skal seie at eg hiv mat utan at eg må.) Har du ikkje eple liggande, men får lyst på litt frisk eplemos kan du bruke dei billige elstar-epla som du får kjøpt i posar på to kilo. Dei er søte og gode i smaken, og passar godt til mos. Eplemos kan ein alltid lage. Eg hadde seks eple, og enda opp med to glas med deilig eplemos. Epla var ikkje av den syrlege sorten, og ein månads lagring i kjøkkenet mitt gjorde at dei ikkje var spesielt saftige heller. Difor måtte eg tilsette litt væte for at dei ikkje skulle brenne seg i gryta. Det brukar eg vanlegvis ikkje gjere når …
Lagar du ball? Ja, eg veit det er eit sensitivt spørsmål. Mange kvinner som meg, med mødre som lagar verdas beste ball, har berre styrt unna denne middagen. Vi ynskjer oss ball til middag kvar gong vi skal heim til middag, altså til barndomsheimen. Resten av året et vi det ikkje anna enn på IKEA. Det er for gale. Det er heilt slutt på at torsdag er balldag, det er berre på Kaffistova det er slik lenger. Eg har lagd ball kanskje tre gongar på ti år. Alle tre gongane har dei kokt ut i kokevatnet. Sist eg lagde forma eg tjueto ballar, og eg fann att elleve. 50% svinn, altså. Men eg må innrømme at eg var slumsete, og hadde nok for lite mjøl i. Eg har lova kjæresten min og meg sjølv at no skal eg lage ball oftare. Då vert eg sikkert flink til å gjere det og. Husk på at det er på denne tida at potetene er på sitt beste til ball. Dei er ikkje så fuktige og ferske som …
Denne middagen vart til etter at eg hadde fått med meg heim ein boks med scampi frå ein fest vi var på som ikkje vart oppetne. Eg er glad i å utnytte restar, så då lagde eg ei deilig fiskegryte med scampiane og litt laks som låg her. Ein tenker ofte at det må vere 200 g fisk eller kjøt til kvar person. Dermed kan ein utsette å bruke restar, fordi ein tenker at det er ikkje nok. Men det gjeld ikkje viss du brukar det i ei fyldig gryte med god saus og masse fine grønsaker. Sausen og tilbehøret dryger kjøtet eller fisken, så det er meir enn nok med mellom 100 og 150 g fisk eller kjøt. Denne gryta er også fort gjort å lage, fordi den berre inneheld grønsaker som treng kort koketid. Eg lagde den på rekekraft, her ser du korleis du gjer det. Bytt ut vassmengda med rekekraft, viss ikkje krafta er veldig innkokt. Slik gjorde eg det: Rask fiskegryte til fire 500 g laks 200 g scampi, kokte og …
Huskar du dei saltsylta sitronane? Heiv du deg på? Viss du gjorde det så får du ei oppskrift der du kan bruke dei på tradisjonelt marokkansk vis. Dette er ein kyllingtagine, og den skal eigentleg lagast i eit vidt keramikkfat med høgt og spisst lok med hol for dampen. Det har ikkje eg, så eg måtte ty til steikepanna. Eg brukte også kyllingfiletar i staden for ein heil kylling, som dei nok ville ha gjort i Marokko. Men smaken trur eg at eg har klart å fange opp. Slik gjorde eg det: Kyllingtagine med sylta sitronar 3-4 ss matolje 1 stor løk 4 fedd kvitløk 1 ts malt ingefær 1 ts malt kanel Ei klype safrantrådar seks kyllingbryst 1/2 l hønsebuljong Ein neve grønbrune/svarte oliven, i mangel av tradisjonelle marokkanske brukte eg kalamata Koriander og/eller persille viss du har 2 ts honning Ein halv saltsylta sitron Varm opp oljen i ei vid gryte eller steikepanne som du har lok til. Steik kyllingbrysta på begge sider, til dei får ein gylden farge. Rens og finhakk løk …
Eg kjøper alltid inn frukt til jul, i von om at vi skal vere litt sunne innimellom alt snopet. Men det slår ikkje feil, det ligg eple att på fatet når jula er over. Eg fann ein halveten marsipangris i eit skap, då vert det deilige marsipanfylte eple til dessert. Denne oppskrifta er til seks personar. Slik gjer eg det: Marsipanfylte eple Seks eple 125 g marsipan to eggekviter Ei klype salt Litt smør ½ ts kanel Set omnen på 180 grader. Skrell epla og stikk ut kjernehuset. Stikk gjerne ut litt raust av epla, då blir det plass til meir marsipanmasse. Legg dei i eit smurt eldfast fat. Smør epla inn med eit tynt lag smør. Riv marsipanen på eit rivjern. Pisk to eggekviter stive med litt salt. Vend inn den rivne marsipanen og kanel. Då vert massen flat, men det gjer ingenting. Den hevar seg i omnen likevel. Fyll marsipanmassen i epla. Steik epla på 180 grader i 30 minutt. Server med piska krem og litt karamellsaus om du er i det rampete …
Etter jula er kjøleskapet fullt av mat som vart kjøpt inn til jul, men som vi aldri klarte å få spist opp. Ein handlar inn for mykje, rett og slett. Det verste er at eg lærer ikkje heller. Neste jul er det sikkert like ille. Men ein kan lage mykje god mat av restar. Utfordringa er å dryge maten, det er ikkje alltid ein har 200 g kjøt til kvar. Likevel er det lure triks som kan gjere at ein liten porsjon rekk til mange. Fåreribberestar i kjøtsuppe er genialt, då kan 200 g kjøt mette ein heil familie når ein tilset rikeleg med grønsaker i suppegryta. I dag skal eg wokke, då får eg til og med brukt opp litt av det som står på eksotiske flasker og glas i kjøleskapet. Soyasaus, plommesaus, østerssaus og søt chilisaus er kjempegodt i ein wok. Har du ikkje soyasaus kan du bytte den ut med østerssaus eller fiskesaus om du har det ståande. Søt chilisaus kan byttast ut med plommesaus eller søt soyasaus, ketjap manis. Kjøtet eg …